Kvar dag får vi inn meldinger frå radio og fjernsyn om det grusame folkemordet som foregår i Palestina. Sivile på Gaza svelt og blir jaga medan hus, skoler og sjukehus blir bomba og øydelagt.
Det nærmar seg 60 000 drepte i Gaza, i tillegg kjem alle dei titusen som er skada. På den okkuperte Vestbredda er 900 palestinarar drepne hittil i år. Det er fullstendig apartheid-tilstander og nå vil femten av Netanyahus ministrar annektere Vestbredden for godt. Det vil gjere det heilt umogleg å få til ei to-statsløysning. I tillegg kjem dei vanvittige meldingane om at Netanyahu og Trump leitar etter andre land dit dei kan flytte palestinarane. Kan det bli meir tydeleg at det er etnisk reinsing som er målet?
Då Sør-Afrika dreiv med apartheid på 1980-tallet, samla verda seg om sanksjonar som virka, sjølv om Sør-Afrika ikkje openlyst drepte titusenvis. Nå løftar ikkje leiarane i dei store vestlege landa som Storbritannia, Frankrike og Tyskland så mykje som ein finger for å stanse folkemordet mot palestinarane, trass i at alle veit kva som skjer.
Dei politiske leiarane på høgresida i Noreg vil ikkje gjere noko. Arbeidarpartiregjeringa i Noreg har tatt nokre små steg i rett retning, men ikkje vore villig til å gjere noko som kunne lagt press på Israel. Oljefondet har fått fleire påpakningar frå FN for investeringane i selskap som tener på krigen, og er et skammens eksempel på korleis vi lukker augene for det som skjer. Vi må som eit minimum trekke oljefondet ut av alle selskap som på noko vis bidrar til den israelske okkupasjonen.
EU er om mogleg hakket verre, så der er ikkje noko å hente. Dei folkelege demonstrasjonane, som kvar laurdag i Tromsø, legg press på oss til å gjere noko. Historiens dom vil truleg bli ein av dei strengaste over korleis opplyste politiske leiarar kunne lukke augene for drap, død og lemlestelse.
For SV er det i denne situasjonen openbart at Norerg må trekke oljefondet ut av alle selskap som er involvert og at ein boikott av Israel er på sin plass.
