SV har av og til blitt anklaga for å ville ha ein leikeskole. Det er eg stolt over. Ja, skolen skal vere fagtung, særleg når vi kjem opp i alderstrinna. Men når vi tar mot fem og seksåringane i skolen så må leiken vere det bærande elementet i skolen. Det er gjennom leiken dei minste ungane alltid har lært.
Seksårsreformen vart gjennomført i 2001. Fem- og seksåringane skulle ikkje lengre gå i barnehagen. Dei skulle starte i skolen. Den gongen var føresetnaden at undervisninga skulle vere leikebasert dei to første åra. Så kom PISA-sjokket og «alle» var plutseleg samde om at no måtte det bli mindre leik og meir alvor – også for dei minste. Eg trur det var eit alvorleg feilgrep som vi nå må gjere noko med.
Heldigvis ser det ut til at trenden igjen har snudd, og fleire er blitt opptatt av leiken si betydning for læring i skolen. Oslomet – storbyuniversitetet har evaluert seksårsreformen, og nyleg kom sluttrapporten «Klasserommets praksisformer 20 år etter».
Noko av det viktigaste ungane våre skal lære dei aller første åra på skolen er å lese og skrive. Dersom noko verkeleg er grunnleggande for å fungere i samfunnet vårt så er det gode lese og skriveevner. Og grunnlaget for det blir lagt dei første åra. Eg synst derfor det er problematisk at evalueringsrapporten viser at det er svært lite høgtlesing dei første åra på skolen. I evalueringsrapporten så skriv forskarane:
«Det leses svært lite høyt i førsteklasse, noe som er bekymringsfullt blant annet med tanke på elevenes utvikling av lesemotivasjon og framtidige leseresultater. Den høytlesingen som finnes, er stort sett i elevenes spisetid og ikke en del av norskundervisningen. Norskfaget vi ser i klasserommene framstår som noe smalt, med større fokus på noen kompetansemål enn andre. Den første leseopplæringen dominerer, noe som kan se ut til å gå på bekostning av både skriving og arbeid med litteratur og høytlesing.»
Dette er i tråd med fleire funn i frå skoleforskinga:
«Forskningen viser i korte trekk at skolen for de yngste elevene har gått mot en mer akademisert» undervisningspraksis. Leken har mistet sin posisjon til fordel for kunnskapstester og måloppnåelse, noe Lillejord mfl. (2018) legger føringer for undervisningsaktivitetene.»
Leik er sjølvsagt mykje ulikt. Eg har stor tru på frileik, med rollespel, bygging og det ungane ønsker å gjere. Eg trur det gjev ei svært god sosialisering av ungane og at dei lærer mykje på den måte. Undersøkinga som er gjort i evalueringa av seksårsreformen viser at det er særleg frileik det er blitt mindre av:
«Når lærerne tilrettelegger for lek som avbrekk i undervisningen, viser våre klasseromsobservasjoner at det sjelden er frilek, men mer dans og bevegelse etter små filmer på YouTube og «røris»-lignende aktiviteter. Hvis det tilrettelegges for lek som avbrekk i undervisningen, er det stort sett rolig lek som tegning, perling og Lego, det vil si lek som ikke forstyrrer de som arbeider.»
Vi treng leik som forstyrrar – for å spissformulere litt. Eit sted å få utløp for energi.
Etter å hatt tre ungar gjennom grunnskolen har eit fått eit godt inntrykk av tromsøskolen. Det er læring og det er i hovudsak gode dagar på skolen. Eg har og eit inntrykk av at læringstrykket har auka, men kanskje lærer dei ikkje så veldig mykje meir enn før. Det kan det sjølvsagt hende at eg ikkje heilt forstår dagen skole, og dei lærer nok også andre ting no enn før. Men, høgt læringstrykk kan og bli ein sperre mot læring. Nettopp derfor er leiken så viktig i skolen. Leiken er ein annan måte å lære på og viktig i seg sjølv. I evalueringsrapporten skriv dei:
«I 2021-klasserommet er det mer fokus på faglig innhold, og undervisningsøktene er mer strukturert. Stasjonsundervisning er fremdeles et sentralt element, men aktivitetene ved stasjonene er mer rettet mot faglig innhold, som bokstavinnlæring og enkle matematikkoppgaver. Praktisk-estetiske aktiviteter er mindre utbredt sammenlignet med 2001.»
Ei av dei største endringane frå innføringa av seksårsreforma til no er at det i liten grad er barnehagelærarar i skolen. Då reformen kom var det meininga at den spesialkompetansen som barnehagelærarane har skulle vere ein viktig del av den totale kompetansen blant lærarane i første og andre klasse. Storbyuniversitetet skriv i sluttrapporten sin:
«Når vi sammenlikner dataene fra 2001 og nå, ser vi at en barnehagelærer og en lærer jobbet sammen i førsteklasse i 2001, mens det er færre barnehagelærere i dagens skole. Klassestørrelsen er omtrent den samme, men vi observerer nå at det ofte kun er én lærer fast i klasserommet, med en rullerende lærer/assistent som veksler mellom å være i ulike klasser. (side 14)»
Dette heng sjølvsagt saman med kommuneøkonomien. Det er dyrt med to lærarar i kvar klasse, men det heng og saman med ei regelendring som gjorde at barnehagelærarar ikkje kunne jobbe i skolen utan tilleggsutdanning. Eg tenkjer at vi treng den kompetansen barnehagelærarane har i også i skolen i dei første trinna. Så er det ein annan diskusjon at vi generelt har manko på barnehagelærarar.
Oslomet si evaluering ser sjølvsagt på heile landet. Eg trur vi og må sjå litt på korleis situasjonen er her ho oss. I Tromsø har oppvekst- og utdanningsutvalet bestilt ei sak frå administrasjonen, nettopp om leiken sin plass i dagens skole. Eg gler meg til å få den saka og håper den inneheld meir informasjon om korleis vi legg til rette for leik i tromsøskolen, og korleis vi kan bli betre på det framover.
Bildet er henta frå NDLA, på denne adressa og er kreditert Maskot og lisensiert med CC BY-NC