Redd velferden

Kommuneøkonomien i Noreg er i fritt fall. Fleire hundre norske kommunar rapporterer til dels store underskott, og situasjonen er ikkje noko betre her i Tromsø. Økonomi er eit verkemiddel ikkje eit mål, men underskotta fører til dårlegare tenester for våre eldre, barn og andre.

Det er utfordrande økonomi i Tromsø kommune, og svært mange andre kommunar i landet

Det einaste vi kan slå fast er at det vil bli ei vekstnæring å vere økonom hos statsforvaltarane som no skal passe på svært mange kommunar som etter alle solemerker skal inn på Robek.

I Tromsø dreg vi med oss eit underskott frå 2024 på meir enn 200 millionar. Kommunane har to år på seg å betale tilbake slikt meirforbruk. Planen var å betale tilbake ein god del i løpet av 2025 og ta resten i 2026. Økonomirapporteringa viser at vi ikkje kjem til å klare å betale tilbake nok særleg eller noko i det heile tatt i løpet av 2025. Det er ein av grunnane til at vi må gjennomføre så store kutt i 2026.

Renteauke

Bakgrunnen for den dårlege kommuneøkonomien heng særleg saman med tre faktorar. Det første er renteauken som har påført alle norske kommunar store kostnader. Berre i Tromsø er det snakk om fleire hundre millionar i kostnader. Bakgrunnen til dette igjen er at kommunane har behov for store investeringar i framtidig helse- og omsorgstilbod, i kommunale bustader og i infrastruktur. Dette heng igjen saman med at dårleg kommuneøkonomi over tid har gjort at kommunane ikkje har hatt nok pengar til vedlikehald av eksisterande bygningar og infrastruktur. I Tromsø ser vi det tydeleg på forfallet på vegane våre og på mange kommunale bygg.

Befolkningsendring

Det andre faktoren er endringa i befolkningssamansetting. Vi blir fleire eldre, og færre unge. Då burde sjølvsagt kommunen flytte pengar frå skole og barnehage for å bruke meir på eldreomsorg. Det ser veldig tilforlateleg ut sett frå finansdepartementet, men det blir ikkje billigare å drive ein skole om vi går frå 20 til 19 elevar i ein klasse. Klassen må uansett ha ein lærar. Vi ser og at vi har ein del utfordringar i ungdomsmiljøet som gjer at vi treng å bruke meir pengar på ulike hjelpe- og støttetiltak. I den verkeleg verda er det å flytte ressursar frå oppvekst til helse mykje vanskelegare enn det ser ut om ein berre ser på tala i stort.

Statsbudsjettet

Det tredje faktoren er at den statlege finansieringa av kommunane ikkje held tritt med dei faktiske kostnadene med å levere gode tenester til folk og dei oppgåvene kommunane blir pålagt av den same staten. Nominelt har inntektane til Tromsø kommune vokse med 6,6%, men samstundes har utgiftene knytt til prisvekst og demografi vore over betydeleg høgare. Differansen er omtrent det underskottet vi slit med no.

Så skal ikkje eg berre skulde på andre for den dårlege økonomien i kommunen. I ein så stor organisasjon som Tromsø kommune vil det alltid vere plassar der vi kan gjere ting betre, meir effektivt og billigare. Derfor har jo og Tromsø kommune vore gjennom store omstillingar dei siste åra. Vi har kutta i ein hardt arbeidande administrasjon og vi har omstilt og kutta innafor helse- og omsorg. Nokre av tiltaka har fungert, andre ikkje. Men uansett har innsparingane blitt spist opp av dei dei tre faktorane nemnt tidlegare.

Budsjettet for 2026 kjem til å gjere mange av tenestene kommunen skal levere dårlegare. Arbeidet kjem til å bli hardare for tilsette og fleire vil gå heim med ei kjensle av at ein ikkje har gjort jobben godt nok. Til det vil eg seie at ansvaret for det ligg hos andre enn dei tilsette i kommunen. Det er den statlege finansieringa som regjeringa står bak må bere hovudansvaret.

Så får vi håpe at statsbudsjettforhandlingane gjev meir pengar til kommunane enn den underfinansierinag regjeringa la opp til. Men eg trur vi og kan slå fast at heller ikkje dette statsbudsjettet vil løyse dei problema som kommunane har. Det pågår også forhandlingar mellom samarbeidspartia for å reversere nokre av dei mest drakoniske kutta i neste års budsjett, men dette vil ikkje endre hovedgrepa frå regjeringa som gjev dårlegare tenester for eldre, barn og andre.

Helseforetaka treng store endringar

Dagens modell for styring av sjukehusa har fleire openberre problem. Det er ille at det er blitt eit direktørvelde som kostar over ein milliard kroner. Pengar som kunne blitt brukt til pasientbehandling. Det er ei stor utfordring med kvasimarknadssystemet med innsatsstyrt finansiering som kan vere eit insentiv til å flytte ressursar til dei pasientane som gjev størst avkastning framfor dei pasientane som treng mest hjelp. Ikkje alt dette kan endrast gjennom ei endring av styringsmodell, men ein del store problem har tydeleg samanheng med styringsmodellen

UNN er det største og viktigaste sjukehuset i Nord-Noreg, koreleis sikrar vi at UNN og alle dei andre sjukehusa i Nord-Noreg får best mogleg forhold? (UNN Tromsø – A-fløya – Drone fotografi: Frode Smelror Abrahamsen)
  1. Når sjukehusa har ein rekneskapsmodell som ikkje skil tydeleg mellom investeringar og drift kjem vi i den absurde situasjonen at sjukehusa må gå med overskott for å kunne betale med naudsynte investeringar. Det får slike utfall som at UNN må legge ned tilbodet ved DPSane for å finansiere nytt Åsgård sjukehus. Det er noko absurd i at staten skal låne pengar til staten (UNN) og at staten (UNN) må skjære ned på helsetilbodet til innbyggarane for å betale pengar tilbake til staten.
  2. Det er utydeleg kvar det politiske ansvaret for sjukehusa er plassert. UNN-styret kan gøyme seg bak pålegg frå styret i det regionale helseforetaket (RHF) og RHFet kan vise til statsråden, medan statsråden kan vise tilbake til dei ulike styra. Det skaper uklårheit og gjer det vanskelegare for vanlege folk å påverke systemet. Det er noko uforløyst i samarbeidet mellom primærhelsetenesta (kommunane) og spesialisthelsetenesta (sjukehusa). Vi ser dette aller tydelegast i problematikken med utskrivingsklåre pasientar. Kommunane har ikkje råd til å bygge opp eit tilbod til å ta mot desse pasientane. Men fordi kommunane har dårleg råd må dei betale dagbøter til sjukehuset, noko som gjer at kommunane får enno dårlegare råd til å ta mot alle dei utskrivingsklåre pasientane.
  3. Samstundes taper også sjukehusa pengar, fordi det ofte kostar meir for sjukehusa å passe på desse pasientane enn det dei for inn i dagbøter. Denne byttinga av pengar gjer at vi tappar systemet for ressursar som kunne vore brukt til å gje betre pasientbehandling.

Kva er løysninga?

Det er sjølvsagt ikkje slik at ei endring i styringsmodell med eit trylleslag løyser desse problema, men ei endring av styringsmodell kan vere med på å gjere det enklare. Eg kan sjå for meg fleire modellar som vil gje meir faglig og folkevalt-styring.

Det enklaste er kanskje å fjerne det regionale leddet og fordele dei oppgåvene som ligg der opp til direktoratet eller ned til sjukehusa. Dersom vi i tillegg lagar ein finansieringsmodell der sjukehusa blir finansiert direkte over statsbudsjettet og skil mellom drift og investeringar så kjem vi eit langt stykkje på veg til å løyse dei to første av dei tre problemstillingane.

Ein slik modell i seg sjølv vil ikkje løyse utfordringa i samhandlinga mellom kommune og sjukehus. Ein interessant tanke kan vere å lære av Finland. Dei har ganske nyleg omorganisert sjukehussektoren der den er regionalt styrt gjennom val og der regionane har fått ansvar for både sjukehusa og ein god del av det helsetilbodet som i dag ligg i kommunane i Noreg. Ein slik modell kan vere med på å bidra til å løyse alle dei tre problema eg skisserte ovanfor.

Per i dag er ikkje eg sikker på kva som er den aller beste måten å løyse dette på, men eg er heilt sikker på at vi treng ein fordomsfri debatt og diskusjon om korleis vi skal løyse dette og at vi treng å gjere endringar.

Så får vi alle håpe at dette blir ein god debatt om korleis vi kan løyse utfordringane våre og ikkje bli ein bykamp mellom Bodø og Tromsø.