Kor skal kommunen lage maten?

Kvar skal kommunen lage mat? På Mortensnes eller skal vi leige det kjøkkenet ISS har brukt i Nova-bygget i Tromsdalen? Det blir nok det største spørsmålet i dette kommunestyret.

For meg er det i alle fall to omsyn som vi må tenkje på. Det eine er at vi må sikre at vi driv effektivt og med så låge kostnader som mogleg samstundes som kvaliteten skal vere god. Det andre omsynet vi må ta er at vi over tid ønsker at meir av matproduksjonen skal foregå på sjukeheimane, nærmare dei som skal spise maten. For det er ingen tvil om at ernærings er ein kjempeviktig del av helsa.

Så er det viktig å seie at saksførebuinga i denne saka ikkje har vore god. Vi har fått sakspapir som ikkje har vore godt nok gjennomarbeidd. Det tydelegaste dømet på dette er at i mai så meinte administrasjonen at det vil koste 2,7 millionar å ta i bruk kjøkkenet på Mortensnes. Så gjekk prisen opp til 27 millionar, og no har vi fått enno fleire alternativ på bordet. Vi får gå ut i frå at saka no er så grundig opplyst som det er mogleg å få til.

Det er no slik eg ser det tre alternativ i saka. Alle alternativa vil i følgje administrasjonen samla sett ha omtrent same kostnad.

  1. Bygge om og ta i bruk kjøkkenet på Mortensnes
  2. Ei mindre oppussing og ombygging på Mortensnes, men der vi og tar i bruk kjøkkena på Heracleum og Sydspissen
  3. Ta over leigekontrakten på Nova-bygget og halde fram med å produsere i det kjøkkenet ISS bruker no.

Eg trur valet står mellom alternativ to eller tre. Fordelen med å bruke fleire kjøkken er at vi kjem nærmare målet om å produsere maten på institusjonane. Det vil lukte mat fleire plassar og produksjonen vil vere nærmare brukarane. Fordelen med alternativ tre er at vi er heilt sikre på at det ikkje blir noko problem i overgangen mellom produksjonen til ISS og den kommunale overtakinga. Det er og heilt tvillaust at det då er snakk om verksemdovertakelse slik at dei tilsette er sikra jobb og dei rettane dei har til pensjon og liknande.

Min foreløpige konklusjon er at vi bør velje alternativ tre. Det handlar både om å sikre produksjonen og at vi då kan sjå matproduksjonen i samanheng med bygginga av Kvaløysletta Bo- og velferdssenter. Då kan vi der ta den store diskusjonen om vi skal bygge eit nytt sentralkjøkken eller om vi skal få meir av matproduksjonen ut til dei ulike institusjonane våre.

Skolestruktur

Kva prinsipp skal ligge til grunn for skolestrukturen i Tromsø? I denne saka vil vi ta val både om kor store skolar vi skal ha i framtida, men og kor små skolar vi skal tillate oss å ha. Dette er vanskelege val i spennet mellom effektivitet, læringsutbytte, sosiale nettverk og reisetid. Det er og ei sak der det ikkje finst veldig sikre svar. Vi kan spå om folketalsutviklinga framover. Men vi veit jo ikkje.

Eg er opptatt at vi skal ta vare på dei små distriktsskolane. Samstundes meiner eg det er ei grense for kor små skolane kan bli med tanke på vennskap og sosiale nettverk. Men her er det ingen absoluttar. Skolane er viktige for bygdene og det er og avgjerande kor lang reisetid det blir for ungane. Eg trur og det er viktig at foreldra og ungane får ei enno viktigare stemme inn i desse vanskelege diskusjonane.

Oppsummert kjem vi nok til å strekke oss langt for å behalde distriktsskolane, men samstundes må nok dei som bur i byen bu seg på at skolekretsgrensane kan bli endra for å sikre at vi ikkje har skolar med alt for mange elevar samstundes vi har byskolar med svært mykje ledig kapasitet.

Nordlyskvartalet

Eigarane av Nordlyskvartalet, altså det bygget som ligg nord for Rådhuset, har levert ein reguleringsplan som vi skal behandle i dette kommunestyremøtet. Det er mykje fint å seie om denne planen. Løysningane mot Rådhusparken og mot Vestregata synst eg er blitt fint. Men, og det er jo alltid ei men i desse sakene. Eg synst ikkje løysninga mot Grønnegata er akseptabel. Der vil dei ha 10 etasjar. Det blir høgare enn Rådhuset og det blir ein massiv vegg inn mot den viktigaste innfartsåra til byen.

Eg skjønner at utbyggarane vil utnytte tomta si i størst mogleg grad, men dette blir ikkje bra. Det blir skuggelegging av delar av nordbyen. I byutviklingsutvalet stemte SV for innstillinga frå administrasjonen om å seie nei til denne planen. Fleirtalet gjekk for å tillate å bygge åtte etasjar. Eg tenkjer det er rett å seie nei til denne planen

Du kan sjekke ut 3d-modelleringa av bygget på denne adressa: https://arcg.is/1118zO

Heile sakslista

Det er fleire andre saker i kommunestyret. Eg legg heile sakslista her, så får du heller spørje om du lurer på noko.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.