Det ser ikkje ut til at det blir verdas mest spennande kommunestyremøte no i mars. Kanskje blir det mest interessante ei orientering som om mottak av ukrainske flyktningar i Tromsø.
Kommunen jobbar godt med å gjere seg klar til å ta mot flyktningane. Det ser ut som vi i første omgang skal ta mot 550. Så kan det bli fleire etter kvart avhengig av kva som skjer i krigen. Vi skal i alle fall gjere det vi kan for å ta mot folk på ein god måte.
Det var ei glede å vere med på møte med mange av dei frivillige organisasjonane i Tromsø i går for å samordne arbeidet. Skal vi få dette til på ein god måte må vi mobilisere heile tromsøsamfunnet. Det trur eg vi skal få til.
Uansett, har du innspel til sakene, kommentarar eller spørsmål så ta kontakt så skal eg svare og følgje opp etter beste evne.
Det er ikkje unaturleg at vi i SV tar ein ny runde om gamle standpunkt når verda rundt oss endrar seg.
På måndag ringte Nordlys meg. Dei lurte på kva eg meinte om NATO. Eg svarte ærleg at eg var blitt i tvil om NATO-standpunktet mitt, og at eg trur at SV bør ta ein grundig diskusjon om NATO. Det kan sjølvsagt hende at det berre er eg som er i tvil, men eg trur ikkje det.
Dette tenkjer eg er dei viktigaste argumenta for og mot akkurat no:
For:
SVs alternativ til NATO – eit nordisk forsvarsamarbeid – framstår som ganske urealistisk. Med den tryggingssituasjonen som er no oppstår det ikkje som ein ønska situasjon å bli ståande åleine i tilfelle ein militær konflikt.
Det skjer store endringar i forsvarspolitiken i fleire land. Mellom anna Tyskland. Det kan vere med på å gje NATO ei tydelegare europeisk forankring og gjere alliansen mindre avhengig av USA.
Putins Russland er blitt uføreseieleg og det skaper ein meit utrygg situasjon for Noreg
Mot:
Det aller viktigaste er det openbart store moralske problemet med at NATO er ein allianse med atomvåpen og ikkje har sagt frå seg retten til å bruke atomvåpen først. Frå ei beslutning blir tatt til millionar av menneske kan vere døde snakkar vi om under ein time. Kan vi verkeleg vere ein del av det?
NATO har vore og er ein reiskap for USA for å halde oppe eit militært hegemoni i verda. Som ein del av NATO er det norske forsvaret blitt meir som eit ekspedisjonsforsvar til bruk i andre delar av verda enn til forsvar av Noreg.
USA er i ein politisk situasjon der det kan bli store endringar. Vi kan fort sjå at Trump eller ein trumliknande figur kan vinne det neste presidentvalet i USA. Er det då fornuftig at vi er avhengig av USA?
Kva kan så vere løysninga for meg og for SV. Eg håper at SV vil ende på eit standpunkt om at vi framleis bør bygge ned avhengigheita av NATO og store militæralliansar, men at utmelding av NATO vil vere uaktuelt før vi har eit alternativ som kan sikre Noreg i ei omskifteleg verd. Det alternativet kan vere nordisk forsvarssamarbeid eller europeisk tryggingsgarantiar, men det vil etter alle solemerke ikkje vere noko som oppstår dei neste fem, 10 eller 20 åra. Vi må vere tydelege på at før det er på plass vil ikkje SV støtte utmelding av NATO.
Det er eit standpunkt som eg trur vil stå seg og som gjenspeglar både makttilhøva i verda og at Noreg treng ei alliansetilknytting som gjer at vi ikkje blir ståande åleine i ein eventuell krig. Eg meiner at dette og er i tråd med den politikken SV faktisk har praktisert dei siste 20 åra eller meir sjølv om det ikkje er dette som faktisk står i programmet.
Det godt å vere samla på torget i Tromsø i dag for å vise solidaritet med Ukraina og fordømme Putins angrep på eit suverent land. Her er apellen eg hadde i dag og nokre bilde frå arrangementet.
Gode venna
Vi er samla her i fordømmelse av Putins krig i Ukraina, vi står her i solidaritet med eit land og eit folk som opplever eit brutalt og ulovleg overfall. Og medan vi står her bryt Putins hær seg framover, på sin stadige framferd mot Kiev, og tar frå folk heiman deira, arbeidet deira og kvardagen deira. Mye er gått tapt og mange har mista de dei er glad i. Kanskje føler du som meg, avmakt. Vi skulle så gjerne stoppa invasjonen. Men vi må tru at mange menneske som går saman betyr noko. Samla må desse markeringane bety noko. Samla må vi kunne vi påverke det som skjer.
Når vi står her på denne fredelege markeringa, utan redsel for å bli arrestert, så gjev det det meg håp at det er markeringar mot krigen også i Russland. Markeringar frå einskildpersonar og frå grupper, frå folk som risikerer mykje for å vise sin krigsmotstand. La oss vere klår over at dette er Putin og regimet hans sin krig. Vanlege folk i Russland ønsker ikkje krig. Ingen ønsker å sende sonene sine i krigen for å drepe eller bli drept. Ingen sit med glede og ventar på å få ei kiste heim.
Det russiske regimet er eit kleptokrati. Ein elite på toppen har stålet til seg rikdommen og kontrollerer naturresursane for seg sjølv. Oligarkane og milliardærane er dei som tener på Putin sitt styre. Ja, mange hevdar at Putin sjølv er verdas rikaste mann. Eg veit ikkje om han er verdas rikaste, men eg er heilt sikker på at vi må ha sanksjonar som rammar pengane til oligarkane og til Putin.
Eg er glad for dei sanksjonane vi har, men det er viktig at vi tar alle verkemiddel i bruk. Eg skal innrømme at eg ikkje alltid forstår alt som har med internasjonale pengetransasjonar å gjere, men eg forstår verkeleg ikkje korfor Russland framleis får lov å vere med i systemet for internasjonale pengeoverføringar SWIFT. Ja, det vil ha kostnader for oss å kaste dei ut, men det vil sanneleg ha kostnader for oss om Putin får invadere sjølvstendige land ustraffa.
I Tromsø er vi folk frå mange land. Tromsø er en kommune som tar folk frå byer og bygder over heie verda og gjer dei til tromsøværingar. Det er tromsøværingar av både russisk og ukrainsk opphav. Det er ingen i Tromsø som har ansvar for denne krigen. Det er Putin som har ansvar for denne krigen. Ingen barn med russisk opphav skal trenge å bli møtt med at dei har ansvar for det som skjer.
Eg er kanskje ikkje aleine om å sitje klistra til skjermen og sjekke nyheitane, for å sjekke sosiale media, prøve å forstå det som skjer prøve å få med seg det som skjer.
Det er gamal og god kunnskap at det første offeret i ein kvar krig er sanninga. Aldri har det vore meir rett enn no. Feilinformasjon, propaganda og fake news florerer. Sjekk før du deler vidare, ver kritisk. Det er fort gjort å bli lurt.
Det vi kan vere sikre på er at det kjem til å bli mange som må flytte frå heima deira. For ein ting som er like sikkert som at sanninga forsvinn i ein krig er at krigar gjer mange til flyktningar. Vi i Noreg, vi i Tromsø må sjølvsagt opne opp å ta mot desse menneska som treng eit heim. Her i Tromsø meiner eg at vi må skaffe oss ein beredskap for å ta i mot mange fleire flyktningar og å ta vel og godt mot dei som kjem.
Og har du råd så gje pengar til ein av dei organisasjonane som jobbar i Ukraina og med folk på ukrainske flyktningar.
Når vi står her samla i fordømmelse av krigen og med ønske om fred så la oss og ære dei som kjempar for å forsvare landet sitt, dei som kjempar for å forsvare heimane sine, dei som kjempar for fridomen sin og sin rett til å avgjere framtida for sitt eiga land.
Akkurat no skin sola, men mykje tyder på at snøfresaren skal få køyrt seg grundig i dagane som kjem.
Heldigvis har ikkje straumprisen vore så høg her nord som det har vore sørafor. Så det er varme i huset når eg er ferdig med fresinga.
Eg har eit ganske stort, og ikkje så veldig godt isolert hus frå tidleg 70-tal. Og, sjølv om eg har vedomn og varmepumpe er straumrekninga høg nok som ho er. For eg er jo heilt avhengig av straumen for å varme opp huset.
Det hadde vore utfordrande for fleire enn meg om prisane i nord var like høge som i sør. For ein gongs skuld er eg lykkeleg over dårleg utbygd infrastruktur mellom nord og sør som har skjerma oss frå konsekvensane av straumkablane til kontinentet. Det er viktig at vi klarer å behalde kraftoverskotet, og eg er glad for Torgeir Knag fylkesnes initiativ i samband med det.
Ein ting er at kraftoverskotet i Nord-Noreg og Nord-Sverige har gjeve oss ganske greie straumprisar, noko anna er at kraftoverskotet gjer moglegheit for industribygging i nord. Eg er søkkimponert over det dei har fått til på Mo i Rana og det gleda meg at dei får til batterifabrikk der.
Men også her hos oss gjev dette moglegheiter. I Senja har dei store planar som er spennande å følgje med på.
Dersom vi kombinerer kraftoverskotet med at vi sannsynlegvis får ein ny fiberkabel frå Asia til troms i 2025/26 så er det ingen tvil om at det er store moglegheiter. Vi må berre unngå at det blir kryptovalutamaskinar som blir sett opp. Det gjev lite ringverknader.
I Tromsø er vi i SV positive til folk som vil etablere ny verksemd. Vi seier ja til det aller aller meste av søknader og forslag om regulering av næringsareal. Gjennom Tromsø hamn har kommunen lagt til rette store næringsareal. Eg håper vi kunne fått til at nye havvindmøller vart støypte i Tromsø. Kanskej kunne Tønsnesområdet eigna seg for slik verksemd. I Tromsø har vi og oppretta eit næringsselskap som skal arbeide for å tiltrekke seg ny verksemd.
Men næringsutvikling er ikkje berre å satse på det som er nytt og skinande. Det er og å ta vare på det vi har. I dag har eg vore med på eit møte med utviklingslaga på Vengsøy og Rebbenesøy.
Dei fortel om ein ganske fortvilande situasjon på desse øyene. Det er ikkje greitt å drive fiskebruk når ferga ikkje har kapasitet til meir enn ein trailer og har sjeldne avgangar. Å halde liv i ei bedrift som ikkje får frakta varene sine til marknaden er svært problematisk.
Og, dette er ikkje eit unikt tilfelle. Det er mange øysamfunn i Noreg som slit med dårleg kapasitet, få avgangar og kort opningstid på fergesambanda. Det er openbart vanskeleg for eit samfunn når dagens siste ferje går 1635.
Eg synst det er fantastisk at det skal bli gratis ferje på alle desse små fergesambanda. Men det er eit naturleg spørsmål om det er den satsinga desse øysamfunna først og fremst treng akkurat no. Kanskje burde det heller vore satsa pengar på større kapasitet og hyppigare avgangar. Ein treng vel heller ikkje vere rakettforskar for å sjå at bruken vil auke når fergene blir gratis. Det vil ikkje hjelpe i samband der det er store kapasitetsutfordringar.
Eg veit ikkje kor mange 100 millionar det vil koste med gratis ferger, men kanskje hadde pengane blitt brukt betre på andre ting?
Ta gjerne kontakt med innspel, idear eller spørsmål
Eg har i ein periode sagt at eg var ferdig med koronaen, men det viste seg at koronaen ikkje var ferdig med meg eller alle andre.
Eg må berre innrømme at det å innføre ei ny coronaforskrift er noko av det vanskelegaste eg har vore med i politikken i Tromsø. Det kjennest i alle fall sånn akkurat no.
Grunnen til at det er så vanskeleg er at det er så mykje vi ikkje veit – i alle fall vi ikkje veit heilt sikkert. Men nokre ting veit vi.
Vi veit at den kommunale helsetenesta har store utfordringar. Det er utfordringar som blir forsterka av at vi allereie manglar ein god del folk i helsetenesta. I ein «normalsituasjon» manglar vi rundt 150 sjukepleiarar og vernepleiarar i Tromsø. I ein situasjon der mange må vere heime på grunn av sjukdom, i ein situasjon der mange helsepersonell har jobba mykje over lang tid så er det svært vanskeleg å sikre at vi har nok folk på jobb til ei kvar tid.
Vi veit at UNN har kapasitetsproblem. Fleire innlagte med korona fortrenger andre pasientar. Mangel på folk og smitte i dei kommunale institusjonane gjer at fleire utskrivingsklare pasientar ligg og tar opp plass på UNN.
Vi veit at det er mest smitte blant barn og unge, men og at desse i liten grad blir sjuke. Det er smitte blant vaksne og eldre som er hovudproblemet, reint bortsett frå at også helsepersonell må vere heime med sjuke barn.
Samla sett betyr dette vi måtte innføre tiltak i Tromsø. Målet med tiltaka er å forhindre kontakt mellom grupper som ikkje møtest i det daglege for å forhindre smitte. Så er det vanskeleg å vite om vi treff heilt med tiltaka. Er dei strenge nok? Er dei for strenge? Treff vi på rett plass? Er det fair å stille krav til utelivet når det er barn som er mest smitta? Det er mange gode spørsmål. Eg har høyrt på argumenta, eg har prøvd å vege det eine mot det andre. Og, eg trur at der vi hamna med koronaforskrifta er omtrent rett ut frå den situasjonen vi er i i Tromsø. Men usikkerheita er der. Burde vi gjort meir mot skolane? Burde vi vore strengare, eller mindre strenge med reiselivet? Eg trur det beste er å følgje nøye med og tilpasse oss. Vi må i alle fall ikkje ha prestisje knytt til det vi har gjort. Er det for strengt må vi lempe, er det ikkje strengt nok må vi stramme til.
I det siste har det starta ein diskusjon om konronapass. Ryggmargrefleksen min er at koronapass er svært problematisk. Det er eit viktig prinsipp at vi sjølv avgjer kva helsehjelp vi vil ha. Det handlar om at vi som individ skal kunne ta sjølvstendige val og det handlar om kroppsleg integritet. Skal desse vala vere reelle så kan heller ikkje presset frå samfunnet vere for sterkt. Då forsvinn det frie valet.
På den andre sida så er det og urimeleg at samfunnet skal måtte stenge ned, at helsetenestene skal vere under stort press, at dei tilsette på sjukehus og kommunehelsetenesta skal få inndratt feriar og jobbe overtid på grunn av at folk vel å ikkje ta ein vaksine som vel no er blitt ein av dei mest testa vaksinene gjennom tidene.
Så på balansen har eg konkludert med at koronapass kan vere eit godt verkty for å avgrense smitten i samfunnet. Men det er ei viktig føresetnad for dette, det må vere sjølvsagt at du kan teste deg til koronapass. Altså at er du smittefri så får du grønt pass også om du ikkje har tatt vaksinen.
I dag opna regjeringa for at kommunar kan ta i bruk ordninga med koronasertifikat. Eg trur vi skal prøve det ut i Tromsø. Så har eg enno ikkje sett den endelege forskrifta frå regjeringa. Den vil nok tydelegare vise under kva føresetnader vi kan bruke koronasertifikat. Det må vi nesten komme tilbake til.
Pengar
Statsbudsjettet til den nye regjeringa var ein aldri så liten nedtur. Eg er jo ein grunnleggande optimist, så eg hadde jo trudd at regjeringa verkeleg skulle komme med eit løft for kommuneøkonomien. Slik vart det ikkje. I følgje det nye statsbudsjettet får Tromsø kommune 24,6 millionar ekstra. I tillegg det nokre millionar gjennom andre ordningar, så kanskje blir det 30 millionar ekstra til Tromsø kommune. Det er dessverre ikkje nok. Det skaper ikkje rom til eit løft for helsetenstene som vi burde fått til. Det skaper lite rom for å utvikle Tromsø kommune.
Så vi får håpe at SV klarer å forhandle meir til kommunane. Men det som gjer meg litt fortvilt og forbanna er alle som no meiner at SV skal sørge for å oppfylle Ap og Sp sine valløfter. Til og med Ap og Sp folk set no si lit til at SV skal gjere regjeringa betre. Vi skal sjølvsagt gjere budsjettet betre, men
Det er ikkje SVs jobb å sørge for at regjeringa oppfyller løftene sine. Det er SVs jobb å få gjennomført SVs politikk.
Det kan sjå ut som dette budsjetter er eit ganske kynisk spel frå regjeringa. Når regjeringa vel å ikkje gje feriepengar til dei som har fått arbeidsløysetrygd i 2022 så er det eit brot på eit v dei viktigaste valløfta dei gav. Reknar dei med at SV skal rake ut glørne for dei? Ja, SV vil som LO at dei arbeidslause skal få feriepengar, men det er ikkje vår jobb å berge regjeringa sine løfter.
Dette er sjølvsagt ei utfordring for SV i forhandlingane. Skal vi berge regjeringa på viktige områder? Eller skal vi kjempe for dei sakene SV står aleine om? Dette er ikkje eit lett val spør du meg, men eg er heilt sikker på at dei som skal forhandle for SV har ein god strategi på dette.
Eg ser fram til å sjå SV sitt alternative budsjett på måndag og resultatet av forhandlingane.
Kvar skal kommunen lage mat? På Mortensnes eller skal vi leige det kjøkkenet ISS har brukt i Nova-bygget i Tromsdalen? Det blir nok det største spørsmålet i dette kommunestyret.
For meg er det i alle fall to omsyn som vi må tenkje på. Det eine er at vi må sikre at vi driv effektivt og med så låge kostnader som mogleg samstundes som kvaliteten skal vere god. Det andre omsynet vi må ta er at vi over tid ønsker at meir av matproduksjonen skal foregå på sjukeheimane, nærmare dei som skal spise maten. For det er ingen tvil om at ernærings er ein kjempeviktig del av helsa.
Så er det viktig å seie at saksførebuinga i denne saka ikkje har vore god. Vi har fått sakspapir som ikkje har vore godt nok gjennomarbeidd. Det tydelegaste dømet på dette er at i mai så meinte administrasjonen at det vil koste 2,7 millionar å ta i bruk kjøkkenet på Mortensnes. Så gjekk prisen opp til 27 millionar, og no har vi fått enno fleire alternativ på bordet. Vi får gå ut i frå at saka no er så grundig opplyst som det er mogleg å få til.
Det er no slik eg ser det tre alternativ i saka. Alle alternativa vil i følgje administrasjonen samla sett ha omtrent same kostnad.
Bygge om og ta i bruk kjøkkenet på Mortensnes
Ei mindre oppussing og ombygging på Mortensnes, men der vi og tar i bruk kjøkkena på Heracleum og Sydspissen
Ta over leigekontrakten på Nova-bygget og halde fram med å produsere i det kjøkkenet ISS bruker no.
Eg trur valet står mellom alternativ to eller tre. Fordelen med å bruke fleire kjøkken er at vi kjem nærmare målet om å produsere maten på institusjonane. Det vil lukte mat fleire plassar og produksjonen vil vere nærmare brukarane. Fordelen med alternativ tre er at vi er heilt sikre på at det ikkje blir noko problem i overgangen mellom produksjonen til ISS og den kommunale overtakinga. Det er og heilt tvillaust at det då er snakk om verksemdovertakelse slik at dei tilsette er sikra jobb og dei rettane dei har til pensjon og liknande.
Min foreløpige konklusjon er at vi bør velje alternativ tre. Det handlar både om å sikre produksjonen og at vi då kan sjå matproduksjonen i samanheng med bygginga av Kvaløysletta Bo- og velferdssenter. Då kan vi der ta den store diskusjonen om vi skal bygge eit nytt sentralkjøkken eller om vi skal få meir av matproduksjonen ut til dei ulike institusjonane våre.
Skolestruktur
Kva prinsipp skal ligge til grunn for skolestrukturen i Tromsø? I denne saka vil vi ta val både om kor store skolar vi skal ha i framtida, men og kor små skolar vi skal tillate oss å ha. Dette er vanskelege val i spennet mellom effektivitet, læringsutbytte, sosiale nettverk og reisetid. Det er og ei sak der det ikkje finst veldig sikre svar. Vi kan spå om folketalsutviklinga framover. Men vi veit jo ikkje.
Eg er opptatt at vi skal ta vare på dei små distriktsskolane. Samstundes meiner eg det er ei grense for kor små skolane kan bli med tanke på vennskap og sosiale nettverk. Men her er det ingen absoluttar. Skolane er viktige for bygdene og det er og avgjerande kor lang reisetid det blir for ungane. Eg trur og det er viktig at foreldra og ungane får ei enno viktigare stemme inn i desse vanskelege diskusjonane.
Oppsummert kjem vi nok til å strekke oss langt for å behalde distriktsskolane, men samstundes må nok dei som bur i byen bu seg på at skolekretsgrensane kan bli endra for å sikre at vi ikkje har skolar med alt for mange elevar samstundes vi har byskolar med svært mykje ledig kapasitet.
Nordlyskvartalet
Eigarane av Nordlyskvartalet, altså det bygget som ligg nord for Rådhuset, har levert ein reguleringsplan som vi skal behandle i dette kommunestyremøtet. Det er mykje fint å seie om denne planen. Løysningane mot Rådhusparken og mot Vestregata synst eg er blitt fint. Men, og det er jo alltid ei men i desse sakene. Eg synst ikkje løysninga mot Grønnegata er akseptabel. Der vil dei ha 10 etasjar. Det blir høgare enn Rådhuset og det blir ein massiv vegg inn mot den viktigaste innfartsåra til byen.
Eg skjønner at utbyggarane vil utnytte tomta si i størst mogleg grad, men dette blir ikkje bra. Det blir skuggelegging av delar av nordbyen. I byutviklingsutvalet stemte SV for innstillinga frå administrasjonen om å seie nei til denne planen. Fleirtalet gjekk for å tillate å bygge åtte etasjar. Eg tenkjer det er rett å seie nei til denne planen