Kostnaden med Arctic Center er for stor

Vi er i ei stor naturkrise. Artar forsvinn i høgt tempo og omdanning av jomfrueleg mark er eit av dei største utsleppa av klimagassar vi har. Vi må derfor vere heilt sikre på at det vi skal gjere er heilt naudsynt og verd utsleppa av klimagassar og tap av natur.

Eg meiner at det vi får att gjennom eit alpinanlegg på Finnheia/Håkøybotn ikkje er verd tapet av natur og utsleppa av klimagassar som kjem med det.

Det finst gode argument for eit alpinanlegg i området ved Finnheia. Det ville kunne gje tilgang til fjella for alle dei som ikkje er glade i å gå oppover bakkane og er mest interessert i å køyre nedover. Men til kva kostnad?

For korfor vil vi til fjells? Ein del av det er å komme bort frå det menneskeskapte, det å få den kjensla av fridom som det gjev å komme ut i naturen. For alpinanlegget Arctic Center er ikkje berre ein bakke og eit skitrekk. Det er hotell, vassverk, vegar og store parkeringsplassar.

Det vi veit er at ein treng ganske mykje energi til å produsere for snø for eit slikt anlegg. For sjølv om vi har mykje snø i Tromsø vil det vere stort behov for å utvide sesongen gjennom kunstsnø. I den situasjonen vi er i dag, der tilgang på kraft er ein barriere for å starte opp ny næring så må vi vere heilt sikker på at vi bruker straumen der den får størst effekt. Eg trur ikkje eit alpinanlegg er det rette å bruke denne ressursen på.

Vi treng heller ikkje ein ny attraksjon for å trekke enno fleire vinterturistar til Tromsø.

I regjeringa sin rettleiar med forventningar til kommunal planlegging står det:

«Det er viktig for Noreg si evne til å oppfylle natur og klimamåla at fylkeskommunane og kommunane bruker planverktøya til å hindre nedbygging av karbonrike areal som skog og myr, men også jordbruksjord (særleg beitemark). Dette inneber blant anna å ta i bruk moglegheitene til fortetting, gjenbruk og transformasjon av alt utbygde areal, før jordbruksareal, viktige natur- og friluftslivsareal og karbonrike areal som myr, skog og annan næringsrik jord blir omdisponerte» (mi utheving)

Vidare står det:

«Ved revidering av arealdelen i kommuneplanen, vurderer kommunen om tidlegare godkjend arealbruk skal endrast av omsyn til klima, naturmangfald, kulturmiljø, jordvern, reindrift, klimatilpassing, samfunnstryggleik og eit føremålstenleg utbyggingsmønster.»

For oss i SV framstår det klårt at ein rammetillatelse med dispensasjonar frå den gjeldande reguleringsplanen for Arctic Center ikkje kan gjevast no. Dersom Arctic Center hadde søkt i tråds med den eksisterande reguleringa er det lite vi kunne gjort, men sidan dei søker om dispensasjonar frå den vedtatte planen så vil og må vi gjere ei ny vurdering.  I tråd med regjeringa sin rettleiar bør dette avvente vedtak av den nye arealplanen i kommunen. I den planen er SV si klåre meining at området som i dag er sett av til alpinanlegg, hotell og parkering i Håkøybotn må tilbakeførast til LNFR-område.

Det vil vere å ta regjeringa sin rettleiar på alvor. Det vil vere å ta naturen på alvor. Det vil vere å ta friluftslivet på alvor, og det vil vere å ta reindrifta på alvor.

7 Replies to “Kostnaden med Arctic Center er for stor”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version