Det er for dyrt å leige i Tromsø

Illustrasjonsbilde boliger i Tromsø
Blir Ap, Sp, Mdg og Raudt med på å lage ein pilot for leigebuarsamvirke i Tromsø? Tromsø er svært hardt pressa på leigemarknaden. Det er dyrt, tilbodet er lite, og for mange er leigetida for kort. Derfor har SV i  forhandlingane om revidert statsbudsjett lagt fram kravet om å få på plass ein pilot for leigebuarsamvirke i Tromsø. Gjennom eit tilskott på 60 millionar og 50 års avdragstid i husbanken meiner vi at denne piloten kan realiserast.

Prisaukane i leigemarknaden har vore katastrofale i Tromsø, og Tromsø er mykje hardare ramme av Airbnb og spekulasjon enn mange andre stader. For et ti år sidan kosta ei tre roms leilegheit på 70 kvadratmeter omtrent 2000 kr meir per månad i Stavanger enn i Tromsø. No er det motsett. Ei slik leilegheit kostar i dag omtrent 2000 kr meir i Tromsø enn i Stavanger.

Tromsø har ein ekstremt pressa leigemarknad. Korttidsutleige har fjerna mange objekt frå den allminnelege leigemarknaden og alt for mange leiger på korte kontraktar med dårleg tryggleik for hus og heim. Vi veit og at rundt 1/3 av alle som bur i Tromsø leiger bustaden sin, og nesten alle er innom leigemarknaden i løpet av livet. Derfor er det å få gjort noko med leigemarknaden i Tromsø svært viktig for SV.

Eit leigebuarsamvirke er ein ny måta å bygge leigebustadar på i Noreg. Modellen er inspirert av det danske systemet med allmenne bustader og kan likne litt på slik burettslag var i Noreg før frisleppet og kommersialiseringa på 80-talet. Leieboerforeninga har laga ein gjennomgang av korleis eit leigebuarsamvirke vil fungere. Det kan du lese her.

SV har tre hovudsatsingar i samband med forhandlingane om revidert statsbudsjett i år. Det er bustad, buss og bemanning i velferden. Akkurat som bilførarane fekk ein fjerninga av bensinavgifta meiner vi at vi og må få redusert bussprisane. SV meiner bussprisane må halverast frå 1. september i år og at vi må investere ein halv milliard meir i kollektivtrafikken.

Bemanninga i barnehagane er på brestepunktet, det er ikkje nok folk på jobb i barnehagane og SFO-ane våre. SV krev over ein milliard til toppa bemanning i barnehagane og ein halv milliard til styrka bemanning i SFO.

Vi vil også utvide ordninga for sletting av gjeld i lånekassa for lærarstudentar til å og gjelde barnehagelærarstudenter som startar utdanninga studieåret 2025-2026. I Tromsø har vi tydeleg sett utfordringa med å få til nok tilsette i barnehagane.

Bustadsatsinga til SV handlar om meir enn ein pilot i Tromsø. Vi vil ha 200 millionar til å bygge og kjøpe fleire kommunale utleigebustader og auke låneramma i Husbanken med fem milliardar. Eit fleirtal på Stortinget har vedtatt å gjeninnføre ordninga med husbanklån til kommunale utleigebustader og no må sanneleg regjeringa levere på stortinget sitt vedtak. Dette vil vi legge til rette for at det blir bygd fleire bustader i Tromsø, for vi treng å få fart på bustadbygginga

Vi håper og trur at dei andre raud-grøne parti vil støtte desse krava frå SV. Det vil gje eit betydeleg løft for bemanning, buss og bustad.

Kva bruker kommunen pengane til og kva skal vi kutte?

Tromsø kommune forvaltar store summar. I 2026 skal vi, dersom alt går etter planen, bruke 6,13 milliardar kroner på kjernedrifta i kommunen. I tillegg kjem utgifter til vatn, avløp, renovasjon og andre sjølvkostområde.

Illustrasjonen er laga ved hjelp av ChatGPT

Av dei dryge seks milliardane går om lag 60 prosent til løn, pensjon og sosiale kostnader for dei tilsette. Det er desse pengane som sørgjer for at ungane våre får undervisning, at vi får hjelp når vi blir sjuke, og at vegane blir brøyta om vinteren. Rundt 30 prosent av utgiftene går til kjøp av varer og tenester.

Innkjøp

Det kan vere freistande å tenkje at det ligg store moglege innsparingar i desse innkjøpa. Men i ein kommunal rekneskap betyr «innkjøp» noko anna enn i ein privat hushaldsøkonomi. Her finn vi blant anna kostnader til barnevernsinstitusjonar, tilskot til private og ideelle barnehagar, tenester frå helseføretak – og ja, også transport og andre daglege driftskostnader. Den klart største delen av innkjøpa er direkte knytt til å levere lovpålagde og nødvendige velferdstenester.

Helse og omsorg

Helse- og omsorg er det største utgiftsområdet i Tromsø kommune. I 2025 brukte kommunen 2,1 milliardar kroner på desse tenestene, 662 millionar meir enn i 2020. Mykje av auken kjem av løns- og prisvekst, men ein viktig del skuldast òg høgare aktivitet og større behov.

Av desse midlane går litt under ein milliard kroner til tenester for heimebuande, medan nær 750 millionar går til drift av sjukeheimar og andre institusjonar. Resten blir brukt på rehabilitering, aktiviserings- og servicetilbod til eldre og personar med funksjonsnedsettingar. Om lag 80 prosent av utgiftene innanfor helse og omsorg er løn og pensjon til dei tilsette.

Barnehage

Utgiftene til barnehage har auka betydeleg dei siste åra. Dette heng saman med redusert foreldrebetaling og ein – heldigvis – svak auke i talet på barnehagebarn. I 2026 skal kommunen bruke 905 millionar kroner på barnehagane, nærare 150 millionar meir enn i 2023.

I rekneskapen har barnehageområdet ein relativt låg lønsandel. Årsaka er at tilskota til private barnehagar, der det meste går til løn, blir førte som innkjøp.

På skoleområdet skal Tromsø kommune i 2026 bruke 988 millionar kroner. Det er noko mindre enn i 2023, hovudsakleg fordi elevtalet har gått ned dei siste åra. Samstundes er det brei semje om at skulane i Tromsø er under betydeleg økonomisk press.

Kultur

Kulturbudsjettet i Tromsø ligg på rundt 150 millionar kroner, om lag 2,5 prosent av det samla kommunebudsjettet. Her ligg mellom anna kulturskule, bibliotek, fritidsklubbar og ungdomsklubbar. Det er med andre ord snakk om grunnleggande kultur- og fritidstilbod, og i mindre grad støtte til såkalla elitekultur.

Andre store og viktige område

Blant andre store budsjettområde finn vi «Barn og familie», der tenester som barnevern, helsestasjonar, PPT, skulehelseteneste og tilbod til barn og unge med særskilde behov er samla. Desse tenestene skal koste ca 400 millionar i 2026.

I tillegg skal 539 millionar kroner brukast på «Velferd, arbeid og inkludering». Dette omfattar mellom anna sosialhjelp, flyktningteneste, bustader for vanskelegstilte, rusomsorg, arbeidstreningstiltak og krisesenter.

Samla sett bruker Tromsø kommune hovuddelen av pengane sine på lovpålagde og nødvendige tenester til innbyggarane. Utfordringa er at utgiftene over tid har vore høgare enn inntektene. Det er ikkje berekraftig i lengda.

Når meste av budsjettet går til grunnleggjande velferdstenester, betyr det òg at større kutt uunngåeleg vil få konsekvensar. Å tilpasse utgiftene til inntektene krev anten reduksjon i tenestetilbodet, dårlegare kvalitet – eller ein kombinasjon av begge delar.

Dette er bakteppet for dei krevjande prioriteringane kommunen står i, og realiteten i kommuneøkonomien slik den er i dag.

Bustadpris, korttidsutleige og fleire leigebustader

Utviklinga i bustadmarknaden i Tromsø rammer folk hardt. Prisane stig både for dei som skal leige og dei som skal kjøpe, utstrakt korttidsutleige gjer at bustader ikkje er tilgjengeleg for folk som treng ein plass å bu. Vi treng fleire stabile leigebustader der folk kan bu lenge. Bustader må bli et velferdsgode for dei mange, ikkje eit spekulasjonsobjekt for nokre få. I Tromsø er korttidsutleige eit stort problem som vi jobbar med å løyse. Men det vil ikkje vere nok til å løyse bustadproblema. I Tromsø bur meir enn 30% i leigd bustad, langt høgare enn landssnittet. Vi må derfor få tatt fatt i leigemarknaden.

Den danske almenboligen Bakkegården. Ein sjettedel av danskane bur i såkalle allmennbustader. Bildet henta frå wikipedia: Bakkegaarden – Almen bolig – Wikipedia, den frie encyklopædi

Ifølge rapporten «Statusvurdering om leiemarkedet 2024. Sentrale utviklingstrekk og utfordringer» (Husbankens rapportserie 1/2025) er den norske leigemarknaden prega av ubalanse mellom tilbod og etterspurnad. Dette fører til auka press på sårbare grupper og høgare leigeprisar. Det er også eit aukande press i marknaden. Frå 2015 til 2023 har talet på leigetakarar auka dobbelt så mykje som befolkningsveksten, og framover er det forventa at fleire leigetakarar vil vere aleinebuande, eldre eller låginntektsgrupper, med lågare økonomisk handlingsrom.

Langsiktige og stabile heimar

Det er behov for at det i Noreg blir bygd rimelege utleigebustader som kan tilby folk langsiktige, stabile og trygge heimar. Tromsø SV meiner at å bygge opp ein ikkje-kommersielle utleigesektor vil vere ei sentral løysning. Det handlar om å bruke pengane på ei løysning som ikkje giv fordeler for berre nokon få og ikkje fører offentlege midlar ut til private i for stor grad.

Det er ikkje naudsynt å sjå lenger enn til Danmark for å finne ein velfungerande ikkje-kommersiell utleigesektor, dei såkalla allmennbustadane. Allmennbustadane utgjorde i 2024 heile 20 prosent av bustadane i Danmark. Den allmenne bustadsektoren består av rundt 500 bustadorganisasjonar med rundt 7 000 økonomisk uavhengige og sjølvstyrande avdelingar. Dei som bur der er leigetakarar, men med ein betydelig lokal styringsrett. Dette har blitt ein sjølvfinansierande og demokratisk styrt utleigesektor som sikrar vanlege folk rimelege og trygge leigebustader. Tildeling av bustader blir basert på ansiennitet. Etter tilskott og billige lån er husleiga kostnadsdekkande, noko som betyr at leiga skal dekke kostnadane ved å anskaffe, vedlikehalde og drifte bygningane.

Leigebuarsamvirke

På oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har Leieboerforeningen greia ut ein mogleg modell for leigebuarsamvirke i ein norsk kontekst. Samvirke er ein form for delingsøkonomi der medlemmane deler verksemda og dei økonomiske resultata. Eit norsk leigebuarsamvirke blir i rapporten forklart som ein bustadmodell der

«prinsippene er utarbeidet med formål å sikre at botilbudet skal forbli rimelig over tid, at botilbudet skal være langsiktig, og at eventuelle subsidier låses til bygningsmassen. Leieboersamvirket vil være eier av eiendommen/e, mens medlemmene er eiere av leieboersamvirket».

Rapporten listar opp ulike løysningar, blant dei ein modell der byggeprosjektet blir finansiert med ordinært grunnlån i Husbanken kombinert med tilskott til utleigebustader (etter modell av det avvikla tilskottet til utleigebustader i Husbanken). Det er naudsynt med stimulerande tiltak for bustadbygging i ei tid der det er nedgang i byggetakten. Dette vil vere ein modell som ikkje har same svakheita med innelåst kapital, som den gamle modellen for borettslag hadde før liberaliseringa.

Eg meiner at det bør vere ein kombinasjon mellom ei tilskottsordning og husbanklån, der staten både gjev eit statstilskott for å kompensere for manglande eigenkapital, lik ordninga for studentbustader, samt at det er rimelege husbanklån. Ein kombinasjon av tilskott og lån vil både halde byggekostnadane nede og gjere det mogleg for bustadsamvirke å bygge utan krav om leigebuarinnskott. Men skal vi få dette til treng vi at staten stiller opp. Kommunane vil ikkje greie dette på eigen hand.