NATO og SV

Det er ikkje unaturleg at vi i SV tar ein ny runde om gamle standpunkt når verda rundt oss endrar seg.

På måndag ringte Nordlys meg. Dei lurte på kva eg meinte om NATO. Eg svarte ærleg at eg var blitt i tvil om NATO-standpunktet mitt, og at eg trur at SV bør ta ein grundig diskusjon om NATO. Det kan sjølvsagt hende at det berre er eg som er i tvil, men eg trur ikkje det.

Dette tenkjer eg er dei viktigaste argumenta for og mot akkurat no:

For:

  • SVs alternativ til NATO – eit nordisk forsvarsamarbeid – framstår som ganske urealistisk. Med den tryggingssituasjonen som er no oppstår det ikkje som ein ønska situasjon å bli ståande åleine i tilfelle ein militær konflikt.
  • Det skjer store endringar i forsvarspolitiken i fleire land. Mellom anna Tyskland. Det kan vere med på å gje NATO ei tydelegare europeisk forankring og gjere alliansen mindre avhengig av USA.
  • Putins Russland er blitt uføreseieleg og det skaper ein meit utrygg situasjon for Noreg

Mot:

  • Det aller viktigaste er det openbart store moralske problemet med at NATO er ein allianse med atomvåpen og ikkje har sagt frå seg retten til å bruke atomvåpen først. Frå ei beslutning blir tatt til millionar av menneske kan vere døde snakkar vi om under ein time. Kan vi verkeleg vere ein del av det?
  • NATO har vore og er ein reiskap for USA for å halde oppe eit militært hegemoni i verda. Som ein del av NATO er det norske forsvaret blitt meir som eit ekspedisjonsforsvar til bruk i andre delar av verda enn til forsvar av Noreg.
  • USA er i ein politisk situasjon der det kan bli store endringar. Vi kan fort sjå at Trump eller ein trumliknande figur kan vinne det neste presidentvalet i USA. Er det då fornuftig at vi er avhengig av USA?

Kva kan så vere løysninga for meg og for SV. Eg håper at SV vil ende på eit standpunkt om at vi framleis bør bygge ned avhengigheita av NATO og store militæralliansar, men at utmelding av NATO vil vere uaktuelt før vi har eit alternativ som kan sikre Noreg i ei omskifteleg verd. Det alternativet kan vere nordisk forsvarssamarbeid eller europeisk tryggingsgarantiar, men det vil etter alle solemerke ikkje vere noko som oppstår dei neste fem, 10 eller 20 åra. Vi må vere tydelege på at før det er på plass vil ikkje SV støtte utmelding av NATO.

Det er eit standpunkt som eg trur vil stå seg og som gjenspeglar både makttilhøva i verda og at Noreg treng ei alliansetilknytting som gjer at vi ikkje blir ståande åleine i ein eventuell krig. Eg meiner at dette og er i tråd med den politikken SV faktisk har praktisert dei siste 20 åra eller meir sjølv om det ikkje er dette som faktisk står i programmet.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.