Eit arbeidsliv for alle – SVs plan for rettferd og tryggleik

Otium bo- og velferdssenter. Tromsø. Fotograf Martin Eilertsen Copyright: SV

Arbeidslivet i Noreg er i endring. Fleire blir pressa ut av jobb altfor tidleg, medan mange unge og menneske med nedsett arbeidsevne aldri får sjansen til å jobbe. Samstundes tærer eit høgt arbeidspress på mange som står i jobb. I arbeidsprogrammet vårt for 2025–2029 legg SV fram ein heilskapleg plan for å skape eit meir rettferdig, inkluderande og bærekraftig arbeidsliv.

Fleire folk i arbeid, mindre skilnader og eit tryggare arbeidsliv. Full sysselsetjing må vere eit hovudmål i den økonomiske politikken. For arbeid er framleis den viktigaste måten vi sikrar trygg økonomi for folk. Det skal lønne seg både for samfunnet og for bedriftene å tilsette folk som står utanfor arbeidslivet. SV vil difor styrke lønstilskotsordningar, gje betre støtte til bedrifter som tilset folk med nedsett arbeidsevne, og sørge for at faste, heile stillingar blir normen.

SVs arbeidslivspolitikk er tett knytt til den grøne omstillinga. Noreg må kutte utslepp og bygge nye grøne næringar – men dette må skje på ein rettferdig måte. Det er ikkje akseptabelt at arbeidsfolk skal betale prisen for klimaendringane. SV vil bruke statlege verkemiddel for å skape grønne, trygge og godt organiserte arbeidsplassar over heile landet.

Arbeidslivet må byggjast slik at alle kan delta etter evne. Diskriminering og mangel på tilrettelegging er framleis store barrierar, særleg for menneske med funksjonsnedsettingar og minoritetsbakgrunn. SV vil sørge for at NAV si rettleiarroll blir styrka, og at diskriminering i arbeidslivet blir sanksjonert hardare. Arbeid og helse må sjåast i samanheng – derfor vil SV gje fleire tilgang til arbeidsretta rehabilitering.

SV ser òg trongen for ei arbeidstidsreform. Vi treng eit arbeidsliv som folk kan klare, ikkje eit som slit folk ut. Difor vil SV redusere normalarbeidstida frå åtte til sju timar om dagen – ei 35-timars arbeidsveke. Dette vil ikkje berre gi betre balanse mellom arbeid og fritid, men òg gjere det mogleg for fleire å stå i arbeid lenger. Det langsiktige målet er framleis 6-timarsdagen, men ein reduksjon til sju timar er eit steg på veg til målet.

Samstundes som fleire må inkluderast i arbeidslivet, må vi stoppe utstøytinga av dei som allereie er i jobb. Høgt sjukefråvær, ufrivillig deltid og ei veksande vikarbyråmarknad er symptom på ein velferdsstat under press. SV vil snu denne utviklinga ved å sikre fleire tilsette i helse- og omsorgssektoren, avvikle bruken av vikarbyrå og fase ut kommersielle aktørar frå velferdstenestene. Det handlar om å ta betre vare på folk – både tilsette og brukarar. I vår har SV lagt fram eit forslag på 20 punkt for korleis vi kan rekruttere fleire folk inn i helse og omsorgsyrkene.

Kvinnedominerte yrke i offentleg sektor er ofte lågtlønna og prega av harde arbeidsforhold. For å få fleire til å velge og bli i desse viktige jobbane, vil SV jobbe for høgare løn, heile faste stillingar og samstundes skal arbeidsfolk få meir innverknad over eigen arbeidskvardag.

Eit trygt arbeidsliv handlar òg om økonomisk tryggleik når ein blir sjuk eller mistar jobben. SV vil styrke velferdsordningane, auke minstesatsane i folketrygda og ha ei inntektssikring som held folk over fattigdomsgrensa. Universelle ytingar skal vere hovudregelen, fordi behovsprøving ofte gjer at dei som treng hjelpa mest, fell utanfor. Og sjukelønna skal ikkje kuttast.

For ungdom vil SV sikre ein jobbgaranti, slik at fleire får ein god start på arbeidslivet. Ei nasjonal tilskotsordning for kommunar skal bidra til å skape meiningsfylte jobbar for unge under 30 år og menneske med nedsett arbeidsevne. På sikt ønskjer SV å utvikle dette til ein nasjonal jobbgaranti. I Troms er det omtrent 3000 folk mellom 20-30 år som er heilt utan arbeid, ikkje under utdanning eller med støtte frå NAV. Dette er ei gruppe vi må makte å få inn i produktivt arbeid eller utdanning.

SV vil bygge eit arbeidsliv der folk ikkje blir slitne ut, men inkluderte. Der arbeid gir verdigheit og tryggleik. Der rettferd og fellesskap veg tyngre enn marknadskrefter og profittjag. No er tida inne for å kjempe fram eit arbeidsliv som fungerer for alle. SV har planen – og vi håpar du blir med på laget.

Aukande forskjellar undergrev tillit og beredskap.

Denne saka frå NRK er skremmande lesing. Forskjellane mellom folk i Noreg aukar. Dei rikaste blir rikare og får ein større andel av formuen i landet.

I det utvalet som er med i denne undersøkinga så er det berre USA og Sverige (sic!) som har større forskjellar mellom folk enn Noreg.

Rapporten som NRK si sak viser til viser at til tross for at forskjellane i inntekter mellom folk er liten i Noreg (samanlikna med andre land) så er forskjellen i formue enorm.

Perspektivmeldinga viser og at dei rikaste får ein stadig større del av formuen i landet.
Små forskjellar er viktig for eit land. Det skaper tillit mellom folk, og mellom folk og dei demokratiske institusjonane. Den tilliten er det uhyre viktig å ta vare på. For tilliten er ein viktig del av den norske beredskapen.

Derfor er det så viktig å behalde formuesskatten og vurdere å innføre ei arveavgift for dei aller største formuane. Det vil sikre at alle bidrar til fellesskapen og at vi har råd til å oppretthalde og utvikle velferden i landet vårt. SV vil ha ein skattepolitikk som gjev mindre skatt for dei låge inntektene, men høgare skatt for dei største formuane og dei aller høgaste inntektene.