Grågud og kvitekrist – kapittel 10

Det roa seg ned på Borg. Berre vakthaldet var enno meir skjerpa enn det hadde vore. Dagane gjekk med det vanlege arbeidet og dei vanlege våpenøvingane. Tore og Bjørnulv vart einige om at det ville vere uklokt av Bjørnulv å ta tilbake jorda dette året. Men Bjørnulv skulle ikkje vere nokon vanleg huskar lenger, men gå rundt på Borg saman med Tore og lære seg gardsdrift, slik at han neste vår kunne skaffe seg eigne dyr og ta opp igjen gardsdrifta på Fånevolden. Steinbjørn hadde også, før han reiste heim igjen til Kjos, ymta noko om at han meinte det ville vere beste måten å gjere det på.
For Bjørnulv vart dagane lange. Tore var frå tidleg morgon til sein kveld ikring på garden og hadde eit auge på og eit ord til alt som skjedde. Bjørnulv trakka trufast i hælane på han og lærte kvar dag meir om å styre folk, meir med ord enn med harde åtgjerder. Eit rosande ord frå Tore fekk folk til å gjere meir enn slag frå mang ein annan. Men Tore veik heller ikkje tilbake for å ta til pisken eller tampen om han fann at det var grunn for det.
Når kvelden kom og gardskarane og trælane gjekk til kvile, sat Koll og Bjørnulv saman. Kvar kveld var det ei ny rune eller ein ny stav som skulle lærast. Etter kvart tok han også til å stave seg fram i boka til Koll, på det framande språket som Koll kalla latin. Etter ei tid hadde Bjørnulv lært seg dei viktigaste bønene, og kunne krote dei ned på trefjølene som Koll hadde liggande klar når kveldseta tok til.
Ein kveld dei sat over boka og fjølene vart Koll fjern i blikket og svara ikkje når Bjørnulv spurte han. Til slutt måtte Bjørnulv ruske i han for å få kontakt.
– Koll, kva er det? Er det noko galt med deg?
Koll berre rista på hovudet og såg undrande på Bjørnulv.
– Nei, det var berre noko som kom for meg. Eg såg deg på ei grøn eng, heime i mitt eige land, i Irelandet. Hugsar du kva du sa før hauglegginga til Fåne? Det om at du meinte eg skulle kvile i Irelandets jord? Det er utruleg, men kan hende hadde du rett. Kanhende kjem vi begge til å fare til Irelandet ein gong. Då vore det godt for deg om du kunne tale irane sitt mål. Enno har eg vel ikkje glømt mi eiga tunge. Kanhende skulle eg lære deg det.
Ranveig, som alltid sat saman med dei om kveldane, bles.
– Kor mykje trur du det er mogleg å stappe inn i det stakkars hovudet til guten. Ein og annan gongen må han vel sove, han også.
Koll såg mildt og ertande på ho.
– Eg kan ikkje stappe inn i hovudet hans noko som ikkje alt er i mitt. Trur du at hans hovud er så mykje kleinare enn mitt? Dessutan, Ranveig, har eg den trua at det er ganske mykje i ditt hovud også. Noko av det er godt, men eg trur at Krist vil meine at det meste er galt. Men korsom er, det er plass for mykje i eit menneskehovud, både av godt og galt, om ein sjøl vil.
– Dette Kristpreiket ditt, fnyste Ranveig, – det øydelegg guten. Han er gammal nok til å få seg ei kvinne til å dele koven med, så han fekk anna å tenke på enn preiket ditt.
– Kanhende har vi kvar sine oppgåver, Ranveig, lo Koll. Skaff du han ei kvinne, så skal eg gje han kunnskap. Elles kan eg godt lære deg og iremålet, om du ikkje er for gammal og støl i hovudet til det.
Ranveig vrengde auga og himla mot Bjørnulv.
– Du skulle ha lagt han i haugen til Fåne, Bjørnulv. Han tar til å bli gammal og tosket, denne trælen din. Ikkje eingong Skafte på Li snakkar iremål, endå så drukken han jamt er. Ikkje det at eg har så mange ord ubytta med han, føydde ho til.
– Kanhende kjem du til å reise til Irelandet, du også, Ranveig, smilte Bjørnulv. – Sit saman med oss. Kanhende dryp det inn eit og anna ordet i den gamle hjernekista di og.
Ranveig snøste igjen. Det glimta ertande i auga hennar og så rann det ut av ho:
– Júdica me, Deus, et discérne causam meam de gente non sancta: ab hómine iniquo, et dolóso érue me. Det er utlagt: Å Gud, stø saka mi. Gje meg støtte mot ein rase som ikkje kjenner nåde, frels meg frå ein svikefull og grusam fiende.
Det var ei av dei latinske bønene Bjørnulv hadde streva med dei siste kveldane.
Både Koll og Bjørnulv såg storøygde på ho.
Ranveig snudde seg mot åren og grov i glørne.
– Jaja. Det dryp no inn eit og anna i ei gammal hjernekiste og. Men når det gjeld kvinne til koven, Bjørnulv, så skal du tenke på om det er frille eller frue du vil ha. Det kan vel hende at gamle Ranveig kan hjelpe deg med begge delar, alt etter kva du ønsker.
Han fekk av og til ein skimt av Gyda når han gjekk omkring saman med Tore oppe på Borg. Det hendte ho hasta ein smil til han. Då heldt hjartet hans på å sprenge seg ut av kofta. Men det var ikkje så ofte det hendte, for oftast var ho
på Hol hos Helga som gjekk barndiger.
Ein kveld var Bjørnulv særs uansen over stavane. Det enda med at Koll sukka og la bort fjølene.
– Hugen din er ikkje her i kveld, Bjørnulv. Det gagnar lite å halde fram. Eg undrar på om det er kvinnesorger som rir deg. Kanhende du skulle ta ein prat med karen, Ranveig.
Ranveig snøste som ho pla.
– Eg er no her støtt. Vil gutkvelpen prate med meg, så veit han kor han finn meg. Men vil han ruge over kvinnesorgene uhjelpt, så blir det hans sak. Åsa frå Ullstad går der oppe på Borg, kåt som ei kjette, og brenn i blikket berre ho ser kofteryggen hans. Ho flytta gjerne til Fånevolden som frille, om så i denne kveld, dersom han ga ho eit vink. Ho kunne du kanskje lære iremålet, Koll. Dei seier ho har både den fagre barmen og det raude håret etter ei formor borte frå Irelandet. Det var visstnok ein av langferdene til Hagbard som hadde rappa med seg ei irekvinne som såg slik ut. Jaja, vil ikkje gutkvelpen ha den faste stjerten hennar under hendene sin, så får det no bli hans sak. Ho går no der og fuktar skrittet sitt i lengt etter han.
Koll løfta på ølkanna og rista på ho. Han la kanna opp mot øyra og rista ho ein gong til.
– Det skvalpar ikkje i ølkanna. Eg trur ho må vere tom. Har nokon imot at eg hentar ei kanne til?
Koll drog på akslene då ingen svara, greip kanna og rusla mot døra.
Ikkje før var Koll ute av døra før Bjørnulv kasta seg på kne framfor Ranveig og la hovudet i fanget hennar.
– Ranveig… Gyda… Trur du at eg kunne..? Trur du at ho ville..? Dersom eg ba ho…
Ranveig strauk han vart over håret.
– Bjørnulv, Bjørnulv, det er ikkje lenger noko stor ære å vere dotter til Skafte på Li. Og du er ikkje nokon småmann no for tida. Far din sit med hovdingemakt inni Øgsfjorden igjen. Du er åremannen hans på Fånevolden. Du kan be om nesten kven du vil, og få ho. Gyda har villa hatt deg sidan første gong ho såg deg. Ho kjem gjerne til Fånevolden som husfrue den dagen ho har gjort skyldnaden sin mot Helga. Men den skyldnaden må ho gjere. Først skal det fødast og nærast ein unge der nede på Hol. Derfor trur eg knappast det kan drikkast bryllaup på Fånevolden før neste haust. I mellomtida treng du Åsa. Skal eg hente ho i morgon?
– Jamen, Gyda, kva vil ho tenke..?
– Gyda veit, som alle kvinner til alle tider, at mannfolka treng nokon å leike seg med mens dei ventar. Og kanskje kan du lære noko hos Åsa som kjem Gyda til bate når hennar tid kjem. Du vart ikkje fullært etter eit par netter med Ullfrid i jula
Kroppen til Bjørnulv stramma seg til med det same ho nemnte Ullfrid.
– Jaja, så snakkar vi ikkje meir om det. Eg hentar Åsa i morgon. Eg trur nok Tore går med på det. Han er ein klok mann. Han har nok merka korleis kroppen din brenn.
Ranveig og Åsa sat ved åren då Bjørnulv kom heim kvelden etter. Bjørnulv såg seg spørrande kring i romet.
– Kor er Koll?
– Ranveig skratta.
– Eg trur han tenkte at hugen din ikkje sto til stavar i kveld, i alle fall ikkje bok-stavar. Han nyttar nok høvet til å freiste frelse ein trælestakkar. Han har forsømt seg skammeleg på det området ei tid no, veit du. Men hels no vakkert på Åsa. Ho skal bu her ei tid framover. Du blir nok kjent med ho etter kvart.
Bjørnulv bøygde seg keiveleg og stotra:
– Velkomen til Fånevolden, Åsa.
– Jaja, Bjørnulv, snøste Ranveig, – du treng no ikkje bøye deg så djupt for eit tyende. Set no fram mat og drikke til husbonden din, Åsa. Han treng noko å styrke seg på – først.
Med nedslått blikk reise Åsa seg og sete fram kveldsverden. Bjørnulv såg at Ranveig ikkje hadde overdrive. Barmen var full og fager og enden stramma seg vakkert under skjørtet mens ho pusla med maten. Det raude håret låg som eld og gneistar kring hovudet hennar. Han hadde eit vagt minne om at han hadde sett ho i eldhuset på Borg ein dag, men forsto ikkje at han ikkje hadde lagt betre merke til ho. For ho var verd å legge merke til, tøtta frå Ullstad.
Bjørnulv åt lenge før han sansa seg. Han såg på dei to kvinnene.
– Enn de, då? Har de ete? Skal ikkje de ha noko?
Ranveig geispa stort.
– Aaaaah! Det er seint for ei gammalt kjerringskinn. Nei, eg har ete det eg skal i dag. Eg har noko eg må sjå etter i eldhuset før eg legg meg. Du får by Åsa ein matbit, om ho vil ha.
Dei såg litt sky på kvarandre etter at Ranveig var gått. Bjørnulv skuva fata med brød og kjøtt bort til ho. Ho braut seg ein brødbit og plukka seg ein kjøtmole.
– Du skal bu her på Fånevolden no framover?
– Ranveig sa det. Om du ikkje har noko imot det?
– Dei sa ikkje noko oppe på Borg, om at…om at du ikkje fekk flytte?
Ho rista på hovudet.
– Dei sa at det ville bli godt for deg om eg kom hit. Vil det bli godt for deg?
Bjørnulv smilte prøvande.
– Eg trur det.
Ho la handa si mjukt over kjaken hans og klødde han vart bakom det høgre øyra, som var han ein katt. Han tok handa hennar og kyste ho inne i handloven.
– Eg trur det. Du får vise meg at eg ikkje tar feil.
Kleda glei av ho, lett som om kroppen hennar var smurt med olje. Barmen duva som i ein bris. Ho var mjuk. Ho var varm. Og enden var spenstig under hendene hans. Kleda hans fall som haustlauv under hendene hennar. Han visste ikkje om det var han som førte ho eller ho som førte han til koven. Han sokk djupt inni ho og visste at det var ikkje bok-stavar denne kvelden var vigd til.
– Men eg må ikkje glømme at Koll har meir visdom og lærdom eg skal eigne til meg, mumla han til seg sjøl før han fall inn i søvnen.

Neste kapittel