Categories
Politikk

Kystsoneplanen avgjer kystens framtid

I løpet av hausten skal kommunestyret vedta den nye kystsoneplanen for Tromsø kommune. Kystsoneplanen avgjer bruke av havområda våre. Kvar skal fiske ha forrang, kvar skal vi ta mykje omsyn til friluftsliv og turisme, skal vi opne for dyrking av tare, og kanskje aller mest betent, skal vi ha meir oppdrett i Tromsø?

SV meiner at meir oppdrett i Tromsø berre kan aksepterast under ein einaste føresetnad: at vi kan stille krav om utsleppsfrie eller tilnærma utsleppsfrie anlegg. Berre då kan det vere aktuelt å opne for nye anlegg.

Nesten alle oppdrettsanlegg i Noreg i dag er opne anlegg. Det har store konsekvensar for livet i havet. Eit slikt anlegg slepp ut store mengder organisk materiale i form av skit og fôrrestar. I tillegg er det store utfordringar med lakselus med konsekvensar for villaksen og det er betydelege utslepp av koppar som brukast til å impregnere nøtene – ein type impregnering som er så farleg at det ikkje er lov å bruke i botnsmurning på fritidsbåtar.

Tilnærma utsleppsfrie anlegg er mogleg. Det er aktørar frå tunge norske verftsmiljø som jobbar med gode løysningar. Løysningar som ikkje er på land, men flyt i havet og der anlegga er slik at ein har kontroll på alt av utslepp. Slike anlegg er dyrare, men det er mykje som tyder på at produksjonen er minst like høg og at fiskehelsa er betre. Dødelegheita for fisk i norsk oppdrett er mange gonger høgare enn det vi ville akseptert i landbruket. Fisk har like stort krav på god dyrehelse som kyr og sauar. I forslaget frå regjeringa om ein ny grunnrenteskatt er det og lagt opp til at du får direkte fråtrekk i skatten for investeringar. Det er derfor ingen grunn til å tru at ein ny skatt skulle hindre omlegging til ny teknologi.

Eg har stor sans for oppdrettsnæringa. Det er ein effektiv og god måte å omdanne fôr til menneskemat. Det er ei viktig næring for kystsamfunna våre med inntekter og arbeidsplassar. Men slik all anna industri i dette landet har omstilt seg, redusert utslepp og gjort prosessane meir miljøvenlege og framleis tent pengar må også oppdrettsnæringa no endeleg ta fatt i den same omstillinga.

Dersom oppdrettsnæringa skal vere velkomen på kysten må næringa endre seg. Eg og SV ønsker næringa alt godt, og ønsker næringa velkomen til Tromsø. Under ei føresetning – utsleppa må ned, luseproblematikken må løysast og dyrehelsa må bli betre.

Fleire oppdrettsanlegg med gamaldags teknologi må vere uaktuelt for Tromsø.

One reply on “Kystsoneplanen avgjer kystens framtid”

Flott, SV. Og mye bra du skriver her, Pål Julius.
Lukka anlegg løser ikke alt, men svært mange av de miljøproblemer som følger med oppdrett.
Det er riktig at lukka drift koster noe mer, men det sparer man trolig inn ved å slippe lusebehandlinger. Akvafuture AS har drevet lusefritt i snart ti år. Samtidig har de utvikla sine lukka anlegg med viktig innovasjon. I 2021 gjorde de sitt beste år hittil, med et driftsresultat på over 32 mill. kr for sine tre relativt beskjedne anlegg.
https://www.proff.no/selskap/akvafuture-as-avd-produksjon/br%C3%B8nn%C3%B8ysund/akvakultur/IF4NRYD000M/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version