Restane etter oljealderen

 

Det er store maskinar som skal til for å klippe sund stålet frå gamle oljeinstallasjonar

På tysdag var eg og besøkte restane etter oljealderen. Eller rettare, eg besøkte ei bedrift som høgger opp gamle oljeplattformar. I løpet av dei nærmaste åra skal meir enn 500 gamle installasjonar i Nordsjøen fasast ut. Det må skje på ein miljømessig forsvarleg måte. Intallasjonane inneheld både tungmetallar, kjemikaliar og lågradioaktivt avfall som må handterast på ein god måte.Men like viktig, plattformane inneheld enormt med råvarar som kan gjenbrukast eller gjenvinnast.

På Miljøbase Vats i Vindafjord gjenvinn dei meir enn 98 prosent (målt i vekt) av installasjonane. Noko blir selt til gjenbruk, stålet blir smelta om i Rana.

Det har vore ein del diskusjon om anlegget på Raunes i Vindafjord. Har dei store utslepp frå verksemda, skadar dei området rundt? Eg vart overtydd då eg var der om at dei arbeider på ein profesjonell og god måte. Den fysiske sikringa av området mot avrenning er god, og dei har eit omfattande miljøovervåkingsprogram gjennom NIVA. Det kan likevel sjølvsagt vere at det er ting der som ikkje er på stell eller ting eg burde spørje om. Kom gjerne med innspel i kommentarfeltet på det.

Det som likevel står fast er at installasjonane må takast vare på og gjenvinnast.

Denne videoen viser anlegget:

Nokre bilete:

Klimakur eller hestekur?

Dette viser at vi må gjennom ein kur for å få redusert utsleppa av klimagassar: Illustrasjonen er henta frå klimakur2020.no

I dag la Klima og forurensingsdirektoratet fram rapporten Klimakur 2020. Rapporten er ein gjennomgang av over 160 verkemiddel som vi kan nytte til å redusere utsleppa av klimagassar i Noreg. Dersom vi skulle gjennomføre alle tiltaka ville vi redusere utsleppa med 22 millionar tonn CO2 eller andre gassar. Det målet Stortinget har sett er mellom 15 og 17 millionar tonn. Det betyr at vi kan lese gjennom den menyen av tiltak som Klimakur 2020 er og velge oss ut dei mest fornuftig og mange nok til å nå målet. Kostnadane med tiltaka varierer frå 0 til 4000 kroner per tonn reduserte utslepp. For å nå måla vil kostnaden på det siste tonnet ligge på ca 1500 kroner.

Eg er svært glad for den handsaminga rapporten no skal få. Mange av tiltaka vil kunne føre til store endringar i Noreg og det norske samfunnet. Det er derfor heilt naudsynt at rapporten no blir sendt ut på ei brei høyring og til offentleg diskusjon. Det vil føre til at vi vel dei beste tiltaka. Og, utan forkleinelse for dei som har laga rapporten, dette er innvikla spørsmål der det ikkje er eitt einaste svar. Kanskje er nokre få av forslaga ikkje gode, kanskje har det blitt rekna feil. Slike ting vil vi oppdage gjennom ei offentleg høyring.

Så betyr ikkje dette at regjeringa skal sitte i ro å vente på debatten. Mykje god klimapolitikk kan settast i verk snart – og eg er trygg på at det kjem.

I den debatten som kjem er eg spesielt opptatt av at vi ikkje tømmer ungen ut med badevatnet. Med det meiner eg at vi ikkje lagar rammer for norsk industri som gjer at den forsvinn. Gjer den det vil den bli erstatta av industri i andre land, og ikkje alle desse landa har ein god miljøpolitikk. Resultatet kan vere at dei globale utsleppa aukar. Det er det ingen som vil. Samstundes er eg trygg på at norsk industri vil møte utfordringane på ein offensiv og god måte. Eg meiner Finnfjord as sitt prosjekt saman med det mange andre industribedrifter i Noreg gjer kan vere viktige bilete på at dette er muleg på ein lønsam måte, og at vi kan vise veg for mange andre.

Så trur eg det er rett at prisen på bensin over tid må kraftig opp, men då skal vi samstundes huske at i same periode vil elektriske bilar og plug-in hybridar bli vanlege. Det betyr at det er langt frå sikkert at transportrekninga til folk vil auke i tida framover.

Eg er teknologioptimist – det må ein vere for å kunne løyse klimaproblema og samstundes halde fram med å utvikle velferden.

Dersom vi ikkje gjer dette er eg redd hestekuren når klimaendringane slår inn for fullt kan bli betydeleg verre enn klimakuren.

Realfag og OL

 

Kan idrett vere ein inngang til å få fleire interessert i realfaga? Foto: Terry Gaboury

Kunne OL vore brukt til å få fleire interessert i realfag? Det var i alle fall ein av ideane, eller kanskje heller hjartesukka som kom opp på møtet i Forum for realfag i går.

Regjeringa skal legge fram ein ny strategi for satsing på realfag. Dette er eit viktig dokument, sjølv om det ikkje kjem til å løyse alle utfordringane. Real- og teknologifaga kjem til å vere heilt sentrale for å løyse klimautfordringane framover, og for å at næringslivet i Noreg skal halde fram med å vere lønsamt. Dersom du er idealist er det realfag du bør studere. Det er ingeniørane (i brei forstand) som kjem til å skape den miljøvenlege framtida.

Startegien har blitt til i nært samarbeid mellom departement, næringsliv og utdanningsmiljø. Den kjem til å vere tilgjengeleg på Kunnskapsdepartementet sine nettsider om ikkje alt for lenge.

Men, kva har realfag med Ol å gjere? Det var Carla Botten Verboven frå NHO som kom med hjartesukket under møtet. Ho sa noko slikt som dette: ”Kunne dei ikkje heller enn alt dette tørrpratet under OL nytta sjansen til å fortalt oss noko om korleis salting av løypene verkar, korfor skihopparane hoppar lengst med motvind, korfor nokre måtar å gå svingane i skøyter er raskare enn andre?”

Eg synst spørsmålet er godt, og utfordringa går til NRK og kanskje Newton. Ein viktig del av å rekruttere fleire til realfaga er å vise korleis det betyr noko i kvardagen til folk.

Og kanskje er det mangel på teknologar som gjer at det er så mange tabbar i OL?

Aftenposten på nynorsk

aftenposten på nynorsk
aftenposten på nynorsk
Det gjev ei eiga glede å lese Aftenposten på nynorsk.

I dag har eg lest Aftenposten på nynorsk. Det var artig. Det kjem ikkje av at den gamle tanta er blitt moderna, radikal og nynorsk på sine gamle dagar. Det kjem av at eg i dag har prød eit godt nytt verkty for å omsette nettsider og anna tekst frå bokmål til nynorsk.

Apertium.org er verktyet og det fungerer overraskande bra. Dei slit litt med å få kjønnet på ein del samansette ord rett og andre småting er det, men hovudinntrykket er at dette fungerer. Dersom du vel å bruke surf og omsett kan du surfe nesten som vanleg og få alle dei triste bokmålsnettstadene på nynorsk. Eg må innrømme at det gjev meg ei stor og spesiell glede å kunne lese aftenposten på nynorsk. Dersom dette blir vanleg er det nok nokre som vil snu seg i grava.

Apertium er eit prosjekt med open kjeldekode som først vart starta for å kunne omsette mellom spansk (kastiljansk) og katalonsk. Spanske og katalanske styresmakter betalte for utviklinga. Det fungerer godt for nærskylde som språk, som vi vel må seie at nynorsk og bokmål er. Du kan lese meir om det tekniske hos Lemurbataljonen

Dette er spennande, og eg lurer på kva for ei nettside du gler deg mest til å lese på nynorsk? Eg må nok prøve riksmålsforbundet snart.f