Kostnaden med Arctic Center er for stor

Vi er i ei stor naturkrise. Artar forsvinn i høgt tempo og omdanning av jomfrueleg mark er eit av dei største utsleppa av klimagassar vi har. Vi må derfor vere heilt sikre på at det vi skal gjere er heilt naudsynt og verd utsleppa av klimagassar og tap av natur.

Eg meiner at det vi får att gjennom eit alpinanlegg på Finnheia/Håkøybotn ikkje er verd tapet av natur og utsleppa av klimagassar som kjem med det.

Det finst gode argument for eit alpinanlegg i området ved Finnheia. Det ville kunne gje tilgang til fjella for alle dei som ikkje er glade i å gå oppover bakkane og er mest interessert i å køyre nedover. Men til kva kostnad?

For korfor vil vi til fjells? Ein del av det er å komme bort frå det menneskeskapte, det å få den kjensla av fridom som det gjev å komme ut i naturen. For alpinanlegget Arctic Center er ikkje berre ein bakke og eit skitrekk. Det er hotell, vassverk, vegar og store parkeringsplassar.

Det vi veit er at ein treng ganske mykje energi til å produsere for snø for eit slikt anlegg. For sjølv om vi har mykje snø i Tromsø vil det vere stort behov for å utvide sesongen gjennom kunstsnø. I den situasjonen vi er i dag, der tilgang på kraft er ein barriere for å starte opp ny næring så må vi vere heilt sikker på at vi bruker straumen der den får størst effekt. Eg trur ikkje eit alpinanlegg er det rette å bruke denne ressursen på.

Vi treng heller ikkje ein ny attraksjon for å trekke enno fleire vinterturistar til Tromsø.

I regjeringa sin rettleiar med forventningar til kommunal planlegging står det:

«Det er viktig for Noreg si evne til å oppfylle natur og klimamåla at fylkeskommunane og kommunane bruker planverktøya til å hindre nedbygging av karbonrike areal som skog og myr, men også jordbruksjord (særleg beitemark). Dette inneber blant anna å ta i bruk moglegheitene til fortetting, gjenbruk og transformasjon av alt utbygde areal, før jordbruksareal, viktige natur- og friluftslivsareal og karbonrike areal som myr, skog og annan næringsrik jord blir omdisponerte» (mi utheving)

Vidare står det:

«Ved revidering av arealdelen i kommuneplanen, vurderer kommunen om tidlegare godkjend arealbruk skal endrast av omsyn til klima, naturmangfald, kulturmiljø, jordvern, reindrift, klimatilpassing, samfunnstryggleik og eit føremålstenleg utbyggingsmønster.»

For oss i SV framstår det klårt at ein rammetillatelse med dispensasjonar frå den gjeldande reguleringsplanen for Arctic Center ikkje kan gjevast no. Dersom Arctic Center hadde søkt i tråds med den eksisterande reguleringa er det lite vi kunne gjort, men sidan dei søker om dispensasjonar frå den vedtatte planen så vil og må vi gjere ei ny vurdering.  I tråd med regjeringa sin rettleiar bør dette avvente vedtak av den nye arealplanen i kommunen. I den planen er SV si klåre meining at området som i dag er sett av til alpinanlegg, hotell og parkering i Håkøybotn må tilbakeførast til LNFR-område.

Det vil vere å ta regjeringa sin rettleiar på alvor. Det vil vere å ta naturen på alvor. Det vil vere å ta friluftslivet på alvor, og det vil vere å ta reindrifta på alvor.

Vi skal kutte det vi må, men ikkje meir enn vi må.

I etterkant av kommunestyremøtet har posisjonen blitt anklaga for at vi ikkje er tøffe nok i kutta vi gjer i Tromsø kommune. Det er ein anklage vi tar ganske lett på. Vi skal kutte det vi må, for vi kan ikkje bruke meir pengar enn vi har. Men, og dette er viktig for SV, vi skal ikkje kutte meir enn det vi absolutt må. For alle kutt går utover nokon. I all hovudsak så er det kommunen driv med å gje viktige velferdstenester til innbyggarane våre. For SV er det viktigaste å oppretthalde og utvikle desse tenestene så godt som mogleg innafor den økonomien vi har.

Her er innlegget mitt i kommunestyret.

Kvotemeldinga – for dei på innsida?

I for lang tid har kapitalen bestemt tilgang til fiskeressursane, kvotemeldinga var ein moglegheit for å gjere noko med det. Vi har venta lenge på kvotemeldinga, og den kan bli avgjerande for utviklinga langs kysten. Meldinga har sjølvsagt både positive og negative ting ved seg.

Slik eg ser det er det aller tydelegaste perspektivet i denne meldinga at det er ei melding for dei som allereie er innfor fiskeria. I meldinga manglar det eit tydeleg perspektiv på kystsamfunna og konsekvensar for samfunnet av den politikken som blir foreslått. 

Før eg stuper ned i kritikken kan det vere verd å nemne nokre av dei positive tinga i meldinga. Kort fortalt er det gjeninnføring av trålstigen, og ei mindre overføring av kvoter til kystflåten under 11 og at det blir innført eigarskapsbegrensingar i kystflåten

Den aller viktigaste kritikken mot meldinga er at den ikkje gjer noko med omsettinga av kvoter og kapitalkarusellen i næringa. Meldinga tar heller ikkje opp problemstillinga knytt til pliktkvotene. Pliktkvotene er ordninga der trålarane er forplikta til å levere fisk einskilde plassar langs kysten for å oppretthalde aktiviteten i fiskeindustri og i fiskerisamfunna. Eg trur det ikkje er å ta munnen for full å hevde at desse pliktene ikkje blir gjennomført slik dei var tenkt då dei vart innført og at det burde få konsekvensar for desse kvotene. Leveringsplikta er knapt blitt ei tilbodsplikt, og konsekvensen av det er at fisken i stor grad blir eksportert frossen og ubearbeid ut av landet. 

På førehand var det mest spenning knytt til kva regjeringa ville foreslå skulle skje med strukturkvotene. Strukturkvotene er ordninga at du kan kjøpe kvoter for å fiske fleire kvoter på ein båt. Den kvota du skaffar degt på denne måten har ei tidsbegrensa varigheit, og dei første kvotene fell tilbake til fellesskapen i 2027.

Regjeringa foreslår at at storparten av strukturkvotene skal tilbake til den gruppa dei vart kjøpt frå og legges til grunnkvotene der. Det vil forsterke kvotegrunnlaget for dei eksisterande båtane i gruppa og er i tråd med føresetnaden då ordninga vart innført. I tillegg foreslår dei at 1/3 av kvotene skal leggast til dei eksisterande strukturkvotene.

Det er ein del problem med den foreslåtte ordninga. På denne måten blir grunnkvotene større og dermed meir verd. Så lenge vi tillet omsetting av kvoter betyr det at kostnaden med å komme inn i dei kvotebelagte fiskeria vil auke. Dersom ein samstundes hadde foreslått at strukturkvoteordninga skulle avsluttast kunne dette vore ei god ordning. Over tid ville alle strukturkvotene falt tilbake til grunnkvotene i gruppa dei kom frå.

Det største problemet med det valet regjeringa har gjort er at dei fråskriv seg moglegheita og ansvar for ei politisk styring med fiskerinæringa. Regjeringa kunne foreslått at ein del av strukturgevinsten skulle brukast på heilt andre måtar. Det kunne for eksempel vore til rekrutteringskvoter for å hjelpe ungdom inn i næringa. Det kunne vore kvoter til områder som har mista kvoter i åra med strukturering, eller det kunne vore kvoter for å støtte dei som legg opp til meir miljøvenleg drift. Det ville ikkje regjeringa.

Til stadigheit blir vi minna på korfor Nord-Noregbanen må byggast

I dag skriv Nordlys ein artikkel om at det vil bli dyrt å frakte fisk på trailer i framtida.

Hovudinnhaldet er at EU kjem til å stille krav om mindre utslepp av CO2 i transport i EU, og som vi veit går svært mykje av norsk fisk til EU, og din går mykje med trailer.

Frå artikkelen:

Fossil-trailere står for en svært stor andel av CO₂-utslippene i EU.

Det foreslås derfor nye EU-regler som vil gjøre det svært kostbart å fortsette transporten med fossildrevne trailere.

Det legges opp til en storstilt omlegging til hydrogen og elektrisitet, alternativt biogass, ifølge rapporten

Dette er ikkje eigentleg noko nytt. Vi har visst lenge at desse krava ville komme. Vi kan og vere ganske sikre på at det er ei stund til vi anten har batterielektriske eller hydrogendrivne trailerar med ei rekkevidde som gjer dei til ein effektiv måte å transportere varer til og frå EU.

Konsekvensen av desse krav kan bli svært alvorlege om vi ikkje har anna og alternativ transport. Det alternativet er jernbanen. Vi må forsterke og halde oppe kravet om at ein moderne bane med høg fart må byggast nordover, og det må skje no.

Ny samisk kunnskapspakke til tromsøskolen

I går fekk eg vere med å lansere ein ny «Samisk digital kunnskapspakke for Tromsøskolen». Dette er ein kunnskapspakke som oppfyller svært mange av læringsmåla i skolen og som gjev kunnskap om samisk historie i Tromsø. Eg trur dette blir eit fantastisk fint verkty for tromsøskolen.

Det er viktig at barna våre blir kjent med den samiske historia i Tromsø og at det samiske alltid har vore ein viktig del av Tromsø. Eg håper dette blir tatt i bruk av alle tromsøskolane.

Eg trur ein del av samehetsen kjem av at det samiske blir oppfatta som noko framand i Tromsø, at det blir oppfatta å vere noko som ikkje tilhøyrer Tromsø. Denne digitale lærepakka viser det samiske i Tromsø og at der er ein sjølvsagt del av Tromsø. Den kunnskapen trur eg vil bidra til at det blir mindre samehets i Tromsø.

Det er Tromsø kommune som saman med Learnlab har utarbeidd kunnskapspakka. Det er stoff for alle klassetrinn, og det handlar om identitet, lokalhistorie, natur og samisk design.

Eg trur ei slik kunnskapspakke er viktig av i alle fall to grunnar. Meir kunnskap om det samiske  sin plass i Tromsø er med på å førebygge samehets.

Eg håper dette blir tatt i bruk av alle tromsøskolane.

Les meir her: Var først i å teste helt nytt læreverktøy om samer | Tromsø kommune (tromso.kommune.no)

Exit mobile version