Categories
Kommunepolitikk

Velkomen til skolen!

I dag startar 763 unge og spente elevar på skolen i Tromsø for første gong. Dei kjem til ein skole med dyktige fagfolk og ein skole som er god på opplæring. Dersom vi bruker nasjonale prøvar som målestokk kjem dei til ein skole som får betre resultat enn landsgjennomsnittet. 

Men like viktig som prøvane er at ungane våre opplever meistring, tryggleik og lyst til å lære. Og, elevundersøkinga viser at elevane i Tromsø trivst på skolen og dei opplever å få støtte og hjelp av lærarane når dei treng det.

Dessverre er det framleis nokre som opplever mobbing og utanforskap på skolen. Det har tromsøskolen eit stort arbeid på å gjere noko med. Saman med mobbeombudet i fylket innfører vi Omni-modellen i tromsøskolen. Omni-modellen er ein rettleiar til forståing og kunnskap i arbeidet med å gje barn og unge eit trygt og godt oppvekstmiljø. Modellen skal bidra til å ruste vaksne i ulike roller til å gjere denne jobben på en best mogleg måte.

Elevane skal vere trygge på skolen, men dei skal og vere trygge på veg til skolen. Gjennom Byvekstavtalen/Tenk Tromsø skal Tromsø kommune bruke 190 millionar dei neste tre åra på å gjere skolevegane trygge for ungane våre. Pengane går til å skape trygge kryssningspunkt, ny og forbetra fortau og gang og sykkelvegar. Det å gjere skolevegane våre trygge er eit stort arbeid. Men gjennom Tenk Tromsø og byvekstavtalen med staten får vi moglegheit til å gjere noko med skolevegane våre.

Eg ser at mange har låge forventningar til kva vi vil få til gjennom bompengeordninga i Tromsø. Eg er i alle fall heilt sikker på at det å bygge trygge skolevegar er ei svært god investering for Tromsø, og bompengane er med på å gjere det mogleg.

Leik er ein viktig del av skoledagen – spesielt for dei aller yngste, derfor satsar vi no på oppgradering av uteområda på skolen. Fleire av skolane våre har fått oppgraderte uteområde dei siste åra.

Dei neste åra skal vi bruke millionar på å oppgradere uteområde til 13 skolar i Tromsø.

Eg håper alle som startar på skolen i haust og alle dei 8000 elevane i skolen i Tromsø får mange gode opplevingar, får lære, treffe vener og får utfordra og utvikla seg sjølv. Alt er ikkje perfekt i tromsøskolen, men skolen er full av dyktige fagfolk, lærarar, som kvar einaste dag gjer ein kjempeinnsats for ungane våre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Exit mobile version