I etterkant av kommunestyremøtet har posisjonen blitt anklaga for at vi ikkje er tøffe nok i kutta vi gjer i Tromsø kommune. Det er ein anklage vi tar ganske lett på. Vi skal kutte det vi må, for vi kan ikkje bruke meir pengar enn vi har. Men, og dette er viktig for SV, vi skal ikkje kutte meir enn det vi absolutt må. For alle kutt går utover nokon. I all hovudsak så er det kommunen driv med å gje viktige velferdstenester til innbyggarane våre. For SV er det viktigaste å oppretthalde og utvikle desse tenestene så godt som mogleg innafor den økonomien vi har.
Her er innlegget mitt i kommunestyret.
@palskogholt Trodde det handlet om klimautslipp da jeg så overskriften
@forteller aha, hovudet mitt er så fullt av økonomi at det tok ein augneblink før eg skjønte at det er mogleg å forstå det slik.