Koll var litt overgjeven over Bjørnulv i tida som følgde. Det leid sjeldan langt på kvelden før Bjørnulv tok til å geispe og leite seg veg til koven. Det gjekk trått for Bjørnulv å lære seg dei tungebrekkande orda i iremålet, og Koll mumla noko om at det var godt og vist at Krist hadde sett forbod mot at lærde klostermenn skulle ha noko med kvinner å gjere. Det var tider då han meinte at kvinner var dei som mest motarbeidde Kristi verk på jorda.
Men så kom det dagar då Åsa mest ikkje var til å vere i hus med. Ho fræste berre Bjørnulv kom nær ho, og hadde stadige turar til eldhuset. Om natta hadde ho serk på seg og snudde ryggen avvisande til Bjørnulv.
Desse dagane smilte Koll, og kravde underverk av Bjørnulv. Bjørnulv vart heilt tida sliten mellom ulike kjensler. Han ville lære, men han visste heile tida at auga hans hang ved Åsa der ho svinsa kring i huset. Lengten etter dei gode dagane og nettene var ein stadig verk i hugen hans, og når dei dagane kom, glømte han lengten etter ny lærdom. Eller… Nei. Det var ikkje sant. Lengten eter lærdom var sterk, men lengten etter Åsa var sterkare. Og så var det slik at der låg ein annan og enno sterkare lengt under hugen etter Åsa. Til og med når han nådde høgdene i koven med Åsa låg der ein ufullendt lengt i hugen hans. Der song eit dvergmål langt inni han. Gyda, Gyda, Gyda, song det. Men Gyda var ikkje der. Gyda var ikkje på Borg. Gyda var på Hol. Kva ærend skulle han kunne gjere seg til Hol for å komme ho nær?
Gjennom lengten forsto han ho. Ho hadde tatt på seg ein lovnad overfor Helga. Og dei lovnadene ein har tatt på seg, dei skal ein halde. Men av og til kulsa det gjennom han. Enn om ho hadde funne ein annan kar, ein som storma seg inn på ho der nede på Hol? Enn om der var ein som knytte hugen hennar til seg medan han gjekk her oppe på Borg og hadde det annsamt med Åsa sine kunstar i koven og Koll sine kunnskapar om runer og stavar og framande tungemål?
Dei dagane Åsa var som vrangast hadde han hug til å gå utom nova og skjære seg eit bjørkeris og tukte ho, men Ranveig hadde sagt at det lite ville nytte.
– Nokre kvinner har det slik, hadde Ranveig sagt, – at når dei har dagane sine, då er dei ikkje åtleggande. Det er greitt å sjå at Åsa er slik, og om du tuktar ho med bjørkeris, då oppnår du berre å skaffe deg ein fiende som du ikkje treng. Eg trur du har, og kjem til å få fiendar nok, om du ikkje skal gjere Åsa og til fienden din.
Heile tida såg Ranveig beint inn i hugen hans, og prøvde å trøyste han.
– Eg veit, sa ho, når han sat og sturte, – kva som vantar deg. Men du skal vite at eg kjenner meg viss på at ho saknar deg like mykje som du saknar ho. Kanskje leikar hugen hennar tidvis med menn som er fagrare enn deg – for dei finst – om dei ikkje er mange, og om det finst nokre slike på Hol, veit eg ikkje. Men det skal du vite at i bærmarka kring Borg – for ikkje å snakke om kring ein åreeld i Limarka – vart det eingong knytt eit band som det skal mykje til for å løyse. Og når ho har gjort sin plikt mot Helga, og kjem attende til Borg, då sit ho gamle Ranveig her og kan drage i nokre lagnadstråder som eg trur disene vil smile og nikke til.
Endå om hugen til Bjørnulv svei og brann, delvis etter korleis hugen til Åsa var, delvis etter korleis lengten etter Gyda var, så var det mange gode kveldar på det som Bjørnulv alltid kom til å tenke på som Fånegarden. Ein kveld dei sat over drikkehorna, etter at stavane og runene og iremålet og latinen og kristlæra var lagte til side, tok Koll ordet.
Det var ein kveld då Åsa var i sitt medgjerlege lune. Likevel hasta ikkje Bjørnulv med å kome til koven. Tilliks var det ein av dei få kveldane då han løfta drikkehornet til munnen tittare enn han pla gjere. Åsa var inne i ei tid då ho tvinna seg kring Bjørnulv. Men av ein eller annan grunn let han seg ikkje rive med til koven. Han sat der og løfta hornet og høyrde på togna kring seg.
Han såg at Koll også løfta hornet oftare enn han pla, og vart ikkje ovundra då Koll tok orde – etter å ha tørka noko vått bort frå augekriken:
– Eg hadde aldri trudd at eg skulle treffe så mange gode menneske i dette kalde heidninglandet. Eg tenker først og fremst på deg, Bjørnulv, og Fåne og Ranveig og Ullfrid – ja, for ho er jo eit menneske i eigen rett, ho og. Elles trur eg at verken hovdingen eller mange av høvedsmennene hans er illmenn.
– Er dei då så mykje
betre, folka borti Irelandet?
Bjørnulv såg spørrande på Koll.
Kol vart sittande tenksam ei tid, mens han såg nedi bordplata. Så løfta han blikket og møtte auga til Bjørnulv.
– Når sant skal seiast, så er vel ikkje folka utanom klostra så mykje betre i Irelandet enn det er her.
– Og inni klostra, er det berre godmenne der?
Igjen såg Koll ned. Lenge denne gongen. Då han løfta blikket igjen var det ein sår drag i det.
– Du spør, du Bjørnulv, utan baktanke, trur eg – og tvingar meg til å vere ærleg. Det er ikkje berre godmenne i klostra heller, må eg vedgå. Det er mange fleire enn utafor, det trur eg for visst. Men mange kjem dit fordi dei veit at det finst mykje makt i klostra. Den makta vil dei vere med å dele og mange vil kaste seg opp til å vere mellom dei som ikjøtar denne makta. Kyrkja sine folk skal vere audmjuke. For mange er dette den vanskelegaste dygda.
– Og du sjøl. Koll?
– Bjørnulv, Bjørnulv, du har to i deg til å bli ein farleg sjelehyrde for dei som vil løyne seg bak fine ord. Men det trur eg at eg tør å seie at eg her i Borgfjæra har lært meg å vere audmjuk. Men kanskje har eg og lært meg å vere falskare enn eg var før. Eg har sett mykje falskheit innafor kyrkja mellom dei som kallar seg for Krist sine tenarar, mykje smiger og mange krokvegar for å kare til seg makt. Men det kan eg seie med handa på hjartet at i klosteret hadde eg aldri trong til å ta del i dette spelet. Eg tørsta ikkje etter makt, men etter lærdom. Og for å skaffe seg lærdom, må ein vere sann og ikkje falsk. Som træl må ein lære seg å vere falsk, endå om ein er så heldig å ha ein god herre som Fåne. Men dette veit vel du like godt som eg, Bjørnulv.
Bjørnulv berre nikka og såg ned i drikkehornet. Dei sat tagale ei tid, før Bjørnulv brått spurte:
Sei meg, Koll, det er noko eg ikkje heilt forstår. Du har sjøl sagt at dette livet vi no lever, men ar det verkelege livet er livet etter dauden, hos Krist. Korfor vil ikkje då Krist sine læresveinar til Krist så fort råd er. Korfor hastar dei ikkje til nåden og sæla og herlegdomen i Himmelens hallar.
Koll smålo litt.
– Det er rart, Bjørnulv, dette at vi menneska i kyrkja, og kyrkja som heilskap, hevdar at dette livet berre er eit skyggetilvere – ein skygge av det sanne livet i Kristi nærleik etter dauden, og likevel er det truleg ingen av oss som vil til livet etter dauden. Vi klamrar oss til dette livet og vil ikkje forlate det, uansett kor falskt og utilfredsstillande det er, nærmast uakta kva slags synd vi må gjere for å få det til. Men når det er sagt, så må eg og seie at det er Herren som rår for liva våre. Det er Han som gjev liv og det er Han som avgjer dagen og timen då det skal takast tilbake. Derfor meiner og trur vi at det er ei kardinalsynd mot Herren å freiste for eiga hand å korta av det livet Herren har tilmålt oss. Det kan berre vere djevelen sitt verk å prøve å gripe inn i og endre Herren sin plan med oss.
– Du sa at du gjekk til trælkvinnene den første tida du var her i Borgfjæra, men du seier og at Krist har forbode munkar å gå til kvinnene. Korleis kunne du få gjort opp med Krist når du synda og ikkje kunne skrifte?
– Eg kan like gjerne seie sanninga. Det var ikkje så sjeldan som eg læst som sist eg nemnde det. Eg gjekk dit titt. Det gjorde eg fordi eg ikkje kjende meg mykje som munk då eg kom hit. La meg seie det som det er: Eg var harm på Krist. Eg gjekk i rette med han. Eg hadde tatt mål av meg til å bli den klokaste og kunnigaste mann i heile den kristne verda – til Kristi ære, sjølsagt. Og kva for rett hadde då Krist til å la meg bli riven ut av klosteret og bli ført som træl til dette heidninglandet. Eg sa til meg sjøl at eigentleg er det berre snakk om kva for ein djevel ein skal lite mest på. Og eg bøygde meg for den djevelen som raste i mitt eige kjøt og som eg kunne tukte i dei opnaste fanga. Tuktinga av den djevelen ga mest lykke og sæle. Seinare gjekk åra og tanken og gudsfrykta vann oftare og oftare forrang framfor dei kvite kvinnelåra som opna seg mot meg. Og ein dag innsåg eg at eg hadde lide av hybris – ovmot. Den dagen takka eg Krist og tok til å arbeide for hans sak mellom trælane.
Då Koll tagde vart Bjørnulv liggande framover bordet og mulle for seg sjøl. Så sette han seg opp og nikka fleire gonger.
– Du Koll, eg trur eg har tatt ei avgjerd. Eg vil bli kristmann, men ikkje munk. Eg meiner å vite at det berre er slik eg kan fri meg frå gråguden som vil ha meg som sin fulltrue. Trur du eg kan nok om kristendomen til å bli døypt?
– Du kan og veit nok. Eg har døypt trælar som berre kan ein liten del av det du kan. Men eg kjenner meg uviss på om flukt frå gråguden er grunn god nok til å døype deg. Til no har eg berre døypt slike som eg var viss på ville til Krist og elska han. Eg har aldri døypt nokon for å hjelpe han eller ho til å flykte frå noko anna. Men om det er slik at gråguden har slik makt over deg at du meiner du treng Kristi hjelp til å unnfly han, så er det mogleg at eg likevel ikkje bør nekte deg Kristi hjelp i den kampen. Men eg trur vi skal tenke over det nokre dagar, både du og eg.
– Om du kjem fram til at du skal døype meg, ventar du då at eg skal stå fram og vere ein Kristi talsmann her i Lofot? For det trur eg ikkje at eg har mot og styrke til å gjere.
– Nei, det er ikkje alle som er laga til å bli misjonærar. Det ventar eg ikkje av deg. Men det er noko anna du må tenke over: Korleis skal du te deg i høve til blotgilda? Det er ikkje tillate for kristmenn å ta del i blotgilde til heidne gudar. Korleis trur du Hjorten vil sjå på deg om du uteblir frå blotgilda. Korleis skal du forklare han det? Nei, blir du kristmann må du stå fram og stå for det, men då trur eg for visst at Tore Hjort ville få mindre lit til deg enn han no har. Korleis vil det bli for deg? Og korleis vil du te deg neste gong den kristne kongen Olav Tryggvason kjem for å legge Hålogaland under seg og kristne det. Han har tatt på seg ei misjonæroppgåve, og den vil han nok ikkje legge frå seg. Og kva med venen din, Tore Hund? Han reknar seg visst som gråguden sin fulltrue. Trur du han vil halde fram med å rekne deg som ven om han veit du er blitt kristmann?
Bjørnulv frøste.
– Om eg blir kristmann er eg framleis håløyg, og Olav Tryggvason har like liten rett til å prøve å kue håløygane anten han er kristmann eller gråguden sin fulltrue. Du har fortalt meg at også kristmenn krigar mot kvarandre. Eg skal gjere mitt til å verge håløygane sin rett til å styre seg sjøl, og i den retten meiner inngår kvar mann sin rett til å styre kva for ein gud han vil vere sin fulltrue. Og om eg legg saka slik fram for Hjorten, trur eg han vil gje meg rett i det. Men eg kan gje deg rett i at vi kan hende bør vente eit bel. Kanskje bør eg ta saka opp med Tore Hjort før eg tar dåpen, slik at han forstår at eg ikkje vil gå bak ryggen hans med det. Og når det gjeld Tore Hund så både håpar og trur eg at det er meg og ikkje gudstrua mi han er ven med. Skulle eg ta feil, vil det vere sårt. Men i så fall ville vel ikkje venskapen hans vere mykje verd.

Det var ikkje så lett å ta saka opp med Tore Hjort som Bjørnulv hadde trudd i botnen av ølhornet. Dagleg gjekk han der saman med Tore Hjort, og kvar dag sa han til seg sjøl at i dag må eg snakke med Tore. Men kvar gong svikta motet i siste liten. Det var til slutt Tore som tok hol på den vonde byllen. Ein dag dei sat oppå brinken høgst på Borg og såg utover jordene og folk som arbeidde der, sa Tore:
– Du verkar så stur og hugtung, Bjørnulv. No når du er åremann på Fånegarden med eiga frille, skulle vel ikkje livet vere så vrangt. For aka del, Bjørnulv, eg er ikkje ute etter å grave i dine tankar og dine kjensler, men stundom er det slik at til og med den sterkaste kan ha trong til einkvan å snakke med om det som kjennest vrangt i livet. Eg veit og du veit at ein mann skal vere sterk, men ormar som gneg i hugen gjer ingen sterkare.
Då tumla alt ut av Bjørnulv: Om det å vere håløyg, om det å vere fridomsmann, om retten til å velge sin eigen gud og om otten for å bli sett ned på, men også gleda over å lære alt dette nye som Koll hadde i hovudet sitt. Tore sat lenge tagal etter at Bjørnulv hadde tømt seg. Han hadde nappa seg eit strå som han sat og togg på. Etter ei tid harka han og opna munnen som om han skulle til å seie noko. Så harka han igjen og tagde enno ei tid før han tok ordet:
– Det gjer meg ikkje glad det du no har fortalt meg. Så pass ærleg må eg vere. Kjennskap til iremålet kan neppe skade, endå om det mykje godt er slutt på den tida då vi segla til Irelandet og gjorde strandhogg der. Men alt dette andre om rissing av runer og stavar, og dette kyrkjemålet, kva skal du no med det? Og denne krist-guden, kva godt har han ført med seg? Men eg må vel gje deg rett i at kvar mann har rett til å velge sin eigen gud, og Einauge er ikkje den lettaste å halde seg til. Vite må du og at endå om eg held venskapen min med deg ved lag, så kjem du til å bli einsam. Eg veit at du ikkje er så mykje i lag med andre ungdomar, men at du og namnebroren min, Tore Hund, er gode vener. Om han vil kunne halde fram med å vere ven med ein som er kristmann veit eg ikkje. Vore det ikkje betre om du gjorde deg til kvitguden Balder sin fulltrue, endå om det knappast er andre som er det? Dei seier han har mykje sams med Krist, omframt det at Krist ikkje toler andre gudar attmed seg.
– Eg trur knappast Balder har makt til å verge meg mot Valhall-herren.
– Det trur eg du har rett i, men du snakkar med store ord om frie menn og retten til å velge. No tykkjest det meg som om det er gudar som strides om å velge deg, og ikkje omvendt. Allfar vil at du skal bli hans fulltrue. Må det ikkje vere kvar fri manns plikt å gjere det klårt for Allfar at han ikkje vil velge å bli Allfar sin fulltrue, utan først å kalle inn ein annan gud som stavnbu?
– Koll sa noko liknande,
mulla Bjørnulv.
– Då er Koll klokare enn eg har visst. Men du får gjere det du synest rettast. Og det skal du vite, at om du blir kristmann, men som kristmann sver truskap til meg, så skal eg framleis vere venen din, for det er fridomen til håløygane som tel tyngst for meg og.

Det vart tunge dagar for Bjørnulv. Valets kval vog tungt på han. Det vart ikkje stort lettare etter at han hadde snakka med Tore Hjort. Dagleg tenkte han på å ta saka opp med venen sin, Tore Hund, men kvar gong dei kom saman vart det slik at han ikkje syntest det høvde.
Nesten kvar natt kom gråguden til han i draumane hans. Men gråguden sa ikkje noko, han berre sat eller sto der og såg på Bjørnulv med ein blikk som Bjørnulv ikkje kunne tolke. Etter mange slike netter tok gråguden til orde i draumen til Bjørnulv.
– Eg veit du ser meg, for slik har eg maka det. Eg har granska deg mange netter no, som du veit. Eg som sjøl har hengt i verdstreet og sete under mang ein hengt mann, eg har skaffa meg røynsle når det gjeld å granske hugen til levande menn. Men deg får eg ikkje heilt tak på. Du seier du vil bli vigd til Kvitekrist. Likevel vil du gladeleg gå til krig mot ein konge som er Kristmann for å verge håløygane sin fridom, seier du. Kor lenge trur du håløygane vil vere frie dersom dei gjev seg over til Kvitekrist? Straks dei har gjort det, så kjem det prestar og bispar og legg folket under ein einekonge i sør, og enno verre – under pavestolen i Romaborg. Eg veit ikkje kva det er med deg, Bjørnulv, træl og løysing har vore og no hirdmann og småbonde. Korfor er du så viktig? Men disene er einige med meg. Nett no er du det navet som soga dreiar seg kring. Det hjelper lite om du får tatt livet av Olav Tryggvason med ei av pilene dine. Går du til Kvitekrist, så går håløygane og dit, og då blir håløygane til alle tider trælka under stormenn frå sør. Kjem du til meg, så vil håløygane få tid til å feste si eiga makt i nord. Kva det blir til med meg og mine frendar veit eg ikkje. Disene vil ikkje seie noko om det. Men no veit du kva val du har, og du veit kva som kjem ut av det valet du gjer. Du skal og vite at det er første gongen at eg, Allfar, har tigge nokon om å bli min fulltrue. No tigg eg ikkje lenger. No får du velge sjøl, no når du veit kva det fører til.
Då Bjørnulv vakna om morgonen sat draumen som nagla i minnet hans, og han ba seg fri frå pliktene sine hos Tore Hjort og gjekk for å søke opp Tore Hund.
Tore hadde hatt seinvakt kvelden før og sat enno ved dugurden då Bjørnulv kom. Bjørnulv var ikkje særleg god til å løyne kjenslene sine, så Tore såg straks at det var noko som ikkje var som det skulle vere. Han skynda seg å avslutte måltidet og vart med Bjørnulv bortover vollane til ein stad der dei var unna andre øyrer.
Bjørnulv våga ikkje sjå på Tore mens han fortalde, så det vart til at han fortalde historia si til Kvanntoppen. Då han var ferdig heldt han fram med å stirre stivt på Kvanntoppen, mens han venta på at Tore skulle seie noko. Tore sa ikkje noko, men etter ei tid høyrte han nokre underlege lydar frå Tore. Han kasta eit raskt blikk til sides og såg at Tore sat der og kjempa med ein boblande latter. Brått greidde ikkje Tore å kjempa med latteren lenger, og slo latterdøra på vidt gap. Det tok ei god økt før Tore hadde ledd frå seg. Då lattersalvene tok til å gje seg, sa Bjørnulv:
– Jada, eg forstår godt at du synest det er latterleg at eg har draumar om å vere så viktig. Skulle nokon vere så viktig at soga dreia seg kring han, så måtte det vel vere Tore Hjort. Det var godt å høyre latteren din. Den fekk meg til å forstå at det berre er dumskap eg driv og drøymer om.
Tore vart brått alvorleg.
– Nei, eg trur du skal ta draumen din alvorleg. Når Allfar syner seg i draumane til folk og snakkar så klårt som han gjorde i draumen din, då er det grunn til å tenke. Eg ler fordi eg synest denne Kvitekrist er ein latterleg gud som alle som har smakt træleåket ser ut til å dragast mot: Du, Bodvar Bjarmlending og Olav Tryggvason.
Munnen til Bjørnulv datt vidopen og det tok litt tid før han fekk hekta han nok i hop til å seie:
– Olav Tryggvason? Du kan då ikkje meine at Olav Tryggvason..?
– Bjørnulv, Bjørnulv, eg gløymer så ofte at du ikkje veit det same som andre stormannssoner veit. Jauda, Olav Tryggvason har vore træl borte i Estlandet, det er eit land som ligg på andre sida av sjøen aust for Sveariket. Der var han træl frå han var tre til han var ni år gammal. Eg skal fortelle deg historia. Far til Olav Tryggvason, Tryggve Olavsson, var konge på Opplanda. Han vart drepen av Gunnhild-sonene før Olav vart fødd. Mor til Olav, Åstrid, dottar til Eirik Bjodaskalle på Obrestad, måtte flykte for Gunnhild-sonene. Ho søkte seg i løynd til far sin der ho flytta ut i eit vatn og gøymde seg på ein holme med nokre få menn. Mellom dei var Torolv Luseskjegg, fosterfar hennar. Der fødde ho sonen sin og fekk aust vatn på han og kalla han Olav etter farfaren. Seinare rømte ho til Sveariket. Dette spurde Gunnhild-sonene og for til Håkon Gamle i Sveariket for å freiste narre Åstrid og Olav med seg til Norge. Dei sa at Gunnhild ville fostre Olav, men Åstrid såg bak dei fine orda og forsto at dei sto Olav etter livet. Då kjente Åstrid seg utrygg i Sveariket og fekk det for seg at ho skulle fare til Sigurd, bror sin, som sat i stor ære hos kong Valdemar i Gardariket. På vegen over Austersjøen vart dei overfalle av estlandske vikingar og tatt som trælar. Då vart Olav skilt frå mor si og ein estlending som heitte Klerkon tok Olav og fosterbror hans, Torgils, og Torolv, fosterfar til Åstrid som trælar, men Klerkon syntest at Torolv var for gammal til å bli træl derfor drap han Torolv. Seinare vart Olav seld til ein mann som heitte Reas for ei god kappe. Og der fekk han det godt.
Bjørnulv lo.
– Det verkar som om kongesoner er billige i Estland. Rett nok er ei god kappe ikkje noko fattigmannseige, men når det gjeld kongesoner så skulle ein vel kunne skimte gull i bakgrunnen.
– Jau, men truleg var det ingen som visste at det var tale om ein kongeson. Det var seinare at Sigurd Eiriksson, bror til Åstrid kongemor, på ei sendeferd til Estland frå kong Valdemar i Holmgard oppdaga at det sat ein frende og kongsson som træl hos bonden Reas. Då kjøpte Sigurd fri både Olav og Torgils og tok dei med seg til Holmgard.
Så blir det fortalt at ein dag, då Olav var ni år gammal, sto han på torget i Holmgard og kjende igjen Klerkon, den mannen som hadde drepe Torolv. Olav hadde ei lita øks i handa og den syntest han det var høveleg ¨å sette i skallen på Klerkon såpass at han kom av med livet. Og ettersom Sigurd fekk dronninga i Holmgard, Allogia, til å gå i brodden for Olav, slapp han å miste livet slik lova var i Holmgard.
– Var det i Holmgard hos dronning Allogia at Olav vart døypt?
– Nei, i Holmgard heldt dei på åsatrua, så det var ikkje før seinare at Olav vart døypt.
– Korleis gjekk det til?
– Etter at Geira Burislavsdotter, dotter til kong Burislav i Vendland og første kona til Olav hadde døydd, så treivst ikkje Olav meir i Vendland, slik sørga han over Geira. Derfor ga han seg i veg i viking, og hamna til slutt på Syllingane, nokre øyer ute i havet vest for England. Der fekk han høyre om ein spåmann som alltid spådde sant. Denne spåmannen ville Olav gjerne tale med for å høyre korleis det ville gå om han freista få seg eit rike. Spåmannen sa då at Olav ville bli ein vidgjeten konge og føre mykje folk til tru og dåp. Olav spurte spåmannen om korleis det kunne ha seg at han kunne sjå inn i framtida så vist at det alltid vart rett det han spådde. Mannen svara då at det var den guden som dei kristne hadde som ga han denne gåva. Han fortalde Olav om mange andre av Krist sine undergjerningar, og det enda opp med at Olav let seg døype saman med heile følget sitt. Det var grunnen til at Olav ikkje herja i England på vikingvis, men vart gift i England med, Gyda, dotter til kong Olav Kvaran som var konge i Dublin. Ho hadde vore gift med ein mektig jarl i England og styrte riket etter at han hadde døydd. Det seiest at det var ho som fridde til Olav på eit ting ho hadde kalla saman for å velge seg ein mann. Det var mange som hadde fridd til ho etter at ho vart enke, men ho hadde ikkje villa hatt nokon av dei. Ein av dei som hadde fridd til Gyda og fått nei, heitte Alvine. Han var ein stor kjempe og holmgangsmann og baud Olav til holmgang etter at det var avtalefesta at Gyda og Olav skulle gifte seg. Olav sigra i holmgangen og tok seinare aka den eigedomen som Alvine hadde ått. Det var også i England at Olav fekk tak i hunden Vige. Om denne hunden blir det sagt at han er overlag klok, og han har alltid følgt Olav seinare.
– Du seier at han gifta seg med Gyda Olavsdotter, men eg meiner då å ha høyrt at kona hans blir kalla dronning Tyra.
– Ja, no er han gift meg Tyra Haraldsdotter, søster til kong Svein Tjugeskjegg av Danmark. Ho vart først gift med kong Burislav av Vendland, men ho kunne ikkje få seg til å leve mellom heidningar og flykta til Norge og søkte tilflukt hos Olav Tryggvason.
– Men dronning Gyda, kor vart det av ho?
– Det seiest at ho døydde i barselseng heim hos far sin i Irelandet, men eg veit ikkje kva eg skal tru. Rett nok er Olav Tryggvason ein stor idrettsmann, men det verkar ikkje som om han er så stor i sengekoven, det har aldri spurdest born etter han, verken med dei tre konene hans eller andre kvinnfolk. Men daud må ho nok i alle fall vere, for Kvitekrist tillet ikkje at verken kongar eller jarlar eller anna karfolk har meir enn ei kone. Og så ihuga kristmann som Olav er, så bryt han nok ikkje eit slikt påbod.
– Men no får det vere nok om Olav Tryggvason. No får vi tenke på Bjørnulv Steinbjørnsson. Er det så viktig for deg å bli Kvitekrist sin fulltrue at du er villig til å kaste håløygane sin fridom på båten?
– Håløygane sin fridom og håløygane
sitt sjølstyre er viktig for meg. Men no er det slik at i natt kom det tre gamle kvinner til meg i draumen min. Eg trur det var Urd, Verdande og Skuld, men det er ikkje så godt å seie. Dei sa berre: “Vi er disene”. Så det kan ha vore Frøya, Irpa og Halgerd Holgabrud, men eg kan ikkje tru at Frøya ville framstå som ei gammal kvinne i nokon mann sin draum, så derfor trur eg nok at det var dei tre første, og dei sa til meg det som eg vel visste frå før, at Gråguden ikkje alltid talar sanning, eller i alle fall ikkje berre sanning slik menneska forstår sanning. Stort meir sa dei ikkje, anna enn at også dei ikkje ville bli glade om eg vigde meg til Kvitekrist. Så no veit eg ikkje anna enn at det kan då ikkje vere rett at ein som eg blir utsett for slike val. Koll har fått meg til å tru at eg djupt inni meg er ein Kristmann, og Ranveig har ikkje direkte motsagt han, endå om ho ikkje har nokon stor godhug for Krist, ho heller. Tore, kan ein mann som eg, som stordelen av sitt liv har vore underlagt ein annan mann sin vilje, kan ein mann som i stordelen av sitt liv har vore træl nokon gong velge fritt? Eg vil så gjerne vere fri og velge, men kan eg det? Koll pressar meg ikkje i noka retning. Ranveig pressar meg ikkje i noko retning. Det gjer for så vidt ikkje Gråguden heller lenger. Men eg veit kva Koll vil, eg veit kva Ranveig vil, eg veit kva disene vil, eg veit kva Tore Hjort vil, og eg trur eg veit kva du vil. Den einaste eg ikkje veit kva vil er Allat, Steinbjørn Bjørnulvsson, far min. Eg trur eg veit kva eg sjøl vil. Eg trur at hugen min står til å vere Kristmann. Men du høyrer kva eg seier, eg trur eg veit, eg veit ikkje.
Tore sat litt og plukka nedi marka. Så såg han beint på Bjørnulv.
– Eg har høyrt sagt at om ikkje så lenge kjem Gyda Skaftadotter tilbake til Borg. Veit du kva ho meiner? Spør ho når ho kjem, kanskje er det det som skal til slik at du kan bestemme deg.

Bjørnulv sat oppi bakkane på Borg den dagen Gyda kom ridande til gards. Han såg korleis ho vart tatt imot av sjølvaste Asta, husfrua, og gledde seg på hennar vegne. Det var som om husfrua ville seie til alle på garden at her er det ikkje noka tyende som kjem til gards. Dette er ein frende som har vore på vitjing hos ein frende og skal takast slik imot. Han kjente at hjartet banka varmt for den byrge og ofte nedlatande husfrua fordi ho tok imot dotter til den forfalne og ærelause tidlegare bonden på Li på så høvisk vis. Truleg var det Asta sin måte å vise takksemd til Gyda fordi ho så trufast hadde gått Helga til hande under og etter barnefødselen.
Men så kunne han ikkje styre føtene sine lenger. Dei tok han i tánande trav ned mot garden. Han måtte kome Gyda så nær som mogleg, no når ho var attende på Borg. Han kunne like gjerne ha blitt sittande oppi bakkane. Gyda var lukka inne i kvinnekrinsen, og der hadde ingen mann tilgjenge. Kvinnfolka ville nok høyre alt som var å høyre om det nye hovdingemnet til Borg.
Likevel vart han gåande og drive kring husa på Borg, heilt til han vart var dei løynde smila til huskarane som gjekk til og frå. Då tokka han seg nedover bakkane til garden sin. Og det kunne nok vere på tide, for det leid mot kveld og Koll venta nok med nye ord og regler både på latinen og iremålet. Kvar kveld var ein evig dragkamp mellom Koll og Åsa, når ho var i det gode lunet og ikkje hadde dagane sine.
I dagane som følgde gjekk han saman med Tore Hjort som han pla, men det var vanskeleg å samle tankane sine om det som Tore sa. Like vanskeleg var det å samle tankane sine om dei kunnskapane Koll freista hamre inn i hovudet hans om kveldane. Det hendte til og med at han ikkje fekk seg til å svare på freistingane frå Åsa når dei var komne i koven. Då vart ho sur og fræste litt før ho vendte ryggen mot han.
Når han gjekk saman med Tore hendte det at han såg Gyda på fråstand. Ho gjekk i tunet, like travel som han gjekk kring på bøane og i fjæra saman med Tore, men dei kom aldri kvarandre så nære at dei fekk høve til å kaste ein smil til kvarandre. Men det hendte at han såg ho i samtale med Tore Hund, ja til og med i samtale med Gaute. Ein dag var han så nær at han såg ho smile til Gaute. Då kjente han det svartna inni seg. Der gjekk ho og smilte til Gaute, han som hadde freista ta ho med vald under Vågartinget. Ho smilte til Gaute, men hadde ikkje nærma seg Bjørnulv sidan ho kom heim til Borg.
Koll tok han fatt ein kveld dei sat over stavane og dei framande orda.
– Eg veit ikkje kva det er som er fatt med deg, Bjørnulv, men eg har ei kjensle av at dei kveldsetene vi no har er bortkasta. Eg gjer så godt eg kan for å lære deg latin og iremål, men eg opplever det som om du ikkje er til stades. Eg opplever og at Åsa går her og kastar olme blikk etter deg, så det kan ikkje vere hugen etter ho som får deg til å vere så fråverande. Kan du fortelle meg kva det er som rir deg?
Bjørnulv berre skula på Koll og sprang sin veg ut i mørket.
Dagen etter var det Tore Hjort sin tur til å peike på at Bjørnulv var fråverande.
– Om du ikkje har hug til å høyre etter kva eg seier, ser eg ingen grunn til at du skal gå saman med meg om dagane. Er det andre saker som rir hugen din, så kan du prate med meg om det. Viss ikkje, ser eg helst at du held deg heime på din eigen gard om dagane, og set den i stand til vinteren, som best du kan.
Bjørnulv lova bot og betring, både til Tore og Koll, og gjorde verkeleg så godt han kunne, men kjente seg nokså viss på at ingen av dei to vart særleg nøgd med han.
Ein kveld kom Ranveig bort til han og tok han til sides.
– Har du sett deg sjøl i ein skuggsjå i det siste?
Bjørnulv rista på hovudet.
– Nei, korfor skulle eg det? Skjeggvokstren min er enno ikkje så stor at eg treng skjere skjegget mitt, og håret kan vel og få vekse eit bel før det treng skjering.
Ranveig sa ikkje meir, berre heldt ein skuggsjå opp for han. Han vart støkt med det same. Han såg eit uttært ansikt og eit hår som låg i tover attover hovudet. Det gjekk eit bel før det gjekk opp for han at det var seg sjøl han såg.
Ranveig la merke til minespelet hans.
– Ja, ikkje sant? Det er eit stygt syn. Det vakre håret ditt er ikkje særleg vakkert lenger, og ansiktet ditt ser ut som ansiktet på ein som skal leggast i haug. No får du ta tak i deg sjøl og gjere noko med det som rir deg om det ikkje er slik at hugen din står til Helheimen. Eg ber deg, Bjørnulv, snakk til meg om det som rir deg. Kanskje kan eg hjelpe deg om du spør meg, men eg har ingen rett og ingen lyst til å hjelpe deg ubeden.
Bjørnulv kjente at det brått vart så trongt i halsen hans. Det var ein gråt som pressa seg opp og fram. Han kjempa imot så godt han makta, men greidde det ikkje heilt. Han snudde seg bort frå Ranveig og freista det han var kar om å kvele hulka som ville fram.
Ranveig var taus ei stund, men røysta var lite tålsam då ho tok til orde.
– Jaudå, jaudå, eg veit korleis de menn har det. De skal støtt vere så inni Helheimen mykje menn. Kjensler er noko som kvinner skal syne, og gråt er no i alle fall ikkje noko som ein ekte mann skal syne eit anna menneske. Så du får no gjere som du vil. Ver mann slik du og alle menn trur at menn skal vere, eller snakk med gamle Ranveig om det som rir deg. Men tenk no på dette, Bjørnulv: Korfor trur du at skaparen har gjeve oss gråten, om vi ikkje skal bruke han til lindring når vi treng han? Trur du skaparen har gjeve mennene gråten berre som ei plage? Trur du at du er den einaste mannen som nokon gong har gråte?
Då greidde ikkje Bjørnulv deg lenger. Han kasta seg framover bordet og let gråten fløyme fritt. Hulka reiv i bringa og tårene strøymde.
Det var først då hulka tok til å stilne og bordplata var våt under ansiktet at Ranveig la ei hand nedpå nakken hans.
– Det var det, Bjørnulv. Trur du at du er mindre mann no?
Ho stakk ei fille i handa hans og let han ordne ansiktet sitt før ho haldt fram.
– Eg spurde deg: Trur du at du er mindre mann no?
Ein hikst som enno ikkje hadde fått fridomen braut seg veg ut.
– Eg veit ikkje, Ranveig, eg veit ikkje. Kanhende veit eg ikkje kva det er å vere mann. Eg veit kva det er å vere træl. Eg veit litt om kva det er å vere huskar hos Tore Hjort, men mann, fri mann i sin eigen rett… Eg veit ikkje. Kanskje vore det best om eg framleis var træl.
Øyreteva dreiv hovudet hans bortover bordplata. Utan ein tenke greip handa hans om sverdhjaltet og han sto på føtene med sverdet halvdrage.
– Sjå det, ja. Det er ein mann. Ein som dreg sverdet mot ei gammal kvinne som kjem i skade for å seie nokre sanningsord. Hogg meg, du, om det får deg til å kjenne deg betre.
Røysta til Ranveig var spottande og han kjende ein hug til å gjere nettopp det ho sa. Han måtte ta seg på tak for å skyve sverdet ned i balgen igjen. Så kom han til seg sjøl og sokk ned på kne framfor Ranveig.
– Orsak meg, gamlemor. Orsak meg, kviskra han fram
Igjen var dei vare og varme og mjuke hendene hennar om hovudet hans. Han luta hovudet fram og kvilte det mot magen hennar og saup inn den kjente og kjære lukta av gammal kvinne og urter av utallege slag.
– Ranveig, Ranveig, mulla han. – Korfor er du så god mot meg?
Latteren hennar var ertande.
– Eg trur snart eg gjev deg opp, Bjørnulv. Eg trur knappast eg har møtt nokon med så dårleg vett og så dårleg minne som deg. Minnast du ikkje kva eg har fortalt deg om farfar din og meg? Forstår du ikkje at eg er like kjær i deg som eg var i han. Vil du ha meg, Bjørnulv den unge, slik han ville, farfar din, då han var ung?
Med eit sprang var Bjørnulv på beina og rygga bort frå Ranveig. Han heldt hendene framfor seg som om han verga seg mot eit åtak.
Latteren til Ranveig var perlande som hos ei ungjente.
– Ja, du treng verge deg, Bjørnulv, men trur du det nyttar om gamle Ranveig kjem for å ta deg?
Han rygga endå nokre steg til han såg det ertande glimtet i auga til Ranveig. Då let han hendene sige
ned og rista overgitt på hovudet.
– Kva tid skal du, Ranveig, bli vaksen?
– Nei, det håpar eg då inderleg at eg aldri blir. Eg håpar forresten at du aldri blir det heller. Eg håpar at du også kan gråte og le når du blir så gamal som eg er. Men meir enn det: Eg håpar du kan lære sonene og sonesonene dine at dei kan gråte og le, og at gråten ikkje gjer dei til mindre menn.
Orda hennar fekk smilet til å tørke bort frå munnen til Bjørnulv.
– Eg veit ikkje kva det er for soner og sonesoner du snakkar om, Ranveig. For meg ser det ikkje ut til at kvinnene søker bosoa mi meir enn dei må om eg tvingar dei. Men det kan eg vel ikkje laste dei for når eg tenker på det skræmebiletet du nyss synte meg i skuggsjået ditt. Rett nok veit eg at det er min rett til å tvinge meg på trælkvinner og gjere dei barntunge, men enno har eg til gode å sjå ein fri mann som har knesett ein son avla med ei trælkvinne.
– Takar, takar, Bjørnulv, som har så lite drag på kvinnfolk. Takar, takar, Bjørnulv, som ikkje blir nedrent av det kvinnfolket han vil bli nedrent av. Set deg saman med Koll, du Bjørnulv. La han gjere deg til ein vis mann som avsverjar kvinner. La han gjere deg til munk, Bjørnulv. Eller tvett håret ditt. La kvinnene, eller særskilt ei kvinne, sjå det vakre håret ditt. La kvinnene, eller særskilt ei kvinne, sjå kor vakker du er. Ver deg sjøl, Bjørnulv, gå til ho. Snakk til ho. Om du ikkje vågar det, då er du ingen mann. Du kan gjerne gråte, og framleis vere mann. Men om du er fudfloge for den du elskar, då er du ingen mann. Det er mogleg ho viser deg bort. Mange menn har opplevd det, mange kvinner også, det skal vere visst. Men om du berre går kring og synest synd på deg sjøl og ikkje gjer noko for å vinne ho, då kan du berre ha det så godt. Då kan du bli munk. Då kan du reise til Irelandet og gå i kloster. Du kan vel iremålet godt nok til det.
– Jamen, Ranveig, ho er så opptatt heile tida. Ho er støtt omgjeven av andre kvinner, og om det ikkje er andre kvinner, så smiler ho og fjasar med Gaute og med Tore Hund. Det med Tore kan eg forstå. Han meiner eg har ei dyrisk tiltrekningskraft, endå så liten og svart han er. Kanskje har det noko med seidevnane hans å gjere. Det eg ikkje kan forstå er at ho kan smile og fjase med Gaute, som prøvde å valdta ho under Vågartinget. Ranveig, eg fekk noko av Ullfrid i jula…
– Eg veit det, Bjørnulv. Det kan du bruke om det trengst. Men eg vil ta ein lovnad av deg som Ullfrid ikkje tok: Om du brukar det, då skal du også drikke av det same brygget. Helst såg eg at du kunne få ho utan å bruke det brygget. Og det trur eg visst at du kan, om du sluttar med å synest så overlag synd på deg sjøl.
– Ranveig, du bur her på Fånevolden no, i di eiga stove. Kan du ikkje be dotter og dotterdotter di til stova di ein kveld, og så ber du meg og. Då kan eg få tale med ho i tosemd.
– Korleis skulle du kunne det? Trur du at mor hennar og eg vil tillate at ho vart saman med ein ung kåting som deg, utan oppsyn?
– Ranveig!
Røysta hans var bedande og latteren til Ranveig var ertande.
– Jaja, Bjørnulv, vi får vel sjå, vi får vel sjå. Men prøv no å få snakke med ho utan min mellomkomst. Blir det ikkje anna råd, så får vi kome attende til saka.
Etter det var Bjørnulv nøye på å fli seg, og gjorde seg særleg møye med håret mens han venta på at dei få fjona som tok til å stikke fram på haka skulle bli eit skjegg.
Ein dag Bjørnulv kom i stor fart kring nova på eit av bura på Borg heldt han på å springe rett på Gyda som kom ut av buret med eit trau med lauk og neper. Ho vart så støkt at ho heldt på å sleppe trauet. Fleire av laukane og nepene trilla bortover marka. Stotrande ba han om orsaking og tok til å plukke opp lauk og neper frå marka. Han kasta nokre sky skråblikk på ho mens han heldt på, men kunne ikkje tolke det vesle og – syntest han – spottande smilet som leika om munnen hennar. Ho sto der berre, med trauet i hendene mens han plukka opp.
Då han var ferdig visste han ikkje kva han skulle gjere, endå ho framleis vart ståande. Han leita etter ord og harka og kremta, men kunne ikkje finne på noko å seie.
Då smilte ho igjen, også denne gongen spottande, syntest han.
– Er bonden på Fånevolden vorten krimsjuk, så krimsjuk at han ikkje får ord for seg? Kanskje han skulle ta nokre av Ranveig sine lækjarmiddel, så mykje som han skal seie, både på iremål og latin.
– Korleis veit du det, Gyda, at Koll lærer meg latin og iremål?
Gyda vart sprutande raud med det same, men tok seg på tak og sa nesten likegyldig ut i lufta:
– Nei det var visst nokon som nemnte det her om dagen.
Då må det nok ha vore Ranveig. Andre er det ikkje som veit det, omframt Koll. Og han har du vel ikkje snakka med. I så stor ære som du er hos husbondsfolket på Borg, så snakkar du vel ikkje med ein som har vore træl, slik som Koll.
Røysta til Gyda var bitande då ho svara:
– Eg står no visst her og snakkar med deg, endå det skulle eg visst ikkje gjere. Husfrua ventar nok på det eg skulle hente.
Brått snudde ho ryggen til og tok til å gå mot eldhuset.
Bjørnulv ville det ikkje, men før han greidde anse seg, smatt det eit ord ut av munnen hans:
– Gyda!
Namnet hennar fekk ho til å stanse midt i eit steg, men ho snudde seg ikkje.
Fleire ord rasa gjennom hovudet på Bjørnulv, men han fekk ingen av dei ut or munnen, omframt eitt, det same som sist:
– Gyda?
Då snudde ho seg, og svarte med eit hånleg smil om munnen:
– Bjørnulv Steinbjørnsson, bonde på Fånevolden, korfor står du her og stammar på namnet til ei gardstaus på Borg? Korfor skundar du deg ikkje heim til garden din, der frilla di visseleg lengtar etter å sjå deg, no når du har vore borte heimanfrå nesten heile dagen?
– Korleis veit du det?
Orda slapp ut av han utan at han ville det.
Igjen vart ho sprutande raud, og snudde seg brått og sprang mot eldhuset, men snubla i ei tue og datt så lang ho var. Trauet sigla gjennom lufta, og igjen spreidde lauken og nepene sog bortover marka. Utan å tenke seg om kasta han seg ned på marka ved sida av ho og slo armane om ho. Ho forsøkte å vri seg laus, men han kunne ikkje sleppe. Han heldt og heldt, og oppdaga etter ei tid at det rann store tårer nedetter kinna hennar. Då vart han så forfjamsa at han nesten slapp ho, men ho kjente visst ikkje at taket hans losna, for ho nytta ikkje høvet til å rive seg laus.
Ei tid vart han berre sittande og sjå på tårene hennar. Dei var som store glasperler, syntest han. Han prøvde å fange ei av dei med fingrane sine, men den gjekk straks sund og spreidde seg som væte over fingertuppane hans. Han senka hovudet og let panna kvile mot håret hennar. Då prøvde ho igjen å rive seg laus, men ikkje særleg kraftfullt, syntest han. I alle fall kunne han ikkje greie å sleppe det taket han heldt om ho, og etter ei stund var det som om ho let kroppen sin kvile inn mot hans.
Dei vart verande slik, han visste ikkje kor lenge. Visste berre at slik kunne han sitte i aka æve. Men kroppen hans var ikkje samd i det. Etter ei tid tok det til å rykke så infernalsk i den eine foten som kroppen hennar kvilte mot. Han forsøkte å oversjå den gjenstridige foten, men den lystra ikkje ordre og tok etter ei tid til å rykke og verke. Men det var så godt å ha ho slik, trass i den gjenstridige foten at han berre heldt og heldt. Det rykte stadig verre i foten, og det vart støtt vondare, men han kunne ikkje lee på seg. Kroppen hennar kvilte så godt inn mot hans. Han kunne ikkje minnast at han nokon gong hadde hatt det så godt, trass i den gjenstridige foten som rykte og rykte. Kroppen hennar låg så mjuk og god inn mot hans. Men foten…
Ein låg og mjuk latter seig inn i medvitet hans. Det tok ei tid før han forsto at den kom frå jenta som han sat og heldt kring.
– Den foten din, Bjørnulv, den har det visst ikkje heilt godt.
– Æhh, foten?
Ein augeblink visste han ikkje kven det var som hadde sagt noko. Det einaste han kunne tenke på var den kroppen som låg inn mot hans, og så sjølsagt den irriterande smerten som han ikkje kunne gjere seg fri frå.
– Ja, det verkar som om den høgre foten, eg trur det er den høgre foten din, ikkje har det heilt godt. Den ligg visst litt vondt under meg. Og sant og seie ligg eg ikkje heilt godt sjøl heller, så om vi kunne…
Då kjente han varmen spreie seg over ansiktet, og visste at no vart han sprutande raud. Visste også at det var det berre jenter som skulle bli. Ein mann skulle aldri raudne. Visste det, og raudna meir.
Handa som strauk over nakken hans gjorde det litt likare, og røysta som kviskra i øyret hans gjorde han…, gjorde han… Han visste ikkje kva.
– Bjørnulv, no må foten din få fri, elles kan den fare ille. Og husfrua, ho ventar nok. Og gudane må vite kva folk trur om oss, om dei ser oss. Og her i tunet på Borg, her er det støtt auge som ser, det har eg lært. Hjelp meg å plukke opp lauken og nepene, så møtast vi på Varpneset i skjømminga, dersom eg slepp frå.
Han slapp ho, og forsøkte å reise seg opp, men kunne ikkje få den høgre foten til å halde vekta si, endå så mager han var vorten. Men det gjorde ikkje så mykje. Trauet låg på bakken. Nepene låg på bakken. Lauken låg på bakken. Det var berre ein leik å krype rundt og legge oppi trauet, legge oppi trauet og tenke på skjømmingsstunda på Varpneset.
Ho kom frå, og kom som eit lys i den svinnande dagen. Det vart prata mykje på Varpneset den kvelden. Det var heller ikkje heilt fritt for at det vart veksla nokre kyss. Ho fortalde at ho hadde fjasa med Tore Hund for å gjere han svartsjuk, og då det ikkje såg ut til å nytte, hadde ho tatt til å fjase med Gaute, endå det hadde bydd ho i mot. Han vedgjekk at det hadde vore ille nok med Tore, men at det med Gaute nesten ikkje hadde vore til å halde ut. Men han tilga ho så gjerne, for no var alt som det skulle vere, meinte han. Då brusa ho opp og sa imot. Alt var slett ikkje som det skulle
vere. Åsa var ikkje der ho skulle vere. Han forsøkte å orsake seg med at det var Ranveig som hadde ordna det med Åsa, og at ho hadde sagt at det ville Gyda også ha gagn av når ho og Bjørnulv kom i lag. Gyda berre frøste og meinte at han knappast hadde vore vond å overtale, men at no fekk det i alle fall vere over.
– Det er meg, berre meg du skal ha. Eg vil ikkje dele deg med noka frille.
Brått small det ein sviande fik over kinnet hans. Han vart så overraska at han berre vart sittande og gape. Då kasta ho seg inntil han og kyssa han vilt.
– Så, no har eg tilgjeve deg. Og straks Åsa er borte frå Fånevolden, då er alt som det skal vere.
Men ei vanske fekk dei ikkje rydda av vegen. Kven var det eigentleg som hadde mynde til å inngå festeavtale med Bjørnulv? Skafte nytta det visst lite å snakke med. Der var det då heller ikkje noka heimanfølge å hente. Bjørnulv meinte at det var det dei minst skulle ottast over, men Gyda likte ikkje tanken på å kome som ei fattigtaus til Fånevolden. Dei vart til sist samde om at Bjørnulv skulle ta saka opp med Tore Hjort.
Bjørnulv let ikkje graset gro under føtene på seg. Alt dagen etter fekk han lagt saka fram for Tore. Tore grunna ei stund, men var uviss . Ei slik sak hadde han aldri vore borti før. Skafte hadde ingen nærskylde frendar som kunne gå inn i hans stad. Han hadde rett nok hatt to brør, men dei hadde begge kome bort under lofotfisket. Han trudde nok at Tyra måtte kunne gjere avtalen, om han sjøl stødde under. Men det med heimanfølget var ikkje så lett. Rett nok hadde Tyra berga stordelen av heimanfølget sitt med seg frå Li, men om ho no ga det frå seg til Gyda, så sto ho sjøl snau om ho skulle finne på å gifte seg opp att. Så dette måtte han nok snakke med kvinnene sine om, før han tok ei avgjerd. Særleg Siv var kunnig i mangt frå gammalt av, og kunne truleg gje gode råd.
Det gjekk nokre dagar utan at Bjørnulv høyrte noko meir frå Tore. Han gjekk som på glør, men greidde å halde seg frå å mase. Men så ein ettermiddag kom ei av tausene på Borg springande og ba han kome til gildehallen, der Tyra og Tore sat i høgsetet med Asta og Siv nedanfor på Tyra si side og Bodvar og Asgaut på Tore si side. Asgaut reiste seg og viste Bjørnulv ein plass litt lenger nede ved bordet. Straks etter at han hadde sett seg kom Gyda trippande og vart vist til plassen rett over bordet frå Bjørnulv.
Tore kremta og tok til orde:
– Vi er her i dag for å avtale festemål mellom Bjørnulv Steinbjørnsson og Gyda Skaftadotter. Med gode menn og kvinner sine råd har vi kome fram til følgande avtale: Tyra gjev dotter si, Gyda, halvdelen av den heimanfølget ho hadde med seg då ho gifta seg. Attåt dette legg Asta og Siv like mykje, slik at Gyda får den heimanfølget som høver seg ei kvinne av hennar ætt. Eg gjev Bjørnulv ei mark sølv og ein gullring som vederlag for den tida han har tent som huskar for meg. Frå Steinbjørn Bjørnulvsson har det kome ei sending med to gode kapper til kvar av festefolket. Kappene er fora med skinn av kostelege pelsdyr. Han sender og den ordsendinga og Bjørnulv kan drive Fånevolden som om det var hans eigen gard, så lenge Steinbjørn er i live. Inntil Bjørnulv kjem i gang med drifta på sin eigen gard, skal han ha det han treng til seg og hushaldet sitt frå Borg. Når handslag er gjeve og festeskål er drukke, kan Gyda flytte inn på Fånevolden utan æremink. Sjølve bryllaupet får vente til sommars, og skal stå på Borg, om festefolket vil det.

Det var som om det kom ei ny ånd i hallen på Fånevolden etter at Gyda kom i huset. Det gjekk heller ikkje lenge etter at Gyda hadde flytta inn før Tyra kom flyttande etter. Ho utstråla ei trygg kvinnero som Bjørnulv fann stor hugnad i. Og om det nok i røynda var Tyra som sto for det meste av hushaldet, så gjorde ho det på eit så finsleg vis at alle måtte tru at det var Gyda som gjorde det. Elles vart han glad i ho fordi ho tedde seg så naturleg og fint mot Koll.
Sjølsagt hadde Gyda og sine kvinnedagar, men ho vart ikkje bisk av det, berre litt stillare enn vanleg. Ho kraup heller ikkje fullt så tett inntil han i koven, dei nettene, som ho elles pla gjere. Ville vel ikkje freiste når ho ikkje kunne levere, trudde han.
Han gjekk ei tid og kvidde seg for å fortelle Gyda om Gråguden og Kvitekrist, endå om han nok meinte at som festekona hans hadde ho eit krav på å vite om det. Men ville ho tru at han var ein storskrytar når han fortalde kva Gråguden hadde sagt til han? Og korleis ville ho ta det når ho fekk vite at han hadde tankar om å snu seg til Kvitekrist?
For å mjuke ho opp fekk han Koll til å fortelle soger frå Kristi liv når dei sat ved elden om kveldane. Koll var også meir enn villig til å fortelle om sitt liv som munk, og om livet i Irelandet. Ein kveld dei sat slik, tok Tyra brått ordet:
– Det var ikkje rart om han vart drepen, denne Kvitekrist.
– Korleis det?
Det var Koll og Gyda som spurte i munnen på kvarandre.
– Det må då alle forstå at han var for god for denne verda. Men det vil eg berre seie at om det er sant at han no sit i hallen hos far sin og har makt til å gjere denne verda betre om fleire av oss, ikkje minst menn, blir hans fulltrue, ja då vil eg ønske han hjarteleg velkomen til nordlanda.
– Så du synest ikkje det er ei træletru eg pratar om, undra Koll.
– Eg trur dette er ei tru som både trælar og kvinner vil få det betre av. Og om det er slik at Krist set forbod mot å halde trælar, så er det til bate for mange og til skade for ingen. Sjå på Erling Skjalgsson frå Sola. Han lar trælane sine arbeide seg fri, om dei har tiltak til det. Og dette gjorde han også før han vart kristmann. Eg trur ikkje nokon kan hevde med rette at han har minka verken i manndom eller rikdom av det. Og om du, Koll, har tolmod til det, så vil eg gjerne at du lærer meg om denne trua di. Og om du ein dag vil ause ein skvett vatn på hovudet mitt, så trur eg ikkje eg seier nei takk til det heller.
Då lo Ranveig.
– Det kan eg seie deg, dotter mi, at om det er noko Koll har tolmod til, og tolmod har han jamt over flust med, så er det å lære folk om Kvitekrist og dernest om munkemålet og iremålet. Vi veit litt om det, vi som har sete i denne hallen i nokre solvender.
Gyda såg storøygd på Ranveig.
– Kan du munkemål og iremål, mormor?
– Noko har det vel sige inn i den gamle skallen min og, men spør heller festemannen din, han kan det nok mykje betre.
Då tumla det ut av Bjørnulv, alt det han hadde gått og tenkt på korleis han skulle få sagt: Om Gråguden sine freistingar, om draginga mot Krist, om brytinga mellom det å vere med og verge håløygane sin fridom og å gje seg som fulltrue til ein gud som maktranarar sørfrå ville bruke som påskot for å kue håløygane.
Ikkje før var han ferdig så hadde han Gyda kring halsen sin.
– Kjæraste Bjørnulv min, så vondt du må ha hatt det. Kan du tilgje meg for at eg gjekk og gjorde meg til for andre for å gjere deg svartsjuk, og slik la stein til børa di?
Bjørnulv kjente at han raudna, og forsøkte lempeleg å skuve ho frå seg, men uakta kva han gjorde, så hang ho kring halsen hans og kyssa og klemte. Det var ei kremting frå Koll som til sist fekk ho til å sleppe.
– Det er ein ting eg må seie til deg, Gyda, og deg, Bjørnulv: Etter Kristi lære så er de to enno ikkje rette ektefolk, og lever i synd. Eg skulle gjerne ha vigd dykk til rette ektefolk for å fjerne den synda, men då må eg først få døypt dykk begge, men før det må eg få lært deg, Gyda, meir om Kristi bodskap. Så eg vil be dykk om at de ikkje lenger deler kove før dette er gjort. Eg vil ugjerne at to eg er så glad i skulle hamne i Helvetes pine.
Då slo Ranveig opp ein stor latter.
– Er det ikkje det eg seier. Det finst ingen gud som berre er god. Kven er han, denne Krist, at han skal nekte desse to unge å nyte kvarandre mens dei enno er unge. Nei, gudar, dei har alle hangen til å rå. Får dei rå og får dei blot, då er dei nøgde. Men ser dei at menneske har det bra med kvarandre, då skal dei støtt lage til noko travaskap. Menneske som veit sitt eige beste, dei held seg lengst mogleg unna gudar, kva no enn desse gudane kallar seg og vil ha oss til å tru.
Også Tyra tok til motmæle.
– Det seier eg deg, Koll, at desse to er festa etter lova, og då har guden din ingen rett til å legge seg borti det. Men likevel vil eg gjerne vite meir om guden din, så eg vil framleis gjerne at du lærer meg.
Då dei var komne i koven om kvelden kviskra Gyda:
– Du må gjerne bli kristmann, om du kjenner at det er rett. Kanhende følger eg deg på den vegen. Men du må love meg at du ikkje lar krist-trua skille oss i koven.
Bjørnulv lova så gjerne det.
Ein sein ettermiddag utpå seinhausten kom Bjørnulv rennande villøygd inn i hallen på Fånevolden. Han gjorde noko som han elles aldri pla gjere. Han sprang beint uti buret og henta ei kjenge med øl, duppa hornet i kjenga og tømte det utan å løfte munnen frå hornet. Koll – som sat einsleg i hallen – såg ovandotten på han.
– Kva er det som er dags, Bjørnulv?
Bjørnulv var nesten ikkje kar om å snakke reint, men fekk stotra fram:
– Vil du vere så gild at du hentar kvinnene til hallen, Koll. Det er noko eg må snakke med dykk om.
Litt seinare var Tyra og Ranveig i hallen. Berre Gyda drygde enno eit bel. Då ho kom såg ho straks at det var noko omfram galt fatt med Bjørnulv. Ho kasta seg på kne framfor han og greip han om livet og heldt så hardt som ho greidde.
– Kva er gale med deg, mannen min? Så oppøst har eg aldri sett deg før. Kva er det?
Enno eit horn med øl sende Bjørnulv ned gjennom strupen før han tok ordet.
– Kvate på Ægheim har vore hos Raud i Salten for å handle råvedstenger. Raud har spurt nytt frå Trøndelagen. Det seiast at til våren har Tryggvasonen tenkt seg nordover for å tukte håløygane og tvinge dei over til Kvitekrist og under sitt styre. Kvate og andre bønder kringom i Lofot har skipa eit sendelag til Tore Hjort. Dei
krev at til midtvinter må Tore blote trælar for å vinne gudane sin støtte til å tukte Krist-kongen når han kjem. Tore har ikkje avslått sendelaget sine krav. Eg har ei sterk kjensle av at det er Gråguden som står bak dette. Eg unner ikkje Gråguden å hente meir visdom frå å sitte under tre der det heng blota trælar. No, Koll, får du ause vatn på hovudet mitt. Eg vil bli Krist sin fulltrue. Gyda og Tyra, følger de meg? Deg, Ranveig, skal eg ikkje spørre. Eg veit korleis du ser på gudane.
Dei to kvinnene såg på han eit bel, så nikka dei begge.
– Ja, mannen min, eg følger deg. Det du gjer, gjer eg og. Men avsver du eiden din til Tore? Vil du ikkje følge han i strid mot Tryggvasonen?
– Eg har sverga ein eid til Tore. Den eiden held eg, endå om eg vil gjere alt eg kan for å hindre han frå å blote trælar. Tore er no den viktigaste hersen som no står mellom fridomen for håløygane og underkuing av makta sørfrå. Eg veit han er Gråguden sin fulltrue, likevel må eg følge han. Tyra, står du saman med meg?
Tyra nikka.
– Ja, eg har snakka mykje med Koll utan at du eller andre har vore til stades. Koll seier at du veit så mykje om Kristlæra no at han kan vigsle deg til setteprest.
– Setteprest, kva er det for noko?
Det var Koll som greip ordet.
– Setteprest, det er ein som eigentleg ikkje har kunnskapar nok og er klar til å bli vigsla til prest, men som kan gjere prestegjerningar når det vantar ein vigsla prest. Det vil seie at du kan vigsle Tyra og meg til ektefolk slik at vi kan leve saman utan at det strider mot Krist sine bod.
Haka til Bjørnulv datt ned på brystkassa og vart liggande der. Gyda vart like storøygd som Bjørnulv. Dei snakka begge i munnen på kvarandre:
– Vil det seie at…?
Tyra og Koll heldt kvarandre i hendene. Dei heldt kvarandre i hendene og raudna så smått. Dei såg på kvarandre til Koll nikka og Tyra tok til orde:
– Ja, vi har vorte samde om at han ikkje skal ta opp att munkelovnaden sin. Han meiner sjøl at han ikkje lenger er munk.
Det var liksom ho voks der ho sto. Det var som om ho trossa ein fiendehær.
– Vi er vortne samde om at vi skal slå oss i hop som ektefolk.
Gyda og Bjørnulv såg på kvarandre, og begge skulle til å ta ordet då Ranveig greip det:
– Jaja, då forstår eg korfor de begge har vore så tåpne den siste tida. Dotter mi, eg trudde du var komen over den fåmne alderen, men… Det betyr vel ikkje så mykje for deg, men du skal vite at du har mi signing. Du kunne ha valt mykje verre enn den oskefisen der.
Ho lo brått ein hard latter.
– Ja, det har du forresten prova at du har vore i stand til. Ta iremunken du, og mi signing, endå det tyder vel ikkje så mykje for deg. Aus vatn på kvarandre og på kvarandre sine kvinner, Bjørnulv og Koll. Vatn har aldri skada eit hovud.
Ho lo, mjukare no.
– Eigentleg har eg vel sans for ein gud som vigslar folk til seg med vatn og ikkje med eld og reip.
Det vart brukt mykje vatn i hallen på Fånevolden den kvelden. Tre vart døypt og fire vart vigsla til ektefolk, men Koll måtte vedgå at om han kjente seg ikkje heilt trygg på at han kunne Gå til koven saman med Tyra om kvelden.
– Men eg gjer det no lell, sa han. – For det er slik at for meg har Krist alltid vore kjærleik. Og Krist veit at det eg kjenner for Tyra er kjærleik.

Ein dag rundt vårjamdøgn det året Koll kalla Anno Domini 999, kom Svart seglande einsleg mann i ein lettbåt opp i støa nedfor Fånevolden. Bjørnulv var just ute, og gjekk til møtes med han. Svart var bister i åsynet.
– Vel møtt, ven, helsa Bjørnulv. – Kva er det som rir deg at du ser så bister ut?
– Eg har dårlege nyhende til Tore. Bli med meg opp til Borg, så får du og høyre.
Tore la og merke til det bistre åsynet til Svart, og undra om det hadde hendt noko galt med sonene hans. Kona til Svart hadde fødd tvillingar hausten før. Det var to velskapte og kraftige gutar, men så ulike som tvillingar kunne vere. Den eine var nesten like mørk som Svart, og hadde blå auge. Den andre var nesten like lys som mora, men hadde mørke brune auga. Det einaste som var likt på dei var håret. Det var brunt og krølla på begge.
Svart rista på hovudet.
– Nei, gutane er det ikkje noko galt med, enno. Men eg ottast dei kan vere farlause før sommaren er omme. Du får ta til å bu deg, Tore. Som du veit så har eg vore i Trondheimen etter jul. Der spørrest det at kongen etlar seg nordover på kristningsferd til sommaren. Denne gongen rømer nok ikkje kongen unna. Og no har du ikkje lenger Øyvind Kinnriva til å vakte ryggen din.
– Eg høyrte kongen hadde fått livet av Øyvind, men korleis det gjekk til har eg ikkje heilt fått greie på.
– Det er ei lang historie, og folk som fortel ho er ikkje heilt einige om alt. Eg…
Tore heldt ei hand avvergande opp.
– Vent no, Svart. Vi får samle folket og få mat og øl på bordet først. Etterpå er det tid for ei god historie.
Mens dei venta på at borda vart sette opp og maten og ølet bore fram, spurte Tore nytt om Bodvar. Svart kunne fortelle at han handla godt der sør i Trondheimen og samla mykje sølv, særleg for kvalrossreipa frå Bjarmland. Dette gledde Tore seg over, men han vart meir uglad då Svart ymta frampå om at Bodvar visst hadde latt seg døype til nytrua.
– Trur du hen vender seg mot meg? Korfor er det ikkje han som kjem med bod om at kongen planlegg kristningsferd til Hålogaland?
– Ta det ikkje slik, Tore. Så lenge Olav sit i Trondheimen er det ikkje mogleg å drive handel der utan å la seg kristne. Men du har vel og hatt nokre vass-skvettar på hovudet ditt opp gjennom åra, utan at dei har trengt inn i skallen på deg. Ottast ikkje for Bodvar. Han kjem når han kan. Kongen har mange auge, og Bodvar har alle på seg. Dei veit han er mågen din. Bodvar må akte høvet til å komme seg nordover.
Tore gliste og slo seg til ro med det.
Dei gjorde seg til gode av skreimølja. Snart glinsa det av feittstriper i skjegga og gode rap losna kring bordet. Tore hjelpte seg til ei siste skive rogn før han sleika av fingrane og ba Svart fortelle.
– Det starta eigentleg med to håløygske menn, Sigurd og Hauk, som hadde vore på handelsferd til England. På heimtur støytte dei på Olav sine menn på Nordmøre.
Straks kongen fekk høyre at det var komen heidne menn frå Hålogaland, kalla han dei to styrmennene til seg og tok til å snakke om Krist-trua og dåpen. Han snakka lenge med dei og både lokka og trua, men begge sto beinhardt imot. Til sist gjorde han seg grei til å skamfere dei og drepe dei, men like lite nytta det. Det endte med at kongen let dei legge i jern og lenker, og tok dei med seg. Seinare snakka kongen ofte med dei, både treeine og i lag med andre.
Men ei natt slapp dei ut av jerna og vart borte. Folk har undra seg mykje på korleis det gjekk til. Det er ikkje mange ein høyrer om som slepp ut av kongen sine jern og lenker utan at han sjøl vil det. Men kongen heldt eit svare leven då dei to var borte. Han skjelte ut mennene sine, og truga med å henge fleire av dei, ettersom dei ikkje greidde vakte to menn som låg i jern og lenker.
Det vart likevel ikkje av noka henging. Mennene orsaka seg med at det måtte vere trolldom og seidkunstar med i spelet. Enkelte gjekk så langt som til å hevde at det måtte vere Odin sjøl som hadde frigjort dei to fangane. Desse meinte å ha blitt prova rett då Sigurd og Hauk same hausten kom nord til Tjøtta. Der vart dei om vinteren og hadde det godt.
På tidlegsommaren kom dei to brørne seglande til Trondheimen med Hårek i båten. Ein dag Hårek keia seg hadde dei lura han med seg i båten, for å slå tida i hel. Då dei kom noko bort frå øya hadde dei gjeve han valet mellom å bli bunden eller drepen eller la dei råde for ferda og styringa. Hårek likte kleint tanken på å bli drepen. Tanken på å ligge bunden i båten var heller ikkje særleg freistande, så han valde det siste.
Kongen let straks Hårek kalla til seg og ville døype han, men Hårek vreid seg unna som best han kunne. Hårek vart hos kongen lenge, men døype seg ville han ikkje. På seinsommaren ga kongen seg. Han ga Hårek eit skip med 30 mann og bau han fare heim. Dette gjorde han, sa han, fordi han og Hårek var nærskyldte og fordi ingen skulle kunne seie at han hadde vunne over Hårek med svik. Samtidig truga han med at han skulle komme nordover i sommar, og då skulle dei bli hardt refsa som ikkje ville ta ved dåpen.
Straks Hårek kom heim, sendte han bod på beste venen sin, Øyvind Kinnriva. Øyvind kom så fort han kunne, og dei to samtalte mykje om korleis dei skulle bu seg til å ta imot Olav om han gjorde alvor av å komme neste sommar. Ein dag dei gjekk og samtalte på ein kant av øya der ingen budde, kom Olav sine menn over dei og tok Øyvind med seg til Trondheimen.
Kongen prøvde først med det gode å få Øyvind til å døype seg. Kongen lokka både med gåver og veitsler, men Øyvind sa heile tida tvert nei. Det viste seg snart at kongen ikkje hadde like langt tålmod med Øyvind som han hadde hatt med Hårek. Kongen tok straks til å truge, og då det heller ikkje hjelpte, la dei Øyvind ned på golvet og drog kleda av han. Så henta dei eit vaskefat fullt av glør og sette det på magen til Øyvind. Straks sprakk magen. Øyvind ba dei då ta vekk fatet. «Eg trur ikkje det treng stå her lenger», sa han. Kongen tok vekk fatet og spurte Øyvind om han no ville la seg døype. Men det ville ikkje Øyvind. «Men», sa han, «eit råd skal du få hos meg før eg døyr. Bu deg godt om du har tenkt deg til Hålogaland til sommars. Eg trur ikkje dei fleste håløygane er ikkje særleg meir lettdøypte enn eg er».
Det var lenge stilt kring bordet då Svart hadde slutta historia si. Til sist løfta Tore hornet sitt.
– La oss drikke minneskål over Øyvind. Der for ein god håløyg og ven til Valhall.
– Då dei hadde drukke såg Tore igjen på Svart.
– Er det slik å forstå at Hårek sat i ro på Tjøtta og let kongsmennene fare med Øyvind?
– Det seiest så, ja.
– Han akta ikkje
venen sin mykje.
– Kanhende trudde han ikkje at Øyvind skulle vere verre faren enn han sjøl var då han var hos kongen.
– Trur du det? Hårek visste at Øyvind ikkje var nærskyldt kongen. Og svik kan drapet ikkje kallast, så lenge det var kongsmenn som hadde henta Øyvind. Til sommaren er eg redd det berre blir Raud og eg som fer imot kongen. Men eg skal gjere mitt for å prove Øyvind sannspådd. Kvitekrist og kongen skal ikkje komme lett til noko rike her i Hålogaland. Du får ha takk for fortellinga, Svart, endå om ho ikkje var av det mest hugnadsame slaget.
Koll sat oppe då Bjørnulv kom heim. Det var berrsynt at han var nyfiken på kva det var som hadde hendt. Då Bjørnulv hadde fortalt det, såg Koll alvorleg på han.
– Du får velge no, Bjørnulv, kven du aktar mest, Tore eller Kvitekrist.
– Eg har svore eiden min til Tore.
– Men du svor deg til Krist då du tok dåpen.
– Eg svor eiden til Tore først.
– Men du veit at Tore slåss for Odin og anna troll-ty. Trur du Krist vil ta imot deg om du stør ein slik kamp?
– Du snakkar så ofte om ein mild og kjærleg Krist. Korleis høver det med glofatet på magen til Øyvind?
– Krist har mange vegar. Øyvind fekk høve til å angre seg og finne vegen til den evige sæla før han døydde. Så mild var kongen. Det hjelpte berre så lite mot ein trollkar som Øyvind. Kanhende kunne han ikkje heller, for det blir sagt at Øyvind var ein ånd som nokre trollkarar av skridfinnætt hadde mana inn i ein menneskekropp. Far til Øyvind hadde betalt skridfinnane godt for det, fordi han og kona hans ikkje kunne få born.
Den natta sov Bjørnulv lite. Utpå morgonsida døste han av.
To høge menn dreiv og brautest på ein vold. Den ein eine var gammal, gråkledd og med grått tjafset hår. Det glitra av kampglød og – var det morskap? – i det eine auget hans. Den andre var ung, med langt gullgult hår nedover akslene. Auga hans var milde og sorgtunge. Han var ikkje særleg pågåande i kampen, men veik ikkje eit steg tilbake for dei ville åtaka frå den gamle. På kvar sin haug, litt til sides sto to andre menn, begge med spyda kampklare. Begge var overlag fint kledde. Den eine hadde raud kufte og blå kappe, den andre omvendt. Begge hadde gullslåtte hjelmar på hovudet. Ansikta deira fekk han ikkje tak på.
Med eitt låg Bjørnulv sjøl mellom føtene på dei to som braut. Han kjente seg så overlag liten der han låg, men visste likevel at han på eit vis var avgjerande for kampen mellom dei to. Han prøvde så godt han kunne å kravle seg bort frå innimellom dei trakkande føtene, men uansett kor han kraup og kor han åla, så var føtene rundt han heile tida. På eit eller anna vis greidde han heile tida å vri seg unna slik at dei ikkje trødde på han, men bort kom han seg ikkje.
Til slutt greip han i fortviling tak om eine foten til den gamle, og skreik:
– Dette går ikkje lenger. Du får ta til vettet, du som er eldst.
Den unge nytta høvet, greip den gamle om begge akslene og slengte han i bakken så heile jorda skolv. I det same skaut dei to hovdingane spyda sine mot kvarandre. Spydet til han i den raude kappa råka den andre midt i bringa og gjekk rakt igjennom. Spydet til han i den blå kappa sneia berre så vidt den raude kappa.
Den usynlege munnen under den raude kappa lo ein stor latter og brølte til den lyshåra:
– Så skal vi sigre du og eg. Trua til krypet gjev oss kraft.
Den lyse smilte vemodig opp mot hovdingen.
– Ein siger blir det nok. Men fordi du trur dei er kryp, skal du aldri sigre slik du drøymer om. Den endelege sigeren blir min, men ikkje din. Eg skal vinne han saman med namnebroren din, og han skal kallast Den Heilage.
Den gamle, grå mannen på bakken løyste seg opp og kvarv. Til slutt var det berre igjen ein naken tanngard som glefste etter føtene til Bjørnulv. Tanngarden hogg seg fast on ankelen hans, og han skreik og skreik.
Bjørnulv kjente hender slite i seg. Han sprang og sprang, men hendene berre sleit og rista meir. Langt borte høyrte han ein stemme, men han kunne ikkje høyre orda. Endå så langt han hadde sprunge, sto den lyse framleis like ved sida hans. Den lyse vaks og lyste. Han vart så stor at han fylte heile synsranda. Han la hendene sine på Bjørnulv. Dei var svale, men endå varmande. Han lutte seg ned over Bjørnulv og kviskra, og endå var orda som torden.
– Stå ved eiden din, Bjørnulv, den første. Eg likar ikkje eidsvikarar. Men når han du svor første eiden din er borte, då står eiden din til meg desto fastare, for alltid.
Med eitt kunne Bjørnulv høyre orda til den første stemmen. Det var noko så kjent og underleg kjært ved stemmen som mana han. Også desse hendene var svale, men varmande. Han slutta å stritte imot, berre seig inn i den svalande varmen frå hendene og den gode og kjære stemmen.
– Bjørnulv, kom no. Du har vore lenge nok der du er. Kom no, annars kjem du kanskje aldri. Kom no Bjørnulv, vi treng deg her, kom.
Ranveig sto bøygd over han, og hendene hennar heldt kring han. Auga hennar var alvorlege, men det flakka ein liten smil kring munnvikene.
– Er det du, Ranveig?
– Javisst er det eg. Ser du meg?
– Eg ser deg.
– Då er du her. Det er godt. Men no skal du ikkje sove meir. Du skal stå opp. Eg har åbiten klar.
Han fekk på seg noko klede og tumla seg ut av koven. Elden lyste på grua, men hadde enno ikkje fått skikkeleg tak på den kulsande kulda i rommet. Ranveig sat innved åren attmed eit bord Koll hadde sett opp der. Ho hadde eit ullsjal godt kring seg, og kasta ein mjuk og vakker fell bort til han. Han såg det sto suvl og brød på bordet, og kjente lukta av varmt, krydra øl. Ranveig let han ete utan å seie noko. Først då han var ferdig spurte ho:
– Veit du meir no enn då du sovna?
– Eg trur det.
– Veit du nok til å velge?
– Ja
– Det er godt, kva det no enn blir.
Skreifisket var over og mennene hadde fare heim for å bu seg til ei verre ofse, før Bodvar kom. Det var glede på Borg over at han kom med knarren. Dei hadde frykta at han hadde måtta legge den igjen i Trondheimen for å komme seg unna auga til kongen. Heilt beinkløyvd hadde det heller ikkje vore for Bodvar å komme seg unna. Men ein kveld Bodvar og nokre av mennene hans hadde vore i hallen hos kongen, hadde han latt resten av mennene sine lure seg ut med knarren og legge seg til på Flakk og vente, med streng ordre om at kom det kongsskip ut frå Nidarosen skulle dei segle nordover det fortaste dei vann, utan å vente på Bodvar. Om natta rei Bodvar og dei mennene som var i lag med han, til Flakk, der skipet låg og venta.
– Var du innom Hårek? undra Tore.
Bodvar såg uglad ut.
– Ja, eg var hos Hårek.
– Så! Det var som eg ottast. Han budde seg ikkje?
– Til strid var alt ubudd. Eg spurte han, men fekk berre svevande svar om at enno var ikkje noko visst. Eg vart ikkje lenge hos Hårek, denne gongen. Eg vart ikkje lenge hos Raud heller. Det var ikkje naudsynt. Han bur seg. Han har alt bygd veter så han kan varsle oss om kongen kjem tidlegare enn vi ventar han. Det er greit at Raud heller vil rå seg sjøl, enn å bli kongen sin lendmann og Kvitekrist sin træl.
Ein dag kom Kalv Kvite ridande sjøl sjette til Borg. Han helsa høvisk på Tore, men ville ikkje la seg be inn.
– Nei, eg har mykje å gjere, og vil ikkje gjere turen til Borg lengre enn han treng. Eg ville berre la deg vite at eg har sjøsett langskipet på Li. Som du veit, følgde det ikkje med i gardskjøpet, men Skafte har gjeve meg det til låns, så eg kan følge deg mot kongen. Skafte er ein stor blotmann, veit du. Han ville like lite som eg trivast med ein Kristmann på Borg. Om det er så at du vil ha meg i følget ditt?
– I denne striden har eg ikkje råd til å velge meg vener. Kvart skip og kvar mann som vil følge, får vere velkomen.
– Det er ei sak eg tenkte du kunne hjelpe meg med om du ville. Eg har ikkje stavnbu til skipet mitt. Om du så syntes, vore det gildt om eg kunne låne Asgaut, men han treng du vel sjøl, så eg vart nøgd om eg fekk Kjartan.
– Asgaut er stavnbu på skipet mitt og Kjartan på Bodvar sitt, så dei kan du berre glømme. Men er det ikkje slik at du ofte drikk i lag med Halvdan Sigurdsson? Det er ikkje så mange vintrar sidan han var modig nok til å dra sverdet sitt i gildehallen min mens vi drakk jul. Korfor tar du ikkje han til stavnbu og lar han få prøve motet sitt mot Olav Tryggvason?
Kalv vart om mogleg enno kvitare enn vanleg.
– Eg trur eg har fått omlag nok av spitorda dine, kvæste han og snudde seg.
– Ro deg no, Kalv. Eg var kanhende i raskaste laget no. Du veit eg har fleire dugande karar på garden min, og du kjenner alle, så berre la meg vite kven du vil ha, så får du han. Men dei to som du nemnde kan eg ikkje låne bort.

Neste kapittel

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.