Belgia er eit plaga land. Då tenkjer eg ikkje på at dei ikkje klarer å skaffe seg ei regjering. nokre vil kansskje hevde at det er ein fordel for eit land. Eg tenkjer heller ikkje på at landet kan vere i ferd med å bli delt i to. derimot tenkjer eg på trafikken.
I tillegg til den vanlege trafikkorken som du finn i dei fleste store byar i verda er Belgia og Brussel plaga med at dei er EU-hovudstad. Det betyr besøk av utanlandske notabilitetar nesten kvar dag.
Det er sjølvsagt hyggeleg å få besøk, men når dei som er på besøk jagar vek lokalbefolkninga frå vegane. Det er heller ikkje slik at det berre er når statsleiarar kjem at du blir jaga av vegane. Også når ministrar og skarve statsekretærar møtes til uformelle møte skjer det noko på vegane.
Denne videoen tok eg på morgonkvisten i dag på veg inn til Brüssel. Hadde eg budd og jobba hadde eg nok blitt sur om dette skjedde til stadigheit, og kanskje nok eingrunn til at vi ikkje bør bli medlem i EU. Tenk deg situasjonen i Oslo dersom Noreg hadde formannskapet og til stadigheit måtte jage folk av vegane for å få plass til kortesjar av svarte bilar.
Eg skulle gjerne høyrt kva norske lærarar tenkjer om denne videoen. Er det å slå inn opne dører, er det han seier feil, eller er det noko vi kan lære her?
Eg inspirerer dena ller første makrellfangsten som er levert i Nord-Noreg. Modolf-Sjøseth på Træna tar mot åtte prosent av all pelagisk fisk i Noreg. Foto: Morten Hofstad
Eg inspirerer dena ller første makrellfangsten som er levert i Nord-Noreg. Modolf-Sjøseth på Træna tar mot åtte prosent av all pelagisk fisk i Noreg. Foto: Morten Hofstad
Mange småsamfunn i Noreg slit med manglande næringsutvikling, fråflytting med påfølgjande utarming av private og offentlege tilbod. Men nokre samfunn er kjerringa mot straumen, dei får til vekst og utvikling. Kva er det som skil det eine samfunnet frå det andre?
I går brukte eg ein dag på Lovund og Træna. To små øysamfunn på Helgelandskysten, meir enn to timar med ferge frå fastlandet. Stort lenger frå allfarveg er det nesten ikkje muleg å kome i dagens Noreg. Likevel er dette to samfunn med vekst. Lovund har nesten dobla folketalet på 20 år og Træna har og vekst. Lovund har ein ung folkesetnad med mykje ungar.
Både på Lovund og på Træna lever dei av havet. Oppdrett og fiske er livsnerva for desse samfunna. Dei er likevel ikkje lenger først og fremst tradisjonelle fiskevær. Dei er først og fremst industrisamfunn. Det er industriell produksjon av laks og pelagisk fisk som verkeleg gjev vekstimpuls til samfunna. Lovund er ei spennande øy. Dei hadde to gründarar som tidleg heiv seg på fiskeoppdrett. Allereie i 1972 vart den første fisken sett i havet. I dag har øya to veldrivne oppdrettsselskap som til saman kan kome til å tene 400 millionar kroner i år. I tillegg har dei på øya utvikla isoporkasseindustri for å lage emballasje til fisken, og dei ensilerer 60 000 tonn biprodukt av fisk kvart år for å produsere fôr og olje. Dei har satsa mykje pengar på oppdrett av torsk og mislyktes, men bruker realkapitalen frå denne investeringa no til å forsøke seg med oppdrett av leppefisk for å halde nede mengden lakselus i merdane.
Dersom du spør gründarane på Lovund korfor dei har lyktes, der andre samfunn med i utgangspunkte dei same føresetnadane ikkje har lyktes så peiker dei først og fremst på at bedriftene har tatt samfunnsansvar. Dei to gründarane, Hans Petter Mæland og Steinar Olaisen peiker begge på at dersom ikkje bedriftene på øya hadde vore med og tatt felles løft for å utvikle andre bedrifter og for å utvikle samfunnet (gjennom bygging av svømemhall, squashbane etc) ville bedriftene deira heller ikkje kunne lyktes. Dei peiker og på at storsamfunnet har stilt opp og investert på øya for å få til ei god hamn, barnehage og skole. Så ønsker sjølvsagt øya seg stadig betre kommunikasjon og infrastruktur. Det tar fem og ein halv time til Bodø med hurtigbåt, ferga har ikkje riktig stor nok fart og kapasitet og ei helikopterrute hadde gjort at ein ikkje trengte bruke tre dagar for å komme seg på eit møte i Oslo eller Bergen.
Så då er spørsmålet. Kan andre samfunn lære noko av det dei har gjort på Lovund. Eg skreiv eit tak i tida ei oppgåve på masterstudiet mitt om bruk av kooperativ i lokalsamfunnutviklilinga. (her kan du lese meir om det eg har skrive om kooperativ) Hovudkonklusjonen min var at kooperative løysningar kunne vere med på å få eit samfunn til å løfte i flokk og dermed sette i gang ei utvikling. På meg ser det ut som om Lovundværingane fekk til å løfte i flokk (sjølv om dei ikkje brukte kooperativ), og dette løftet gjorde det muleg å få til den utviklinga dei har hatt. Samspelet mellom bedrifter som satsa langsiktig og samfunnet rundt dei, har gjort at både bedriftane og samfunnet har fått ei god utvikling. Eg trur det kan ligge spennande lærdomar herifrå som vi kan dra med oss vidare.
På den andre sida kan det jo og vere at oppdrett har vore god business i lange tidar og at du kjem langt med millionar av kroner uansett kor du er i verda. Samstundes er det jo mange bedrifter i utknatnoreg som har tent godt på oppdrett utan få ei utvikling som Lovund.
Energiproduksjon er ein viktig del av det å gjere næringslivet grønare. Foto: Jeremy Levine Design / Flickr
Energiproduksjon er ein viktig del av det å gjere næringslivet grønare. Foto: Jeremy Levine Design / Flickr
Det blir at sagt at då Pearl Harbour vart bomba tok det berre 20 timar før Ford la om frå bilproduksjon til produksjon av krigsmateriell. Omstillingen skjedde umiddelbart som svar på det nye trusselbiletet. Dette viser at menneske, føretak og samfunn er i stand til å mobilisere, når faren truer.
Bakom dei store overskriftene om Mongstad og biodiesel får alt det fantastiske arbeidet som skjer i norske bedrifter og norske forskingsinstitusjonar med å utvikle nye grøne teknologiske løysningar alt for lite merksemd. Ganske i det stille og i samarbeid mellom det offentlege verkemiddelapparatet, forskingsinstitusjonar og private bedrifter veks det fram innovative og lønsame grøne bedrifter.
Miljøteknologi er eit av dei raskast veksande teknologimarknadene i verda. Norske bedrifter vist at dei har kunnskapen og kompetansen til å vere ein viktig del av denne marknaden. Vi finn i overkant av 700 føretak innanfor fornybar energi og miljøteknologi berre på Austlandet. I 2008 omsette desse for 100 milliardar kroner, like mykje som den maritime næringa på landsbasis. Næringa på Austlandet sysselsette 12 000 menneske og har hatt ein omsetningsvekst på 150 prosent dei siste åtte åra.
Vi kjenner alle historia om REC, solcelle-produsenten som gjekk mot straumen og vart ein stor produsent av wafarar til solceller. No vil REC minske tjukkleiken på solcelleskivene dei brukar i produksjonen til det halve. Det er REC ScanWafer AS Herøya Plant som saman med Forskningsrådet finansierar dette, og dei arbeider i lag med SINTEF og fleire norske og utanlandske verksemder. Om dei får det til, vil REC kunne senke prisen på solceller igjen. Då stig både REC sin del og det totale salet av solceller, og det tener det globale miljøet på.
Men utvikling av nye og forbetra produkt gjennom å blanda gammal og ny kunnskap ser vi og andre stader. Dei maritime næringane tar miljøteknologi på alvor. Fellowship-prosjektet, med Veritas som prosjektansvarleg, har fått tilskot på meir enn 30 millionar kroner frå Forskingsrådet. Wärtsila og annan industri er involvert, og pilotinstallasjon allereie gjort i eit gassdrive skip. Resultata frå forskinga inneber ikkje berre bruk av eit meir miljøvenleg drivstoff (LNG), men og ei ny brenselcelle som kan halvere utsleppet av CO2 per kwh.
Noreg har sett seg ambisiøse mål om å redusere klimautsleppa fram til 2020. Dersom vi skal nå desse måla er vi avhengige av eit tett samarbeid mellom det offentlege og bedriftene. Vi stiller opp frå styresmaktene si side. Vi bruker i overkant av 800 millionar kroner over NHDs budsjett i år på støtte til miljøprosjekt gjennom Forskingsrådet og Innovasjon Norge. Samla blir det nytta 2,4 milliardar til miljørelaterte prosjekt. Denne satsinga skal vi halde fram med. Næringsdepartementet har trappa opp sitt engasjement kraftig dei siste åra. På områda fornybar energi, energieffektivisering og karbonfangst og lagring har regjeringa auka FoU-innsatsen frå 2008 til 2010 med heile 600 millionar kroner. Inga anna norsk regjering kan skilte med ei tilsvarande satsing på næringsretta forsking. Men det er lite samanlikna med kva næringslivet sjølv har mulegheit til å mobilisere, noko eksemplet frå Ford etter Pearl Harbour viser. Styresmaktene sin jobb skal i hovudsak vere å legge til rette for denne mobiliseringa.
Ved å vere i forkant av nasjonale og internasjonale miljøreguleringar, kan norske føretak redusere kostnader og etablere eit strategisk godt utgangspunkt for nye marknadsmulegheiter over heile verda den dagen eit internasjonalt regelverk kjem på plass.
I Noreg må vi satse på dei områda der vi allereie er gode. Når solcelleindustrien har blitt stor i Noreg er det ikkje fordi vi har mykje sol, men fordi vi gjennom prosessindustrien har bygd opp ein stor kompetanse innafor materialteknologi som gav grunnlaget for solcelleindustrien. Tilsvarande har vi gode springbrett inn i miljøteknologiske løysningar innafor maritim sektor, marine produkt og fleire andre område.
I revidert nasjonalbudsjett varsla regjeringa at vi i 2011 vil trappe opp satsinga på grøne teknologiar. Det blir sett av ein halv milliard fram til 2013 for å utvikle miljøteknologiane vidare. Vi er no i fullt arbeid med å finne ut korleis vi best skal innrette bruken av desse pengane for at vi saman med bedriftene og forskingsinstitusjonane mobiliserer så omfattande ressursar som råd for å utvikle nye produkt som kan skape inntekter for bedriftene, gode arbeidsplassar og skatteinntekter for landet.
Parallelt med dette arbeider vi med ein strategi for miljøteknologi. Saman med andre reguleringar meiner vi at dette vil vere med på å mobilisere for ei omlegging av norsk næringsliv i ei stadig grønare retning. Eg må og få understreka at norsk industri har tatt store steg i miljøvenleg retning dei siste tretti åra. Målet må vere å halde fast med den retninga, men forsøke å auke farta.
På nettstaden www.samarbeidforarbeid.no inviterer regjeringa alle i Noreg til å vere med på ei mobilisering for å få fram dei gode ideane. I Næringsdepartementet er vi spesielt interessert i korleis vi saman med bedriftene kan legge betre til rette for ei mobilisering for eit enno meir miljøvenleg næringsliv. Vi vil gjerne ha dine innspel og idear.
Det er ingen tvil om at klimaendringane er ein stor fare som trugar oss. Frå regjeringa legg vi opp til den naudsynte mobiliseringa saman med næringslivet.
Det er viktigare å sørge for at barnehagane har eit godt tilbod til ungane enn å diskutere Bjarne Håkon Hansen si rolle. Foto: Arbeiderpartiet/Flickr frigjeven med CC-lisens
Det er viktigare å sørge for at barnehagane har eit godt tilbod til ungane enn å diskutere Bjarne Håkon Hansen si rolle. Foto: Arbeiderpartiet/Flickr frigjeven med CC-lisens
Det har vore ikkje så reint lite diskusjon om Bjarne Håkon Hansen og litt om private barnehagar skal få lov til å ta utbytte i sommar. Eg har ikkje så sterke meiningar om Hansen si rolle, derimot meiner eg at framlegget frå regjeringa er svært godt.
Barnehagar er ei sentralt velferdsgode for folk i landet og ein viktig institusjon for å gje ungar eit godt tilbod. Kvart år brukar vi – og då meiner eg det store vi’et, vi som alle folk i landet – 27 milliardar kroner over statsbudsjettet til barnehagar. Eg meiner at barnehagar først og fremst skal drivast av det offentlege. Det skal vere muleg å drive privat barnehage, men det er ingen grunn til at ein skal drive desse for å tene mest muleg pengar.
Når det gjeld heilt sentrale velferdsgode som barnehagar, skole, sjukehus og eldreomsorg kan det ikkje vere slik at omsynet til å tene pengar skal vere det styrande prinsippet. Likevel går ikkje regjeringa så langt at dei seier at det ikkje skal vere råd å ta utbytte frå barnehagedrifta. I framlegget som er ute på høyring er forslaget at grensa skal settast ved ca. seks prosent av eigenkapitalen i dagens situasjon. Betydeleg høgare enn du får om du set pengane i banken. Det er og slik at det er nesten ingen barnehagar som betaler ut slike utbytte. Forslaget vil derfor ikkje få store konsekvensar i første omgang. Derimot set forslaget stopp for at vi kan få tilstandar innan barnehagesektoren som vi har sett innafor barnevernet og asylmottak.
Ikke-kommunale barnehager er en viktig del av det helhetlige barnehagetilbudet i kommunen og er organisert på ulike måter. Departementet mener at barnehageloven også i tiden framover skal legge til rette for at ikke-kommunale aktører kan og vil etablere barnehager, uavhengig av organisasjonsform. Av den grunn er det ikke formålstjenlig å ha ett absolutt forbud mot uttak av verdier fra barnehagedrift. Reguleringen innebærer at det fortsatt vil være mulig å drive barnehager med forsvarlig forrentning av innskutt kapital, men det settes begrensninger som hindrer særskilt høy avkastning. Forslaget kan gi strukturelle endringer på lang sikt, ved at bestemmelsene kan redusere interessen for å etablere nye ikke-kommunale barnehager og at kommunene eventuelt selv må etablere barnehageplasser. På kort sikt antar departementet at innstrammingen ikke vil ha effekter på barnehagestrukturen.
…
Barnehagelovens krav til kvalitet, og den generelle konkurransen mellom barnehagene vil begrense mulighetene for uttak av verdier fra barnehagedriften i årene fremover. De senere årene har det vært en relativt sterk vekst i opprettelse av konsernselskaper og dermed også kommersialisering av driften i barnehagesektoren. Det er derfor viktig at man sikrer at de offentlige midlene ikke går til privat formuesoppbygging. Dette er et viktig signal til sektoren om at offentlige tilskudd og foreldrebetalingen skal komme barna i barnehagen til gode og at urimelig høy avkastning ikke aksepteres.
…
Reguleringen av uttak av overskudd i løpet av det enkelte driftsår bør etter departementets vurdering ta utgangspunkt i en maksimumsgrense for avkastning på egenkapitalen. Departementet foreslår at uttak av utbytte det enkelte år maksimalt kan utgjøre en avkastning på egenkapitalen tilsvarende 10 års statsobligasjonsrente tillagt ett risikopåslag på 2 prosentpoeng. Det vil ikke være adgang til uttak i tilfeller der eiere ikke har skutt inn kapital i selskapet. Departementet legger til grunn at dette også vil gjelde eiere som arbeider i barnehagen, slik at disse ikke kan ta ut verdier utover rimelig lønn
Innafor mottak har vi fått omgrep som ”asylbaron” som tener store pengar på å drive for offentlege pengar. I 2008 gjekk asylmottaka med overskott på over 100 millionar kroner. Liknande historier har vi høyrt frå barnevernet.
Ingen som driv ein privat barnehage på ein skikkeleg måte treng vere redd for framlegget frå regjeringa.