Eg trur det er andre måtar å berge klimaet på enn pelsdyrhald. Foto: faksimile frå "The Parliament" issue 318
Overskrifta i annonsen som går over to sider er, «Tackling Climate Change with EU fur farming? Yes we will!». Eg aksepterer at det kan vere ulike meiningar om pelsdyrhald. Sjølv meiner eg at vi ikkje burde halde på med slikt, men eg har aldri høyrt at nokon har meint at det var eit viktig bidrag i klimakampen.
Så kva er då argumentet for at pelsdyrnæringa er med på å bergar klimaet? Jau, det er at du kan lage biodisel av skrottane som er igjen når pelsen er tatt av. «Fur animal carcasses are used in the biodiesel production». Eg skulle gjerne sett CO2 rekneskapen for den dieselen.
Eg kan ikkje anna enn å konkludere med at det er i ferd med å bli langt mellom dei verkeleg gode argumenta for pelsdyrnæringa
Erna Solberg sitt parti fjernar støtte til næringslivet i nord og gjer Noreg meir avhengige av oljen. Foto: Høgre/CF Wesenberg / kolonihavnen.no(dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)
Eg er kanskje naiv, men eg hadde faktisk trudd at Høgre var opptatt av næringslivet i heile landet, og at dei var opptatt å skape det nye næringslivet som vi skal leve av og med i framtida. Eg tok feil. Høgre er i beste fall opptatt av næringslivet i Oslo og Akershus.
Eg vart kvitt naiviteten min då eg las gjennom Høgre sitt alternative statsbudsjett for 2011. Det trur eg det er fornuftig at alle som er opptatt av næringsutvikling brukar tid på å lese. Då blir du kvitt all di naive tru på at Høgre er næringslivet sitt parti.
Ein av dei viktigaste aktørane i næringsutviklinga i Noreg er fylkeskommunane. Fylka har pengar som gå direkte i støtte til nye og gamle bedrifter og som blir brukt til å legge til rette for næringsutvikling. Høgre foreslår å fjerne heile denne posten på 1,5 milliardar. Det betyr at Nordland mistar 261,5 mill, Troms 178 mill, og Finnmark 134 millionar. Det vil næringslivet i nord, og særleg nye bedrifter merke.
Du trur kanskje at det var alt, men nei. Det er meir.
Høgre kuttar og ein halv milliard i rammetilskottet til fylka. Det vil gå ut over vegbygginga og den vidaregåande skolen. Det er ikkje eit gode for næringslivet.
Men, det er enno meir!
Høgre foreslår å kutte 220 millionar til utviklingsfond. Dette er sentrale middel til bygdeutvikling i Noreg og kutt vil skape problem for næringslivet i dei minste bygdene våre.
Puh, var det alt, spør du? Neida, det er enno meir!
Høgre flyttar 200 millionar frå allsidig næringsutvikling gjennom SIVA, næringshagar og kompetanseutvikling til petroleumssatsing. Høgre vil altså gjere landet vårt enno meir avhengige av oljen. Det er å gå med ryggen inn i framtida.
Har du falt av stolen no? Viss ikkje, hald deg fast, for det kjem meir.
Høgre vil kutte 200 millionar i kjøp av ulønsame posttenester. Dette er dei tenestene som gjer at folk og bedrifter i distrikta kan få og kan sende post kvar dag. Det som gjer at distrikta har tilgang til omtrent same infrastruktur og kommunikasjon som sentrale strok.
Høgre sin politikk er ein politikk for eit meir oljeavhengig land med større skilnader mellom folk og landsdelar.
Så, eg har lagt vekk mi naive tru på at Høgre er næringsvenleg, det bør du og gjere. SV og den raud-grønne regjeringa er mykje betre for næringslivet enn Høgre.
Høgre sitt alternative statsbudsjett finn du her, kutta er frå side 69 og utover.
Pengane er ikkje jamnt fordelt, verken i verda, i Noreg eller i Tromsø. Foto: Wikipedia/Brukar Although
Det er godt kjent at at Oslo har ein tydeleg austkant og ein tydeleg vestkant. Men korleis er stoda i Tromsø. Finst det ein austkant og ein vestkant? Svaret er både ja og nei. Det finst ein vestkant, og vestkanten i Tromsø heiter Sorgenfri. Innbyggarane i postnummerområde 9013 har ei skattbar inntekt i snitt på 304 108 kroner og ein formue på 404 797 kroner. Det er ei inntekt som ligg 75 000 over snittet for kommunen. Austkanten i byen heiter så mykje som Tromsø sentrum. Der er snittinntekta på 214 408 og formuen er på 285 166 kroner.
Men, det som verkeleg er slåande er inntektsskilnadene mellom by og land i kommunen. Det postnummerområdet i distrikta i Tromsø med høgast inntekt er 9110 Sommarøy. I dette området er inntekta 216 923 kroner. Det er berre eit byområde som ligg under dette. Til gjengjeld er formuane på Sommarøy og i ein del andre distriktsområde høge. På Sommarøy er snittformuen på 455 129 kroner. Vengsøyværingane har den høgaste formuen, og fire distrikt kjem før Sorgenfri på lista over storleiken på formuen. I fire område, Sjursnes, Tromvik, Mjølvik og på Tussøy er inntekta under halvparten av det vi finn på Sorgenfri. Men, no skal det leggast til at i ein del av desse områda er det så lite folk at statistikken blir litt meiningslaus. Det er i alle fall ingen tvil om at det verkeleget skillet går mellom by og land. Byen er vestkanten og distrikta er austkanten.
Vi skal og ta eit atterhald når vi ser på formuestala. I byen ligg det mykje skjult formue i hus som er belånt med meir enn likningsverdi, det er det nok litt mindre av i distrikta.
Under her ser du først ein tabell over inntekt, skatt og formue i dei ulike postnummerdistrikta i Tromsø. (Ja, eg veit at Laksvatn er i Balsfjord, men postnummeret dekker deler av Tromsø kommune og) Under der finn du postnummerdistrikta markert på eit kart for at det skal vere enklare å sjå samanhengane. Kartet kan zoomast. Takk til Erik Bolstad for koordinatane til postnummera.
Eg skal ikkje påstå at opne skattelister er ei føresetning for å kunne gjere den typen samanlikningar eg har gjort her, men eg trur det ville ha vore vanskelegare å få tak i denne typen tal utan opne skattelister. La np det vere eit ekstra argument for at vi framleis skal ha opne skattelister i dette landet.
Seinare skal eg sjå om det er noko samanheng mellom inntekt og korleis folk røyster i Tromsø. Eg har ei kjensle av at samanhengen ikkje er veldig klår. Det får vi finne ut av.
Kom gjerne med ein kommentar til tala, og dine idear om kva skattelistene kan brukast til for å forstå samfunnet. I fjor skreiv eg litt om likeløn.
NOAA peiker på at vi ser store endringar i klimaet i Arktis og at desse vil få verknader langt utanfor arktiske område. Kanskje var det byrjinga på dette vi såg i fjor då det regna i januar på Svalbard medan det var svinkaldt på fastlandet? NOAA følgjer klimaet i nordområda nøye, og publiserer jamnleg ismålingar.
Kva meiner du vi må gjere for å få bukt med klimaendringane?
Moskear kan vere vakre bygg, men dei er og sentralar for misjon og tru. Skal vi ha ein ny stor moske i Tromsø må storleiken tilpassast bybiletet ellers. Denne moskeen er frå Jeddah i Saudi-Arabia. Foto: Wikipedia Commons/User:Laitche
Eg er ateist. Eg har lite bruk for gudshus, anten det er kyrkjer, moskear, tempel eller synagogar. Derimot har eg bruk for ytringsfridom og trusfridom. Eg meiner folk har rett til å organisere seg for å uttrykke trua si i fellesskap.
Dei siste dagane har Nordlys avslørt at saudiarabiske interesser skal vere med å finansiere ein ny moske i Tromsø. Dette er eit godt arbeid frå Nordlys si side og har gjeve viktig og vektig informasjon og argumentar inn i den offentlege debatten. Desse interessene som hostar opp pengane for ein moske i Tromsø skal vere nært knytt til wahabismen i følgje Nordlys.
… ei svært streng fundamentalistisk retning innan sunniislam, grunnlagd av Muhammad ibn Abd al Wahhab på Den arabiske halvøya på 1700-talet. Tilhengarane strevar etter å følgje Koranen og sunna slik profeten Muhammed og dei første generasjonane av muslimar etter han gjorde. Dei brukar for å oppnå dette dei forklaringane som al Wahhab skreiv om Koranen i boka Kitab al-Tawhid («Boka om monoteismen»), som inneheld ei svært detaljert tolking av koss religionen skal praktiserast. Boka fordømmer blant anna musikk, spel og annan moro, og kjem med reglar for klede og åtferd. Læra er sterkt kritisk til alle andre retningar og tolkingar, særleg sjiaislam, som blir sedd som ei kjettersk sekt. Wahhab gjekk i allianse med Muhammed ibn Saud, forfar til dagens herskarar i Saudi-Arabia, og læra hans vart innførd i dei områda ibn Saud erobra. Da huset Saud tok makta på mest heile halvøya, vart retninga med det statsreligion i Saudi-Arabia. I dag blir wahhabismen støtta av statane Saudi-Arabia og Qatar, men wahhabistisk misjon har spreidd læra langt utom grensene for desse landa.
Eg ønskjer meg ikkje wahhabisme til Tromsø. Eg meiner ei tru basert på denne ideologien undergrev det som gjer livet godt. Eg ønskjer meg ikkje religiøse hus finansiert frå utlandet i Tromsø. På same viset liker eg ikkje at norsk misjon bygger kyrkjer i u-land, eller at amerikanske konservative kristne rørsler spreier seg utover verda. Men enno mindre ønskjer eg å bu i eit land som forbyr folk å praktisere trua si, som prøver å nekte folk å misjonere for trua si, som nektar eit trusfellesskap å motta støtte frå trusfellar i andre land.
Det vi treng i Noreg og i Tromsø er ein skarpare religionskritikk, og meir offentleg debatt om tru og religion. Både kristen tru og muslimsk tru. Berre dersom desse debattane kan bli tatt i opent lende kan vi som ikkje trur og dei som trur bryne seg mot kvarandre og skape ei forståing av korleis det religiøse og det sekulære kan sameksistere.
Og, eg trur at dette vil føre til at tru som tar gleda frå folk vil forsvinne.
Og så, så må sjølvsagt sjølve byggeprosjektet for ein ny moske i Tromsø vurderast etter plan- og bygningsloven på same måte som eit kvart nybygg i Tromsø.