Derfor vil ikkje SV ha meir oppdrett i Tromsø no

På onsdag skal kommunestyret ta stilling til kystsoneplanen for Tromsø. Kystsoneplanen er eit godt dokument og det har vore ein grundig prosess. Det er mykje å like i denne planen. Det forhindrar ikkje at det er nokre “små” kontroversar i denne planen. Den største og viktigaste kontroversen er om Tromsø skal opne opp nye areal for oppdrett av laks.

Denne videoen delte eg for ein dag eller to sidan, men har du ikkje sett den så kan du jo ta ein titt.

Det er mange overordna argument mot nye areal for oppdrett i tradisjonelle opne merder.

  1. Villaksen er truga av lakselus og genetisk forurensing frå tamlaks. Meir oppdrett vil auke dette problemet.
  2. Det er usikker kunnskap om innverknaden på gytefelt og fiske etter torsk, sei, kveite med meir. Tradisjonelt fiskeri er svært viktig i Tromsø og usikkerheita gjer at vi må velje dei tradisjonelle næringane.
  3. Laksenæringa har over tiår tent svært mykje pengar. Desse pengane er ikkje blitt investert i å finne teknologi som mogleggjer sameksistens med villaks og fiskeri. Då er det ikkje rett å belønne næringa med nye areal.
  4. Bruk av lusemiddel skaper problem for rekebestandane.
  5. Dyrevelferden er problematisk i lakseoppdrett. Samanlikna med alt anna husdyrhald er dødlegheita hos laksen mykje større. Ulike formar for mekanisk avlusing bidrar til dyrevelferdsproblematikken.

I tillegg er det gode argument mot kvart einskild av dei nye områda som er foreslått. Områda Småvær II, Røssholmen og Finnkjelbåen ligg ved viktige fiskefelt og område med innsig av skrei. Det er ikkje rett å opne desse områda for meir oppdrett. To av desse lokalitetane ligg eksponert til for vêr og vind. Det aukar faren for rømming.

Området Fjordtun ligg i Straumsfjorden. Det er kort veg frå ein nasjonal laksefjord og nært Straumselva som har ein bestand av villaks som i liten grad er genetisk ureina av tamlaks. Området ligg slik til at det kan bli berørt av skred og dermed auka fare for rømming.

Kvitbergan ligg ved munningen av Ullsfjorden, nært eit større gyteområde for kysttosk. Kysttorsken er pressa og freda i enkelte område. Det betyr at det er feil å ta sjansar med kysttorsken.

Kvitberg er eit lite visningsanlegg i Straumsbukta. Anlegget er foreslått som eit semilukka anlegg med oppsamling av slam, og kanskje det området det går an å seie ja til, men anlegget ligg svært nært Straumselva med dei potensielle konskvensane det kan ha. Det er og ein innsigelse mot kravet om oppsamling av slam frå anlegget.

SV vil stemme mot å opne desse areala for oppdrett. No står det på Ap og Sp.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.