Categories
Internasjonalt Russland

Solidaritet med Ukraina

Det godt å vere samla på torget i Tromsø i dag for å vise solidaritet med Ukraina og fordømme Putins angrep på eit suverent land. Her er apellen eg hadde i dag og nokre bilde frå arrangementet.

Gode venna

Vi er samla her i fordømmelse av Putins krig i Ukraina, vi står her i solidaritet med eit land og eit folk som opplever eit brutalt og ulovleg overfall. Og medan vi står her bryt Putins hær seg framover, på sin stadige framferd mot Kiev, og tar frå folk heiman deira, arbeidet deira og kvardagen deira. Mye er gått tapt og mange har mista de dei er glad i. Kanskje føler du som meg, avmakt.  Vi skulle så gjerne stoppa invasjonen. Men vi må tru at mange menneske som går saman betyr noko. Samla må desse markeringane bety noko. Samla må vi kunne vi påverke det som skjer.

Når vi står her på denne fredelege markeringa, utan redsel for å bli arrestert, så gjev det det meg håp at det er markeringar mot krigen også i Russland. Markeringar frå einskildpersonar og frå grupper, frå folk som risikerer mykje for å vise sin krigsmotstand. La oss vere klår over at dette er Putin og regimet hans sin krig. Vanlege folk i Russland ønsker ikkje krig. Ingen ønsker å sende sonene sine i krigen for å drepe eller bli drept. Ingen sit med glede og ventar på å få ei kiste heim.

Det russiske regimet er eit kleptokrati. Ein elite på toppen har stålet til seg rikdommen og kontrollerer naturresursane for seg sjølv. Oligarkane og milliardærane er dei som tener på Putin sitt styre. Ja, mange hevdar at Putin sjølv er verdas rikaste mann. Eg veit ikkje om han er verdas rikaste, men eg er heilt sikker på at vi må ha sanksjonar som rammar pengane til oligarkane og til Putin.

Eg er glad for dei sanksjonane vi har, men det er viktig at vi tar alle verkemiddel i bruk. Eg skal innrømme at eg ikkje alltid forstår alt som har med internasjonale pengetransasjonar å gjere, men eg forstår verkeleg ikkje korfor Russland framleis får lov å vere med i systemet for internasjonale pengeoverføringar SWIFT. Ja, det vil ha kostnader for oss å kaste dei ut, men det vil sanneleg ha kostnader for oss om Putin får invadere sjølvstendige land ustraffa.

I Tromsø er vi folk frå mange land. Tromsø er en kommune som tar folk frå byer og bygder over heie verda og gjer dei til tromsøværingar. Det er tromsøværingar av både russisk og ukrainsk opphav. Det er ingen i Tromsø som har ansvar for denne krigen. Det er Putin som har ansvar for denne krigen. Ingen barn med russisk opphav skal trenge å bli møtt med at dei har ansvar for det som skjer.

Eg er kanskje ikkje aleine om å sitje klistra til skjermen og sjekke nyheitane, for å sjekke sosiale media, prøve å forstå det som skjer prøve å få med seg det som skjer.

Det er gamal og god kunnskap at det første offeret i ein kvar krig er sanninga. Aldri har det vore meir rett enn no. Feilinformasjon, propaganda og fake news florerer. Sjekk før du deler vidare, ver kritisk. Det er fort gjort å bli lurt.

Det vi kan vere sikre på er at det kjem til å bli mange som må flytte frå heima deira. For ein ting som er like sikkert som at sanninga forsvinn i ein krig er at krigar gjer mange til flyktningar. Vi i Noreg, vi i Tromsø må sjølvsagt opne opp å ta mot desse menneska som treng eit heim. Her i Tromsø meiner eg at vi må skaffe oss ein beredskap for å ta i mot mange fleire flyktningar og å ta vel og godt mot dei som kjem.

Og har du råd så gje pengar til ein av dei organisasjonane som jobbar i Ukraina og med folk på ukrainske flyktningar.

Når vi står her samla i fordømmelse av krigen og med ønske om fred så la oss og ære dei som kjempar for å forsvare landet sitt, dei som kjempar for å forsvare heimane sine, dei som kjempar for fridomen sin og sin rett til å avgjere framtida for sitt eiga land.

Слава Україні!

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.