I dag streikar hotell- og restaurantarbeidarar i Tromsø. Dei streikar for ei løn å leve av og for tryggleik under sjukdom. Dette er ein viktig streik som SV støtter.
Tilsette innanfor hotell og restaurant er blant dei aller lågast lønna i landet. Dei har same utgifter til mat og huslege som andre.
Hotell- og restaur antarbeidarane utfører eit viktig arbeid for alle oss som liker å reise på ferie, ta oss ein øl ute eller spise på restaurant ein gong i blant. Utan dei forsvinn noko av det som gjer livet godt å leve. Dei er en del av den sosiale infrastrukturen vår.
For dei fleste arbeidstakarane i dette landet så går inntekta ned når du streikar fordi streikebidraget er mindre enn løna. Men for nokre av dei som jobbar i hotell- og restaurantbransjen er faktisk løna så låg at streikebidraget kan vere høgare enn løna. Det viser kor viktig denne streiken er.
Dei dyraste hotellrommane i Noreg finn du i Tromsø i høgsesongen. Nokre av dei rikaste milliardærane er hotelleigarar. Eigarane tener store pengar, medan dei tilsette som skaper verdiane har hatt reallønsnedgang dei seinare åra. I Tromsø som er så prega av overturismen, er streiken ekstra viktig.
Det er òg klart at når løna er så låg kan det vere ein katastrofe for økonomien dersom du blir gåande i mange månader utan inntekt under sjukdom. Derfor er også kravet om at bedriftene må forskotere sjukeløna eit viktig og godt krav. Det er ei ordning som dei fleste andre har, og som er viktigare for dei som tener aller minst.
Det er sjølvsagt djupt og intenst irriterande at dette er eit naudsynt krav. Vi burde kunne forvente av NAV at dei klarer å betale ut sjukeløna umiddelbart. Når det dessverre ikkje er tilfelle så er det naturleg og viktig at det ikkje er arbeidstakaren som må bere kostnaden. Samstundes er det ikkje uvanleg at grunnen til at det tar lang tid å få utbetaling frå NAV er at bedriftene er treige med å sende inn opplysningar til NAV. Det understreker nok ein gong kor viktig det med forskottering av sjukeløna.
Overnatting, servering og catering er ein spesiell sektor. Det er eit av dei få områda i Noreg der tariffavtalen er allmenngjort. Det betyr at minsteløna gjeld for alle, også dei som ikkje er organisert. Så den kampen medlemmane i Fellesforbundet og Parat no kjempar vil gjelde også for alle dei som ikkje er medlem i fagforeininga. Derfor er mi siste oppmoding, meld deg inn i fagforeininga. Ikkje la andre kjempe kampen for di løn.
