SV vil ha en byvekstavtale som gjer det raskt og trygt å ferdes i Tromsø

I Tromsø er mange av vegane smale. Fortaua er enda smalare. Andre steder er det ingen fortau. Det fører til utrygge skolevegar, og til at det er vanskeleg å komme seg fram om vinteren for både køyretøy og folk. Medisinen for dette er at vi treng å bruke meir pengar på å sikre skolevegane våre, gjere det enklare å gå og sykle og sørge for at bussen går ofte til ein overkommeleg pris.

Dei siste tiåra er det gjort lite eller ingenting med transportsystemet i Tromsø, samstundes har folketalet auka kraftig og det er blitt fleire bilistar, syklistar og gåande på vegane våre. Det blir trangt, og vinterdrift og vedlikehald blir vanskelegare. Derfor treng vi eit krafttak for at dette skal bli betre. Ein byvekstavtale er eit slikt krafttak.

SV meiner at det aller viktigaste vi kan gjere er:

  1. Å oppretthalde og utvide busstilbodet i Tromsø
  2. Å sikre trygge skolevegar for ungane våre og at det skal vere trygt og lettvint for alle som går og syklar i Tromsø.
  3. Gjere vintervedlikehaldet betre for å sikre at bilar, syklande og gåande kjem seg fram, at det går an å komme seg på bussen, utan å skreve over meterhøge skavlar, og at du skal kunne gå med barnevogn utan å måtte gå midt i vegen.

Dette er sjølve basisen av det vi må få til med ein byvekstavtale. Men vi skal sjølvsagt gjere meir. Vi skal få i gang ein blå bybane. Den kan sjølvsagt høyrest litt råflott ut med båt over sunda våre – det er jo allereie bruer. Men bruene er ein barriere for alle som syklar og går. Det er bratt, fortaua er smale og skumle, og vintertid kan bruene vere dårleg brøyta. Ein blå bybane er svaret på denne utfordringa og eit alternativ til enorme investeringar for å løyse dette.

Vi skal bygge ny bussterminal i Giæverbukta. Giæverbukta er Nord-Noregs største kollektivknutepunkt med 760  bussavgangar dagleg og meir enn ein million reisande per år. Passasjerane og bussane treng enklare overgangar og færre rundar i rundkøyringa. Ein ny terminal vil føre til 40 000 færre køyrte kilometer per år for bussane.

Vi skal bygge nye vegar, kollektivfelt, fortau og sykkelvegar som gjer at alle kjem seg lettar fram i tromsøtrafikken – heile året. Vi skal transportere oss på ein annleis måte, slik at vi tar vare naturen og klimaet vårt for generasjonane som kjem etter oss.

Alt dette kostar pengar. Bompengane kan vi berre bruke til investeringar, derfor er statens bidrag så avgjerande for ein vellykka byvekstavtale. Mykje av dei pengane staten bidreg med kan brukast til drift. Drift vil seie vinterdrifta av vegane, fortaua og sykkelvegane våre, drift av ein blå bybane og å sikre hyppige bussavgangar og låge tromsøprisar på bussen.

Derfor er heller ikkje staten sitt tilbod nok. Tilbodet er på litt over 60 millionar meir i året enn det vi allereie får. Dei 92 millionane vi allereie har fått årleg går i alle hovudsak til å sikre låge billettprisar på bussane og hyppige avgangar. Tromsøs månadskort er blant de billigaste i landet. Men, prisstigninga gjer at det blir utfordrande å oppretthalde dagens tilbod og samtidig få til den forbetringa av vinterdrifta vi desperat treng. Å finansiere ein blå bybane blir vanskeleg. Eg meiner at staten sitt tilbod ikkje er i tråd med den avtalen regjeringa inngjekk med SV om statsbudsjettet for i år. Dette nivået handsamar Tromsø annleis enn Bergen, Trondheim og Jæren. Det er eit problem for regjeringa om SV ikkje kan stole på at dei inngåtte avtalane blir oppfylt av regjeringa.

Føresetnaden for bompengane og byvekstavtalen var at alle i Tromsø – uansett om du går, køyrer, syklar eller bussar skulle oppleve forbetringar. Det blir krevjande med dagens tilbod frå regjeringa.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.