Ny videoblogg om sonderingar og økonomi i Tromsø kommune

Teksten er sånn ca den same som i videoen.

Det er ei stund sidan førre videoblogg, og skal eg vere heilt ærleg er det ikkje fordi eg manglar ting å snakke om, men fordi eg slit med å snakke om det på ein morsom og interessant måte. Så då scrollar eg heller gjennom TikTok i timesvis. For det finst ikkje noko enklare måte å kaste bort timar på ein tiktok. Dei av dokker som ikkje har prøvd, vit at dokker kjem til å oppleve mange fleire timar i livet dokkar enn oss andre.

Men, dette skal ikkje handle om tiktok, det skal handle om politikk. Og då må eg nesten starte med det som skjedde og skjer på Hurdalssjøen.

Visste du forresten at Hurdalssjøen har eit yrande bade, båt og strandliv når det ikkje er regjeringsforhandlingar og sonderingar? Og at innsjøen var ei viktig ferdselsåra før i tida. Alt i følgje Hurdalinfo.no

OK nok funfacts og utanomsnakk.

Kven har skulda, kven vann og kven tapte?

Som dokker alle veit braut SV sonderingane på Hurdalssjøen, vi kjem derfor etter alle solemerker til å få ei regjering som består av Ap og Sp. Eg synst det er veldig trist for landet. Eg trur og meiner jo at SVs politikk er det som er best for Noreg.

Det er sjølvsagt mykje vi ikkje veit om det som skjedde under sonderingane, men dersom det vi har høyrt er rett er det det ganske trist. Ap og Sp ville ikkje vere med på eit meir rettferdig skatteopplegg om og kunne finansiert gratis SFO og gratis/billigare tannhelsebehandling. Når du kombinerer det med manglande gjennomslag for viktige klimagrep så er det jo ikkje rart SV måtte gå ut.

Så kunne vi sjølvsagt diskutert i det vide og det breie kven som har ansvaret, om Jonas er ein dott, dust, sleip eller klok. Det trur eg ikkje vi blir noko klokare av. Det som er heilt sikkert er at miljø og klima tapte, og at dei som ønska seg eit meir rettferdig Noreg tapte.

Det mest irriterande for meg er likevel at det blir mykje vanskelegare å vere sint på den nye regjeringa enn det var å vere sint på den gamle. Eg liker jo Ap og Sp – i alle fall litt. Det er mykje enklare å vere sur og sint på Høgrefolk enn på Ap og Sp folk. Men eg stålset meg for det som måtte komme og skal vel klare å bite tennene saman og vere sint og sur på den nye regjeringa og når det trengst.

Så er det mykje som skal vedtakast i Stortinget framover, og i Stortinget er SV den enklaste vegen for ei Ap/Sp-regjering og få fleirtal gjennom eit samarbeid med SV. Eg er heilt sikker på at SV kjem til å bruke den moglegheita til å sikre ein betre politikk for klima og rettferd. Eg er og heilt sikker på at om AP/SP vel å samarbeide med sentrum eller høgresida så kjem det til å straffe seg for dei partia.

Økonomien i Tromsø koommune

Men det får vere nok nasjonale ting, det er jo trass alt i Tromsø ting verkeleg skjer. Så skjer det nok mange artigare ting i Tromsø enn at kommunen legg fram økonomirapport 2. Eg håper i alle fall det! Men kommunen si økonomirapportering er viktig.

Hovudtalet som det er viktig å få med seg er at kommunen går med et overskott på 51 millioner kroner i 2021 dersom prognosen held seg ut året.

Men det hovudtalet er sjølvsagt ikkje heile historia. Realiteten er at utgiftene har auka ganske kraftig fra 2020 men heldigvis har også skatteinngangen vore god. Det betyr at sjølv om vi har opna opp Kvaløysletta sjukeheim og styrka fastlegane i Tromsø så klarer vi fremdeles produsere et lite overskott.

Framleis har vi dei same utfordringene som vi har sett i lengre tid. Mangel på eigna bustader og mangel på institusjonsplassar gjer at vi får dyrare løysingar innanfor helse- og omsorg og når vi kombinerer det med mangel på viktig fagpersonell som sjukepleiarar så må vi leige inn og kjøpe tenester for ganske mange millionar. Eg har derfor stor tru på at den strategien vi har valt, med å satse mykje på bustader og omsorgsbustader i Tromsø, er rett veg å gå men dessverre tar det tid å kjøpe eller bygge nye omsorgsbustader.

Det vi også ser er at det er større etterspurnad etter kommunale tenester. Barn og unge har utfordringer, kanskje i etterkant av pandemien, som gjer at vi må sette inn større ressursar på spesialpedagogikk. Vi ser og at vi har mange som treng ein til ein tiltak. Det er dyrt.

Kommunedirektøren understreka og dette poenget i hans presentasjon av økonomirapporten.

Samtidig er det jo helt fantastisk at vi innanfor ein trang kommuneøkonomi faktisk klarer å gje dei gode tilboda og samtidig leverer eit lite overskott som buffer mot framtidig renteoppgang.

Oppsummert kan vi seie om den kommunale økonomien i Tromsø at det er trabgt, det er altfor liten buffer mot fremtidige renteutgifter men det er stabilt og eg trur vi er på veg i rett retning.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.