Nytt kommunestyre med ROS, ny skole på Kvaløysletta og vatn

Det er mange saker til kommunestyret no på onsdag. Dei 19 sakene er sjølvsagt av ulik storleik og ulik betydning.

Den saka som gler meg aller mest er at vi skal vedta detaljreguleringsplan for ny ungdomsskole på Kvaløya. Det betyr at vi tar eit viktig steg mot bygging av ny skole og normalhall på Kvaløysletta. Når reguleringsplanen er ferdig så kan arbeidet ta til. Det betyr at dersom vi er flinke og har litt flaks i prosessen framover kan byggearbeidet starte til hausten ein gong. Eg reknar med at reguleringsplanen kjem til å bli vedtatt med stort fleirtal. Her kan du sjekke ut ein 3d-modell av planen: Kvaløysletta skole (arcgis.com)

Ei kjempeviktig sak er ny Risiko og sårbarheitsanalyse for Tromsø kommune. Administrasjonen skriv i saksframlegget:

«En av oppgavene til Tromsø kommune er å ivareta befolkningens sikkerhet og trygghet. For å få til dette må hele organisasjonen jobbe systematisk, helhetlig og tverrfaglig med samfunnssikkerhet samt ha et bevisst forhold til risiko i vår kommune. TromsøROS skal danne et kunnskapsgrunnlag gjennom å identifisere risiko og sårbarhet i Tromsø kommune, og foreslå tiltak som kan redusere denne risikoen og sårbarheten ytterligere.»

Denne er verd å lese og gjerne kome med innspel til. Den skal ut på høyring no, så om du har innspel er det rett tid å komme med dei.

Apropos risiko og sårbarheit, så er det ingen tvil om at trygg tilgang til nok og reint vatn samt fungerande avløpssystem er noko av det aller viktigaste. Derfor er «Kommunedelplan for vann og avløp 2021 – Plan nr. 256 Tematisk kommunedelplan» ein svært viktig plan. Det er ein strategisk plan for utviklinga av vatn og avløpssystemet i Tromsø. Eg synst dette er ein god plan som peiker på behovet for fornying og utvikling og seier noko om korleis vi skal sikre tilgang på vatn til alle.

Planen legg opp til at vi skal investere for 1,95 milliardar i perioden 2021 til 2032 i vatn og avløp. Rundt 44% av dette skal gå til fornying av røyrnettet. Det betyr at vi legg opp til å gå frå å fornye 0,5% av nettet per år til 1% per år. Med andre ord så betyr det at vi går frå å bruke 200 år på å fornye nettet til at vi skal gjere det på 100 år. Det kostar sjølvsagt pengar, men er heilt naudsynt både med tanke på klimaendringane som vil medføre meir nedbør og handtering av avløpsvatn og at vi i dag mistar 40% av drikkevatnet vårt til lekkasjar.

Uansett, her er heile sakslista. Spør gjerne om du lurer på noko så skal eg gjere mitt beste for å svare.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version