Ja, det går for tregt å ta vare på naturen

Korleis byen ser ut er viktig for alle oss som bur i Tromsø. Korleis ulike element passar saman, spelar på lag for å gjere sentrum, bydeleane og bygdene våre til gode plassar å bu, avgjer bukvaliteten vår og atraktivitet for næringslivet.

Tromsø blir ikkje ein god by dersom det einaste som skal bety noko i sakshandsaminga av byggeplanar er tida det tar for næringslivet å bygge. Det er oppskrifta på ein by som ikkje blir god for innbyggarane og berre god for dei som vil bygge og tene pengar på det. Dette er den grunnleggande misforståinga som  Anne Berit Figenschou og Markus Akselbo gjev uttrykk for i sitt innlegg på Nordnorsk debatt, «Det går for tregt»

Vi kan alle vere samde om at vi treng å gjere noko med saksbehandlingstida i kommunen. Og, det er eit arbeid som er i gang. Tromsø kommune har mange gamle reguleringsplanar. Det betyr at svært mange som skal bygge noko i denne byen vår ender opp med å måtte søke dispensasjon. Det tar dessverre meir tid enn om ein kan halde seg innafor gjeldande reguleringsplanar. Kommunen har eit eiga stort prosjekt på å rydde opp i gamle reguleringsplanar. Når det er gjennomført vil sakshandsamingstida gå ned. Men, det er og slik at desto fleire ressursar vi set på det prosjektet, desto færre ressursar blir det på den generelle sakshandsaminga. Kanskje må det bli litt verre før det blir betre?

Samstundes må ingen vere i tvil om at det er vanskelege avvegingar som skal gjerast i byggesøknader og reguleringsplanar. Det vil vere motsetnad mellom det ein utbyggar vil gjere i sitt prosjekt, og korleis dette vil slå ut i samspel med alt rundt. Det kan ta tid å finne dei gode løysningane. Det å finne desse gode løysningane krev kunnskap, kreativitet og evne til samspel både hos kommunen og hos utbyggaren. Det krev menneske og ikkje kunstig intelligens om det skal bli bra.

For SV er det viktigaste å sørgje for at det blir bygd nok bustader og at vi har nok næringsareal utan at vi bygger ned natur og spreier byen på ein sånn måte at klimagassutsleppa i Tromsø går opp. Eg håper det vil vise seg at Høgre har like stor omtanke for innbyggarane og naturen som for utbyggarane.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.