Statbudsjettet er mykje meir enn ferjer

Det er bra at Ap slår retrett og fikser opp i feila om slette av studiegjeld og gratis ferjer. Dessverre er det verre ting som har gått under radaren når alt har handla om ferjer og studielån.

Jens Stoltenberg har meir å rette opp i. Bilde frå finansdepartementet sin flickr. Finansminister Jens Stoltenberg la frem regjeringens forsl… | Flickr

Ei av dei aller største utfordringane i Noreg er at det framleis er mange fattige familiar. Heldigvis har tala blitt litt betre dei siste åra fordi SV har kjempa gjennom auka barnetrygd og billigare barnehagar og SFO. Det er derfor med stor uro eg ser at dette statsbudsjettet stoppar denne framgangen og til dels reverserer den.

AP-regjeringa foreslår at barnetrygda ikkje ein gong skal regulerast i takt med prisauken og at familiar som slit sånn med økonomien at dei må få sosialhjelp skal få trekk i sosialhjelpa tilsvarande det dei får i barnetrygd. Det betyr det at det berre er dei aller fattigaste i Noreg som ikkje skal få barnetrygd. Dette statsbudsjettet betyr at fleire barn vil vekse opp i fattige familiar.

Det er utruleg fint at fleire unge menneske vel å ta ei yrkesfagleg utdanning. Då blir det underleg at regjeringa ikkje foreslår å inflasjonsjustere tilskottet bedriftene får for å ta inn lærlingar og drive opplæring av desse. Så sjølv om regjeringa har ein del god tiltak for yrkesfag i budsjettet, så lar dei sjølve grunnsteinen i ordninga forvitre.

Så er eg skuffa over at regjeringa ikkje følgjer opp vedtaket i Stortinget (formulert av Ap sjølv!) om å auke grensa for kva uføretrygda kan tene ved sida av trygda. I ei tid då vi treng arbeidskraft og at alle deltar i arbeidslivet når og viss dei kan så burde vi gjort det enklare for dei som er uføretrygda å delta i arbeidslivet om dei kan.

Så kunne vi snakka lenge om kommuneøkonomien. Men det er kanskje nok i denne omgangen å seie at dette budsjettet ikkje gjev kommunane rom for å utvikle gode skolar, eldreomsorg og alle dei tenestene i lokalsamfunnet som er så viktige for folk. Dessverre er kommunebudsjetta som staten legg opp til ei oppskrift på avvikling , ikkje utvikling.

Dette statsbudsjettet ser ut til å bli ein tapt sjanse for å gjere skilnadane mellom folk i Noreg mindre og ta eit steg i retning av større rettferd. Det er tungt å skulle rette opp dei same feil i budsjett etter budsjett. Du kan likevel vere trygg på at SV vil stå på for at alle i det norske samfunnet skal få leve gode liv.