Grågud og kvitekrist – kapittel 3

Det sat ingen menn kring langborda og drakk oppe på Borg. Borda var tatt ned, og mennene var samla i ein klynge som elta ein open plass rundt høgsetet. Der sat Tore Hjort med tre bakbundne menn framfor seg. Bjørnulv såg at det var tre som tidlegare hadde halde seg
mykje i lag med Kalv Kvite.
– …så ettersom det er ei stor forsøming å sovne på vakt, høyrde dei Tore seie, – meinte eg det rettaste måtte vere å halde husting for å avgjere kva vi skal gjere med desse tre karane.
Han tidde litt før han heldt fram:
– Å sove på vakt er til ei kvar tid ille, men i desse dagar er det verre enn det lenge har vore. I desse midtvinterstider er det mangt av vetter som må haldast frå gards med eld og stål. Men eg ser ikkje dette som det viktigaste. Vi veit at no sit det ein kristningskåt Luva-ættling sør i Norge og vil legge også Hålogaland under seg og kristningsverket sitt. Vi veit og at det sit ikkje lenger nokon Ladejarl og vaktar leia nordover. Hårek på Tjøtta gjer nok så godt han kan, men endå om han ikkje just er nokon småmann, så skortar det mykje på at han har Ladejarlen si makt. Og i slike tider er det folk legg til å sove på vakt. Er det nokon som har meining om korleis dei skal straffast?
– Heng dei, var det ein som ropte.
– Heng dei, var det fleire som sanna i.
Då snudde Tore seg til Bodvar Bjarmlending.
– Eg har gjort det kjent at til sommars skal du bli mågen min. Då er det ikkje meir enn rimeleg at eg tiltrur deg såpass vett at eg høyrer kva du har å seie før eg seier nokon dom i denne saka.
Bodvar tok seg god tid før han svara.
– Du ærar meg med spørsmålet ditt, herre. Og eg veit ikkje om eg har vit og visdom enno til å gje deg råd. Men eg høyrte godt etter då du tala. Og det slår meg at vi kan vente ufred, stor ufred, frampå våren eingong, om ikkje før. Desse tre som no står bundne framfor deg, dei er dugelege med sverdet. Og eg trur ein kvar god sverdarm vil telle i den ufreden som må komme. Og hengt manns arm hjelper lite. Dei blir heller ikkje stort å ha med seg om vi høgg av dei ein arm eller ein fot. Men folk som søv når dei har anna å gjere, er heller ikkje stort å laste skip med. Likevel trur eg at eg vil gje det rådet at du lar dei leve. Set dei til å halde vakt i natt og, så
dei får vise om dei kan halde seg vakne. Eg synest du kan lyse ut at kvar den som søv på vakt etter dette blir blota til Odin.
Mange lo og syntes dette var godt tala. Men det var og dei som murra om at skulle ein hovding vise seg så mjukhjarta, så kunne han berre gå i haug og la gardvettane ta over garden igjen, like godt først som sist.
Tore sat ei stund og høyrte på folkemeininga, så sa han:
– Eg synes Bodvar har vist seg som ein god rådgjevar. Likevel meiner eg at han er noko mild i høve til det brottsverk dei tre har gjort seg skyldig i. Det er sant at det tener oss lite om dei sit med ein avhogd fot eller arm når denne norskekongen kjem. Daude sloss dei endå dårlegare. Likevel trur eg dei treng å hugse, og hugse godt at vi her på Borg ikkje finn oss i at vaktmenn søv. Eit høveleg minne kan det vere om dei saknar veslefingeren på venstre hand. Eg dømer derfor at alle tre skal få avhogd veslefingeren på venstre hand. Dei skal i tillegg stå vakt i natt som kjem. Eg lyser elles ut at alle som blir tatt i å sove på vakt så lenge vi drikk jul, dei skal blotast til Odin.
Bjørnulv såg ned på sin eigen veslefinger då han høyrte Tore avseie domen. I det same han såg opp syntes han eit augeblikk at Tore såg nettopp på han, Bjørnulv, og at det låg eit lite smil i blikket.

Gaute var bratt i nakken då Bjørnulv trefte han etterpå. Bjørnulv forsto at noko måtte ha hendt, og det datt snart ut av Gaute at han var ein av dei som var plukka ut til å stå vakt om natta. Bjørnulv forsto at Gaute tok det som eit teikn på at han no var godtatt som fullgod huskar på Borg. At Bjørnulv ikkje hadde fått ei sånn godkjenning enno, gjorde ikkje Gaute si sjølkjensle mindre.
– Du får akte deg så ikkje sovnar, då, datt det ut av Bjørnulv.
Gaute såg eit augeblikk rasande ut. Så lo han.
– Ikkje ver misunneleg no, Bjørnulv. Din tur kjem nok snart. Men no trur eg borda er sette opp, så no går vi inn og får oss mat og nokre horn med øl. Kom no.
– Gå berre du. Eg har ete og eg er ikkje særleg lysten på øl just no. Drikk ikkje for mykje, Gaute. Hugs at ein blir trøytt av for mykje øl. Eg vil ikkje gjerne sjå at du skulle bli blota til Odin.
Gaute lo og rista på hovudet.
– Du snakkar som du har vett til, Bjørnulv. Det er vel når ein skal stå vakt at ein treng litt i kroppen. Dessutan er det lenge til dess.
Bjørnulv vart gåande og drive mellom husa, endå om veret var langtfrå godt. Vestavinden sto inn frå Vestfjorden og dreiv føre seg ein vegg av regn og sklette. Skulle ein døme etter veret, såg det ikkje ut til at gudane var særleg nøgde med blotet. Men om det var lågt ver kring midtvinter, så kunne det likevel bli godt år med gode avlingar og avdrått. Og det var no det som talte for folk flest.
Som han gjekk der og slong, vandra tankane hans vide, og han kom til å tenke på foreldra sine og på garden langt der inni fjorden. Det var ikkje lett for han å hugse verken foreldra eller garden. Han hadde berre så vidt vore der eit par gongar som smågut, når Frode Gautason skulle inn dit for å hente noko han meinte han hadde krav på. Frode tok gjerne med seg Gaute og trælen hans på slike turar. Ville prale for dei der inne om kor stor han sjøl hadde vakse seg, og kor uendeleg små dei var blitt.
Bjørnulv kunne så vidt minnest ein storvaksen mann, grått og fattigsleg kledd, men med ei haldning og med våpen som sa at han ikkje let seg by kva det skulle vere. Ved sida hans sat det ei lita, ferm kone som varta opp reinkjøt og tynnøl.
Til og med Bjore træl fekk ete attmed bordet når dei var der. Han hadde aldri heilt forstått korfor. Kanskje var det fordi Frode ville vise dei som budde der at han ikkje akta dei for meir enn trælar, dei heller.
Det vart slutt på desse turane for mange år sidan. Frode hadde gått for langt i krava sine mot bøndene i fjorden. Dei hadde samla seg mann- og våpensterke på tinget og sagt frå om at no meinte dei at han ikkje hadde meir å kreve hos nokon av dei. Skulle han ha meir, måtte han hente det med våpenmakt. Og om han brukte våpen mot ein av dei, så måtte han rekne med å sjå dei alle i tunet hos seg ikkje lenge etter. Og Frode var ikkje den som tok til våpen når han trudde at motstandaren kunne vere sterkare enn han sjøl.
Han lura litt på kva for gudar far hans blota til no ved midtvintersleite. Men snart sveipa tankane hans innom Bodvar som no skulle bli måg på Borg og derifrå innom Olav Tryggvason, kongen som no truga freden i Hålogaland frå sør.
Så kom tankane på Ullfrid og på Gyda. Han kjente enno klårt det søte saknet ved tanken på Gyda, men Ullfrid sat i kroppen hans. Det var så ulikt, dette med desse to. Den eine ein uoppnåeleg draum, den andre ein handfast røyndom.
Han fann seg ein stein ved ein vegg i ly for veret. Sette seg med ansiktet i hendene og sukka.
– Nåh, er du lei deg for at eg ikkje har gjeve deg vaktteneste i dette veret?
Han kjente ei hand på aksla og såg opp på Asgaut. Asgaut smilte.
– Eg meinte eg såg deg og den jenta smette ut døra, og tenkte du hadde nok å ta deg til.
– Nei, eg saknar ikkje vaktteneste. Det blir vel tids nok nøgda av det. Elles trudde eg at du sa at du hadde andre ting å tenke på enn mine kvinnehistorier.
– Eg sa så, og meinte det og. Men det hindrar likevel ikkje at ein kan halde eit lite auge på ein ven. Eller kva?
Bjørnulv smilte opp mot Asgaut.
– Takk skal du ha, Asgaut. Men bry deg ikkje om meg. Eg sit berre her og tenker litt. Det hender eg tar meg slikt føre. Det er visst dei som meiner at det ikkje er det vettugaste ein huskar og framtidig hærmann kan ta seg til, men eg har no fått den vanen.
Asgaut lo lågt då han gjekk.
Enno sat Bjørnulv og let tankane og kjenslene kverne i seg. Gyda, sukka det. Ullfrid, stønna det. Gyda! Ullfrid!
Nei, her fanst ikkje noko løysing, om ikkje Ranveig, gamle og kloke Ranveig kunne hjelpe han. Men ho var vel på Li og drakk jul. Så skamlause kunne dei vel ikkje vere på Li at dei ikkje henta ho ned til seg no til midtvintersblotet. Likevel, det var aldri godt å vite.
På vegen opp til Ranveigstova syntes han ender og gong at han såg far i dei snøflekkane som låg innimellom trea, far som ikkje kunne vere så gamle. Men han skynda seg berre vidare. Mørkret tok til å sige på.
Framme ved stova tok han i døra. Døra var ulåst. Men han var ikkje så sikker på om Ranveig ville ta bryet med å låse døra om ho var borte nokre dagar. Ho hadde vel ikkje så mykje som ville freiste ein tjuv, og elles hadde ho truleg andre hjelperåder til å halde uønska gjestar vekk.
Det var mørkt og kaldt i stova og sløkt på åren. Likevel hadde han ei kjensle av at det var nokon der.
– Ranveig, kalla han lågt.
Ingen svara. Kanskje ho var sjuk. Han kunne ikkje ta så feil. Det måtte vere nokon der.
– Ranveig, kalla han igjen.
Det var vanskeleg å sjå noko der inne i stova, men han var såpass kjent at han leita seg fram mot koven der Ranveig pla ligge. Då kjente han brått ei lukt som han kjente, men som han med ein gong ikkje kunne plassere. Med eitt visste han det.
– Ullfrid! Du her? Kva gjer du her? Kva gjer du i koven til Ranveig? Kom fram. Eg veit du er her.
Då lo det inni koven. Ein litt oppgjeven latter.
– Korleis kunne du vite at eg var her?
– Eg kjente lukta av deg.
– Heilt frå Borg?
Det var hans tur til å le.
– Nei, eg kom hit for å sjå om Ranveig var heime. Men korfor er du inni koven?
– Eg vart redd då eg høyrte du kom, og så gøymde eg meg. Men kva gjer du her?
– Eg spurte først, og ventar på svaret. Men kom no. Det er snart heilt mørkt. Vi må komme oss tilbake til Borg.
– Kven har sagt at eg har tenkt meg til Borg?
– Kom no Ullfrid. Om ingen har sagt at du skal til Borg, så ber eg deg. Og då kjem du vel?
Igjen ein litt oppgjeven, men smilande latter.
– Gå du inn i skålen, eg går ned til Fånestova og ventar på deg der, sa Ullfrid då dei kom til Borg.
– Skal du ikkje få deg noko å ete, undra han.
– Det får eg vel hos Koll.
– Trur maten er betre hos Fåne enn her på Borg?
– Kor skulle eg gå her? Går eg inn i skålen, så veit du kva som hender. Du såg det førre dagen. Og i kvinnestova, der dei ærbare kvinnene sit, trur du eg vil vere velkomen der?
Bjørnulv berre rista på hovudet. Ho måtte ha merka hovudristinga gjennom mørket, for ho tok han om hovudet og kyssa han.
– Det er godt at du forstår, kviskra ho.

Asgaut sat og prata med Gaute då Bjørnulv kom inn i skålen. Gaute hadde tatt godt for seg av ølet. Asgaut såg heller morsk ut. Gaute nikka, reiste seg nokså ustøtt og stoltra seg i retning døra der Bjørnulv sto. Han smilte breitt då han vart var Bjørnulv, slo han på aksla og sa:
– Du får ønske meg god vakt. No går eg og legg meg til så lenge. Kan vere godt med ein blund før vakta tar til, veit du. Lettare å halde seg vaken då, veit du.
Det var roleg i skålen. Nokre få låg alt og snorka på pallane, andre sat og småduppa over ølhorna, atter andre sat og samtalte lågt, men den største gruppa var samla kring Kjartan Arason. Kjartan var ein kløppar til å minnest og til å seie fram gamle kvad. Særleg var det smedviser både om folk frå grannelaget og om meir kjente folk som vekte åtgaum. Kjartan var ikkje så reint lite av ein skald sjøl heller, men det var ikkje så ofte han let seg lokke til å kvede eigne strofer.
Asgaut vinka Bjørnulv bort til seg. Bjørnulv reiv til seg noko mat og tok til å ete.
– Har du ikkje smakt mat før i dag, ville Asgaut vite.
– Det har vorte lite med det, sanna Bjørnulv i.
Asgaut fylte eit horn med øl og stakk borttil Bjørnulv.
– Eg har lagt merke til at du er heller spak til å svinge drikkehornet. Og det er sant som dei gamle sa at ovdrykk av øl ikkje er godt for mannen. Men det kan vel og hende at det er å vanære gudane, no når vi drikk jul, om ein ikkje lar strupen leske med den gudegåva som ølet er. Så no synest eg du skulle tøme eit horn eller to, til ære for blotet og gudane. Du
treng likevel ikkje ære gudane fullt så mykje som vår ven Gaute Frodason. Eg håpar han ikkje steller seg slik at Odin får eit nytt offer i morgon. Ikkje det at eg ikkje unner Odin offeret, men…
Bjørnulv berre nikka med munnen full av mat.
– Elles kan eg tru at du har æra Frøy og Frøya ganske ihuga på anna vis. Du meiner kanskje at det får greie seg. Kor har du gjort av tausa no, forresten?
– Ho er vel nede hos Fåne, glapp det ut av Bjørnulv. Han kjente han var fortærande raud i toppen med det same.
– Så, det er Fåne som held dykk med hus. Er det i Disa-koven de held dykk då?
Bjørnulv greip ølhornet og drakk djupt for å vinne tid, for å komme på noko å svare.
– Enn du då, og blottausene dine? Kor de held dykk?
Asgaut slo opp ein stor latter. Han lo så han heldt på å køyvdest og måtte nedi drikkehornet etter ein dryg sup for å komme seg.
– Sjå der ja, hiksta han.
– Der ser du. Ein blir meir ordhag når ein får seg ein god sup øl. Jau, ser du, vi held no til i kvar sin kove, både Bodvar og eg. Og har hendene fulle begge to. Dei er sprelske, desse Ægheim-tausene, når dei først får smaken på det. Du skal vere nøgd du, som berre har ei å stelle med. To kan bli i meste laget for ein kar.
Dei vart sittande der ei god tid og prate. Og det vart til at Bjørnulv tømte hornet både to og tre gonger før han kom seg derifrå. Han var ikkje heilt stø på føtene nedover mot Fånestova. Han prøvde å skylde på mørket og vinden, men kom til at det hadde lite for seg.
Nede i Fånestova pusla Ullfrid med ei gryte over åreelden. Koll sat på hi sida av elden og skar i eit lite trestykke. Begge såg opp då Bjørnulv kom dumpande inn.
– Her luktar det godt, helsa Bjørnulv.
– Ja, vi har gjort eit aldri så lite innbrot i kjøttynna hans Fåne, lo Ullfrid. Såg du noko til han oppå Borg?
– Han sat i godt lag der, såg det ut for. Han hadde tatt til å tevle med Kjartan om kven som kunne flest kvad. Og det verka som også Fåne hadde mange gamle skjemteviser i minnet, tunga hans hadde sin eigen vilje, så det var ikkje alt som var like lett å forstå. Men kva er det du Koll sit og spikkar på?
Koll skava ei siste flis av trebiten han heldt på med og stakk den nedi ein liten skinnpung som han heldt fram mot Bjørnulv.
– Sjå her, denne er til deg, om du ikkje forsmår ei lita gåve frå ein gammal træl. I denne skinnpungen ligg det ein liten bit kalveskinn med nokre heilage stavar på og den vesle trebiten du nyss såg. På den har eg rista nokre runer. Eg har lese over dei og, så eg vil meine at om du ber denne pungen på barmen så er det i alle fall noko vondskap og trollskap som ikkje vil bite på deg. Du vil gjere meg ei stor ære og ei stor glede om du vil bere denne pungen inn mot barmen din frå no av. Nei, sei ikkje takk, berre ta han. Om du vil ha han.
Bjørnulv tok imot pungen og såg at han var gjort av særs fint garva kalveskinn. Pungen hang i ei snor som var gjort av same slags skinn. Han tok imot pungen, hengte den om halsen og bøygde seg lett for Koll som ei erstatning for den takken han ikkje fekk sette ord på.
– Eg har prøvd å få han til å gje meg den pungen, erta Ullfrid, – men han seier at heilag-stavane og ve-runene ikkje hjelper noko for ei lauslyndt førkje som meg. Det einaste som hjelper for slike, er svolk, seier han. Men no trur eg kjøtet er ferdig kokt. Du har vel ete på Borg, Bjørnulv, så du vil vel ikkje ha noko av dette?
Bjørnulv meinte at han nok skulle greie å få ned noko frå kjøtgryta til Ullfrid og.
– Går vel du, Koll, og hentar øl, mens eg får maten på bordet?
– Eg trudde det var kvinnearbeid å hente øl.
– Og eg trudde trælar hadde å lyde.
Dei gliste til kvarandre og gjekk kvar til sitt.

– Du sa du var munk borti Irelandet, Koll. Kan du fortelle meg kva ein munk er for noko?
– Ein munk, det er ein mann som er i Kristi teneste. Han vier heile sitt liv til Kristus og har svore på at han aldri skal ha kjønnsleg omgang med noka kvinne. Aka sin vilje, aka si kraft og aka sin hug skal han vie til Kristi framgang.
Ullfrid såg storøygd på Koll.
– Men det finst då ikkje menn som kan halde ein slik lovnad, om dei er rett laga. Mannehugen trår til kvinna, slik kvinnehugen trår til mannen. Ingen kan då greie å halde ein slik lovnad?
– Kristus er mi brud. Kristus er kvar munk si brud.
– Så det er slik det er, skratta Ullfrid.
– Han er visst meir til gud, denne Kvitekrist, enn eg har trudd. Han har altså det sams med både Loke og Odin at han både kan skifte ham og kjøn. Ja, då forstår eg det betre.
– Du forstår ingen ting, men det hadde eg då heller ikkje venta.
– Ein slik lovnad trur eg aldri eg kunne greie å halde. Har du greidd det?
Bjørnulv såg spørrande på Koll.
– Nei, det kan verke som om du ville ha vanskar med det, ja. Og det har dei fleste når dei er så ung som du er. Då brusar blodet i kroppen på eit anna vis enn når ein blir eldre. Men eg må vel berre vedgå at om ånda er villig så er kjøtet skrøpeleg. Men det har hjelpt godt å sitte som einsleg træl her nede i Borgfjæra. Her har ikkje vore så mykje som har freista. Men det hendte då eg var yngre at ei og anna trælejente sneik seg nedover hit for å freiste. Og det hendte vel at eg ikkje greidde å stå imot freistinga. Det som er tyngst å bere på er at her ikkje finst nokon prest eg kan skrifte til og få syndsforlating hos.
– Skrifte og syndsforlating, kva er det?
Ullfrid og Bjørnulv spurte i munnen på kvarandre.
– Det betyr at om du har synda, altså gjort noko som er imot Kristi vilje, så går du til ein prest og fortel han om syndene dine og ber om forlating. Då kan han på Kristi vegne, og mot ei høveleg bot, løfte syndene dine av deg.
– Så det er som når du her gjev bot for til dømes manndrap, undra Ullfrid.
Koll sukka.
– Ja, det er vel kan hende det næraste du kjem det.
Dei hadde ingenting som jaga på seg, så dei vart sittande ved bordet og prate. Etter kvart vart det mest til at Koll fortalde frå sitt tidlegare liv der borte i Irelandet.
Han kunne fortelle at han vart fødd i det norrøne kongeriket Veigsfjord i noko han kalla Anno Domino 946. Det betydde 946 vintrar etter at denne Kvitekrist vart fødd. Mor hans var av norrønt blod. Slik hadde han, like frå tidleg barndom, lært å tale både det irske og det norrøne tungemålet.
Irelandet var eit land i stadig krig. Sjøl om det i namnet sat ein overkonge i Tara, så hadde han oftast lite å seie, og småkongane låg i stadig krig med kvarandre. Med sorg i stemmen fortalde han at om alle kongane kalla seg kristne, så var dei like fæle som vikingane når det galdt å røve og drepe i klostra når dei gjorde innhogg i grannekongen sitt rike.
Nord for Veigsfjord låg eit anna norrønt rike som heitte Dublin. Eit par år før Koll vart fødd hadde Dublin fått ein ny konge som heitte Olav Kvaran. Han var ein både maktsjuk og krigsglad konge som låg i stadig krig med grannane sine. Særleg hadde han kasta auga sine på Veigsfjord, og prøvde stadig å legge dette riket under seg. Men Veigsfjord hadde dugande kongar som greidde å halde stand mot presset frå Dublin.
– Heilt til den sommaren då eg var 25 vintrar og hadde vore i klosteret i 10 vintrar, heldt Koll fram.
Den sommaren fekk Olav Kvaran hjelp av ein norsk konge som heitte Gudrød Eiriksson. Han var konge i Norge saman med brørne sine og son av ein Eirik som tidlegare hadde vore konge, først i Norge og så i Jorvik. Denne Eirik var son av Harald Luva eller Hårfagre, han som la heile Norge under seg.
Dette vart for mykje for Veigsfjord å stå imot. Restane etter hæren frå Veigsfjord rømte forbi klostret, og munkane naudba abbeden om å få rømme. Men han berre mana til å tru og bøn. Eit døgn samanhengande låg dei på kne og ba. Då kom hæren til kong Gudrød og kong Olav. Det gjekk som det måtte gå. Dei braut sund klosterportane og storma inn.
Mange av oss vart drepne der dei låg og ba, mellom dei var abbeden. Resten vart tatt som trælar.
– Det var Fåne som tok meg til fange. Han er slik, Fåne, fortalt han ein gong han var drukken, at han likar ikkje å drepe uvæpna menn. Den boka eg viste dykk i går, den låg eg og heldt på då Fåne tok meg. Han tok den med. Eg veit ikkje korfor. Vikingar plar ikkje ta med seg bøker frå røvarferdene sine.
Koll drakk djupt av hornet og geispa høgt.
– No tar det til å bli seint. Det er tid for ein gammal træl å sove. Og det er vel tid for dykk unge og til å gå i koven, om det ikkje nettopp er for å sove.
Dei var trøytte, Ullfrid og Bjørnulv og. Men kroppane deira kravde sitt før dei sovna.
Bjørnulv vakna brått. Syntes han kjente ei hand på aksla som hadde rista han vaken. Orda til Asgaut sto for han med det same han vakna: «Men det hindrar vel ikkje at ein kan halde eit lite auge på ein ven.» Gaute! Gaute som skulle stå vakt og som hadde drukke så mykje. Han stiltra seg ut av koven og fekk på seg kleda. Ullfrid greip etter han i søvnen, men vakna ikkje.
Ute var det mørkt. Men det var eit mørke som fortalde at dagen og lyset ikkje var så overlag lagt unna. Han hasta opp til Borg.
Oppe på brinken tenkte han seg om så vidt det var, om han skulle ta til venstre langs galgetreet, eller ta den vanlege vegen dit han visste Gaute skulle vere. Tanken på stien langs galgetreet fekk han til å hutre. Det var ein veg folk helst ikkje gjekk, særleg ikkje når det var mørkt, og særleg ikkje i slike vettetider som i jula.
Men han måtte. Tida var knapp. Tore kunne vere har kva tid som helst, no.
Han hasta av garde i mørket, og snåva stadig i steinar og røter som stakk opp frå stien. Eit par gonger heldt han på å deise overende, men han sakna ikkje farta. Greip i staden om skinnposen han hadde fått av Koll og klemte han hardt i handa.
Dess nærmare han kom galgetreet, dess meir auka han farta. Ville forbi så raskt råd var. Det vart ein hard smell då han klaska i hop med det som hang frå treet. Det svinga bort og kom tilbake.
Ei kald hand med fire fingrar drog over ansiktet hans.
Han greidde ikkje heilt å køyve skriket som tvang seg frå strupen. Han tok eit par raske steg bakover, hekta foten fast i ei rot og deisa overende med bakhovudet mot ein stein.
Han trudde ikkje han hadde vore lenge borte då han ansa om seg igjen. Mørket var det same.
To gonger prøvde han å kare seg på føtene, før han greidde det. Då var kvalmen over han så han ga hals.
Og no kunne det vere det same. Tore hadde vore her og funne den fingerhogde vaktmannen sovande. Han som no dingla frå galgetreet.
Hang her fleire kan hende?
Han tok seg på tak og gjekk rundt treet. Det var berre den eine. Så var det kanskje likevel ei von.
Der Gaute skulle vere, var det ingen. Så var det som han hadde tenkt. Tore hadde vore her. Ølet hadde sete for tungt i kroppen til Gaute. Han hadde sove då Tore kom. Men av ein eller annan grunn hadde Tore ikkje hengt Gaute med det same. Det var kanskje berre dei fingerhogde som vart hengte med ein gong. Gaute var blitt tatt med til Borg og låg i jarn der.
Bjørnulv sokk ned på ein stein og let bankinga i hovudet ta over.
– Troll ta Gaute. Han kunne ha vore såpass vettug at han høyrte meir på både meg og Asgaut.
Tårene tok til å trille utan at det dempa verken i hovudet noko.
Gjennom hans eiga snykting og bankinga i hovudet var det ein annan lyd som trengte seg på. Det var ein låg dur frå ein stad i nærleiken. Det gjekk ei stund før han let duringa trenge inn i tankane sine. Dei hadde så meir enn nok med ulykka som hadde ramma Gaute.
Men etter ei stund var det ingen veg forbi. Duringa tok til å røre ved ytterkanten av tankane hans og trengte seg inn. Han tok til å lytte etter kva det kunne vere for noko.
Då høyrte han det. Det var snorking. Jublande av håp sprang han på beina. Det var alt for brått for hovudet hans. Kvalmen skylla innover han igjen, og han måtte ned på kne. Men snorkinga var der framleis. Det kunne, det måtte vere Gaute. Det galdt berre å finne ut kor lyden kom ifrå.
Det luta ei gammal storselje framover ein liten bergufs like i nærleiken. Under den bergufsen ville det vere høvesvis tørt og lunt når veret sto frå den kanten som det gjorde i natt.
Han sprang bortover og firte seg nedfor bratta innunder bergufsen. Og rett nok. Det låg det eit menneske og snorka høgt. Bjørnulv greip den sovande i aksla og rista.
– Gaute! Gaute, du må vakne!
Gaute berre grynta og forsøkte å riste bort den plagsame handa.
– Vakne no, Gaute! Det hastar! Snart er Tore her. Er du lei av livet, din tosk? Vil du bli blota?
Han rista og skaka, men det hjelpte like lite. Gaute berre rølte og kava og slo han unna seg og sov vidare. Mens han bala med å få Gaute vaken sparka han borti noko som låg på bakken. Han bøygde seg ned for å finne ut kva det var, og kjente at det sildra noko vått over handa hans. Det var ein ølbolle. Enno var det ein liten skvett øl igjen. Han tømte det i seg.
Den tullingen Gaute, han hadde lura med seg ein bolle med øl, og hadde drukke seg overstadig rusa mens han sto på vakt. Og no måtte Tore komme snart.
Han sprang opp på vaktplassen igjen. og vart gåande der og drive, heilt til han såg lyset som gjorde seg fri frå mørket oppe ved Borg og kom nedetter. No kom Tore.
Han stupte utfor skrenten og kasta seg over Gaute. Slo og rista og kjefta og skaka.
– Vakne no, Gaute, din tulling. Tore er på veg, du blir blota.
Gaute låg som daud, men Bjørnulv ga seg ikkje, og til sist tok Gaute til å røre på seg.
– Vakne no, Gaute. Det er eg, Gaute. Det er Bjørnulv. Du søv på vakt, din fordrukne tulling. Snart er Tore her på runden sin. Han kjem til å blote deg til Odin.
Det gjekk trått å få Gaute såpass vaken at han forsto kva som hendte. Så gjekk alvoret opp for han, og han spratt opp, enno søvnørsken.
– Tore, har han vore her?
– Hadde han vore her, så hadde nok du lege i jarn no. Men han kjem. Skund deg.
Då dei kom tilbake til vaktstaden, såg dei at lyset hadde stoppa borte ved galgetreet.
– Takk skal du ha, Bjørnulv, for dette, hutra Gaute, tydeleg frossen etter søvnen.
– Du har berga livet mitt i natt. Det skal eg aldri glømme.
Lykta til Tore vart verande lenge borte ved galgetreet. Så tok lyset til å bevege seg tilbake mot garden igjen.
– Kva trur du det er som skjer, undra Gaute.
– Eg veit ikkje. Det får vi nok vite i morgon. Men trur du at du er såpass vaken no at eg kan gå?
– Gå berre du, eg trur nok eg har lært no. Skulle eg ikkje no greie å halde meg vaken, så fortener eg å bli blotoffer.
Bjørnulv småsprang nedetter stien mot Fåne-huset. Det var berre så vidt han ikkje sprang rett inn i den høge, grå skapningen som sto der midt på stien.
– Så, du unner ikkje Odin blotofra hans, murra den høge.
– Kven er du, stotra Bjørnulv.
– Du kan kalle meg Glupe, om du må kalle meg noko, du som snik Odin sine blotoffer frå han.
– Kva meiner du med det?
– Å, du forstår nok kva eg meiner. Men ta det ikkje så tungt. Einkvan ville det slik. Eg veit ikkje enno kven. Kanhende var det lagnaden. Og Odin får vere nøgd med det offeret han har fått i natt. Men akt deg du, så du ikkje går i vegen for gudane altfor ofte. Det kan bli ulykka di.
Bjørnulv såg det glimta i eit auge under den neddregne hatten. Så glei mannen til sides og var borte.
Inne i Fåne-stua glødde det på åren. Koll hadde tydelegvis vore vaken og lagt meir torv på. Bjørnulv flådde av seg kleda og klatra inn i koven, smaug seg innåt den gode, varme kroppen til Ullfrid. Ho snudde seg og med eine handa om lemmet hans. Det reiste seg lydig.
– Så kald du er, mumla ho.
– Så kald den er, den vesle fugleungen din og dei to egga dine.
Ho la seg over på rygg og fekk han oppå seg. Han prøvde å finne ein rytme, men ho greip han hardt om hoftene og heldt han i ro.
– Ligg still, kviskra ho.
Ho heldt han hardt nedåt seg og rørte seg varleg, mest utan å røre seg, kring han. Like før han gjekk under høyrde han ho kviskre:
– Du må vere var om deg sjøl så du ikkje forfrys deg og blir gagnlaus for Gyda.
– Gyda, pusta han inn mot halsen hennar etterpå.
– Jada, guten min, pusta ho tilbake, – du skal nok få Gyda når tida er der.
Morgonen etter fekk dei vite at ein av dei tre vaktmennene som var blitt fingerhogd hadde blota seg sjøl til Odin om natta. Han hadde såra seg med eggodd og hadde hengt seg i det treet der han skulle halde vakt.
Då Bjørnulv fortalde Ullfrid og Koll om mannen han hadde treft om natta, såg Ullfrid stort på han.
– Sa du at du såg at det glimta i eit auge under hattebremmen?
– Ja, det andre kunne eg ikkje sjå.
– Då trur eg nok at det var sjølvaste Odin du trefte der i natt, komen for å hente blotofra sine.

Neste kapittel

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version