På onsdag skal kommunestyret ta stilling til kystsoneplanen for Tromsø. Kystsoneplanen er eit godt dokument og det har vore ein grundig prosess. Det er mykje å like i denne planen. Det forhindrar ikkje at det er nokre “små” kontroversar i denne planen. Den største og viktigaste kontroversen er om Tromsø skal opne opp nye areal for oppdrett av laks.
Det er mange overordna argument mot nye areal for oppdrett i tradisjonelle opne merder.
Villaksen er truga av lakselus og genetisk forurensing frå tamlaks. Meir oppdrett vil auke dette problemet.
Det er usikker kunnskap om innverknaden på gytefelt og fiske etter torsk, sei, kveite med meir. Tradisjonelt fiskeri er svært viktig i Tromsø og usikkerheita gjer at vi må velje dei tradisjonelle næringane.
Laksenæringa har over tiår tent svært mykje pengar. Desse pengane er ikkje blitt investert i å finne teknologi som mogleggjer sameksistens med villaks og fiskeri. Då er det ikkje rett å belønne næringa med nye areal.
Bruk av lusemiddel skaper problem for rekebestandane.
Dyrevelferden er problematisk i lakseoppdrett. Samanlikna med alt anna husdyrhald er dødlegheita hos laksen mykje større. Ulike formar for mekanisk avlusing bidrar til dyrevelferdsproblematikken.
I tillegg er det gode argument mot kvart einskild av dei nye områda som er foreslått. Områda Småvær II, Røssholmen og Finnkjelbåen ligg ved viktige fiskefelt og område med innsig av skrei. Det er ikkje rett å opne desse områda for meir oppdrett. To av desse lokalitetane ligg eksponert til for vêr og vind. Det aukar faren for rømming.
Området Fjordtun ligg i Straumsfjorden. Det er kort veg frå ein nasjonal laksefjord og nært Straumselva som har ein bestand av villaks som i liten grad er genetisk ureina av tamlaks. Området ligg slik til at det kan bli berørt av skred og dermed auka fare for rømming.
Kvitbergan ligg ved munningen av Ullsfjorden, nært eit større gyteområde for kysttosk. Kysttorsken er pressa og freda i enkelte område. Det betyr at det er feil å ta sjansar med kysttorsken.
Kvitberg er eit lite visningsanlegg i Straumsbukta. Anlegget er foreslått som eit semilukka anlegg med oppsamling av slam, og kanskje det området det går an å seie ja til, men anlegget ligg svært nært Straumselva med dei potensielle konskvensane det kan ha. Det er og ein innsigelse mot kravet om oppsamling av slam frå anlegget.
SV vil stemme mot å opne desse areala for oppdrett. No står det på Ap og Sp.
I løpet av hausten skal kommunestyret vedta den nye kystsoneplanen for Tromsø kommune. Kystsoneplanen avgjer bruke av havområda våre. Kvar skal fiske ha forrang, kvar skal vi ta mykje omsyn til friluftsliv og turisme, skal vi opne for dyrking av tare, og kanskje aller mest betent, skal vi ha meir oppdrett i Tromsø?
SV meiner at meir oppdrett i Tromsø berre kan aksepterast under ein einaste føresetnad: at vi kan stille krav om utsleppsfrie eller tilnærma utsleppsfrie anlegg. Berre då kan det vere aktuelt å opne for nye anlegg.
Nesten alle oppdrettsanlegg i Noreg i dag er opne anlegg. Det har store konsekvensar for livet i havet. Eit slikt anlegg slepp ut store mengder organisk materiale i form av skit og fôrrestar. I tillegg er det store utfordringar med lakselus med konsekvensar for villaksen og det er betydelege utslepp av koppar som brukast til å impregnere nøtene – ein type impregnering som er så farleg at det ikkje er lov å bruke i botnsmurning på fritidsbåtar.
Tilnærma utsleppsfrie anlegg er mogleg. Det er aktørar frå tunge norske verftsmiljø som jobbar med gode løysningar. Løysningar som ikkje er på land, men flyt i havet og der anlegga er slik at ein har kontroll på alt av utslepp. Slike anlegg er dyrare, men det er mykje som tyder på at produksjonen er minst like høg og at fiskehelsa er betre. Dødelegheita for fisk i norsk oppdrett er mange gonger høgare enn det vi ville akseptert i landbruket. Fisk har like stort krav på god dyrehelse som kyr og sauar. I forslaget frå regjeringa om ein ny grunnrenteskatt er det og lagt opp til at du får direkte fråtrekk i skatten for investeringar. Det er derfor ingen grunn til å tru at ein ny skatt skulle hindre omlegging til ny teknologi.
Eg har stor sans for oppdrettsnæringa. Det er ein effektiv og god måte å omdanne fôr til menneskemat. Det er ei viktig næring for kystsamfunna våre med inntekter og arbeidsplassar. Men slik all anna industri i dette landet har omstilt seg, redusert utslepp og gjort prosessane meir miljøvenlege og framleis tent pengar må også oppdrettsnæringa no endeleg ta fatt i den same omstillinga.
Dersom oppdrettsnæringa skal vere velkomen på kysten må næringa endre seg. Eg og SV ønsker næringa alt godt, og ønsker næringa velkomen til Tromsø. Under ei føresetning – utsleppa må ned, luseproblematikken må løysast og dyrehelsa må bli betre.
Fleire oppdrettsanlegg med gamaldags teknologi må vere uaktuelt for Tromsø.
KS, lærarorganisasjonane og regjeringa må sette seg saman og finne ein veg ut av denne streiken. Vi treng ei løysning; for ungane våre treng å kome seg tilbake på skolen. På Kvaløysletta har ikkje åttandeklassingane fått starta på ungdomsskolen enno.
La meg få det viktigaste unna først. Eg støttar lærarane. Lærarane fortener høgare løn og alle barn fortener å få undervisning av kvalifiserte lærarar.
Vi er samde om at ein kvar undervisingstime utan ein kvalifisert lærar er ein for mykje. Og Utdanningsforbundet har nok rett i at betre løn vil gjere det enklare å rekruttere lærarar slik at alle elevane våre blir undervist av kvalifisert personell. Det er og viktig at mange kommunar slit mykje tyngre enn Tromsø med å skaffe kvalifiserte lærarar, så lærarane i Tromsø streikar og i solidaritet med mange andre kommunar og elevar.
Kjernen i denne streiken, slik eg har forstått det, handlar om korleis vi kan rekruttere fleire nye lærarar, samstundes som vi beheld dei kvalifiserte, erfarne og dyktige lærarane vi allereie har.
Eg trur det er naudsynt at regjeringa kjem på banen og bidrar til ein slutt på denne streiken. Vi treng ein nasjonal plan som sikrar rekruttering, som sikrar ei god lønsutvikling og som sikrar at ungane våre får kvalifiserte lærarar.
Den siste dagen i august er det kommunestyremøte i Tromsø. Det er fleire interessante og vanskelege saker denne gongen.
Den saka eg er mest nøgd med er at vi skal vedta handlingsprogrammet for bypakken i Tromsø for dei neste fire åra. Det skal bli godt at vi i enno større grad får fram kva bompengane faktisk skal gå til. Så er det viktig at dette er handlingsprogrammet før vi er ferdigforhandla med staten. Desse forhandlingane vil gje oss meir pengar slik at vi kan gjennomføre enno fleire gode tiltak i Tromsø.
Detter er forslaget til handlingsprogram:
Eg er spesielt glad for dei pengane som skal gå til tryggare skolevegar, men det er mange viktge og gode tiltak i denne pakken.
Eg har også lyst til å sitere dette frå saksframlegget:
Basert på samfunnsøkonomiske lønnsomhetskriterier framstår gang-, sykkel- og kollektivtiltakene som de mest lønnsomme. Disse tiltakene bør gjennomføres først – noe som samsvarer med prioriteringene i den foreslåtte porteføljen til Tenk Tromsø »
I det same møtet skal vi og handsame eit forslag som ser om vi kan få på plass ei støtteordning for dei mest sårbare barnefamiliane slik at bompengane ikkje blir til hinder for at barn kan delta på kultur- og idrettstilbod.
Kvar skal vi bygge hytter og kor mange?
I dette møtet er det to reguleringsplaner til handsaming der det blir foreslått nye hyttefelt. Eit på Breiviknes og eitt i Kvaløyvågen. Dette er alltid utfordrande. Korleis vektar vi tilhøvet mellom natur på den eine sida og utvikling på den andre sida? Åsne Høgetveit skriv om denne vanskelege avveginga i dette gode innlegget. Les det, eg synst det er gode betraktningar.
I Kommune- og byutviklingsutvalet stemte vi for det eine og mot det andre anlegget. Eg er i tvil om desse sakene og vi kjem nok til å halde fram å diskutere i alle fall fram til gruppemøtet på måndag. Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.
Eg er derimot ikkje i tvil om reguleringsplanen som tillet 10-20 nye bustader i Kvaløyvågen. Dette er eit godt tiltak som gjer at folk kan bygge seg hus og busette seg i Kvaløyvågen. Vi treng fleire fastbuande i distrikta våre. Eg gler meg til å stemme for denne planen.
Dårlege vegar
Det er mange vegar i Tromsø som treng asfalt. På onsdag vil kommunestyret vedta (eg tippar det skjer einstemmig) å bruke 15 millionar på å asfaltere nokre av dei mange vegane i Tromsø som treng litt kjærleik. Vi skulle sjølvsagt hatt råd til å asfaltere mykje meir , men dette er ein god start. I denne omgangen blir desse vegane prioritert:
Skal vi bygge ny bru til 15 millionar?
Siste saka i dette møtet handlar om vi skal ruste opp Nyskogvegen bru for 15 millionar. Første gongen eg kan huske å behandla ei sak om denne brua var hausten 2020. Den gongen skulle vi bruke 2 millionar for å reparere brua med statlege pengar vi fekk under coronatida. No er prisen komen opp i 13 millionar, men vi må løyve 15 millionar fordi det alltid er litt usikkerheit i slike anslag.
Eg synst dette er mykje pengar å bruke på ei bru til ein person. Det er mange av oss som som har privat veg til huset, men det er ikkej mange av oss som kan betale 15 millionar for vegen. Dette har jo lenge vore ein kommunal veg, så vi må nok sette brua i stand. Eg håper likevel vi kan finne ei løysning der vi kanskje kan gjere noko som varer i ein periode til eventuelt den nye vegen/Ullsfjordforbindelsen kjem, for då vil vi ikkje trenge denne brua lengre.
Ok, det var alt for denne gongen. Heile sakslista finn du under, og kom gjerne med innspel eller kommentarar til sakene.
1. Kommunestyret slutter seg til vedlagt forslag til rullering av handlingsprogram for bypakke Tenk Tromsø 2022-2025 2. De økonomiske forpliktelsene oppdateres og innarbeides i handlingsprogrammet 2023-2026 3. Årsmelding 2021 bypakke Tenk Tromsø tas til orientering.
– Tromsø kommune blir medlem av Nordic Safe Cities 2022-2024 – Tromsø deltar i «Trygg by Norge»-satsningen – Medlemskapet i Nordic Safe Cities på 75 000 DK finansieres gjennom formannskapets disposisjonsfond for 2022. Medlemskapsavgift for 2023,2024 og andre øvrige utgifter innarbeides i kommunens handlingsplan for 2023-2027.
1. Forslaget fyller vilkårene for behandling 2. Kommunaldirektøren utreder og legger frem forslag til kommunal støtteordning for passering av bommer i forbindelse med skole, barnehage og fritidsaktiviteter for barn og unge. 3. Ordningen skal baseres på samme type ordning i Fredrikstad, og ta utgangspunkt i samme beløpsgrenser og beregninger av husstandenes inntekter som beskrevet i forskriften om foreldrebetaling i barnehager legges til grunn for utredningen. 4. Saken legges frem for kommunestyret, senest i desember 2022.4. Det fremlagte forslaget må ta høyde for at stønadsordningen skal kunne gis tilbakevirkende kraft fra bompengeinnkrevinga starter opp. 5. Ordningen evalueres ett år etter eventuell innføring og relevante evalueringspunkter skisseres i fremlagt forslag.
1.Forslaget fyller vilkårene for behandling. 2. Det utarbeides en strategi mot rasisme og diskriminering i Tromsø kommune. 3. Strategien skal inneholde en handlingsplan for å bekjempe rasisme og diskriminering i Tromsø kommune. 4. Strategi med handlingsplan skal vedtas av kommunestyret innen juni 2023
Forslag til detaljreguleringsplan 1892 – Breiviknes hyttefelt- gnr 131, bnr 3,6 og 9 med plankart (del1, 2 og 3) sist datert 05.03.2021, planbestemmelser datert 28. mars 2022 og planbeskrivelse vedtas. Vedtaket er hjemlet i plan- og bygningslovens § 12-12.
Detaljreguleringsplan Plan 1914 – Detaljregulering Kvaløyvågen reiselivsanlegg og fritidsbebyggelse med plankart datert 05.05.2022, og planbestemmelser av 10.05.2022 vedtas. Vedtaket er hjemlet i plan- og bygningsloven § 12-12.
Detaljreguleringsplan 1924 – Kvaløyvågvegen boligplan, med plankart av 30.06.2022 og planbestemmelser av 30.06.2022, vedtas. Vedtaket er hjemlet i plan- og bygningsloven § 12-12.
1. Reglement for saksbehandling i folkevalgte organer vedtas. 2. Reglement for klageutvalget vedtas. 3. Reglement for Tromsø formannskap vedtas. 4. Reglement for hovedutvalgene vedtas. 5. Delegasjonsreglementet punkt 1 til 12 vedtas. Reglementene som vedtas er vedlagt saken.
1. Kommunestyret tar til orientering at valgdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalg 2023 blir mandag 11.september. 2. Tromsø kommune holder i tillegg valg søndag 10. september 2023 i alle stemmekretsene.
1. Det bevilges 15 millioner kroner til reasfaltering av veier. Beløpet tilføres ansvarsramme 7000 infrastruktur, samfunnsutvikling og miljø. 2. Midlene skal prioriteres i henhold til tiltaksliste slik det fremgår av saksfremlegget. 3. Tiltaket finansieres ved bruk av disposisjonsfond.
Tromsø kommune vedtar følgende endring i selskapsavtalen til nasjonalt kommunesamarbeid for 110-sentralene IKS: «I selskapsavtalen til NKS110 IKS endres første setning i andre avsnitt under kap. 16 – Regnskap og revisjon, fra «Regnskap skal føres etter regnskapsloven, og fastsettes av representantskapet» til «Regnskap skal føres etter kommunelovens regnskapsprinsipper, og fastsettes av representantskapet»
1. Vegard Stokka Lund-Warholm innvilges fritak fra verv som meddommer i Hålogaland lagmannsrett. 2. Som nye meddommere i Hålogaland lagmannsrett velges: – Kurt Andreas Nilsen, Utsikten 151, 9018 Tromsø – Jan-Eirik Lindberg, Utsikten 276, 9018 Tromsø 3. Som nye meddommere i Nord-Troms tingrett velges: – Harald Mathæus Ledsaak-Dyresen, Norselvegen 2, 9020 Tromsdalen – Per Gunnar Førde Tvedt, Strandvegen 112 B, 9006 Tromsø
I dag startar 763 unge og spente elevar på skolen i Tromsø for første gong. Dei kjem til ein skole med dyktige fagfolk og ein skole som er god på opplæring. Dersom vi bruker nasjonale prøvar som målestokk kjem dei til ein skole som får betre resultat enn landsgjennomsnittet.
Men like viktig som prøvane er at ungane våre opplever meistring, tryggleik og lyst til å lære. Og, elevundersøkinga viser at elevane i Tromsø trivst på skolen og dei opplever å få støtte og hjelp av lærarane når dei treng det.
Dessverre er det framleis nokre som opplever mobbing og utanforskap på skolen. Det har tromsøskolen eit stort arbeid på å gjere noko med. Saman med mobbeombudet i fylket innfører vi Omni-modellen i tromsøskolen. Omni-modellen er ein rettleiar til forståing og kunnskap i arbeidet med å gje barn og unge eit trygt og godt oppvekstmiljø. Modellen skal bidra til å ruste vaksne i ulike roller til å gjere denne jobben på en best mogleg måte.
Elevane skal vere trygge på skolen, men dei skal og vere trygge på veg til skolen. Gjennom Byvekstavtalen/Tenk Tromsø skal Tromsø kommune bruke 190 millionar dei neste tre åra på å gjere skolevegane trygge for ungane våre. Pengane går til å skape trygge kryssningspunkt, ny og forbetra fortau og gang og sykkelvegar. Det å gjere skolevegane våre trygge er eit stort arbeid. Men gjennom Tenk Tromsø og byvekstavtalen med staten får vi moglegheit til å gjere noko med skolevegane våre.
Eg ser at mange har låge forventningar til kva vi vil få til gjennom bompengeordninga i Tromsø. Eg er i alle fall heilt sikker på at det å bygge trygge skolevegar er ei svært god investering for Tromsø, og bompengane er med på å gjere det mogleg.
Leik er ein viktig del av skoledagen – spesielt for dei aller yngste, derfor satsar vi no på oppgradering av uteområda på skolen. Fleire av skolane våre har fått oppgraderte uteområde dei siste åra.
Dei neste åra skal vi bruke millionar på å oppgradere uteområde til 13 skolar i Tromsø.
Eg håper alle som startar på skolen i haust og alle dei 8000 elevane i skolen i Tromsø får mange gode opplevingar, får lære, treffe vener og får utfordra og utvikla seg sjølv. Alt er ikkje perfekt i tromsøskolen, men skolen er full av dyktige fagfolk, lærarar, som kvar einaste dag gjer ein kjempeinnsats for ungane våre.