Categories
Feature Internasjonalt Miljø

Kva fortel EXPO 2010 om Kina?

Den kinesiske paviljongen på Expo 2010
Kva fortel verdsutstillinga oss om kva land Kina ønskjer å vere. Dette biletet viser den kinesiske paviljongen. Foto: Bert van Dijk/http://www.flickr.com/photos/zilpho/

EXPO 2010 i Shanghai er ei enormt opplegg. Verdsutstillinga har kosta 45 milliardar dollar berre for den delen som handla om infrastruktur i Shanghai og å gjere byen vakrare. Eg meiner det er interessant å sjå korleis Kina vel å eksponere seg sjølv på denne utstillinga. Kina reknar med at utstillinga kjem til å ha over 100 millionar besøkande – mange frå utlandet – men dei aller fleste er innanlandske turistar i Kina.

Hovudtemaet for den kinesiske paviljongen er flukta frå landsbygda og korleis byen og industrien er grunnlaget for deg gode livet. Dette gjenspeglar seg i mottoet for utstillinga som er ”Better cities – Better life”. Paviljongen er eit syn i seg sjølv. Den er over 60 meter høg og er delvis inspirert av eit gamalt kinesisk rismål. Men kva er det då som finst inni denne paviljongen – kva vil Kina at vi skal ta med oss heim.

Eg hadde dessverre ikkje tid til å utforske heile paviljongen grundig, men eg fekk med meg dei viktigaste utstillingane. Det var særleg to tablå eg oppfatta som viktige. Det eine var ein animasjon av eit av dei mest kjente kinesiske måleri nokon sinne. Det originale måleriet er over 128 meter langt og viser  den kinesiske landsbygda og den kinesiske byen for 2000 år sidan (Wikimedia Commons har biletet her, fila er stor over 12 Mb). Dei vil seie oss noko om at byen har ei lang historie i Kina og ayt det er byen som er grunnlaget for sivilisasjonen. Eg trur det er meininga at eg skal tenke at byen er sivilisasjon, og at sivilisasjon det er Kina.

Eit utsnitt av måleriet "Langs elva"
Eit utsnitt av måleriet "Langs elva under Qingming festivalen" Utsnittet er henta frå Wikipedia

Det andre viktige tablået er hovudfilmen på paviljongen. Filmen handlar om ein ung, sterk, vakker og staut mann som heilt konkret spring frå landsbygda til byen saman med ei ung, sterk, vakker og staut jente. Saman bygg dei industri og infrastruktur – skaffar seg ting og pengar – får eit barn og barnet veks opp til ein vakker, sterk, staut, solidarisk og miljøopptatt ung mann. Og, nettopp dette med miljøopptatt oppfatta eg som sjølve punchline for filmen. Slik eg oppfatta bodskapen frå filmen var det. No har vi bygd industrien, vi har bygd vegar, toglinjer. Vi er blitt eller er i ferd med å bli rike, men dersom vi ikkje no tar til å tenke på miljøet rundt oss kan vi ikkje skape oss det gode liv. For det gode liv – i harmoni – slik det framstår for dei besøkande på paviljongen til Kina på verdsutstillinga i 2010 er eit liv i ein stor by som er grøn, med klår luft og i harmoni ikkje berre med partiet, kvarandre og staten, men og med miljøet rundt oss. Eg har ikkje klart å finne filmen på nettet. Legg gjerne igjen ei lenke i kommentarfeltet om du kjenn til ein plass den finst.

Denne bodskapen verkar det som er oppfatta av dei som driv byane i Kina. Eg har hatt møte med styresmaktene både i Shanghai og Ningbo (ein liten by med 10 millionar innbyggarar tre timar utanfor Shanghai) og begge plassane var det ikkje nokon tvil om at dei var genuint interessert i miljø og at dette var ein integrert del av korleis dei planla framtida for byane sine. Dei var opptatt av energi, energieffektivitet og bruk av kunnskap for å nå miljømåla sine.

Det er ingen tvil om at Kina er eit schizofrent land på mange måtar, og vil måtte vere det i mange år framover. Det vil bli bygd enormt med kolkraftverk og vegar framover for å sørgje for vekst i økonomien, men det er heller ingen tvil om at Kina vil kome til å legge stor vekt på miljø framover. Dei første off-shore vindmøllane er bygd, og fornybar energi i form av geovarme og vind vil bli stort i Kina framover.

Eg sit igjen med ei positiv og håpefull kjensle for miljøet på bakgrunn av det eg har sett i Kina. Kva trur du, er kjensla mi feil?

Categories
Arbeid og trygd Feature Økonomi

Straum frå straumen

Left
I bakgrunnen ser du "u-båten" som er skalet til tidevasskraftverket

15 terrawatt er mykje straum. I dag produserer vi ca 140 terrawatt i Noreg i løpet av eit år. Femten terrawatt er kanskje det potensialet vi har for å produsere straum frå straumane langs kysten vår. Mykje av dette er utanfor Midt-Noreg der vi treng meir straum i framtida.

I går var eg i Harstad og besøkte Hydra Tidal og vart som som du skjønner imponert. Dei er i ferd med å sjøsette eit flytande kraftverk som vil om alt fungerer produsere 1,2 megawatt straum frå krafta i Gimsøystraumen.

Det blir spennande å sjå om dette fungerer og om ikkje dette kan bli eit viktig tilskott til produksjonen av fornybar kraft i Noreg. Eg er spesielt glad for at selskapet og gryndarar er nøgd med den støtta og hjelpa dei har fått frå Enova og Inovasjon Noreg. Men eg er alltid ute etter innspel på korleis verkemiddelapparatet kan bli enno betre til å hjelpe gryndarar og selskap til å skape verdiar, arbeidsplassar og spennande produkt. Kom gjerne med dine innspel i kommentarfeltet.

Det aller artigaste med å vere statsekretær i Nærings- og handelsdepartementet er å vere ute og treffe bedriftar. Eg blir stadig imponert over skaparkrafta, kunnskapen og stå på vilja i bedriftene. Både leiing og ansatte viser evne og vilje til å ta i bruk kunnskap og vere med på å skape framtida. Eg synst det lover godt.

Categories
Feature Politikk

Berggrunnen og havrommet

Eit utsnitt av det over 60 år gamle slepebassenget på Marintek. Er det på tide å bygge eit nytt?

I dag har eg hatt ein fin dag i Trondheim. Så er nok nokre som vil hevde at alle dagar er fine berre ein er i Trondheim, men den diskusjonen får vi ta ein annan gong. Trondheim er fin på mange måtar, noko av det eg har opplevd i dag er knytt til all den kunnskapen og forskinga som finst i byen.

Dagen starta med eit besøk på Marintek der dei presenterte planane for eit nytt senter for forsking på havrommet gjennom det dei kallar Ocean Space Center (fint og på engelsk skal det vere i Trondheim og). Sentret skal erstatte dei aldrande fasilitetane for å forske på hav, havstraumar og bølgjer. Det eldste bassenget dei nyttar er bygd i 1939. Dette laaaange bassenget er framleis eit av dei beste i verda, men skal vi unngå å bli forbigått og framleis vere leiande på forsking knytta til hav og spesielt det som skjer på store havdjup må det nye fasilitetar til. Eg trur det kan vere rett og riktig, men gratis blir det ikkje. 10 milliardar er ikkje akkurat lommerusk. Kan vi får meir og betre forsking ved å bruke slike summar på anna vis? Eg veit ikkje, umiddelbart kjenner eg at eg har tru på prosjektet, men vil gjerne høyre motførestillingane.

Andre del av programmet var ikkje mindre interessant. Vi var på NGU og samtalte om framtida for bergverk i Noreg og behovet for metallar i framtida. Der ligg det mange interessante og viktige poeng å diskutere. Visste du at Europa produserer tre prosent av mineralane i verda, men nyttar tjuge prosent? Det er interessant med tanke på at andre land no på strategisk vis skaffar seg tilgang på mineralar ol. rundt i heile verda for å trygge tilgangen til eigen industri. Dette kan bli ei utfordring internasjonalt, men er og ei mulegheit for Noreg som sit på store uutnytta mineralressursar. Så er kontrollspørsmålet, klarer vi å utnytte desse resursane på ein miljømessig forsvarleg måte? Det må vere ein føresetnad. Dette er spesielt viktig for distrikta og for Nord-Noreg. Eg er derfor veldig glad for at eit av oppdraga vi har gjeve NGU er å starte på ei geofysisk kartlegging i nord. Det kan gje gode resultat. Øystein Rushfeldt i Nussir asa meiner bergverk kan bli større enn olje i nord.

Det einaste som er heilt sikkert er at vi kjem til å trenge mineralar i framtida og at dei må utvinnast ein eller annan plass av nokon.

Du kan lese meir om Ocean Space Center i Teknisk Ukeblad eller på bloggen til Tore Sandvik.

Categories
Feature Ikkje politikk

Klassekampens eventyrlege mørekyst

Left
Kvar er eigentleg fisket? Faksimile frå Klassekampen 2. februar

Klassekampen har ein notis på side sju i dag. Overskrifte er; «Eventyrlig sildefiske på Møre». Vidare skriv avisa om eit eventyrleg sildefiske på mørekysten og avsluttar med å slå fast at fangstane er gjort frå «Vestfjorden i Nordland til Trøndelag-kysten».

Eg skal vere den første til å erkjenne at mørefiskarane er dyktige, men at dei skal ha tatt over heile nordlandskysten utan at nokon har reagert trur eg ikkje noko på.

At det godt kan vere dei som har fanga silda er ei anna sak.