Grågud og kvitekrist – kapittel 4

Dei drakk jul og folk samtala mykje seg imellom om at det hadde vore eit midtvintersblot av dei uvanlege. Kva dette betydde, vart dei aldri einige om. Nokre trudde at det som hadde hendt, tyda bra. Ville ikkje gudane la seg nøye med dette blotet, så nytta det visst lite kva ein så ofra dei. Andre meinte at noko var i ulage, og at mykje vanskeleg sto for døra, no når denne Luva-ættlingen sto i landet med ei ny tru.
Nokre svalla om at i retteleg gammal tid, då hendte det at hovdingen blota seg sjøl, når overlag store trugsmål sto for døra. Til dette svara andre at hovdingen jo hadde vigd seg sjøl til Odin under blotet. Så fekk vel Odin sjøl hente han når han meinte at tida var mogen. Og om hovdingen skulle blote seg sjøl på rett, då vart heile Lofot og Vågar liggande der hovdinglaus, og det ville ingen vere tente med, unntatt denne kongen sør i Trøndelag.
Dagen før folk etter gammal sed og skikk skulle drikke ut jula og fare heim, rauk han opp med eit overhendig uver. Nordvesten flerra om hushjørna og heile verda var berre eit kvitt kov så det mest ikkje var gåande husimellom på Borg. Å komme seg lengre vegar i slikt eit ver var ikkje til å tenke på. Men det var aldri rekna snautt verken på mat eller drikke på Borg, og dei fleste hadde hatt raust med seg då dei kom, så det sto ikkje på.
Tre fulle døgn rasa stormen. Så vart det med eitt dørgande stilt. Ein sa at det var som om einkvan hadde slege stormen i hel med ein øksehammar.
Bjørnulv og Ullfrid sat nede i Fånestova saman med Koll då stormen kom på dei, mens Fåne sjøl var på Borg. Både Bjørnulv og Ullfrid syntes dei hadde det bra nok der dei var, og såg ingen grunn til å prøve å trasse seg mot veret opp til Borg. Dei trøytte tida godt med å høyre Koll fortelle om denne Kristus og alle undergjerningane hans. Då han fortalde om korleis Kristus vart opphengt på korset og hang der, vart Ullfrid fortenkt.
– Det er jo nesten som Odin då han hengte seg sjøl i treet og hang der i ni døgn for å kunne sjå det som elles er skjult.
Men då vart Koll arg.
– Du må ikkje samanlikne Kristus med denne heidenguden Odin, som ikkje er noko anna enn ein vondvette.
Så arg vart han at han ville ikkje fortelle noko på ei lang stund. Men det gjorde ikkje så mykje, for dei hadde koven og kvarandre.
Andre dagen dei sat slik og lot vinden ule, gjekk Koll og henta ei kole med tran. Oppi den hadde han noko oske frå åren og rørte godt rundt. Så leita han fram ei treflis som han hadde spikka kvass i den eine enden og ei brei trefjøl som han hadde klint noko sinkkvitt på.
Han dyppa trepinnen i trana og ga seg til å rite nokre stavar på fjøla. Så ga han fjøla til Bjørnulv og sa:
– Sjå her, her har eg skrive namnet ditt med stavar. Alle som kan tyde stavar og som ser dette, dei veit at her står det å lese Bjørnulv.
Bjørnulv såg på teikna og lo.
– Jaså, eg ville aldri ha trudd at dette var mitt namn. Men er det ikkje farleg å få namnet sitt rita ned slik? Kan ikkje det gje stavekunnige folk makt over den får namnet sitt skrive slik?
Koll vart svært alvorleg.
– Nokre ville meine at det du no seier er heidensk overtru. Men eg veit ikkje. Om ein dugande trollkar som kunne lese stavar fann denne
fjøla og ville deg vondt, så… Ja, eg har sett mykje her i dette landet som eg før ikkje ville ha trudd på.
Han sat tenksam ei stund. Så lyste han opp i eit smil.
– Men kor finn du norrøne trollkarar som kan lese stavar?
Og om vi ikkje brenn fjøla, så skal eg lese Krist-signingar over ho. Då meiner eg for visst at ingen trollkar skal kunne kome nokon veg med kunstane sine. Men ta no denne treflisa, Bjørnulv, og sjå om du kan gjere etter det som eg har gjort, og skriv namnet ditt.
Bjørnulv ville først ikkje.
– Korleis kan du tru at eg skulle kunne gjere noko slikt. Nei, det er ikkje eingong til å tenke på. Dette, trur eg, er ein idrett som sjøl ikkje Tore Hjort ville gje seg i kast med.
– Det kan vel hende, men han har heller aldri sagt noko om at han hadde lyst til å lære seg stavar. Du sa at du kunne tenke deg det. Prøv no.
Dei par dagane til som dei sat der, hadde dei mykje moro med Bjørnulv sine første forsøk på å tileigne seg skrivekunsten. Bjørnulv var ikkje meir sjølkjær enn at han lo i lag med dei to andre, endå om det var fortærande kor vanskeleg det var å få til denne skrivekunsten. Det var verre enn å øve med sverd. Men etterkvart som han heldt på, vart det lettare. Koll sa berre at vakkert var det ikkje, endå om det kan hende kunne vere lesande for ein som ikkje var for nøye på det.
– Men, føydde Koll til, – så har du heller ikkje den beste reiskapen for å skrive vakkert.
Dei dagane stormen vara sleit Bjørnulv mykje med skrivekunsten. Han nytta dei fleste stundene til å øve seg, så til slutt var heile fjøla utkrota. Koll let vel over kor ihuga Bjørnulv var.
Ein dag dei sat slik og samrødde og sendte ølbollen mellom seg, stakk Koll med eitt i å gråte. Lenge sat han og let gråten fløyme. Ullfrid og Bjørnulv såg på kvarandre, men visste ikkje heilt kva dei skulle ta seg til. Til sist tok Ullfrid varleg bortpå Koll og sa:
– Koll? Kan du seie oss kva det er?
– Det er berre det, hiksta Koll, – at eg brått kjente meg som eit menneske igjen. Det er ikkje det at Fåne har vore særskilt hard mot meg. Som træl har eg vel hatt det betre enn dei fleste, men no sat eg her og rødde med dykk om åndelege saker, og så kom eg brått til å tenke på kven eg er. Eg mintest så mykje. Orsak meg. Eg veit eg er træl, og skal vere det til min døyan dag. Men eit lite bel kjente eg meg som heilt menneske igjen. Takk.
– Takkar du oss for at du har det vondt, undra Ullfrid.
– Kanhende du forstår betre kva eg meiner, Bjørnulv, snøfta Koll.
– Ja, svara Bjørnulv.
Han vart fuktig i augekrokane.
– Eg trur nok at eg forstår kva du meiner.
Dei tre i Fånestova sat ved matbordet. Der var banka tørrfisk, smør og brødleiver, kokt, salt sauekjøt. Der var gjæra blåbær i ei skål. Tørka tyttebær og rognebær, ja til og med molter kokt i hop med honning hadde dei på bordet. Dei hadde det rett så stormannsleg når dei svelgde dette ned med det gode blotølet som Fåne hadde brygga.
Det var Ullfrid som først løfta hovudet og lytta. Då høyrte dei to andre det og. Noko var blitt borte.
– Det er stilt ute. Det er ikkje vind lenger. Vinden har stilna.
Ullfrid spratt opp frå bordet.
– No fer dei frå Borg snart. Eg må opp dit.
– Nåja, roa Koll, – det blir vel gåande veg etter dei som fer. Så for den skyld treng du ikkje uroe deg. Ta deg no ro med maten.
Ullfrid berre frøste åt han.
– Når eg seier at eg må av garde, så må eg av garde.
Ullfrid tok til å kle på seg. Det same gjorde Bjørnulv.
– Det er visst noko du har glømt, Ullfrid
Bjørnulv sto og trødde borte ved åren.
– Eg veit kva du meiner. Nei, eg har ikkje glømt det. Eg ville berre sjå om du var såpass fast i hugen at du ikkje hadde glømt det. Sjå her.
Ho tok fram ei lita beinflis og la i handa hans.
– På denne beinflisa er det skore runer, sterke runer. Ta no denne flisa og legg ho i litt mjød, og la det stå ei fullmånenatt. Dagen etter brenn du flisa og har mjødet i ein skinnpose. Denne skinnposen skal du bere på barmen minst til over neste fullmåne. Det grannet som då er igjen av mjødet i skinnposen, skal du ha i ei drikke som Gyda drikk. Skulle det gå så lang tid at skinnposen er tørr, før du får høve til å gjere dette, må du legge skinnposen i drikken hennar. Når ho så har drukke den drikken, så kan ingenting skille dykk meir. Og er du ikkje heilt trygg på deg sjøl, så får du drikke litt av drikken du og.
Bjørnulv takka, tulla beinflisa inn i eit klede og stakk det innafor kufta si.
– Og no, Bjørnulv, før vi går, må eg få takke deg for den tida vi har hatt i koven i jula. Aldri skal du og eg i koven meir.
Ullfrid luta seg fram og kyssa han.
– Jamen, kva med neste jul, om ikkje Gyda og eg..? spurte Bjørnulv og kjente igjen den fortærande rødmen i kjakane.
– Eg tar aldri med meg same guten til koven meir enn ei jul. Eg leitar meg alltid ein ny, og finn eg ingen eg likar, så drikk eg jul toeine med Koll her nede i Fånestova.
– Og ligg med han, hekste Bjørnulv.
– Det blir mi sak.
Oppe på Borg viste det seg at Ullfrid ikkje hadde trengt ha det så travelt. Dei som hadde lengst veg hadde samsnakka seg til at det var for seint på dagen til å ta på heimvegen. Dei fekk heller vente til morgonen etter, og ta laus i grålysinga, dersom veret var lagleg til det.
Då dei høyrte det ville Bjørnulv ha Ullfrid med seg nedover til Fånestova om natta, men ho nekta.
– Kor skal du vere i natt, undra Bjørnulv.
– Du vil jo ikkje ligge i kvinnestova og ikkje her i skålen heller.
– Å, eg finn meg vel eit bol, svara ho.
Bjørnulv ville ha ho med seg inn i skålen til det vart leggetid, men ho ville ikkje.
– Du kan då ikkje gå ute, masa han.
– Har du tenkt å gå inn i kvinnestova?
– Eg trur eg har sagt deg før kor lite eg har der å gjere.
– Kor har du tenkt å gjere av deg, då?
– Blir det ikkje anna råd, så er det varmt i fjøset hos dyra og trælane.
– Eg kan følge deg ned til Fånestova og gå opp til Borg igjen. Eg skal ikkje mase meg i koven åt deg.
– Det ville då heller ikkje ha nytta. Det er ingen som masar seg i koven åt meg. Men har eg ikkje sagt deg at no er jula omme for meg. No vil eg ikkje sjå deg meir. Ha deg inn i skålen og la meg vere i fred.
Inne i skålen sat enno langfarfolket ved bordet og drakk, men det var lengre mellom kvar gong dei løfta hornet no enn det hadde vore før i jula. Det var og mange fleire koner i skålen no enn det hadde vore tidlegare.
Bjørnulv sette seg for seg sjøl, skjenkte seg eit horn med øl og fall i tankar mens han sat med eine handa innpå barmen og leika med tytullen med runebeinet inni. Då var det med eitt ein mannsstemme like ved som sa:
– Jaså, løysing, du sit her og drikk øl.
Bjørnulv såg opp og såg at det var den mannen han hadde berga Ullfrid frå som hadde flytta seg nært han.
– Om det er meg du snakkar til, må svaret vere ja.
– Ein ven av meg fortalde at du hjelpte meg til å sovne første kvelden her.
– Eg trur venen din må ta feil. Korfor og korleis skulle eg hjelpe deg til å sovne.
– Er du så frekk, løysing, at du seier at venen min lyg?
– Nei, eg seier ikkje det, men mange hadde drukke mykje den kvelden, og då hender det at folk hugsar feil.
– Eg trur ikkje venen min hugsar feil, og no skal eg ta hovudet ditt som takk for den tenesta du gjorde meg.
Bjørnulv såg seg ikring, men verken Asgaut eller Bodvar var der og kunne hjelpe han ut av denne knipa. Han spratt opp frå benken. Men endå så drukken den andre var, var han raskt oppe og stilte seg med drage sverd mellom Bjørnulv og døra.
– Ja, no skjelv løysingen, men det skal ikkje vare lenge. Folk utan hovud skjelv berre ei lita tid.
Bjørnulv var våpenlaus, men visste at det gjorde ikkje store forskjellen. Mot ein røynd sverdsvingar som denne karen, kunne han ikkje ha verga seg lenge. Han trivla bak seg og fann ein krakk som han løfta framfor seg.
– Jaså, løysing, du vil leike. Ja, då skal vi leike i lag.
Ingen av dei andre mennene kring bordet let seg merke av det som hendte.
Sverdet flamma. Bjørnulv verga seg med krakken og sto brått der med ein halv krakk i hendene. Den andre var avhoggen. – I stad hadde du ein heil krakk, no har du berre ein halv. Kor lenge trur du at leiken vil vare?
Igjen var sverdet der, og Bjørnulv sto berre med eine beinet igjen i handa.
– Du har støtt mindre å verge deg med, Bjore Træl, Bjore Krakk. Synest du denne leiken er morosam?
Mannen brølte av latter.
Då gjekk døra opp og ein kald stemme sa:
– Eg synest ikkje denne leiken er morosam, Halvdan Sigurdsson. Eg trudde at eg hadde sagt klart ifrå, slik sedene byr oss, at denne skålen er fredlyst for våpen så lenge vi drikk jul her. Enno drikk du jul som min gjest, Halvdan. Kor kan det då ha seg at du svingar med nake sverd i hallen min? Det skulle eg gjerne vite.
Mannen bråsnudde seg mot døra der Tore Hjort sto.
– Eg prøver å tukte vett i skallen på løysingen din, Tore, noko du ikkje har greidd, etter som det synes.
– Er du då så lite til mann at du til det treng sverd mot ein som er våpenlaus?
Det låg mykje hån i stemmen til Tore.
– Løysingen ville leike. Eg leika med han, men no skal du snart få hovudet hans.
– Stikk sverdet ditt i slira, Halvdan. No!
Stemmen til Tore var som torden.
– Eller så får du møte meg og sverdet ditt!
– Du vernar løysingane dine godt, Tore. Skal han her ekte yngste dotter di, kan hende?
Tore vart kvit.
– Det der skulle du ikkje sagt, Halvdan. Men fordi far din og eg var gode vener, skal eg la vere å ta deg ut og denge deg som ein træl. Stikk no sverdet ditt i slira, så skal du få fare herifrå i fred.
– Dei seier at du er blitt gammal og redd, Tore. No trur eg dei har rett dei som seier det. Tør du ikkje møte meg med sverd for å berge løysingen din?
– Du skal få eit siste høve til å berge deg herifrå i fred, Halvdan.
Stemmen til Tore var kald som eit isflak og kvass som eit nybryna sverd.
– Stikk sverdet ditt i slira og kom deg ut.
Halvdan vart ståande
ei stund med gapande kjeft og heva sverd. Leppene rørte på seg som om han ville seie noko. Så var det som om stemmen til Tore og vettet til Halvdan brått lurte seg attom ølet og inn i heilen hans. Han vart med eitt like kvit som Tore. Handa med sverdet sokk ned. Han måtte bruke aka si makt for å løfte sverdet såpass mykje at han fekk det opp og ned i slira. Han mumla noko uforståande for seg sjøl og rørte seg, skeivt som ein krabbe, mot døra.
Tore greip han i aksla idet han ver i ferd med å smette seg ut.
– Du går til soveplassen din no, og blir der til i morgon. Ser eg deg meir i dag, er ikkje livet ditt mykje verd. Seinare viser du deg ikkje på Borg igjen, Halvdan, før du har lært å te deg som folk.
Stemmen til Tore var låg, slik at berre dei som sto nærmast høyrte det.
Tore gjekk bort til Bjørnulv og la armen om akslene hans. Slik førte han Bjørnulv med seg og sessa han på fotbrettet til høgsetet som han sjøl kleiv opp i. Bjørnulv var glad for at det ikkje var fleire igjen i skålen. Auga til dei som var der brann som høgsommarsoler på han.
– Så ja, Bjørnulv, no tar vi oss eit horn øl. Det trur eg vi treng no, både du og eg, endå om vi vel ikkje er dei største hornsvingarane, verken du eller eg.
Bjørnulv såg stort på Tore.
– Eg trudde det var meg det var noko galt med, ettersom eg ikkje får det til å drikke meg drukken på øl.
– Eg skal tru deg noko, svara Tore lågt, – men la det vere mellom oss. Eg er ikkje særleg huga på øl, eg heller. Eg synest ikkje det er godt. Men når vi drikk jul, så må eg drikke for ikkje å skjemme meg ut. Lær deg det du og, at det er mogleg å løfte hornet ofte, utan at det minkar så mykje i det. Dessutan…
Tore lo stilt, men hjarteleg.
– Dessutan ser mange det som eit manndomsmerke om du sølar ein del når du drikk. Slik kan du fylle hornet oftare, om nokon i førstninga skulle legge merke til det.
Dei drakk litt og sa ikkje så mykje. Så sette Tore auga i Bjørnulv.
– Eg har sakna deg i skålen dei fleste kveldane.
– Ja, eg…eh…eg, stamma Bjørnulv og visste ikkje kva han skulle finne på å seie.
– Var det så mykje betre å drikke jul nede hos Fåne? Tore var skarp i stemmen.
Bjørnulv vart først raud, så bleik. Han såg ned i bordet og turte ikkje løfte blikket mot Tore. Var det ei fornærming mot hovgoden og gudane at han ikkje hadde tatt meir del i blotgildet på Borg? Så høyrte han ein underleg lyd frå Tore, og kunne ikkje la vere å kikke opp. Då såg han at Tore sat der og bobla av undertrykt latter. Tore såg blikket til Bjørnulv og brast ut i ein brølande latter.
– Nei, ver ikkje redd, hiksta Tore og tørka lattertårene.
– Det verkar som om du har dyrka frævingsgudane godt denne jula. Korleis er det, forresten, har ho stukke av frå deg no?
Bjørnulv berre nikka.
– Såså, opp med hovudet gut. Det finst fleire tauser i verda. Og du er enno ung. Jaja, Tore nikka ettertenksamt, – det er vel kan hende då det kjennest sterkast.
Tore tømte hornet og reiste seg.
– Eg har saker eg må ha omsut for. Eg trur du kan gå kor du vil utan å tenke på kva Halvdan Sigurdsson har for seg.
Han la handa på aksla til Bjørnulv og klemte varleg då han for forbi.
Det gneistra av frost ute. Snøen låg oppunder takufsane. Farvegen der nærgrannane hadde tatt seg heim, låg som ei djup grøft nedetter bøen. Bjørnulv følgde grøfta eit stykke nedetter og såg for seg korleis hestane og karane hadde bala seg veg. I djupaste skavlane måtte snøen ha gått mest oppunder armane i alle fall på dei stuttaste karane.
Han gjekk i sine eigne tankar og hadde gått mange steg forbi før det nådde fram til heilen hans at eit skispor hadde tatt av frå ferdagrøfta. Han gjekk tilbake og såg det einslege skisporet. Det minte han om noko, men han visste ikkje heilt kva. Så gjekk det opp for han at sporet gjekk i den leia der Ranveig budde.
Han sprang opp til Borg, leita og fann seg eit par ski og sette utfor. Han bråsnudde der skisporet gjekk frå farvegen. Det knaka i skia, men dei heldt. Han heiv seg på staven og staka seg fram etter det einslege skisporet mot stova hennar Ranveig.
Synet trefte han som eit knyttneveslag i bringa: Det blå, skimrande lyset kring ljoreopninga. Først trudde han at det var nålys, at Ranveig låg der og døydde. Så kom han på noko anna han hadde høyrt, at det følgde eit slik blålys med når det vart utøvd sterk seid. «Eg er ei trollkjerring», hadde Ranveig sagt. Og ho hadde prova det då ho viste han Gyda, naken og vakker og freistande i flammane frå åren.
Seid! Han ville ikkje komme for nær noko så umandig. Det var som om skia hadde sin eigen vilje og ville snu. Men enn om det no ikkje var seidlys, men nålys han såg? Enn om Ranveig låg der og døydde, og han var for umannsleg til å gå inn og kan hende hjelpe ho?
Han tvang seg mot døra. Men døra ville ikkje opp. Det var noko som heldt og stemte imot. Jau, det måtte vere seidlys han hadde sett. Men enn om…
– Odin, du som rår over seiden, hjelp meg til å velge det rette no. Eg vil ikkje enno sjå Ranveig hos Hel.
Døra gjekk så brått opp at han stupte inn i rommet. Det var noko som rørte seg borti sengekoven.
– Ranveig? Er det du, Ranveig? Er du sjuk?
Då var handa i bringa på han igjen. Tok om hjartet hans og klemte. Han rygga mot døra. Kom ihug posen han hadde fått hos Koll. Leita innpå bringa. Fann den. Skreik:
– Troll og jotnar og mørkemakter vik!
– Gå din veg! Gå! Hekste det borte frå koven.
Det var ikkje Ranveig sin stemme. Likevel var det Ranveig sin stemme. Men det var noko anna kjent med den og. Det var… Det var…stemmen til Ullfrid. Slik ho hadde snakka då han fann ho her sist.
– Ullfrid! Men er ikkje du..? Kva gjer du her, no?
– Gå! Gå! I Frøyas og Odins namn, gå! Går du ikkje no, må eg bruke makta mi mot deg, og då veit eg ikkje korleis det går med…
Han vart ståande. Såg at blåslyset tok til å krype frå koven mot han. Kom sigande som ein bekk. Det var ikkje så sterkt som det han hadde sett kring ljoren. Men det kom og kom. Han greip hardare mot bringeposen. Sto der. Løfta posen mot lyset, delte det. Let det strøyme forbi seg på begge sider. No var det snart forbi han og bak han. Kva ville hende då? Ville posen framleis berge han?
Lyset tok til å gneistre. Han kjente at no hadde dei to lysbekkane samla seg bak han. No var det for seint å gå. Han løfta posen over hovudet og skreik:
– Djevlar og demonar, i Kristi namn, vik!
Gneistane sto som ein foss kring han, og var kalde som istappar. Det kom eit gurglande skrik borte frå koven. Så vart alt stilt. Og mørkt.
Han kvervla rundt. Den lyse, firkanta døropning sto der som ei frelse. Hovudet hans ville dit, ville ut, ville bort. Men føtene nekta. Ein stad inne i han låg det ein atterljom av eit skrik og stengte. Skriket frå koven. Frå Ullfrid? Frå Ranveig?
Då nådde ein låg og uendeleg trøytt stemme fram til han.
– Bjørnulv? Bjørnulv, kan du høyre meg?
Også Bjørnulv kjente seg stupande trøytt då han tvinga seg til å snu kroppen. Bort frå den frelsande døropning, mot koven der fælska kom frå.
– Det er over no Bjørnulv. Vil du kveike på åren?
Snart spraka og brenn det frå åren. Alt var frå før gjort klårt for gneisten frå eldstålet. Han slo ljore-bordet ifrå. Enno meir lys siva inn og han kunne sjå ei lita og tørr Ranveig ligge som ei dokke inni dei kleda som den langt større og fermare Ullfrid hadde bore dagen før.
– Eg ville ikkje skade deg, Bjørnulv, ville berre ha deg herifrå. Men du heldt på å drepe meg då du brukte denne Krist-guden mot meg.
Bjørnulv såg storøygd på ho. Tankane var eit einaste rot. Ullfrid. Ranveig. Ullfrid-Ranveig. Ranveig-Ullfrid. Den freistande frilla. Mormor til Gyda. Han klynka som eit lite barn og greidde berre å presse fram:
– Ranveig. Du. Hamløype.
Ho drog Ullfrid-kleda tettare om seg. Aka seg fram mot kovekanten og klappa med handa nedpå pallen.
– Set deg her, Bjørnulv.
Han berre sto.
– Ja, kanskje du skulle finne ei kanne øl til oss, først. Du veit kor du finn det. Vil du?
Føtene gjekk mot det vesle romet på langveggen. Hendene fann ei ølkanne og tappa i. Det var kanna, og ikkje hovudet hans som styrte skritta tilbake til pallen der Ranveig hadde klappa.
Ranveig drakk ein djup sup av kanna. Hosta litt. Ho drog kleda enno tettare om seg, som om ho fraus. Men det vart ikkje nok. Ho famla bak seg i koven. Drog ei dyne over seg så berre det grå, skrukkete ansiktet stakk fram. Ho drakk ein sup til av kanna, sukka og ga kanna til Bjørnulv.
– Så, drikk no.
Han berre såg på ho.
– Eg veit du er ikkje så smausen på øl, men drikk deg ein sup lell. Ein god sup. Drikk no.
Han drakk.
– Hamløype, sa du. Ja. Tja. Og nei. Eg er ikkje noko vanleg hamløype. Eg kan ikkje endre skapnad slik eg vil. Eg kan ikkje vere ulv eller bjørn. Eg kan ikkje vere ørn eller ramn. Kanhende rår eg ikkje over sterke nok seidkrefter. Eg kan berre vere Ullfrid. Og berre under midtvintersblotet. Meir enn det, eg må vere Ullfrid under midtvintersblotet, enten eg vil eller ikkje. Før ville eg det, og var glad for det. No veit eg ikkje lenger. Hamskiftet slit. Ei jul døyr eg vel av det.
– Men, Ranveig…
– Nei, du skal teie. Eg veit ikkje om slutten kjem den neste jula eller den deretter eller den etter der igjen. Og du skal vite, Bjørnulv, at Ranveig er ikkje Ullfrid, og Ullfrid er ikkje Ranveig. Ranveig minnast berre uklårt kva Ullfrid gjer, og Ullfrid hugsar mest ikkje at det finst ei som heiter Ranveig. – Men høyr no…
– Vent. Eg trur eg veit kva du tenker. Du er fælsken over at du har hatt mormor til Gyda som frille i jula. Det har du ikkje. Du har hatt Ullfrid som frille i jula. Eg trur ho har lært deg noko som Gyda hadde villa takke deg for, eingong. Om ho hadde visst det.
– Men korleis kan eg treffe Gyda , etter dette? Korleis kan eg treffe deg?
– Det kan eg ikkje svare deg på. Du skulle
ikkje ha visst. Eg gjorde alt eg kunne for å halde deg herifrå. Men du berre kom. Det er første gongen at ein eg ikkje ville ha hit, har kome. Du har krefter i deg, Bjørnulv, krefter eg ikkje rår med. Kanhende er det denne Krist-guden, kor du no enn har han ifrå, som gjev deg desse kreftene. Du må fortelle meg om han ein gong, om du vil.
– Men du sat då og høyrde på, i jula. Nede hos Fåne… Mens Koll…
– No forstår eg. Men du gløymer kva eg seier. Det var ikkje eg som høyrde på. Det var Ullfrid. Ranveig kan hugse at du og Ullfrid delte kove. Stort meir kan Ranveig ikkje hugse. Ranveig kan hugse at du ga Ullfrid stor glede og at Gyda vil få stor glede av deg når den tida kjem. Men no må du gå. Eg må sove. Kom igjen i morgon. Eller ein annan dag. Om du vil. Og eg både håpar og trur at du vil. Du er ein underleg kar, du Bjørnulv. Eg vil så ugjerne miste deg.
Hovudet sokk tilbake på puta. Bjørnulv stiltra seg ut.

Bjørnulv hadde vondt for å få sove i nettene som følgde. Ikkje før var han sova så kom det til han i draumen ei gammal, skrukket kjerring som ville opp på sovepallen til han. Når han ville skubbe ho unna, vart ho ung og vakker heilt til ho var under fellen hos han. Då vart ho med eitt gammal og skrukket igjen.
Han kava og kava for å komme unna, heilt til han vakna med sveitten silande over heile kroppen.
Hadde her berre vore noko å gjere, men veret hadde slått om igjen, så det var mest uråd å stikke hovudet utomhus. Sørvesten ylte om novene og regnet sto som ein vegg innover Vestfjorden. Dei vann så vidt å skaffe i hus det dei trong av ved og torv til å halde åreelden såpass ved like at dei heldt den verste råsken ute.
Ein dag hadde han våga seg på veg ned til Fåne, på vona Koll kunne hjelpe han til å bli kvitt dei verste mardraumane. Men ute på brinken der bratta ned mot Fåne-huset tok til for alvor, hadde vinden slege han overende. Då han forsøkte å reise seg, hadde vinden tatt nytt tak og kasta han mot ei gammal rogn som sto der. Då såg han ikkje anna råd enn å kravle seg på alle fire oppover mot Borg igjen.
Der han kraup oppover i den dimme halvmørke dagen, såg han ein høg, gråkledd skapning stå med kappa flagrande kring seg, og eit minne frå jula rann han i hug. Men han slo det frå seg, meinte han måtte ha sett feil. I slikt eit ver kunne verken gudar eller menneske stå oppreist der framme på brinken.
Då tok med eitt ein hund til å gjøy der oppe på garden, og som om gøyinga skulle vore eit slags signal, reiv der seg ei open rift i det tunge gråullteppet himmelen hadde gøymt seg attom. Der sto som ein lysstråle gjennom opningen og traff gråmannen bortmed galgerogna. Som i eit lynglimt var mannen sitt ansikt opplyst under den sidbremma ullhatten der eit tomt augehol stirra på Bjørnulv, og ei blå tunga hang ut av kjeften som på ein hengt mann.
Det for så ilt gjennom Bjørnulv i det same. Så prøvde han roe seg med at nettopp på ein dag som i dag var det, om nokon gong, ver for skrømt og daudingar. Og då var det vel ikkje så underleg om ein dauding var å sjå ved galgetreet. Han måtte spørre seg for om nokon visste om ein einaugd mann som var blitt hengt der i treet. Likevel kjente han at han var kaldare, heilt inn i margen, enn han trong vere for veret si skyld.
Han rente seg mest på Asgaut idet han trivla seg inn døra til eldhuset. Asgaut såg undrande på han og drog han med seg bort til åreelden. Der gjorde han teikn til ei av tausene som brennsnøgt bar ei kanne varmt tynnøl bort til dei. Asgaut slo øl i eit staup og tvang Bjørnulv til å tøme det i to lange drag. Han hjelpte Bjørnulv av med kappa og hengte den på ein nabb attmed elden.
– Så, no trur eg det er best du fortel meg kva det er som feilar deg. Noko har det vore heilt sidan jul, men slik du no ser ut har eg aldri sett deg før.
Då ramla det ut av Bjørnulv, alt. Hulter til bulter kom det, om Ranveig-Ullfrid, om Koll og om daudingen han nyss hadde sett.
Asgaut sat mest taus og høyrde på, skaut berre inn nokre korte spørsmål ein og annan gongen for å klare opp i den rotete fortellinga. Då Bjørnulv hadde tømt alle orda or seg, sat dei begge stille ei god økt.
Asgaut harka litt før han tok til orde:
– Eg trur det er rett om eg fortel deg at eg og var saman med Ullfrid ei jul for lenge sidan, ei av dei første ho var her. Den aller første var ho saman med Tore. Det var mens far hans enno levde og var blotgode. Seinare veit eg at Bodvar var saman med ho ei jul. Vi har undra oss litt over, alle saman, at ho aldri blir eldre. Vi visste nok at det var noko trollskap med i spelet. Men ettersom ho aldri gjorde noko gale mot dei ho var saman med, så var det ingen grunn til å jage ho.
– Tore, du og Bodvar?
Bjørnulv såg storøygd på Asgaut.
– Ja. Du ser kan hende ein samanheng her? Ingen av oss er menn som hastar med å komme til botn i ølbollen. Ingen av oss er menn som likar råskap og drap. Drepe gjer vi om vi må, men ikkje for vår eigen lyst. Vi meiner alle at du er av same slaget. Men du må vere noko særskilt, ettersom du veit det som ingen av oss fekk greie på. Ettersom du kjenner både Ranveig og Ullfrid. Ranveig slepp ikkje mange innpå seg. Då er eg meir undrande over kva det er Odin vil deg.
– Odin?
– Ja, forsto du ikkje at det var han du såg, no ved galgetreet? Du veit vel at Odin blir kalla «dei hengte sin gud»?
Asgaut såg undrande på Bjørnulv. Så var det som han brått kom på noko, og såg litt brydd ned.
– Nei, du treng ikkje vere brydd, Asgaut. Det er noko alle veit at trælar ikkje får eigna til seg mykje kunnskap om gudane. Men Odin… Det er andre gongen…
– Andre gongen?
Asgaut var kvass i mælet.
Det var ikkje anna råd for Bjørnulv enn å kome fram med det som hadde hendt den natta i jula då han hadde vekt Gaute. Han omgjekk det at Gaute hadde sove, men plumpa ut med kva Odin hadde sagt. Og då var det ingen annan utveg enn å komme fram med heile sanninga.
– Jaja, såpass skylda du vel Gaute. Og eigentleg trur eg nok Tore ville vore takksam mot deg om han hadde visst det. Han ville nok likt dårleg å bli nøydd til å henge sonen til Frode Gautason på Fjell. Men no skyldar du ikkje Gaute noko lenger. Han har gjeve deg fridomen. Du har gjeve han livet. Men vi får halde tann for tunge, både du og eg. Eg trur neppe Gaute ville like det om nokon visste at han skyldar deg livet sitt. Det kan hende vere galt nok at han sjøl veit det.
– Kva trur du Odin vil meg?
– Eg veit ikkje, Bjørnulv. Odin lar ikkje nokon sjå seg utan at han sjøl vil det. Kanskje vil han ha deg som si fulltrue. Men det skal du vite at Odin er ein hard herre å tene, lunefull og svikefull som han er. Nei, eg veit ikkje, Bjørnulv, men eg trur det må vere meir med deg enn vi til no har visst om. Du treng vel og å få vite at av og til skapar Odin seg om til ei kvinne og ligg med menn. Endå om eg knappast trur at dette har noko med Ranveig-Ullfrid å gjere. Ranveig dyrkar dei gudane ho kjende heimanfrå, og dei er andre enn våre. Likevel kan det vere godt å vite.
Om Bjørnulv hadde trudd at det skulle bli lettare etter at han hadde snakka med Asgaut, tok han feil. Draumane vart berre verre. No var dei ikkje berre den ung-gamle kvinna som brautest med han om plassen i benken. No hende det at denne framande også tok form av ein høg, mager og gråkledd mann.
Han gjekk som ein skygge kring på garden. Han grudde seg for å sovne, og grudde seg for å stå opp. Når dei andre var oppe, trudde han at han kunne ha sove uplaga, men han visste at det kunne aldri Tore tole, at ein av huskarane låg og drog seg om dagen, endå om det lite eller ingenting var å gjere.
Bjørnulv trudde ikkje at det var mange som la merke til korleis han såg ut. Nesten alle på garden såg plaga ut. Folk flest får dette draget over seg når dei blir tvinga til gjerandsløyse så lenge. Berre dei eldste gjekk der med ein liten smil i munnvikene.
– No står skreien feit og fin uti havet, mulla dei, – og med sørvesten kjem han inn Vestfjorden. I år treng vi ikkje fare ut på ville havet og sette livet på spel for å få hjellane fulle. Berre nokre få båtlengder frå land, så kan vi laste båtane. Gudane er godhuga, slik midtvintersblotet lova oss. Men dei yngste skulle nok heller ha villa ro litt lengre og sette livet på spel om dei berre slapp gå her utan noko å røyne kreftene på.
Ein dag var vinden spak, og regnet heldt seg der oppe i skyene, endå om dei låg langt nok nedover fjellsidene. Men havet var framleis så opprørt at det ikkje kunne vere snakk om å gje seg ut på havet for å sjå etter om dei gamle hadde vore sannspådde.
Dei unge ga seg heller i kast med leik og idrott, men Bjørnulv tok Asgaut til sides og spurte om han kunne ta seg lov til ein tur ned til Fåne-stua. Asgaut ga han straks lov til det.
Straks Bjørnulv opna døra til Fåne-stua slo snorkinga frå Fåne og ein emmen stank imot han. Koll sat med lutande hovud og stirra inn i åre-elden. Bjørnulv vart ståande innved døra og visste ikkje heilt korleis han skulle te seg.
– Du treng ikkje vere redd for å vekke Fåne. Det må minst ein jordskjelv eller ein ny øltørst til for å få han vaken. Kom no og sett deg innved elden. Eg har venta på deg.
Koll snakka utan å sjå opp.
– Du har venta på meg? Korleis..?
– Det var noko som sa meg det. Likevel trur eg det er best at du fortel…
Enno ein gong bobla det heile ut av Bjørnulv. Koll sat heilt urørleg mens Bjørnulv fortalde, og ei god stund etterpå. Så greip han ein stav som han hadde liggande ved sida av seg, og tok til å rote i åreelden. Elden flamma opp og dansa i underlege, knitrande og kåte sprang over kubbane. Koll var der heile tida med staven sin. Det var som om ville han styre flammane, tukte dei under sin vilje.
– Ullfrid-Ranveig kjenner vi. Og eg trur det er rett som Asgaut sa: Dei har ikkje noko med Odin å gjere. Det som gjer meg meir tenksam er at Odin kjenner deg så godt
at han veit om draumane dine, og blandar seg inn i dei. Eg trur du må gjere eit val, Bjørnulv. Enten må du vie deg til Odin fullt og heilt, eller så må du finne eit vis å stenge han ute. Det er tungt å vere fulltrua til Odin. Eg har sett mange menn forsøke det, utan å makte det særleg lenge. Og så må vi ikkje glømme at det var dei som ville fulltru på Odin. For deg er det annleis, om eg ikkje tar feil. Det er Odin som vil at du skal fulltru på han. Noko slikt har eg aldri høyrt gjete før. Vil du dette, Bjørnulv? Tør du dette, Bjørnulv?
Bjørnulv såg bedande på Koll.
– Eg kjem til deg for å få råd. Du veit så mykje, og eg veit så lite, både om Odin og dei andre gudane. Det einaste eg veit er at dette som har hendt har gjort meg skremt.
– Vel du Odin, Bjørnulv, kan han gje deg makt og vørdnad. Det kan reise opp att ætta di. Men det kan og øydelegge deg, om du ikkje er sterk nok. Er du sterk nok, Bjørnulv?
– Eg veit ikkje, Koll.
Bjørnulv høyrde sjøl at han nærmast jamra orda fram.
– Kva tid trur du at du veit det?
– Korleis kan eg vite det, Koll? Eg veit berre at eg ikkje søv. Eg går som ein skygge oppå Borg. Eg trudde du kunne hjelpe meg. Derfor kom eg.
– Det er mogleg eg kan hjelpe deg, men då må du vite kva eg skal hjelpe deg til. Det eg kan love deg er at eg skal be Ullfrid-Ranveig fjerne seg frå draumane dine. Den oppmodinga trur eg nok blir høyrt.
– Korleis skal du be om det, når det ikkje er ver til å komme seg vegen til Ranveig?
– Å, det finst hjelparar som tar seg fram den vegen same korleis veret ter seg. Det skal du ikkje tenke meir på. Men Odin… Han kan eg ikkje fjerne verken frå tankane dine eller draumane dine om du ikkje sjøl vil det, veit at du vil det. Og eg ser det slik at Odin trur på deg, trur på styrken din. Han veit at det kjem ei hard mannjamning om ikkje lenge. Han veit at han treng sterke folk til å bere merket sitt i den striden. Og om du vel han bort, så kan eg ikkje love deg verken makt eller rikdom. Du får kjenne djupt i deg sjøl, kjenne etter kva som betyr mest for deg: Makt og rikdom eller indre fred. Den dagen du trur du veit det, kan du komme til meg igjen.

Neste kapittel

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.