Om bloggen og meg

Velkomen hit!

Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt over 50 år. Eg har tre barn. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen.

Der er det kanskje ein samanheng?

Eg er kommunestyrerepresentant, formannskapsmedlem og gruppeleiar for SV i Tromsø.

På denne bloggen skriv eg og meiner ein del. Det er ikkje alt som er like gjennomtenkt, men det meste har eg no grubla litt på. Denne bloggen vart starta i 2005. Sida den tid har eg lært mykje, og sikkert endra meining mange gonger. Det er ikkje sikkert at eg no ville skrive det same som eg skreiv før.

Eg skriv med utsyn frå venstresida og med føtene plassert i Nord-Noreg.

Eg håper du les, og at du kommenterer. Det kan eg lære av, og kanskje du og?

Og, er du ikkje lei av meg etter å ha lest bloggen min så kan du jo følgje meg på twitter palskogholt eller besøke meg på facebook eller sende meg ein e-post til pal.julius@skogholt.org

Informasjonskapslar, dine data

Eg brukar Google Analytics for å halde oversikt over kor mange som besøker bloggen min og kva innlegg/sider som er mest populære. I samband med dette blir det brukt informasjonskapslar som samlar inn informasjon om brukarane. Denne informasjone kan ikkje koplast til einskildbrukarar. Det betyr at eg ikkje veit kven som besøker bloggen, men at eg kan anslå at den største gruppa er frå Tromsø og i alderen 30-45 år og at dei fleste kjem hit frå facebook.

I tillegg brukar eg Jetpack som er den innbygde «motoren» til wordpress som lager denne sida for meg. Du kan lese meir om korleis dei bruker data her.

Kryptering

Ingen vil vel at andre skal kunne lese epost vi sender? Vil du sende meg ein kryptert epost kan du laste ned min offentlege nøkkel her.

Skrive innlegg her?
Dersom du vil skrive for denne bloggen så er det absolutt opning for gjestebloggarar. Ta kontakt!

Vil du ha beskjed når noko skjer på denne bloggen?

Det er fire enkle måtar du kan gjere dette på:

1. Du kan like facebooksida til bloggen, den finn du her

2. Du kan følgje meg på twitter, det kan du gjere her

3. Du kan abonnere på RSS-straumen frå bloggen, lenka er www.skogholt.org/feed Eg brukar Feedly, det funkar fint

4. Eller du kan få ein epost kvar gong eg legg ut eit nytt innlegg. Skriv inn epostadressa di i boksen under.

Exit mobile version