Categories
Feature Miljø

500 millionar til miljøteknologi

Vindmøller
Vindmøller til land og kanskje særleg til havs kan vere eit av mange interessante områder for utvikling av miljøteknologi

I dag varslar Kristin Halvorsen og Erik Solheim på vegne av regjeringa at Noreg vil satse 500 millionar på utvikjling av miljøteknologi frå 2011 til 2013. Dette er eit godt prosjekt, som eg er svært glad vi no får på plass.

Vi vil bruke tida fram til statsbudsjettet blir lagt fram på detaljane i korleis vi best kan bruke desse pengane til å utvikle miljøteknologi i Noreg. Eriks Solheim seier at:

–Verden står overfor en formidabel miljøutfordring. Grønn teknologi er et av de markedene som vokser raskest. Land som er tidlig ute, har et konkurransefortrinn, og vi vil støtte de norske bedriftene som går foran og viser vei.

Kristin Halvorsen seier på si side:

–Nå trapper vi opp satsingen på teknologi for å møte miljøutfordringene og bidra til framtidsrettede arbeidsplasser. Dette er ikke bare et miljøspørsmål, men også viktig for vår økonomi.

Dette er eit arbeid eg er svært glad for å vere involvert i. Eg tar gjerne mot innspel på bloggen min om korleis vi bør innrette dette programmet for å få mest muleg miljøframgong og næringsutvikling igjen for desse pengane.

I utgangspunktet er det meininga at pengane skal prioriterast for å utvikle dei områda vi allereie er gode på eller der Noreg har sjansen til å gå i front og brøyte veg. Eg tenkjer umiddelbart på bioenergi, offshorevind, maritim sektor og materialteknologi som viktige område. Men der er sjølvsagt mange andre og. Vi håper og at dette skal vere med på å kunne få opp demonstrasjonsanlegg og pilotanlegg for ny teknologi. Eg trur og det er behov for å samordne/sj i samanheng alt det som skjer med omsyn til miljøteknologi innafor heile virkemiddelapparatet. Då kan dette verkeleg ta til å svinge

Korleis meiner du vi skal legge opp dette for å få mest muleg igjen for desse pengane?

Teknisk Ukeblad skriv om saka her

Categories
Feature Ikkje politikk

Billige fly i Dagbladet

Andre ting enn prisen som tel desse dagane?

Det var litt ironisk når Dagbladet i dag hadde ei heilside i bilaget om at her finn du billige flybillettar. Eg trur mange for tida er meir opptatt av å finne fly enn prisen på billettane.

Eg likte og råda om å planlegge i god tid, medan rådet om å vere fleksibel med omsyn til reisemål har meir for seg for tida.

Kva trur du?

Categories
Video

Vulkanutbrot

Det passa vel bra med ein video frå Eyjafjallajökul. Denne videoen er frå utbrotet i mars.

Categories
Feature Ikkje politikk

Farvel motor

Sykkelmotor
Sykkelmotor er ein fantastisk god ting, men er kvaliteten bra nok?

Fredagen konka sykkelmotoren min ut. På veg til jobb med ungar i tilhengaren gjekk plutseleg alt i svart og i staden for framdrift vart det brems. Motoren slo seg i lademodus, så i tillegg til mi eiga vekt, vekta av to ungar i tilhengaren og vekta av motor og batteri måtte eg overvinne motstanden i motoren. Tungt!

Eg har klokka inn nesten 1000 kilometer på motoren min, 1000 kilometer som har gjeve mykje glede. Den har gjort det muleg for meg å sykle til jobb og barnehage store delar av året. Spesielt dette med barnehage har vore viktig. Eg har tre ungar som alle skal i barnehage. Med to i vogna og ei i barnesete på sykkelen blir det tungt å sykle. Eg er vel ikkje nokon lettvektar sjølv, slik at bil nok hadde blitt det naturlege valet. Det ville ikkje akkurat gjort meg til noko nærmare ei sylfide.

Eg har blitt svært glad i motoren min. Det var ein Bion X kjøpt frå USA. Sykkelmotoren fungerer slik at den hjelper til når du sjølv trør. Det blir ikkje gratis å sykle. Motoren har to hovudverknader slik eg ser det. Det gjer det muleg å ha tyngre last på sykkelen og dei greier å halde høg hastigheit over lengre tid. Begge delar er med på å gjere sykkelen nyttigare og brukbar i fleire situasjonar. Eg har eigentleg tru på at ein elektrisk motor på sykkelen er det som skal til for å gjere Noreg til eit sykkelland. For vi må vel berre innsjå det at oppoverbakkar er ei effektiv sperre mot sykkelbruk.

Men om det utstyret eg kjøpte er standarden er det eit stykkje igjen før dette blir allemannseige. Elektronikken er for dårleg. Det blir litt for tilfeldig kor mykje effekt du får ut av motoren. Det er ikkje alltid når du treng mest hjelp at du får mest hjelp. Eg trur og det gjenstår noko på batteriteknologien, i alle fall når du nyttar det slik som eg har gjort. Eg har tatt ut stor effekt på kort tid, fordi eg har hatt så mykje vekt på sykkelen. Eg er i tillegg litt usikker på kor godt batteriet har hatt av vinter og salte vegar.

I alle fall, eg trur det var batteriet som gav opp på mitt anlegg. Eg kjem nok til å vurdere nøye om eg skal bruke mange tusen på å kjøpe nytt batteri eller ny motor. Ideen med hjelpemotor på sykkelen er fantastisk god, men eg er i tvil om kvaliteten står i forhold til prisen.

Eg vil gjerne høyre om erfaringane dine, og svarer og på spørsmål om el-motor til sykkel om du har nokre.

Categories
Kollektivtrafikk

Alternativ til fly

Det er alltid godt å ha alternativ – i desse dagar er det godt å ha alternativ til fly. Ville berre nemne at vi manglar tog til Tromsø. Kanskje på tide med eit alternativ?