Categories
Kommunepolitikk Politikk

Ny videoblogg. Om korona, koronapass og statsbudsjett

Eg har i ein periode sagt at eg var ferdig med koronaen, men det viste seg at koronaen ikkje var ferdig med meg eller alle andre.

Eg må berre innrømme at det å innføre ei ny coronaforskrift er noko av det vanskelegaste eg har vore med i politikken i Tromsø. Det kjennest i alle fall sånn akkurat no.

Grunnen til at det er så vanskeleg er at det er så mykje vi ikkje veit – i alle fall vi ikkje veit heilt sikkert. Men nokre ting veit vi.

  • Vi veit at den kommunale helsetenesta har store utfordringar. Det er utfordringar som blir forsterka av at vi allereie manglar ein god del folk i helsetenesta. I ein «normalsituasjon» manglar vi rundt 150 sjukepleiarar og vernepleiarar i Tromsø. I ein situasjon der mange må vere heime på grunn av sjukdom, i ein situasjon der mange helsepersonell har jobba mykje over lang tid så er det svært vanskeleg å sikre at vi har nok folk på jobb til ei kvar tid.
  • Vi veit at UNN har kapasitetsproblem. Fleire innlagte med korona fortrenger andre pasientar. Mangel på folk og smitte i dei kommunale institusjonane gjer at fleire utskrivingsklare pasientar ligg og tar opp plass på UNN.
  • Vi veit at det er mest smitte blant barn og unge, men og at desse i liten grad blir sjuke. Det er smitte blant vaksne og eldre som er hovudproblemet, reint bortsett frå at også helsepersonell må vere heime med sjuke barn.

Samla sett betyr dette vi måtte innføre tiltak i Tromsø. Målet med tiltaka er å forhindre kontakt mellom grupper som ikkje møtest i det daglege for å forhindre smitte. Så er det vanskeleg å vite om vi treff heilt med tiltaka. Er dei strenge nok? Er dei for strenge? Treff vi på rett plass? Er det fair å stille krav til utelivet når det er barn som er mest smitta? Det er mange gode spørsmål. Eg har høyrt på argumenta, eg har prøvd å vege det eine mot det andre. Og, eg trur at der vi hamna med koronaforskrifta er omtrent rett ut frå den situasjonen vi er i i Tromsø. Men usikkerheita er der. Burde vi gjort meir mot skolane? Burde vi vore strengare, eller mindre strenge med reiselivet? Eg trur det beste er å følgje nøye med og tilpasse oss. Vi må i alle fall ikkje ha prestisje knytt til det vi har gjort. Er det for strengt må vi lempe, er det ikkje strengt nok må vi stramme til.

I det siste har det starta ein diskusjon om konronapass. Ryggmargrefleksen min er at koronapass er svært problematisk. Det er eit viktig prinsipp at vi sjølv avgjer kva helsehjelp vi vil ha. Det handlar om at vi som individ skal kunne ta sjølvstendige val og det handlar om kroppsleg integritet. Skal desse vala vere reelle så kan heller ikkje presset frå samfunnet vere for sterkt. Då forsvinn det frie valet.

På den andre sida så er det og urimeleg at samfunnet skal måtte stenge ned, at helsetenestene skal vere under stort press, at dei tilsette på sjukehus og kommunehelsetenesta skal få inndratt feriar og jobbe overtid på grunn av at folk vel å ikkje ta ein vaksine som vel no er blitt ein av dei mest testa vaksinene gjennom tidene.

Så på balansen har eg konkludert med at koronapass kan vere eit godt verkty for å avgrense smitten i samfunnet. Men det er ei viktig føresetnad for dette, det må vere sjølvsagt at du kan teste deg til koronapass. Altså at er du smittefri så får du grønt pass også om du ikkje har tatt vaksinen.

I dag opna regjeringa for at kommunar kan ta i bruk ordninga med koronasertifikat. Eg trur vi skal prøve det ut i Tromsø. Så har eg enno ikkje sett den endelege forskrifta frå regjeringa. Den vil nok tydelegare vise under kva føresetnader vi kan bruke koronasertifikat. Det må vi nesten komme tilbake til.

Pengar

Statsbudsjettet til den nye regjeringa var ein aldri så liten nedtur. Eg er jo ein grunnleggande optimist, så eg hadde jo trudd at regjeringa verkeleg skulle komme med eit løft for kommuneøkonomien. Slik vart det ikkje. I følgje det nye statsbudsjettet får Tromsø kommune 24,6 millionar ekstra. I tillegg det nokre millionar gjennom andre ordningar, så kanskje blir det 30 millionar ekstra til Tromsø kommune. Det er dessverre ikkje nok. Det skaper ikkje rom til eit løft for helsetenstene som vi burde fått til. Det skaper lite rom for å utvikle Tromsø kommune.

Så vi får håpe at SV klarer å forhandle meir til kommunane. Men det som gjer meg litt fortvilt og forbanna er alle som no meiner at SV skal sørge for å oppfylle Ap og Sp sine valløfter. Til og med Ap og Sp folk set no si lit til at SV skal gjere regjeringa betre. Vi skal sjølvsagt gjere budsjettet betre, men

Det er ikkje SVs jobb å sørge for at regjeringa oppfyller løftene sine. Det er SVs jobb å få gjennomført SVs politikk.

Det kan sjå ut som dette budsjetter er eit ganske kynisk spel frå regjeringa. Når regjeringa vel å ikkje gje feriepengar til dei som har fått arbeidsløysetrygd i 2022 så er det eit brot på eit v dei viktigaste valløfta dei gav. Reknar dei med at SV skal rake ut glørne for dei? Ja, SV vil som LO at dei arbeidslause skal få feriepengar, men det er ikkje vår jobb å berge regjeringa sine løfter.

Dette er sjølvsagt ei utfordring for SV i forhandlingane. Skal vi berge regjeringa på viktige områder? Eller skal vi kjempe for dei sakene SV står aleine om? Dette er ikkje eit lett val spør du meg, men eg er heilt sikker på at dei som skal forhandle for SV har ein god strategi på dette.

Eg ser fram til å sjå SV sitt alternative budsjett på måndag og resultatet av forhandlingane.