Rakettar og næringsverksemd

Ni kilometer nesten rett til vêrs. Så høgt gjekk den raketten som studentar frå Noreg og Canada sendte opp frå Andøy rakettskytesenter i dag. Prosjektet er eig godt eksempel på fleire ting. Det viser at Noreg og Canada på mange felt har felles interesser i rommet, det viser at det er i Nord-Noreg at vi har mykje av rommiljøet i Noreg, og det viser kor mykje meir interessant realfag og teknologifag blir når det blir praksis og ikkje berre teori.

Personleg synst eg rakettar og ellers det meste med flammar og stor fart er utruleg spennande. Denne videoen viser oppskytinga av raketten.

Mykje av norsk romverksemd finst i trekanten mellom Andenes, Narvik og Tromsø. Eg trur det finst eit stort potensiale for å utvikle denne næringa vidare. Nord-Noreg ligg perfekt plassert for å ta ned signalar frå satelittar i polarbane. Ksat gjer dette med stor suksess i Tromsø og på Svalbard. Eg trur likevel det finst mulegheiter for å utvikle dette. Informasjonsbearbeiding av ulikt slag kan vere med på å skape nye forretninger.

Men det viktigaste med romverksemda er framleis mulegheiten for å overvake dei store havområda Noreg rår over. Dette er heilt naudsynt for å halde oppe suvereniteten og forstå kva som skjer med miljøet i nord.

I år har vi frå regjeringa si side løyvd 15 millionar til oppgradering av anlegget på Andenes. Det gjer det muleg å utvikle anlegget vidare, og halde oppe den store forskningsverksemda som har utgangspunkt i anlegget. For på Andenes har det ikkje berre mulegheit for å skyte ut rakettar på opp mot 20 tonn, dei kan og skyte laser 100 kilometer opp i mesosfæren for å prøve å finne ut kva som skjer der oppe.

Vi i nord kan vere stolte at det som skjer på Andøya. Og, eg trur anlegget blir mykje meir synleg dersom dei får til «Romskip Hålogaland» som eit opplevelses- og undervisningssenter om romfart. Eg trur det kan vere eit av mange middel for å få ungdom meir interessert i teknologi og realfagsstudiar. Eg får i alle fall lyst til å lage rakettar og slikt når eg har vore der.

På nettsidene sine skriv rakettskytesenteret om dagens hending:

Following a week with practical and theoretical work at Andøya Rocket Range, 22 students from Canada and Norway successfully launched the second sounding rocket in the bilateral student exchange and sounding rocket program – CaNoRock. Along with their own theoretical and practical efforts they have been educated by the NAROM staff and some of the finest Norwegian scientist. All this to give them the best possible introduction to sounding rocketry. Hopefully this will motivate them for further studies in physics or engineering, and a possible career within the sounding rocket community.

Eg kunne ikkje vore meir einig. Meiner du det er rett av Noreg å satse på romverksemd?

Moms på elektroniske tenester

I Twittersfæren er ein av dei store debattane i etterkant av framlegginga av statsbudsjettet blitt om moms på elektroniske tenester frå utlandet. Eg har hatt ei utveksling med @dagbnor om denne saka, og fann ut at eg hadde trong til å bruke litt meir enn 140 teikn på denne diskusjonen. På 140 teikn (som er grensa for ei twittermelding) vart eg alt for bastant kjente eg.

I denne saka har vi minst to motstridande behov. På den eine sida har vi eit behov og ønske om fri informasjons- og  kunnskapsutveksling. På den andre sida finn vi behovet for å finansiere den norske velferdsstaten og å likebehandle næringar.

Eg legg stor vekt på at vi i Noreg og i verda må ha størst muleg grad av informasjons- og kunnskapsutveksling. Det veks vi på som menneske, samfunn og økonomi. Kunnskap og informasjon er grunnlaget for den menneskelege sivilisasjonen.  For eigen del prøver eg å gjere mitt blant anna ved å vere aktiv på Wikipedia og eg har lagt ut ei av bøkene til far min til gratis nedlasting her på bloggen. Viktigare enn dette, er det likevel at vi har tilgang til internasjonal forsking, politiske idear, filosofi, musikk og litteratur.

Dersom eg skulle ta denne fråsegna på alvor ville det vel vore naturleg at eg og gjekk inn for at det ikkje burde vere skatt/moms på informasjon og kunnskap?

Eg er ikkje så heilt sikker på det.

Det er to grunnar til det. Sjølv om informasjon og kunnskap i vid forstand er ein viktig innsatsfaktor for næringslivet er den ikkje viktigare enn andre innsatsfaktorar. Vi har moms på papir, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor for å lage bøker. Vi skattlegg olje, sjølv om det er ein viktig innsatsfaktor. I tillegg er informasjon og kunnskap ein stadig større del av norsk og internasjonal økonomi. Produksjon av symbol (alt frå konsulentrapportar til musikk) er i ulik forstand er ein veksande del av økonomien. Dersom denne delen av økonomien skal vere unntatt skatt blir byrda på resten av økonomien desto større.

Eg meiner det er rett å dele byrda med å bere velferdsstaten – rekninga for skolen, sjukehusa og eldreomsorgen – på heile økonomien. Det har vi gjort i Noreg sidan momsen på tenester vart innført i 2001. Då er det vel naturleg at slike tenester – slike symbol – kjøpt frå utlandet skal ha det same skatetregime. Importerer du ein bruktbil frå Tyskland må du betale moms ved innførsel. Dersom vi ikkje gjer det slik vil det vere umuleg å leve av å produsere symbol i Noreg.

Så er eg sjølvsagt – reint personleg – ikkje glad for at e-bøkene eg kjøper frå Amazon eller elib.se blir dyrare, like lite som eg personleg liker at snusen blir dyrare.

Så er det ein annan diskusjon om det reint praktisk er muleg å få dette til, men det reknar eg med at finansdepartementet har tenkt på. Det vil sjølvsagt alltid vere muleg å omgå systemet – slik du i dag kan smugle både kjøtt og alkohol frå Sverige om du vil.

Eg tenkje og at dette er ein annan diskusjon, enn diskusjonen om moms på e-bøker. Det kan det vere ulike syn på, men skal det vere på norske må det og vere på utanlandske.

Eg klarer ikkje å sjå at momsen vil hindre fri utveksling av idear, informasjon og kunnskap.

VG skriv om saka her, og lenker til mange blogginnlegg.

Eirik Newth er som så ofte verd å lese. Det er og ein livleg debatt over hos Bekkelund.

Nytten av forskinga

Det tar tid, langsiktig satsing å finne kurar mot sjukdomar. Her er ei HIV-cellel. Foto: C. Goldsmith/Wikipedia Commons

På torsdag var eg invitert til å halde eit foredrag om nytta av forskinga for næringslivet. Her finn du ein litt redigert versjon av foredraget mitt. Eg vil gjerne ha kommentarar.

***

Det er ikkje så lenge sidan det var eit anna møte her i dette huset, og diskusjonane i etterkant av det forrige møte her på huset levnar liten tvil: desse seminara engasjerer.

Det er tydeleg at det kan varmt for seg når det skal diskuterast om forsking, prioritering av forskingsmidlar og nytta for samfunn og næringsliv.

Vi ser også ein tiltakende debatt i aviser og andre medium om forskingsprioriteringar og næringslivet i framtida.

Eg vil ikkje gå mykje inn på det ordskiftet som oppstod etter det forrige møtet – mellom rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen og sjefen min, Nærings- og handelsminister Trond Giske. (Ottersen bloggar her: https://blogg.uio.no/unidir/ottersen/blogs/ole-petter-ottersen)

Eg vil likevel nytte høvet til å kome med nokre presiseringar.

Ja, i departementet mitt lever vi i ei råvarebasert verd. Men vi må ikkje snakke om råvarar som om det var eit skjellsord.. Vi skal ikkje skamme oss over å ha råvarar og at vi forvaltar dei godt. Energiressursane våre varmar opp europeiske heimar. Norsk fisk og sjømat mettar mange magar i Russland, Frankrike og Kina. Minerala våre blir i aukande grad etterspurt av framveksande økonomiar.

Noreg er ein moderne, open økonomi som også har store råvareressursar.

Eg ønskjer også å nytte høvet til å kome med ei oppmoding: Vi må fri oss frå overskrifter av typen ”Frå ein svart oljeøkonomi til ein grøn kunnskapsøkonomi.” Noreg har ikkje ein kunnskapslaus og svart dinosaurøkonomi.

For det fyrste er det få sektorar som er så kunnskapsintensive som petroleumssektoren. Og det er ingen oljeøkonomiar som er mindre svarte enn den norske.

For det andre skal det heller ikkje vere tvil om at norsk næringsliv består av langt meir enn råvarene våre.

Gjennom utdanning og forsking har vi blant anna bygd opp ei stor IKT-næring i Noreg. I dag er IKT-næringa Noregs tredje største mål i omsetning.

Her finn vi Opera Software som i 1994 starta som eit forskingsprosjekt i Telenor. I mars i år blei norske Opera Software det fyrste selskapet til å bryte Apples nettlesarmonopol for iPhone-plattformen.

Andre eksempel finn vi innan bioteknologi.

Ny norsk forsking viser at det skjuler seg store rikdommar i arvestoffet til marine dyr, planter og bakteriar. Jakta på desse stoffa blir kalla marin bioprospektering, og det er seg store forventningar til kommersialiseringa av desse organismane. Ei råvarebasert kunnskapsnæring.

Innanfor same næring finn vi Oslo Cancer Cluster. I 2008 blei Oslo-regionen kåra til ein av dei 20 beste stadene i verda for bioteknologisk innovasjon av bladet Genome Technology. Eg fekk sjansen til å vere med å opne eit senter for innovasjon knytt til Universitetssjukehuset her i byen. Dette er eit godt eksempel på korleis vi kan kople kunnskapen ved offentlege kunnskapsbedrifter og skape mulegheit for næringsutvikling.

Uavhengig av næring. Desse eksempla fortel historia om eit kunnskapsbasert norsk næringsliv. Det fortel korleis norsk kompetanse vinn fram i den internasjonalen konkurransen.

Når vi no legg langsiktige strategiar for næringspolitikken må vi bygge vidare der vi allereie har fordel, der vi er kunnskapsrike og konkurransedyktige. Og det betyr at vi både må satse på olje, Opera og Oslo Cancer Cluster.

Når dei presiseringane er unnagjort vil eg samtidig hevde at debatten mellom Ottersen og Giske ikkje er utan relevans for dagens tema. Tvert i mot viser debatten den sterke koplinga mellom forsking på den eine sida, og på den andre sida: spørsmålet om kva vi skal leve av i framtida.

Denne koplinga er det avgjerande å ta med seg når vi i dag skal snakke om forskinga sin nytte og forskinga sin nytte for næringslivet.

I ein kronikk i Dagens Næringsliv på måndag fortalte professor ved Universitetet i Oslo, Helene Ulltveit-Moe om eit USA som slit.

Finanskrisa har bana veg for ei sjeldan grundig og smertefull strukturomstilling i USA. Den er særleg smertefull fordi krava som blir stilte innanfor dei næringane som skal sikre USA vokster i framtida overgår kompetansen til den arbeidsleitande.

Dette er urovekkjande med tanke på at USA for ein generasjon sidan rangerte på toppen internasjonalt når det gjeld delen av befolkninga med høgare utdanning. I dag finn vi USA på 12. plass. Samtidig slit dei med kvaliteten i den offentlege grunnskulen.

Dette er ikkje særeige for USA. Også i Noreg står vi overfor tilsvarande krav om omstilling.

I kronikken sin avsluttar derfor Ulltveit-Moe med følgjande oppfordring: ”Vi må satse på utdanning – ikke den dagen oljen tar slutt, men i dag!”

Eg kunne ikkje bli meir einig.

Då Kristin Halvorsen gjekk frå Finans- til Kunnskapsdepartementet sa ho at ho med denne overgangen gjekk frå å bruke pengar til å forvalte dei viktigaste ressursane våre.

Humankapitalen utgjer heile 70 prosent, mens olje og gass berre utgjer nærmare 12 prosent av den norske nasjonalformuen.

Det er kunnskap som har gjort oljen om til verdi og velstand. Det er arbeidskrafta som har gjeve oss 6000 milliardar petroleums-kronar i statskassa.

Vi lever av kvarandre sitt arbeid – hovuda våre og hendene våre – og det vil vi også gjere den dagen oljen tar slutt.

  • Derfor startar ein framtidsrette næringspolitikk allereie i seksårsalderen – når rundt 55.000 seksåringar kvart år entrar grunnskulen
  • Derfor har forsking og innovasjon ein høg prioritet når vi set rammene for Statsbudsjettet; og
  • Derfor oppfordrar vi norsk næringsliv til å auke forskingsinnsatsen gjennom brukarstyrde forskingsprogram.

Å bygge opp nye næringar tar tid.

Men i dei færraste tilfelle veks nye næringar fram frå ingenting.

Sjølv om tanken kanskje synest forlokkande for somme, er det lite truleg at norsk næringsliv er vesensforskjellig frå det gjeldande i framtida.

Næringslivet i 2020 vil stå på skuldrene til dagens bedrifter. Nye næringar veks fram frå det gjeldande.

  • Ta for eksempel Aker Verdals produksjon av understell til offshore vindmøller. Jacket-stålunderstella for oljeriggar er Verdals hovudprodukt i satsinga på offshore vind. Med lang erfaring med produksjon til krevjande kundar står dei klar til å entre ein ny marknad. Då General Electric tidlegare i år valte å etablere satsinga si på offshore vindkraft i Noreg og Trøndelag er dette ei stadfesting på at Aker Verdal er med.
  • Tilsvarande ser vi også korleis stadig meir utfordrande boreforhold har skapt nye høve for norske subsea-leverandørar. System løysingane, produkta og tenestene – baserte på tiår med erfaring og stadig vidareutvikling teknologiløysingar – set preget sitt på Subsea-utbygginga over heile verda. Og skulle vi no ende opp med sjøkabel i Hardanger vil vi nyttiggjere oss av subsea-teknologi – kunnskap og teknologi frå undervannskonstruksjoner til oljeindustrien.
  • Eit tredje eksempel har vi innan solenergi. Noreg har i utgangspunktet elendige føresetnader for solceller, det er dess ikkje noko særleg sol her. Men vi har materialteknologi og høgt kompetente kunnskapsmiljø som hjelper i utviklinga av energien frå ovan. Det var tilgangen til kunnskap, ikkje tilgangen til sol som gjorde denne satsinga muleg.

Noreg er eit lite land, men innanfor enkelte næringar er vi også store i verda.

  • Innanfor olje- og gass industrien
  • Dei maritime og marine næringar.

Her er vi ikkje berre verdsleiande når det kjem til storleik. Her er vi også i front når det gjeld kunnskap og teknologi. Det skal vi bygge vidare på.

  • Vi skal satse der vi har særskild kompetanse
  • Der vi har særskilde føresetnader, og ikkje minst
  • Der vi har sterke næringsklynger som vi kan bygge vidare på.

Men vi skal også sjå vidare!

  • Derfor vil regjeringa lage den første heilskaplege strategien for miljøteknologi. Vi skal vere med i eit av dei største teknologikappløpa som er i vår tid. Der stiller USA, EU, Kina med fleire på startstreken. Vi kan ikkje vinne i alle øvelsane, men det finast langrenn innafor miljøteknologi og.
  • Derfor skal vi lage ein heilt ny strategi for nanoteknologi.
  • Vi skal satse på rein energi, ikkje minst vere med på det som no skjer på vindkraft.

Vi er avhengige av at mange dreg i same retning for å nå dei måla vi har sat oss. Næringsutvikling er ei felles sak og involverer:

  • Styresmakter på alle nivå
  • Akademia: UH-sektoren og institutta, og ikkje minst
  • Næringslivet sjølv.

Alle må vere med.

Det betyr også at det er tilsvarande mange som må vere med når vi no diskuterer forskinga og nytten av forskinga.

I løpet av dei komande fire årene vil dei store ungdomskulla føre til ein rikeleg vokster i talet på studentar.

Oppmodinga om å velje seg ut – til utanlandske universitet og høgskuler – er gjeld også for desse studentane. Oppmodinga er ikkje noko som har kome med veksten i talet på studentar, men noko vi har stått fast på. Fordi internasjonal utveksling av studentar og forskarar handlar om å kome i kontakt med verda og kunnskapsmiljø ute. Vi bør søke ut på same måte som at vi oppmodar studentar og forskarar til å kome til oss.

Paul Chaffey har skrive på bloggen sin :

”I en moderne kunnskapsøkonomi er næringslivet mye mer avhengig av gode universiteter og forskningsmiljøer enn før. Og ikke et hvilket som helst forskningsmiljø, det må være både veldig godt kvalitetsmessig og det man gjør må være relevant for bedriften, ellers finner man samarbeid et annet sted”.

Eg observerer med glede at sektoren sine eigne ønsker om dialog om korleis potensialet til universitets- og til høgskulesektoren best kan utnyttast for å sikre den norske velferdsstaten.

På tilsvarande måte må også den politiske leiinga i Nærings- og handelsdepartementet vere opne for å stille spørsmål til om gjeldande organisering av forskingsmidlane våre er optimalt innretta. Om Nærings- og handelsdepartementet gjer gode prioriteringar. Om verkemidla våre er treffsikre.

Målet for næringsdepartementet sine forskingsretta verkemiddel er å utløyse meir forsking i næringslivet.

Ikkje fordi forsking i næringslivet er eit mål i seg sjølv.

Målet er å hjelpe til auka produktivitet, nye næringsområde og effektivisering.

Når vi i dag investerer i utdanning og forsking, gjer vi det med ei klar forventning om framtidige resultat.

  • Vi forventar at universitet og høgskular utdannar studentar som har kunnskap som norsk nærings- og samfunnsliv treng og etterspør.
  • Vi forventar at forsking vil gi ny kunnskap, nye produkt og tenester.
  • Vi forventar at forskingsinvesteringar materialiserer seg i framtidig verdiskaping – det vi skal leve av i framtida.

I 2010 går nærmare 700 millionar kronar av Nærings- og budsjettet til handelsdepartementet til innovasjonsprosjekt og kompetanseprosjekt i norsk næringsliv. Av dette går 345 millionar, eller rundt halvparten, til programmet BIA [Brukerstyrt Innovasjonsarena].

BIA er ein open konkurransearena. Prosjekter frå ulike område konkurrerer om å få støtte på grunnlag av forskingskvalitet, innovasjonsgrad og verdiskapningspotensial. Prosjekta er initierte av næringslivet, og drivkrafta ligg i dei eigne strategiane og behova til bedriftene.

Resultata såg langt tyder på at dette er eit verkemiddel som treff.

  • Vi ser at innovasjonsprosjekta utløyser forskingsinvesteringar i næringslivet
  • BIA fører til konkurranse på tvers av bransjar og teknologiområde; og
  • Programmet gjev oss prosjekt med høg kvalitet og stort verdiskapingspotensial.

Det offentlege hjelper i gjennomsnitt med litt over tretti prosent av investeringa i BIA-prosjekta. Det er selskapa sjølv som bidrar med størstedelen av investeringa.

Og det gjer dei fordi dei har ei forventning om at investeringa vil gje framtidige gevinstar. Nytten vil dekke for kostnaden. Dersom ikkje ville investeringa uteblitt.

Det forteljar oss korleis næringslivet sjølv – særleg i dette tilfellet – er den beste til å vurdere kva som er nyttig forsking for næringslivet.

Det har skjedd store ting i verda sidan den gongen eg blei fødd – på begynninga av 70-talla ein gong.

År for år, litt etter litt, har velstanden auka.

Resultatet er at generasjonen min – reint økonomisk- er langt betre stilt enn den foreldregenerasjonen ein gong var.

Men det er ikkje dei rikaste landa som har vakse mest i løpet av dei siste femti årene vi har lagt bak oss. Drivarane for voksteren er dei nye framveksande økonomiane. Mens voksteren her har vore opp mot 5 prosent, har snitta blant OECD-landa vore på 2,6 prosent.

Ein annan nokså påfallande utviklingstrekk for livstida mi – og som kanskje i størst grad har gjort seg gjeldande i dei siste årene – er veksten i medlemsmassen i Miljøbevegelsen.

Enno finst det dei som forfektar det opplagde, men medvitet omkring omfang og verknadene av menneskeskapte klimaforandringar er skjerpte.

Få er villige til å forsake velferdsgode eller velstand for å konkurrere internasjonalt. For å forsvare det norske lønnsnivået og samtidig vere konkurransedyktige må vi derfor halde arbeidsproduktiviteten oppe – vi må produsere mykje på få arbeidstimar.

For å finne løysingar på den globale klimautfordringa må vi utvikle nye energikjelder, vi må produsere meir energieffektivt og med mindre utslepp.

”Det er mye vi ikke vet om framtiden, men vi vet at vi vil trenge kunnskap.” sa Statsministeren i nyttårstalen sin.

Når vi i dag diskuterer forsking og nytten til og av forskinga er det eit uttrykk for eit felles ønske om å stå sterkare rusta i møtet med framtida.

Det er derfor med glede å registrere eit brennende engasjement – i næringslivet, blant universiteta og høgskulane, instituttsektoren og politikarar. Det lover godt for debatten.

Lite aktivitet og dårleg samvet

Dårleg samvett er ikkje noko særleg å trakte etter. Men eg skal innrømme at eg av og til kjenner eit stikk av dårleg samvett fordi eg ikkje skriv nok og ikkje innsiktsfullt og artig nok på denne bloggen. Det har eg bestemt meg for å legge bak meg.

Eg har opplevd to ting. Det eine er at det er vanskeleg å skrive spennande om norsk politikk så lenge eine er statssekretær. Det er mangt ein deltek i som eg gjerne skulle ha skrive om, men som ikkje er eigna for offentleggjering. Likeins blir det vanskeleg å meine noko om det som skjer på område som tilhøyrer andre departement. Då blir det å skrive noko som er verd å lese og skrive utfordrande. Det blir lett sjølvsagheiter eller dårlege møtereferat. Det skal eg ikkje belemre dykk med. Det viser seg og at når kvelden kjem og det er tid for å sette seg ned med bloggen så er ikkje kreftene til stades. Eg prioriterer lesing og samtalar med familien.

Så, eg har ikkje tenkt å ha dårleg samvet for at eg skriv for lite. Derimot har eg tenkt å skrive når eg verkeleg har noko å melde, eller trongen til å meddele meg blir for sterk. Det blir nok ikkje så ofte, men det får heller vere.

Bloggen er ikkje nedlagt, men tempoet er blitt mindre som trufaste lesarar om dei finst har merka.

500 millionar til miljøteknologi

Vindmøller

Vindmøller
Vindmøller til land og kanskje særleg til havs kan vere eit av mange interessante områder for utvikling av miljøteknologi

I dag varslar Kristin Halvorsen og Erik Solheim på vegne av regjeringa at Noreg vil satse 500 millionar på utvikjling av miljøteknologi frå 2011 til 2013. Dette er eit godt prosjekt, som eg er svært glad vi no får på plass.

Vi vil bruke tida fram til statsbudsjettet blir lagt fram på detaljane i korleis vi best kan bruke desse pengane til å utvikle miljøteknologi i Noreg. Eriks Solheim seier at:

–Verden står overfor en formidabel miljøutfordring. Grønn teknologi er et av de markedene som vokser raskest. Land som er tidlig ute, har et konkurransefortrinn, og vi vil støtte de norske bedriftene som går foran og viser vei.

Kristin Halvorsen seier på si side:

–Nå trapper vi opp satsingen på teknologi for å møte miljøutfordringene og bidra til framtidsrettede arbeidsplasser. Dette er ikke bare et miljøspørsmål, men også viktig for vår økonomi.

Dette er eit arbeid eg er svært glad for å vere involvert i. Eg tar gjerne mot innspel på bloggen min om korleis vi bør innrette dette programmet for å få mest muleg miljøframgong og næringsutvikling igjen for desse pengane.

I utgangspunktet er det meininga at pengane skal prioriterast for å utvikle dei områda vi allereie er gode på eller der Noreg har sjansen til å gå i front og brøyte veg. Eg tenkjer umiddelbart på bioenergi, offshorevind, maritim sektor og materialteknologi som viktige område. Men der er sjølvsagt mange andre og. Vi håper og at dette skal vere med på å kunne få opp demonstrasjonsanlegg og pilotanlegg for ny teknologi. Eg trur og det er behov for å samordne/sj i samanheng alt det som skjer med omsyn til miljøteknologi innafor heile virkemiddelapparatet. Då kan dette verkeleg ta til å svinge

Korleis meiner du vi skal legge opp dette for å få mest muleg igjen for desse pengane?

Teknisk Ukeblad skriv om saka her

Billige fly i Dagbladet

Andre ting enn prisen som tel desse dagane?

Det var litt ironisk når Dagbladet i dag hadde ei heilside i bilaget om at her finn du billige flybillettar. Eg trur mange for tida er meir opptatt av å finne fly enn prisen på billettane.

Eg likte og råda om å planlegge i god tid, medan rådet om å vere fleksibel med omsyn til reisemål har meir for seg for tida.

Kva trur du?