Grågud og kvitekrist – kapittel 12

Ein dag utpå vår-sommaren steig det tung røyk frå ein vete borti Salten. Sju skip med «Gullveng» i brodden låg velbudde i Borgpollen og venta på bør. I neste augeblinken fata veten på Blåtinden. Det steig eit sus frå skipa og frå mennene på land. Då Tore kom ridande frå Borg, hadde alle mennene funne sessane sine ombord i skipa. Alle mennene reiste hill-rop og slo på skjolda sine då Tore tok plassen ved styreåra ombord i «Gullveng». Berre i Li-skipet var hyllinga avdempa.
Dagen var ein av dei stillaste denne våren, men mennene greip utan å kny til årene og hæren gleid ut av pollen. Sundklakkstraumen bar imot, men skipa var nybreidde og lettrodde, så det var berre nokre få som murra om at det hadde vore lettare å gå nordom Gimsøya og ro seg sørover gjennom Gimsøystraumen. Dei tagna då andre minte dei om at Gimsøystraumen bar same vegen som Sundklakkstraumen, og at før straumen snudde ville dei vere langt utimot Vestværbakkane og ha opne Vestfjorden framfor seg.
Også denne gongen hadde det blitt slik at Bjørnulv sat ombord i «Gullveng» og ikkje ombord i Steinbjørn sitt skip. Som alle andre som først og fremst var bogeskyttarar, sat han atte i skipet. Han la merke til at Gaute sat midtskips og hadde
fått rotørn frå starten av, og var glad for at dei ikkje sat nærmare kvarandre. Då ville det ha vore vanskeleg å unngå å nemne noko om at mens Steinbjørn segla sitt skip mot Olav Tryggvason for andre gong, så sat Frode Gautason heime med sitt skip også denne gongen. Som vanleg ville Frode «Ølvom» sjå kva veg krigslykka snudde, før han tok parti.

Det var eit syn å sjå «Ormen» og «Gullveng» segle jamsides sørover langs kysten. Mennene visste at her segla dei to største skipa i landet, styrt av to av dei største styrmennene i landet. Alle visste og at dei to styrmennene nytta kvart minste pust av vind for å forsøke å dra litt ifrå den andre. Men skipa låg som om dei var bundne saman. Brysta til kvar mann bula av byrgskap over å vere med i slik ein hær.
Børa var god no, sørover frå Salten. Mindre røynte styrmenn mulla noko om at her kanskje burde minskast segl og settast ei klo eller to, men begge hovdingane segla for fulle segl, og ingen ønska å bli hengande etter og tole spiten for det. Skipet frå Li tok inn vatn fleire gonger, men ikkje så mykje at dei ikkje greidde ause etter kvart.
Bjørnulv visste ikkje heilt kor han henta motet ifrå då han maka seg bort til Tore og stilt orda frampå at dei kanskje burde minske segl slik at mennene hos dei dårlegaste styrmennene ikkje var heilt utslitne når dei støytte på Tryggvasonen. Tore berre lo, men litt seinare såg Bjørnulv at han signaliserte til Raud, fekk svar tilbake, og begge skipa sette to klør. Det var nesten slik at Bjørnulv høyrte sukket av lette frå fleire av skipa då det skjedde.
Det var seint om kvelden då dei søkte hamn i Lovund. Bonden der var ein langfrende til Raud. Han tok imot dei som var dei lenge sakna frendar som omsider kom. Han kunne og fortelle at kong Olav Tryggvason hadde segla forbi dagen før, og søkt inn Ranfjorden.
– Det vart vel for tungt for dei velfødde kongsmennene å ha vinden rett imot så lenge, flein han.
Dagen etter rodde dei inn Ranfjorden. På lang avstand vart dei vár kongeskipa og såg at kongen hadde mange fleire skip enn dei.
– Denne gongen treng han ikkje rømme for overmakt, kongen. Beste vona vår er at vi har to skip som er større enn kongen sine, grynta Tore der han sto i løftingen.
Han vinka over til Raud og dei la dei to skipa åt kvarandre og batt dei saman. Sidan batt dei åt dei andre og mindre skipa på kvar side, men slik at «Gullveng» og «Ormen» vart liggande så mykje lengre fram som dei var lange til. Berre Steinbjørn let ikkje skipet sitt binde saman med dei andre. Ein av dei yngre mennene i bakrommet undra seg over dette og sa:
– Gjer han seg klar til å fly alt no, Øgsfjordhovdingen?
Som takk for det fekk han eit drag over nakken frå ein av dei eldre.
– Akt kjeften din, kvelp. Steinbjørn flyg ikkje før han må. Dette er noko hovdingane har samsnakka seg om. Det er ofte bra å ha eit laust skip som fritt kan støyte til der det trengst mest.
Kongen la seg med «Trana» fram mot «Ormen», som var det staselegaste skipet. Han meinte truleg at det var der hovdingen for hæren var.
Frå «Ormen» kasta dei straks anker og stamnljåar ombord i kongeskipet og hadde overtaket i starten fordi «Ormen» var så mykje høgare enn «Trana». Frå det høge «Ormen» kunne dei skyte både med piler og spyd ned mot kongeskipet, og der tok det snart til å tynnast i framrommet. Men kor mange dei enn drap, så fyltest det opp med folk frå lenger bak i skipet og frå dei andre kongeskipa.
Slik gjekk slaget i midten til håløygane sin fordel, men etter kvart vart det klart at dei tapte slaget på fløyane. Kongsmennene rydda skip etter skip og hogg dei laus. Det hjelpte ikkje stort at Steinbjørn såg ut til å vere alle stader samtidig med skipet sitt for å hjelpe til der det trongst mest. Snart var det berre «Gullveng» og «Ormen» igjen i fylkinga til håløygane. Det siste skipet som vart entra var skipet til Bodvar som låg til venstre for «Gullveng». Bodvar og nokre få av mennene hans greidde å komme seg over på «Gullveng» før skipet hans vart hogge laus.
Då sa Tore:
– Du Bjørnulv, du skyt betre enn dei fleste. Ta deg framover i skipet og sjå om du greier å få sett ei pil i kongen.
Bjørnulv åla seg framover i skipet, men det var ugreitt å ta seg fram, for midtskips hadde kongsmennene tatt til å komme ombord i «Gullveng». Likevel greidde han å lure seg forbi verste kamptummelen og kom seg opp på ei kiste for å komme høgt nok til å få skott på kongen. Han la pila på strengen, stramma buen og sikta mot halsen til kongen, der brynja ikkje var i vegen. Just i det same han slapp pila, kom ein av kongsmennene springande. Det var han som fekk pila gjennom halsen og stupte framfor føtene til kongen.
Bjørnulv beit tennene saman og fiska fram ei ny pil. Sakte stramma han buen. Nett i det same han skulle til å sleppe pila, råka eitkvart han i hovudet, og alt vart svart.
Raud gjorde teikn til Tore. Tore nikka, og frå begge skipa tok dei til å hogge over taua som batt skipa saman. Både Raud og Steinbjørn rodde til havs og drog opp segla. Raud var så stor ein trollkar at han støtt hadde bør der han segla. Og så sterk var trollkrafta hans at også Steinbjørn fekk bør berre han greidde å halde seg nært nok «Ormen».
Tore flydde med «Gullveng» inn mot land med «Trana» og fleire av dei andre kongeskipa etter seg. Rett utfor land hogg dei hol i skipet og let det søkke mens dei sprang på land.
Idet Tore forlet skipet såg han det rykkte i den eine armen til Bjørnulv, og forsto at han var i live. Han bøygde seg ned og fekk kasta Bjørnulv opp på aksla. Dette seinka Tore såpass mykje at han snart hadde kongen i hælane på seg. Han såg ingen annan utveg enn å sleppe Bjørnulv.
Olav var kjent som ein stor idrettsmann, men Tore hala likevel ifrå. Då ropa kongen til hunden sin som han hadde i lag med seg:
– Vige, ta hjorten.
Hunden for etter Tore og kasta seg over han. Tore stoppa og hogg etter hunden og ga han eit stort sår, men det hefta han såpass mykje at kongen kom nær nok til å kaste spydet sitt. Det råka Tore under eine armen, og kastet var så kraftig at spydet gjekk tvers gjennom han og sto ut på andre sida.
Bjørnulv vakna av at einkvan sparka han lett i sida. Det første han såg var ei raud kappe som båra i den lette vindgusten.
– Kjenner du denne pila?
Bjørnulv stavra seg på føtene, men hadde vanskar med å feste blikket på grunn av hamringa i hovudet. Etter ei tid greidde han å sjå at mannen sto med ei avbrekt pil i hendene. Han nikka. Det skulle han ikkje ha gjort, for det fekk nye smerterier til å skyte gjennom hovudet så han rava. Ei hand kom ein stad ifrå og stødde han.
– Det er mi pil, stønna han.
– Då var det du som skaut Sigvat herse så han datt på foten min. Og då er vel denne pila og di?
Denne gongen var det ei pil som odden var brekt av.
– Denne pila gjorde dette før ho gjekk med heile odden inn i styreknappen.
Mannen viste fram eit smalt sår langs halsen.
– Du er ein god skyttar, men Kvitekrist heldt handa si over meg i dag. Eg kan trenge folk som deg. Om du lar deg døype og sver truskap til meg, skal du få plass i krapperommet på skipet mitt.
– Døype meg treng eg ikkje, av di eg er døypt, om du godtar dåpen til ein irsk munk som lenge har vore træl i Lofot. Når det gjeld truskapseid så meiner eg at eiden min til Tore står ved lag enno ei tid, endå om du så har fått livet av han.
Bjørnulv såg at kongen likte svaret kleint.
– Vil du då at eg heller skal ta hovudet ditt?
– Om du synest du må, så ser eg ingen annan utveg. Men eg forstår ikkje kva du skal med ein eid-svikar i krapperommet ditt. Svik eg eiden til Tore, så kan eg vel like lett svike eiden til deg.
– Du seier at ein irsk munk har døypt deg. Korleis kan det då ha seg at du slåst for Odin og mot Krist?
– Eg slåst ikkje for Odin. Eg slåst for Tore. Eg slåst ikkje mot Krist. Eg slåst mot ditt herrevelde, konge. Endå var valet ikkje lett, før Krist kom til meg i ein draum og baud meg ære eiden min og viste meg at han likevel ville vinne over Odin.
– Fortel meg draumen din.
Då Bjørnulv var ferdig såg kongen undrande på han.
– Du er visst ikkje ein som talar storfolk etter munnen, du. Men vi får no sjå om du er sanndrøymt. Du har gjeve meg mange grunnar til å hjelpe deg av med hovudet ditt. Likevel trur eg det er best det får vere der det er. Det er ikkje så mange menn oppi Lofot som får gjesting av Krist i draumane sine.
Bodvar blødde mykje frå eit sår i høgre armen. Han var bleik, men i live og hadde fått grid av kongen fordi han var blitt døypt i Trondheimen. Dei fekk vite at Asgaut hadde blitt hardt såra under slaget, og hadde neppe hengt ved livet særleg lenge om han ikkje var blitt hoggen i hel av kongsmennene då han nekta å la seg døype. Kjartan fekk dei ikkje spurlag på, endå fleire av mennene meinte dei hadde sett han springe i land frå «Gullveng». Gaute, fekk dei vite, hadde gått i kongen si teneste. Både Svart og Kalv Kvite var blitt hogne i hel av kongsmennene; Svart fordi dei trudde han var ein djevel og Kalv fordi han nekta å la seg døype. Dei som hadde hogd Svart kom seinare til kongen og skrytte av at dei hadde drept ein djevel. Då fekk dei skarp refs av kongen fordi dei ikkje hadde bydd han grid som alle andre.
Dagen etter heldt kongen dåp over alle dei mennene som enno var i live.
Etter dåpen kom han bort til Bodvar og Bjørnulv.
– Eg har forhøyrt meg med Gaute om gardane oppi Lofot#. Borg med Fånevolden, Li og Helle tar eg. Du, Bodvar, kan bli sittande på Hol. Du kan ta dei skipa du treng for å segle deg og mennene dine nordover. Eg ventar at det er gjort i stand til meg på gardane mine når eg kjem etter for å kristne folket.
– Korfor tar du garden til Bjørnulv og ikkje min?
– Det er ikkje hans gard, men Steinbjørn sin. Eg får sjå om eg får stunder til å gjere meg ein skjøyt inni Øgsfjorden for å tukte Steinbjørn mens eg er nordpå. Viss ikkje får årmannen som eg set etter
meg på Borg syte for det. Etter det eg forstår vil ikkje Frode på Fjell vere uvillig til å hjelpe til med å tukte Steinbjørn.
Då dei landa i Holsfjæra sa Bodvar:
– Eg har sett meg føre å rive langhuset på Borg og segle til Island med det.
– Men på Island finst det vel ikkje ubygd mark lenger. Har du tenkt å sitte som huskar hos ein storbonde der?
– Vi har frendar på Island. Ætta etter Olav Tvennumbruni er nærfrendane til Tore. Dei kan vel hjelpe meg til å få kjøpt ein gard. Og skulle ikkje det vere mogleg, så finst det enno ubygd mark på Grønland, og i Vesterbygda sit ein ikkje så nær under makta til Eirik Raude. Han har no elles ord på seg for ikkje å vere den lettaste å leve nær innpå. Kjem du med?
– Eg har ikkje mykje som bind meg her lenger, når du fér. Men først må eg austover og åtvare far min, om du låner meg båt.

– Du finn vegen?
Bodvar kasta fanglina ombord i båten.
– Denne Molldøra som eg har høyrt gjete, veit eg ikkje om eg vågar meg på, men om veret held seg, så er det ingen risiko å segle den trygge leia sørom Skrova, og då er resten berre beine vegen.
– Men om veret endrar seg, finn du fram gjennom Molldøra då? Det er ikkje så vanskeleg.
– Vi får sjå. Eg kjem vel fram på eit vis, om det er så laga.
– Du er sikker på at du ikkje vil ha med deg ein mann som kjenner leia?
– Du treng dei folka du har. Du har ikkje så mange att. Og snart er kongen her. Då må du vere borte.
– Enn du då?
– Om eg når det, så.
Veret laga seg som skulle det ha vore tinga. Bjørnulv kjente seg nesten som ein Raud den Rame der han for. Ein og annan gongen måtte han krysse seg litt fram mot vinden, men stort sett låg han på eit stendig slør den leia han skulle, og vindstyrken var stort sett lagleg for ein liten båt. Berre akkurat idet han runda Skrova måtte han sette eit par klør. Snart låg Hundsneset der strekte sin lange peikefinger ut mot øyene utafor.
Ved Hundsneset la han seg inn mot land, og segla nært inn mot Fjell. Der fira han seglet og la seg til å drive, let hatet båre i bringa på seg mens han stirra mot langhuset som luta seg inn mot Ørnhaugen. Han såg nokre trælar som sto og hakka i jorda oppe på Kjøpstaden. Så vart han vár ein mann som sprang frå Ålberrshaugen og opp mot husa. Han forsto at no fekk Frode Ølvom njosn om den framande båten som låg og dreiv, og fann det likast å heise seglet før dei kom etter han.
Husa i Kjos var like gråe som han hugsa dei, men han såg at mykje var vølt for ikkje lenge sidan, og at ingen av taka var innfalne.
– Han stokk då han nesten gjekk seg rett på den høge, gråe skapningen i bakkane opp mot husa. Har han enno ikkje gjeve meg opp, fór det gjennom han, og han sette i:
– I Kristi namn…
– Du treng ikkje bruke Kristi namn mot meg, Bjørnulv, eg har ikkje tenkt å gjere deg noko vondt.
– Eg trudde det var gråguden. Du har lagt bort fargene igjen?
Steinbjørn lo ein hås latter.
– Du treff neppe gråguden her. Det er lenge sidan han eg har hatt noko med kvarandre å gjere. Når det gjeld fargene, så høvde dei for Steinbjørn hovding. For Allat er det best å kle seg i léter som ikkje synest for godt. Eg trur ikkje Ipmel vernar meg betre enn gråguden har gjort. Den som vernar meg best er eg sjøl. Då er det best å ikkje brikje for mykje.
– Eg kjem får å åtvare deg, far.
– Du skal ha takk for det, endå om det knappast var naudsynt. Men kom no. Her er ei som nok vil sjå for ein skapeleg mann eldste sonen hennar er vorten.
Den runde og smilande kvinna var mykje mindre enn han kunne hugse. Dei to vart berre ståande og sjå på kvarandre, heilt til Steinbjørn ga han ein kraftig dult i ryggen.
– Hels no skikkeleg på mor di gut.
Han snåva eit par skritt fram og nesten datt inn mot mor si. Ho sto støtt som eit fjell og slo armane kring han. Lenge sto dei slik. Så reiv ho seg laus og var som snarast med hende oppi augekrokane.
– Huff, så dum eg er. Stå slik. Du må vere svolten som har sigla så langt. Fridlaug, kor er du?
Ei ung taus stakk hovudet inn gjennom sidedøra.
– Nå, der er du. Vi har fått framand. Sjå til at det kjem mat og drykk på bordet. Steinbjørn, hent inn gutane så dei får møte bror sin.
Steinbjørn smilte og rista litt på hovudet før han bøygde seg ut døra.
Den runde, vesle kvinna før lettbeint som ein vind ut og inn døra, fekk inn eit par andre tauser som sette opp bord og la duk på. Før duken var skikkeleg lagt var mora og Fridlaug der med mat og ølkjenger. Snart sto det ein ovhendig overflod av kjøt og fisk og brød på bordet.
Ho såg orsakande på den vaksne og ukjente sonen sin.
– Eg vonar du tar til takke om maten er kald. Eg reknar med at du er svolten og vil ha maten no, men om du så vil, så tar det ikkje allverda med tid å få til noko varmt. Eg kan…
Ho var på veg ut døra i det same, men Bjørnulv fekk stoppa ho.
– Du har rett. Eg er svolten. Det ser godt ut slik det er.
Ho fekk han ned på benken og tok til å skuve fata bort til han. Han måtte nesten halde hendene hennar for å hindre at ho putta maten i munnen på han.
– Vent no litt mor, eg er ikkje så ihelsvolten at eg ikkje kan vente til far og brørne mine kjem.
– Vi er her.
Bjørnulv såg mot døra. Alle tre var komne inn utan at han hadde høyrt ein lyd.
– Fér de alltid så stilt?
– Vi har lært oss det. I fjellet er det ikkje våpengnyet som skaffar mat i munnen.
Dei to brørne var begge like faren. Den eldste var nesten like høg som faren og var ein ung mann, om skjegglaus enno. Den andre såg ut til å kunne vere ein tolv-tretten vintrar, men høg for alderen og noko meir breilagt enn faren og eldste broren.
– Hljote og Fåne, de får helse høvisk på bror dykkar.
Begge steig fram mot bordet og helsa slik det høver seg mellom hovdingar.
Det vart snakka lite kring bordet, og Bjørnulv la merke til at begge brørne hadde ein mykje vakrare bordskikk enn han hadde sett hos vørde folk i hallen på Borg. Han la og merke til at dei fór varsamt fram mot ølhorna sine. Så var vel det noko som låg i ætta, truleg.
Omsider rapa Steinbjørn godt og skuva matfata frå seg. Han drakk djupt av ølhornet, sette det frå seg og sukka.
– Eg trudde lykka no var i ferd med å vende tilbake til ætta vår, men det vart berre ei kort gjesting. Vi gjer det vi må. Vi gjer det rette, men lagnaden løner oss kleint for det. Ætta vår har lidd hardt av di langfar vår reiste odd og egg mot Harald Luva. Han fekk betale harde bøter til kongen, bøter som gjorde oss til fattigfolk. Du, Bjørnulv, er den av oss som hardast har kjent kva det førte med seg. Veit du kva denne kongen etlar seg til?
– Å ta alt.
Dei høyrte tyste på mens han fortalde kva som hadde hendt etter at slaget var over.
– Eg trudde det. Jaja, han skal bli mindre rik av det enn Luva’n vart. Torhild, kva seier du til å ta fjellet fatt? Du er bra lettbeint enno.
Ho la handa si bortpå armen hans, samtidig som ho såg seg om i hallen.
– Å ja, fjellet. Det har gjeve meg mang ei god stund. Du veit, på eit vis såg eg vel fram til å bli gammal i denne hallen og komme i jorda her, men lagnaden ville det annleis. Ja, Steinbjørn, eg trur fjellet ventar på oss, deg og meg og gutane. Fjellet og finnane, dei svik oss ikkje.
– Og du, Bjørnulv, blir du med?
Det var nesten noko bedande i stemmen til Steinbjørn. Bjørnulv vreid seg og fann ikkje orda som trongst. Mora kom som snarast med handa si bortpå armen hans.
– Du treng ikkje seie noko, Bjørnulv. Du veit vi alle gjerne ville hatt deg hos oss, men du må vere der Gyda er.
– Men eg har då ikkje fortalt noko om…
Ho klappa han på armen igjen.
– Far din har fortalt.
– Korleis kan han vete..?
– Han ser og høyrer meir enn folk flest, far din. Visste du ikkje det? Han er mest som gråguden, far din, ja meir enn det. Far din, han har ikkje berre eit par ramnar han lyder til. Kvar einaste fugl, sjøl den minste sporv og meis har eitkvart å fortelle far din. Du skal lyde vel på fuglane, Bjørnulv. Eg trur du har det i deg, du og.

Idet båten runda Hamnneset tok dei første eldblomane til å breie seg ut oppe på Kjos. I det same vart det så rar ein vind at den fukta auga til Bjørnulv og han mumla til seg sjøl:
– Han drøyer ikkje lenge med å sette i verk det han har bestemt seg for, far min.
Akkurat idet han hadde Myrodden om styrbord og lendet var i ferd med å opne utsynet inn mot Fjell, skaut det fram tre seksæringar på tvers av kursen hans. Han forsto at det var Frode Gautason sine menn, og utan å tenke seg om hogg han styreåra hardt over i babord. Dermed kom han for mykje opp mot vinden. Segla slo, og han tapte fart. Før han fekk justert kursen og seglføringa var dei over han. Han slapp alle taua, let båten sigle som den ville, greip sverdet og sto imot så godt han kunne, heit til eitkvart traff han i hovudet slik at han ikkje visste av noko meir.
Det første han såg då han vakna, var ei stor ølvom som dissa over han. Det neste han merka var at han ikkje kjente armane sine. Det fór kaldt gjennom heilen hans. Slaget i hovudet hadde gjort han lam! I neste augeblinken marka han tauet som skar seg inn både overarm og handled. Smerten sendte ei kjensle av lykke gjennom han så sterk at han nesten brast i latter. I neste augeblinken gjekk det opp for han kor latterleg det var å kjenne lykke over at han låg svinebunden under det som utan tvil måtte vere Frode Gautason si ølvom. Det vanvittige i desse kjenslene gjorde at han ikkje var i stand til å halde tilbake eit knis. Som svar på det mottok han eit hardt spark i sidebeina.
– Om det er så at du synest dette er morosamt, så kan eg godt gje deg meir å more deg over.
Bjørnulv tagde, og fekk eit nytt spark.
– Legg han i sørburet til i morgon. Då vonar eg mesteparten av morskapen er gått or han.
Det vart ei lang økt i sørburet. Mat og vatn såg han ingenting til, berre eit og anna flirande ansikt i døra ender og gong. Heile tida arbeidde han som best han kunne for å halde blodstraumen gåande
på eit vis ut i hender og føter.
Ein eller annan gongen måtte han ha sovna, for han vakna av at ei hand la seg over munnen hans for å hindre han i å gje lyd frå seg. Eit ansikt luta seg ned mot han og kviskra:
– Hald stilt, Bjore, eg skal hjelpe deg fri.
– Kven er du? Korfor..?
– Hysj! Kjenner du meg ikkje igjen, Bjore?
– Holla, er det deg? Her er så skumt og du er blitt så…
– Ja, eg veit det. Eg er ikkje mange vintrane eldre enn du. Likevel er eg gammal vorten, gammal av slit og barnefødslar.
Ho tok til å sage med ein sløv kniv på banda som batt armane hans.
– Men kva er det du gjer, Holla. Enn om dei kjem? Enn om dei finn ut?
– Eg håpar dei ikkje kjem før du er borte. Etterpå kan det vere det samme. Du er så ung og vakker og stolt, Bjore. Eg vil ikkje at han, ølvomma, skal få kue deg slik han kuar alle. Når du er laus, ligg båten klar. Det er berre Fjoste som er på vakt i natt, og han sovnar støtt når det lir fram mot morgonen. Nett no søv han tyngre enn han pla gjere. To av dei unge trælane, gutar berre, har ordna det. Dei vil gjerne bli med deg, om du gjev dei lov.
Han sat og gnei armane sine mens ho gnikka laus på banda som batt i hop føtene hans. Det stakk som eldar straks blodet tok til å renne fritt igjen.
– Enn du, Holla, blir ikkje du med?
Ho hiksta til med det same og kniven glapp og skar ei flenge i hosene hans. Han kjente noko renne nedetter leggen. Orda som kom sat så fast i halsen hennar at dei mest ikkje var til å tyde.
– Takk for dei orda, Bjore, men det er for seint. For meg. Ta med deg dei to ved båten. Ein av dei har same mor som eg.
Dei to unge trælane møtte han med togn, men kasta halvt nedslåtte, halvt spørrande blikk på han. Ingen av dei greidde å mote seg opp til å spørre om dei fekk vere med. Brått lyste ein av dei opp i eit lurt smil. Han vinka Bjørnulv med seg og løfta på eit klede som låg framme i båtskotten. Bjørnulv Trudde ikkje sine eigne auge. Våpna hans låg der! Han slo armane om den unge trælen og vinka den andre ombord. I det same dei kasta fanglina ombord, høyrte dei skrik frå Ålberrshaugen.
– Det gjer ikkje noko, tenkte Bjørnulv. – La dei berre skrike. Vi seglar frå dei. Og kjem dei for nær, så har eg både boge og piler og folk til å passe styreåre og segl. Det blir verst for dei om dei kjem oss for nær.
Vestom Skrova segla dei tvers igjennom ein hop med måsar som forlysta seg på ein sildeknute. Børa var god, så dei sjoa raskt gjennom. Likevel kunne ikkje Bjørnulv unngå å høyre kva fuglane skreik om:
– Sjå der seglar Bjørnulv Steinbjørnsson. Han skal til Island og kanskje endå lenger. No sit ho og ventar på Hol, møya som skal følge han.
Bjørnulv halla seg mot ripa og lo. Dei to ynglingane såg undrande på han, men vart rivne med. Latteren blanda seg med måseskrika i eit jublande:
– Til Island, til Island og kanskje endå lenger!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version