Vensgsøy skole, kulturkvartalet og meir i kommunestyret på onsdag.

Straks klart for nytt kommunestyremøte. Lei for at denne oppdateringa kjem litt seint, men det er framleis mogleg å komme med innspel før onsdagen.

Uansett, det er fleire interessante saker i kommunestyret.

Vi ønsker oss eit kulturkvartal i Tromsø. Ein stad der vi kan ha ein skikkeleg konsertsal, Nord-norsk kunstmuseum og kanskje musikkonservatoriet. Det er eit spennande prosjekt som vil krevje store statlege midlar for å bli realisert. Men, det vil og koste for kommunen. Det foreløpige talet viser at det vil koste kommunen i underkant av 500 millionar.

Det er mykje pengar.

Så då er det naturleg å stille spørsmålet. Er det her vi gjer mest for kulturlivet, eller kan vi investere 500 millionar på ein måte som gjev oss meir kulturliv for pengane? Eg har ikkje svaret på det spørsmålet per no, men vil gjerne ha innspel.

Uansett, vi skal ikkje ta stilling til investeringa i dette møtet. No skal vi ta stilling til om vi skal jobbe vidare med prosjektet. Innstillinga er at det skal vi gjere, men det føreset at staten er med å betaler for forprosjektet. Eg tenkjer det kan er viktige å jobbe vidare, både med finasiering og innhald.

Vengsøy skole
Vengsøy skole

Det er dessverre berre to elevar igjen på Vengsøy skole. I dette kommunestyret skal vi ta stilling til om Vengsøy skole skal halde fram eller ikkje. Det er leit å seie det, men eg meiner det er rett å legge ned skolen no. Det er ikkje mogleg å gje eit forsvarleg sosialt og pedagogisk tilbod med så få elevar. Det viser seg og gjennom at sju-åtte elevar som soknar til Vengsøy skole har velt bort skolen.

Dersom vi legg ned skolen og skolekretsen så betyr det og at fylkeskommunen må tilby skoleskyss for elevane. Det vil bety at dei elevane som allereie har velt bort skolen vil få tilrettelagt skoleskyss og forhåpentlegvis ein betre kvardag.

Det er aldri lett å legge ned ein skole, men denne gongen trur eg dessverrre det er rett å gjere.

Storgata er kanskje det viktigaste felles offentlege byrommet i Tromsø. Gode fellesareal er kjempeviktig for å skape gode fellesskap og gode møteplassar. Storgata er ikkje lenger særleg vakker. Skilnaden mellom Kirkeparken og Storgata nord er blitt veldig stor. Eg meiner det er rett og viktig å oppgradere resten av Storgata mellom Bispegata og Fredrik Langes gate. Prosjektet ser veldig bra ut, men det blir å koste. Prislappen er sett til 138 millionar for dei 6800 m2 som skal oppgraderast. Det er 38 millionar meir enn det vi hadde sett av i budsjettet. Det kostar, men eg trur (og håper) at det er verd det.

Kontrollutvalet har gått gjennom den alvorlege saka der kommunen har latt rammeavtalar gå ut. Det betyr at Tromsø kommune har gjort ulovlege innkjøp. Kontrollutvalet har gjort ein god og viktig gjennomgang og inviterer kommunestyret både til å komme med kritikk og vedtak som peiker fram mot løysningar på problemet.

Det er to nye reguleringsplanar i dette kommunestyremøtet. Eg synst planen for nye Øvre Kroken ser bra ut. Det vil gje 470 nye leiligheter som byen treng. Det er mogleg å diskutere høgda på dei fem bygga, men dei ligg bakerst mot fjellet og vil gje lite skuggeverknad. Dei vil bli tydelege på avstand, men det trur eg vi må tåle. Ein ny reguleringsplan på Nordmanngård tenkjer eg er heilt greitt. Det er litt prega av at det burde vore ei områderegulering før området vart bygd ut, men det toget er dessverre gått.

Så har vi to klagar på tidlegare vedtak. Det gjeld ein reguleringsplan i Kvaløyvågen. Vi stemte mot denne planen då den var oppe sist. Det vil føre til at det blir fleire hytter enn faste bustader i Kvaløyvågen noko som vil endre lokalsamfunnet der. Vi er vanlegvis skeptisk til å støtte klager fordi vi ikkje ønsker omkampar sjølv om vi har tapt. Dessutan blir klagane uansett sendt til statsforvaltaren. Denne gongen meiner vi at ein av klagane – den frå Naturvernforbundet og Trondjord-Kvaløyvågen utviklingslag tilfører saka noko nytt og vi vil derfor støtte den klagen.

Under finn du heile sakslista, du må gjerne stille spørsmål om du har det så skal eg svare etter beste evne.

Sak namn og numer

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.