Eg har ikkje noko å skjule, men det er kanskje ikkje alt i livet mitt eg vil at naboane skal sladre om. Eg har ikkje noko å skjule, men det er kanskje ikkje alt eg gjer eg vil skal føre til at eg får målretta reklame. Eg har ikkje noko å skjule, men det er kanskje ikkje alt eg gjer på nett eg vil skal føre til at slike ting kjem opp i straumen min på sosiale media.

Det er ikkje mange av oss som har så veldig mykje å skjule, men det kan vere greitt med gardinar på soverommet likevel, sjølv om det berre er turistar som går forbi og ser inn.
Det er dette retten til privatliv på nett handlar om. Ikkje at vi vil skjule noko, men det at det er nokre ting som høyrer privatsfæren til.
Treng vi privatliv?
I dag har nesten ingen av oss privatliv på nett. Dei store nettselskapa, anten dei er kinesiske eller amerikanske har uendeleg med kunnskap om oss. Kunnskap dei ikkje treng, kunnskap dei bruker for å selje oss ting vi ikkje treng.
Eg hugsar fridomskjensla internett gav oss før Bezos, Zuckerberg og andre milliardærar tok den fridomen frå oss. I 1993 laga Peter Steiner ei vitseteikning, med bilde av ein hund som er på internett med poenget «On the Internet, nobody knows you’re a dog” I dag veit alle dei store selskapa om du er ein hund, ein middelaldrande kvit mann som bur i Tromsø eller ein usikker tenåring som prøver å finne ut kven du eigentleg er.
Så hadde sjølvsagt anonymiteten eigne problem. Du trengte ikkje stå ansvarleg for noko av det du skreiv, eller gjorde på internett. Men vi har altså gått frå den eine vegkanten til langt ut i grøfta på andre sida.
Så kan vi jo tru på eller ikkje tru på at techoligarkane vil oss vel. For min eigen del har eg ikkje det minste tru på at Zuckerberg, Musk eller Ma vil oss vel. Dei bryr seg i all hovudsak om korleis dei kan få flytta pengar frå di lommebok til si lommebok.
Det eg er heilt sikker på er at styresmaktene i verdas stormakter er uinteressert i om vi har det godt eller ikkje. Det ser vi blant anna gjennom at styresmaktene i Kina og USA har reglar for korleis dei kan få utlevert all informasjon som ligg lagra i ein sky ein eller annan stad, så lenge selskapet som eig skyen ligg i deira eiga land. I USA heiter denne lovgivinga «The CLOUD act» medan kinesarane kallar si lov «Zhōnghuá Rénmín Gònghéguó Guójiā Qíngbào Fǎ» (Den nasjonale etteretningslova).
Kva veit amerikansk og kinesiske etteretning?
Eg har ikkje noko spesielt å skjule for verken CIA eller Guoanbu, men eg har kanskje ikkje lyst til at dei skal vite alt om meg. I ei høyring i det franske senatet så innrømmer Microsoft at dei vil utlevere informasjon til amerikanske styresmakter, sitert frå financial Times:
In sworn testimony before a French Senate inquiry into the role of public procurement in promoting digital sovereignty, Anton Carniaux, Microsoft France’s director of public and legal affairs, was asked whether he could guarantee that French citizen data would never be transmitted to U.S. authorities without explicit French authorization. And, he replied, «No, I cannot guarantee it.»
He said that the company resisted requests from the US authorities «when they are not well-founded», but that under the U.S. Cloud Act, U.S. companies can be forced to hand over data, regardless of where it is stored. Microsoft Can’t Keep EU Data Safe From US Authorities
Spørsmålet no er korleis vi kan ta litt av denne fridomen tilbake. Korleis kan vi lagre bilda våre utan at KI-ane saumfarer dei for å finne ut kven vi er? Korleis kan vi ta vare på dokumenta våre utan at google eller apple les dei og koplar dei med annan informasjon om deg? Korleis kan vi sikre nasjonal digital kontroll?
Ei rolle for breibandsfylket
Det første og enklaste er at vi som forbrukarar og som styresmakter vel bort amerikanske og kinesiske selskap, i alle fall der vi kan. Men kanskje kan vi gjere meir enn det. Her i Troms har vi eit selskap som heiter Bredbåndsfylket. Det er eit selskap som er eigd av kommunane og fylket i fellesskap. Tenk om dette selskapet kunne tilby innbyggarane i Troms skylagringstenester og kanskje eposttenester, eit alternativ til Microsoft Onedrive, Google Drive og Apple iCloud. Det ville vere med på å fri oss litt frå dei store tekgigantane. Det ville og gje oss større tryggleik dersom fiberkablane ut av landsdelen skulle bli kutta. Vi ville framleis ha tilgang til lagringstenestane våre.
Eit anna og meir desentralisert alternativ ville vere å sette opp eit system for deling av kompetanse og med litt støtte som kunne bidra til at nabolag, tettstader og bygder kunne drive for eksemple skylagringstenester som ei kooperativ løysning og i samarbeid mellom desse kooperativa.
Det tredje alternativet er at kvar og ein av oss skal drive dette i eigen kjellar. Men la oss vere einige om at dei færraste av oss kjem til å gjere det. Det er for lettvint å bruke gigantane sine tenster.
Men sjølv om vi alle skulle slutte å bruke facebook, tiktok eller instagram er faren stor for at det vil vere andre selskap som vil ta over. Kanskje er det litt betre om det var eit europeisk selskap, men berre litt betre. Skal vi løyse dette treng vi og politikk. Vi treng at norske (og andre lands styresmakter) still krav om at eg som forbrukar lett skal kunne flytte alle data frå eit selskap til eit anna. Dersom eg ikkje liker facebook eller X skal eg kunne flytte alle mine data til eit selskap som eg likte betre.
Men det hjelp lite om ikkje alle som eg gjerne vil ha kontakt med på sosiale media og flyttar. Det kjem dei ikkje til å gjere. Derfor må vi og stille krav til selskapa om at dei skal kunne snakke saman.
Når eg sender ein epost så treng eg ikkje tenkje på om den eg sender epost til bruker ein annan eposttilbydar. Det er ikkje slik at eg som bruker gmail ikkje kan sende epost til nokon som bruker Exchange, hotmail eller nokre heilt andre. Det er ingen grunn til at vi ikkje kunne stille liknande krav til dei som skal drive med soiale media. At eg og du skal kunne følgje kvarandre om den eine bruker tiktok og den andre Snapchat. Det blir større konkurranse og sannsynlegvi betre produkt for oss alle.

