Tankar på ein fredag om straum og ferger

Akkurat no skin sola, men mykje tyder på at snøfresaren skal få køyrt seg grundig i dagane som kjem.

Heldigvis har ikkje straumprisen vore så høg her nord som det har vore sørafor. Så det er varme i huset når eg er ferdig med fresinga.

Eg har eit ganske stort, og ikkje så veldig godt isolert hus frå tidleg 70-tal. Og, sjølv om eg har vedomn og varmepumpe er straumrekninga høg nok som ho er. For eg er jo heilt avhengig av straumen for å varme opp huset.

Det hadde vore utfordrande for fleire enn meg om prisane i nord var like høge som i sør. For ein gongs skuld er eg lykkeleg over dårleg utbygd infrastruktur mellom nord og sør som har skjerma oss frå konsekvensane av straumkablane til kontinentet. Det er viktig at vi klarer å behalde kraftoverskotet, og eg er glad for Torgeir Knag fylkesnes initiativ i samband med det.

Ein ting er at kraftoverskotet i Nord-Noreg og Nord-Sverige har gjeve oss ganske greie straumprisar, noko anna er at kraftoverskotet gjer moglegheit for industribygging i nord. Eg er søkkimponert over det dei har fått til på Mo i Rana og det gleda meg at dei får til batterifabrikk der.

Men også her hos oss gjev dette moglegheiter. I Senja har dei store planar som er spennande å følgje med på.

Dersom vi kombinerer kraftoverskotet med at vi sannsynlegvis får ein ny fiberkabel frå Asia til troms i 2025/26 så er det ingen tvil om at det er store moglegheiter. Vi må berre unngå at det blir kryptovalutamaskinar som blir sett opp. Det gjev lite ringverknader.

I Tromsø er vi i SV positive til folk som vil etablere ny verksemd. Vi seier ja til det aller aller meste av søknader og forslag om regulering av næringsareal. Gjennom Tromsø hamn har kommunen lagt til rette store næringsareal. Eg håper vi kunne fått til at nye havvindmøller vart støypte i Tromsø. Kanskej kunne Tønsnesområdet eigna seg for slik verksemd. I Tromsø har vi og oppretta eit næringsselskap som skal arbeide for å tiltrekke seg ny verksemd.

Men næringsutvikling er ikkje berre å satse på det som er nytt og skinande. Det er og å ta vare på det vi har. I dag har eg vore med på eit møte med utviklingslaga på Vengsøy og Rebbenesøy.

Dei fortel om ein ganske fortvilande situasjon på desse øyene. Det er ikkje greitt å drive fiskebruk når ferga ikkje har kapasitet til meir enn ein trailer og har sjeldne avgangar. Å halde liv i ei bedrift som ikkje får frakta varene sine til marknaden er svært problematisk.

Og, dette er ikkje eit unikt tilfelle. Det er mange øysamfunn i Noreg som slit med dårleg kapasitet, få avgangar og kort opningstid på fergesambanda. Det er openbart vanskeleg for eit samfunn når dagens siste ferje går 1635.

Eg synst det er fantastisk at det skal bli gratis ferje på alle desse små fergesambanda. Men det er eit naturleg spørsmål om det er den satsinga desse øysamfunna først og fremst treng akkurat no. Kanskje burde det heller vore satsa pengar på større kapasitet og hyppigare avgangar. Ein treng vel heller ikkje vere rakettforskar for å sjå at bruken vil auke når fergene blir gratis. Det vil ikkje hjelpe i samband der det er store kapasitetsutfordringar.

Eg veit ikkje kor mange 100 millionar det vil koste med gratis ferger, men kanskje hadde pengane blitt brukt betre på andre ting?

Ta gjerne kontakt med innspel, idear eller spørsmål

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.