Det rak eit rykte innom Borg ein dag. Skafte på Li hadde ikkje rusta seg ut for skreifiske i vinter. Han hadde tenkt å sitte heime med huskarane sine. Det var mange nok som bar rikdom til Borg, om ikkje han og skulle bere hovdingskatt dit, skulle han ha sagt.
Tore vart kvit av sinne då han høyrte det. Så lo han ein kort og brå latter.
– Det merkast kor Kalv Kvite fer. Men Skafte får eg vel tale med. Plukk ut elleve karar du, Asgaut. Eg rir sjøl tolvte til Li no i dag.
Det var stilt på tunet på Li då dei reid inn. Dei tøyla hestane og venta ei stund, men ingen kom ut for å ta imot dei.
Ikkje før Tore hadde banka hardt på døra med spydskaftet, kom ein fortumla og søvndrukken Skafte i døra.
Tore smilte kaldt.
– Så, de dyrkar søvnen på Li, medan andre bur seg til skreifiske. Og dugeleg må her ha vore brygga til jul, ettersom augo dine, Skafte, fortel om ein tung ølrus. Elles trudde eg det var skikk på gardane her å ha vaktmenn ute, så ikkje ufredsfolk fekk kome overraskande på. Men kanskje lit du så fullt og heilt på at hovdingen vaktar øya, at du ikkje synes det er naudsynt med eigne vaktmenn?
Det var greit å sjå at Skafte lika talen til Tore ille. Likevel prøvde han seg på noko som truleg var tenkt som ein venleg smil.
– Ufred har det vore så lite av her på Lofot etter at hovdingen på Borg festa makta si, så vi har mest glømt å tenke på å akte oss. Men kva står på ettersom du hovding kjem så mangmennt i tunet mitt?
– Det sneia ein underleg tale innom Borg no nyleg. Bonden på Li ville ikkje på skreifiske med huskarane sine i vinter, vart det sagt. Dette undra meg så mykje at eg tenkte eg ville høyre med deg sjøl, kva du hadde å seie.
I det same var Kalv Kvite ved sida av Skafte. Han hadde sverd ved lend og såg mykje klårare og kvassare ut i blikket ein bonden sjøl.
– Eg veit ikkje om ein friboren odelsbonde treng svare på slike spørsmål, hovding. Eg trudde odelsbøndene rådde seg sjøl i slike saker her på Hålogaland, flein han.
Tore heldt heile tida blikket festa på Skafte. Læst ikkje sjå Kalv Kvite.
– Eg ventar på svaret ditt, bonde, og minner om tingsemja frå gammalt av: Hovdingen på Borg held huskarar nok til å verge Lofot mot vanleg ufred. Bøndene svarar sin høvesvise part av løn og kost. Men om det er slik at du, Skafte, har tenkt å svare din part med godt sølv i år, skal ikkje eg tvinge deg vekk frå ølhornet og ut på havet. Men eg vil ha svar innan tre døgn, så eg veit kva eg har å halde meg til før eg sender mine folk på fiske. Svaret ventar eg å høyre heime på Borg.
Med det sagt, snudde Tore hesten og rei ut frå tunet på Li med følget sitt.
Dagane gjekk, men noko svar frå Li kom det ikkje. Fjerde dagen tok dei første huskarane og trælane til å dra til sine vær. Då ga Tore igjen ordre til å sale opp. På ny gjekk turen til Li.
Men denne gongen kom ikkje mennene frå Borg uventa til Li. I tunet vart dei møtte av ein mannehop på rundt tretti menn. Fremst sto ein flirande Kalv Kvite og nokre andre menn med sverd. Ei halv tylft menn hadde bogar med piler kvilande mot strengen. Andre bar spyd, både hoggspyd og kastespyd. Attrast sto ein hop med trælar væpna med alt frå høygaflar til tunge stokkar.
Tore stoppa framfor Kalv Kvite.
– Kor er Skafte?
– Han ligg klein inne i koven. Og ettersom han, liksom du, ikkje har soner, så ba han meg tale for seg. Det han har å seie deg, Tore, er at han frå og med i dag seier seg fri frå tingsemja, og aktar å verge garden sin sjøl etter denne dag. Bøndene meiner du har brote tingsemja med å legge alt for harde skattar på dei. Alle veit at så mykje som dei ber til garden din, et ikkje huskarane dine. Og det vart ikkje sagt noko i tingsemja om at bøndene skulle auke rikdomen din med det dei ber til Borg. Anna svar får du ikkje. Ri heim no, du er ikkje velkomen her i tunet.
Tore løfta sakte høgre handa over hovudet, og før nokre visste ordet av det sto det ei pil og dirra i høgre aksla hans Kalv. Nokre av bogemennene datt til marka med ei pil gjennom brystet. Dei andre bogeskyttarane greidde å sleppe av garde kvar si pil, men berre ein i følget til Tore vart skada.
Så drog Tore sverdet og storma fram mot hopen i tunet. Kalv forsøkte seg med nokre keivelege hogg med venstrehanda, men fekk både sverdet og to fingrar slått av handa si. Asgaut og Kjartan felte kvar sin sverdmann før resten av hopen tok til beins og rømde. Kalv Kvite sto frådande av smerte og raseri med blodet strøymande frå dei to såra sine.
– Hent Skafte, Kalv! Han er vel ikkje verre faren enn at han greier å stavre seg ut på tunet.
Tore var iskald og hard i røysta. På ustøe bein forsvann Kalv inn i huset. Ei lita stund seinare viste Skafte seg i døropninga. Seint og stivt bøygde han seg og steig ut på tunet.
– Du helsar meg med lite gjestevenskap i dag, Skafte. Korleis er det, er det du eller Kalv Kvite som styrar her på garden. Du skulle vite, om ikkje han veit det, at ein bonde ikkje kan seie opp ei tingsemje, og slett ikkje utanom tinget. Dette sviket skal du få svare bøter for på neste ting. Ver glad om du ikkje blir lyst fredlaus. Bryt du tingsemja fleire gonger lar eg garden din brenne.
Tore tagde ei tid. Skafte hadde heller ikkje noko han ville ha sagt, høyrtes det som.
– Men om eg må drepe deg, Skafte, så vil eg ikkje rydde ut ætta di. Ætta di er gamal her på Lofot. Like gammal som mi, på lag. Ei viss sams ættetog skal det visstnok og finnast. Derfor tar eg dotter di med til Borg i dag. Hent ho, og få ein hest sala til ho.
Skafte vart ståande og sjå på Tore, som om han ikkje forsto kva som hadde blitt sagt. Auga hans var dimme, og siklet rann frå kjeftvikene. Han såg i det heile ut som om det ikkje var mykje som nådde inn til heilen på han.
Tore gjorde eit utålmodig teikn til Asgaut. Asgaut steig av hesten og skuva Skafte heller ublidt til sides slik at han kunne stige inn i stova.
Like etterpå høyrte dei kvinneskrik inne i huset, og etter ei stund kom Asgaut halande ut med ei reisekledd Gyda i den eine handa. I det andre armen hans sleit ei skrikande Tyra.
– Ikkje ta Gyda frå meg, skreik ho.
– Ho er det einaste eg har å trøyste meg med på denne vanvittige garden.
Raudskjeggen forsøkte heile tida å slite seg laus, men ho hang som klistra fast til armen hans. Det var underleg å sjå det hjelpelause uttrykket i ansiktet til den elles så faste Asgaut. Bjørnulv la merke til at nokre av mennene gøymde ansiktet bak handloven. Han forsto korfor, og ville nok ha hatt vanskar med å halde seg alvorleg sjøl, om det ikkje hadde vore Gyda og mora hennar det galdt. Han la merke til nokre rykkingar i nakken til Tore, og forsto at til og med hovdingen hadde vanskar med å halde seg alvorleg.
Det var ingen hestar på stallen, og berre tidheft å prøve å få ut av Skafte kor dei hadde gøymt hestane, så Tore ba Bjørnulv ta Gyda opp på hesten til seg.
– Du er den lettaste av oss, så det blir inga urimeleg bør for hesten om Gyda rir saman med deg, sa han.
Gyda virka ikkje uvillig då Asgaut hjelpte ho opp på hesten bak Bjørnulv. Men no var det Bjørnulv Tyra klamra seg til. Ho krampheldt i eine foten hans og skreik høgt og skjerande:
– Ta ho ikkje frå meg! Ta ho ikkje frå meg!
Bjørnulv såg spørrande bortpå Tore. Tore såg litt usikker ut han og, og klødde seg baki hovudet. Så let han hesten sin ta dei par stega bort til Tyra, bøygde seg ned til ho og sa mjukt og varleg:
– Kanhende du vil vere med til Borg, du og, Tyra?
Tyra slapp foten til Bjørnulv og klamra seg til Tore sin fot i staden.
– Ja, gret ho, – ja, ta meg vekk frå denne kvitjotnen som har kasta gann over garden. Ta meg med til Borg, gode hovding. Betre å vere taus på Borg enn kone på denne jotungarden.
Slik vart det to hestar
som måtte bere dobbelt opp til Borg. Men så var det då heller ikkje lengre vegen. Dessverre, syntes Bjørnulv. Han kunne ha ridd slik til aka tid, med armane til Gyda kring seg og kroppen hennar hardt pressa mot sin. Han leita etter noko å seie, men fann ikkje ord. Ho sa ikkje noko, ho heller. Men dei reid ikkje så fort at ho hadde trengt halde så hardt og tett kring han av den grunn. No var det ikkje så ille å vere blant dei som Tore hadde plukka ut til ikkje å fare på fiske, men vere heime og vakte garden.
Det var ei stadig bårande kjensle i bringa å vite at Gyda var på same garden som han, vite at under det taket fann Gyda kvila si. Der åt ho og sat over handarbeidet sitt.
Stort nærare kom han ho ikkje. Ho vart dregen inn i ei kvinneverd, der det ikkje fanst nokon plass for ein huskar. Av og til såg han ein skimt av ho saman med døtrene til Tore. Ein gong vinka ho til han. Då såg han at Helga snakka til ho, og etter det vart det ikkje noko vinking.
No var det ikkje nettopp noko gamanliv å vere huskar heime på Borg når stordelen av karfolket var heimanfrå og garden ikkje skulle voktast kleinare enn når alle var der. Vaktene fall både ofte og lange på den mannetylfta som framleis fanst på garden.
Ein dag Bjørnulv kom av vakt, og skulle til å stupe seg overende på sovepallen etter at han hadde plukka i seg litt mat så aller snarast, slo ein tanke ned i han. Ranveig! Kva med ho, no når både Tyra og Gyda var flytta hit til Borg? No var det vel ingen som bar til ho, verken bitan eller slitan.
Han prøvde å tenke etter om han hadde kjent ho kalle sidan den rare etterjulsdagen då han nesten rømte frå gammen hennar og la seg til med draumar. Men, nei, han kunne ikkje minnest at han hadde kjent draget. Kunne det kome av at ho ikkje hadde tolt det siste hamskiftet? Kunne draumane vere eit varsel om at ho ikkje lenger var lekamleg til stades på jorda, at ho no vandra kring som ei mare og plaga folk i draumar. Det hadde ho forresten heller ikkje gjort etter at han var hos Koll.
Det nytta ikkje kor trøytt og utkjasa han var, han fekk ikkje sove. Han måtte skaffe seg greie på korleis det var med Ranveig. Tyra og Gyda, dei måtte vite noko. Dei kunne då ikkje gå så rolege kring på Borg utan å vite korleis det sto til med Ranveig? Men korleis skulle han få snakke med dei? Det vart som så ofte elles, det vart Asgaut han måtte ty seg til.
Heldigvis visste han at Asgaut ikkje var på sovepallen sin, men vakta brinken ned mot Pollen. Bjørnulv fekk på seg kleda og småsprang oppover nabbane. Utan lov frå Asgaut kunne han ikkje gå frå garden, endå om det var i sovetida hans. Tore var striks på det.
Asgaut sto så dørgande still og halla seg på spydet, at Bjørnulv nok hadde tatt han for ein seljekall og sprunge forbi, om ikkje Asgaut hadde kalla lågt til han.
– Er det noko på ferde, Bjørnulv, ettersom du kjem springane hit no når du skulle sove?
– Det er ikkje anna på ferde enn at eg må opp til Ranveig og sjå etter at alt er som det skal med ho, no når ikkje Gyda er der lenger og kan sjå om ho.
– Eg trur knappast du treng ottast for Ranveig. Var det ikkje så du sa at ho brukar kalle på deg når ho treng deg?
– Jau, men enn om det no var derfor eg kom så brått i hug ho no.
Asgaut såg fortenkt ut.
– Du seier noko. Det var kan hende det. Jaja, gå berre du. Men ver snar. Du treng den kvila du kan få.
Bjørnulv gjorde ikkje vegen lang ned til garden. Han fann seg eit par ski og hogg staven i snøen for å gje seg fart. Då heldt han med det same på å renne overende ei gammal kjerring, inntulla i klespjank av ymse slag. Han hekste arg til stakkaren.
– Du får sjå deg for kor du fer, menneske.
– Åja, eg får vel det, let det frå klestullen.
– Men korleis kunne no eg vite at sjølvaste Bjørnulv Steinbjørnsson hadde slike bråærend kring husnova i dag.
Bjørnulv hadde ikkje meir tid å ofre på fattigkjerringa. Han hogg på ny staven i snøen og ga seg på laup. Då var det eitt som om skia hans låste seg i snøen og ikkje ville vidare. Den røysta… Han heiv seg rundt og for tilbake til ei kjent latterhikring inni klestullen.
– Om du var på veg til ein gamme oppi utmarka på Li, så trur eg du kan spare deg turen. Gå no og få deg den søvnen du treng. Eg kjem til deg på vaktstaden din seinare. Då kan vi snakkast. Du treng ikkje vere redd. Eg skal ikkje hindre deg i vakta di, og ingen vil få vite at eg er der.
– Det var vakkert av deg å tenke på meg, etter aka den plaga du har hatt med meg natterstider. Eg var ikkje heilt klar over korleis det var fatt, var vel for veik etter det som hadde hendt i jula. Då eg fekk bod, var det likevel eitkvart som dimma synet for meg, så eg ikkje kunne finne ut av det. Det var som ei makt sto i vegen for meg. No trur eg at eg veit kva for ei makt det var.
– Har du snakka med Koll?
– Jada, eg har snakka med Koll. Han trudde det var best om eg fekk vite alt slik det var. Og han meinte du ikkje hadde tatt nokon lovnad frå han om å teie. Du har nok forstått at Koll vil ha deg over til denne Krist-guden sin. Der kan eg ikkje stø han. Ein meingud er han, denne Krist. Aldri før har vel noko menneske høyrt gjete at det berre skulle finnest ein gud til i verda. Men eitt er eg einig med Koll i: Det skal krefter til for å bli Odin si fulltrue. Du har krefter, Bjørnulv, eg ottast ikkje for det, men vil du bruke kreftene dine til Odin sine gjerningar? Det spør eg meg sjøl om. Og det spør eg deg om.
– Hadde eg berre visst, Ranveig. Eg veit så lite. Eg forstår ikkje korleis Odin kan vere høgste gud i Åsgard, og likevel møte så mykje otte og vanvørdnad frå folket som tilbed han, når det røyner på. Dei kallar han for svikargud og tviskapnad og hånar han for seidskapen hans. Ja, dei veit endå til å fortelle at han i skapnad av kvinne har sett born til verda. Nei, Ranveig, eg trur ikkje eg kan gje trua mi fullt og heilt til ein slik gud. Eg spør meg sjøl, etter det vesle eg har høyrt, kva skilnad er det på Odin og Loke? Og ingen ville finne på å gje si fulltrue til Loke. Korfor då til Odin? Kva trur du det er han vil med meg?
– Gudane i Åsgard er ikkje mine gudar, Bjørnulv, endå om eg held mykje av disene. Så, nei, eg veit ikkje kva Odin vil deg. Kanhende samlar han folk til ein slags endestrid mot Kvitekrist. Og eg vil tru at Odin har sett styrken i deg. Og på eit vis har han måtta gje tapt for styrken din.
– Kva meiner du med det?
– Har han vore i draumane dine etter at den andre mara kvarv?
– Nei, det…
Bjørnulv høyrtes forundra ut.
– Når eg kjem til å tenke på det, så har han ikkje det.
– Der ser du. Han kan ikkje komme seg inn i draumane dine utan at han har ei anna mare å henge seg på. Han har ikkje makt over deg. Og det trur eg ikkje han vil få, om ikkje du gjev han det.
– Men korleis kan eg, berre eit stakkars menneske stå imot ein gud? Særleg når det er den største og mektigaste guden?
– Det er så laga at det er menneska sjølve som vel seg sin fulltrue gud. Kanhende er det nornene som har spunne det slik at det ikkje er gudane som vel menneska, men menneska som vel gudane. Slik trur eg Odin no buttar imot den allstyrande lagnaden.
– Men om eg nokon gong skulle ha trong til å påkalle hjelp frå Odin, og eg slik har svikta han. Korleis skulle eg då kunne vente at han ikkje ville svikte meg?
– Det, Bjørnulv, er lite å tenke på. Odin hjelper berre om han trur at han samstundes hjelper seg sjøl. Det gjeld no kan hende litt for alle gudane, men i særleg mon for Odin.
– Så du meiner eg kan berre glømme det som har hendt?
– Nei, Bjørnulv, det meiner eg ikkje. Du skal ta godt vare på minnet om det som har skjedd. Slik kan du vere på vakt. Odin er sløg som ingen annan. Og når han vil ha deg i garnet sitt, så gjev han nok ikkje opp i første økta. Så hugs, Bjørnulv. Hugs og akt deg. Men ver ikkje redd. Sjå livet og lagnaden an, og avgjer sjøl om du skal tru på deg sjøl eller på gudar. Og vel du å tru på gudar, så skal du sjøl velge kva for gudar.
– Takk for råd, Ranveig, denne gongen som andre gonger. Men korleis går det med deg der oppe i utmarka på Li? Bergar du deg over vinteren? Er det nokon som ber mat og brensel til deg?
Det høyrtes ein tørr latter borti mørket.
– Du er ein god gut, Bjørnulv. Pass deg berre, så du ikkje blir for god. Det har ingen mann godt av. Men takk for omtanken. Jauda, eg ville nok ha klart meg bra, om eg hadde villa. Du veit der rek folk innom hos meg stundimellom. Og dei ber no med seg eitkvart, dei fleste. Endå om mange av dei har så lite at eg ser til at dei ber det med seg heim igjen. Men etter at både dotter og dotterdotter mi vart borte frå Li, såg eg ingen grunn til å sitte der oppi utmarka lenger. Du veit at eg gjerne vil vere så nær Gyda som råd er. Eg har ei kjensle av at den dagen kjem då jenta treng å ha meg i nærleiken.
– Men kor er du no då?
Det lo igjen der borti mørket.
– Vi er eit ulike trekløver, vi tre der nedi Borgfjæra. Men det var ikkje nei i nokon munn då eg kakka på døra og ba om husvære. Elles så finst det ei lita stue på garden der eg rår meg sjøl, når eg finn det likast.
– Meiner du at du held til hos Fåne? Veit han at du er..?
– Nei, det veit berre dei som du har fortalt det til.
Bjørnulv syntes han merka noko beiskt i stemmen hennar.
– Ja, eg… skulle vel ikkje…
– Nåja, gløym no berre det. Du måtte vel. Og eg trur ikkje det kjem stort vidare frå dei du har snakka med. Elles er det ikkje godt å vite, ikkje eingong for meg, kva Fåne veit. Eller trur han veit. Han er ein luring, den gamle vikingen. Og gjømmer mykje bak ein kjeft som alle trur alt dett ut av. Elles har han det sams med deg, Bjørnulv, at han på mange vis mest er for god for denne verda. Men det veit vel du som har sett korleis han ter seg mot trælen sin, og korleis han enno ventar på Disa.
– Du Ranveig… Gyda… Veit ho at du er der nedi Fånegarden? Ser ho
åt deg der?
– Så, du synest du har sett lite til ho her på Borg. Eg forstår at det kjennest så. Men du får smøre deg med tolmod. Eg meiner ikkje at du skal vere like tolmodig som Fåne. Men før denne vinteren er over, trur eg knappast du kan rekne med å sjå noko meir til Gyda enn du no gjer. Kjem ho til meg, så er hovdingdøtrene med, og av og til mor hennar. Eg veit ikkje kor godt eg likar det, men det må så vere. Over vinteren.
– Kalv Kvite, han kom ho vel ikkje for…
– Nei, du treng ikkje ottast. Enn så lenge syntes han nok det var gildt nok å herje med husfrua som han ville. Eg trur han syntes han meinka Skafte nok på det viset, og batt han hardare og hardare til øltynna. Men om ikkje Tore hadde tatt Gyda derifrå, så er eg redd det hadde gått slik du fryktar. Kalv Kvite finst det ikkje noko godt i. Akt ryggen din for han, Bjørnulv.
Så var ho borte, like stilt og brått som ho kom. Det var berre natta og mørket og vakta og tankane igjen.

Så kom den tida at det vart vaktskifte på Borg. Kjartan Arason kom ridande til gards med sitt mannskap og skulle avløyse Asgaut og karane hans. Det hadde vore nokre dagar med dårleg ver, så utroren hadde vore heller dårleg, kunne Kjartan fortelle. Men dei gamle hadde hatt rett. Sørvesten hadde drive skreien inn Vestfjorden, så mest kvar ein fjordpoll sto full av den feitaste og finaste skrei. Heldt det fram slik, meinte Kjartan, så ville dei ryke opp for tørkehjellar før fisket var omme. Dei hadde skøytt på med å bruke så mykje dei våga av det dyrebare saltet og salta ned ikkje så reint lite.
– Det spørst, sa Kjartan til Tore, – om du ikkje skulle sende ei skute over til Salten etter råvedstenger før prisane går lukt i veret. Dei fiskar nok godt nordover i Vesterålen og no, vil eg tru. Tore drog på det, og lurte på om det var mykje som hadde rotna frå førre året.
– For då hadde vi rikeleg med hjellstenger, let han på.

– Og eg fekk då henta ei føring med nye stenger frå Salten i fjor haust.
Kjartan berre lo og sa at det nok ikkje gjekk an å samanlikne med førre året. Ei og anna stanga hadde nok rotna og brotna, slik det hendte kvart år. Men Tore hadde, som sant var, sørga for at det fanst nye stenger til å erstatte dei som ikkje lenger heldt. Nei, grunnen var at så rikt eit fiske som i vinter, det hadde endåtil gamle folk vondt for å minnest maken til. Og så feit ei lever, det var det ingen som kunne huske.
– Det kjem til å spørrest etter brenslet og, om vi skal koke ut aka graksen til tran, kunne Kjartan fortelle.
– Noko trur eg vi berre må fløyte ovanav ukokt. Det vi skal blande med tjære og bruke til smøring utomdørs.
Tore la ikkje skjul på at han syntes dette var omframt gode nyhende. Og kvar og ein som høyrte på, mumla om at juleblotet visst ikkje hadde gått umerka av gudane. Det gamle vaktmannskapet, dei som no skulle uti været og fiske, dei fekk to døgn på seg til å bu seg til avferd, og til å sove.
– I år er eit slikt år då vi ikkje treng jage på folk meir enn godt er, meinte Tore.
Ute i væra var det liten forskjell på tegn og træl, oppdaga Bjørnulv. Slitet med årene var det same, og når dei roa seg for natta, grov dei seg ned i omlag same bola. Men støtt var det trælane som måtte ligge ytterst og ta imot kjølda frå kalde og sprukne veggar. Slik heldt dei oppe ein viss skilnad også der.
Bjørnulv rodde saman med Asgaut på ei noko tung og uhandterleg åttring. Ettersom dei var berre seks mann ombord hendte det at dei måtte slite hardt når vinden bar imot så dei ikkje fekk bruke segla.
Rett overfor Bjørnulv sat det ein træl som vart kalla Kot. Han var ikkje mykje eldre enn Bjørnulv, men større og grovare og ei kjempe til å ro. Bjørnulv syntes ofte han såg ein hånleg flir i munnvika til Kot når Bjørnulv var så trøytt og utkjasa at nevane glapp om åra.
Kot var elles særs fåmælt, og avgrensa talen sin berre til å svare når nokon snakka til han. Det var også vanskeleg å få tak i blikket hans. Vanlegvis såg han ned og ville ikkje møte auga til dei som snakka til han. Bjørnulv syntes likevel at han ender og gong kunne ane eit glimt av vilt hat i auga til Kot, og meinte han kunne gjenkjenne det blikket han hadde sett hos fleire av sine jamlikar i si eiga træletid. Det var eit blikk som høyrde nokre få sterke og unge trælar til, eit blikk Bjørnulv ofte nok hadde sett slokne under pisken.
Bjørnulv forsøkte å ikkje la Kot forstå at han vakta han og venta på utbrotet. Bjørnulv visste elles ikkje kva han håpa på for Kot sin del: å få den ville vona sløkt ein gong for alle under ein nådelaus pisk, eller av ein tauende over ei grein, eller av eit fall av eige tildriv utfor ein høg hammar slik som for Kvase «heime» på Fjell. Berre nokre få av det slaget greidde å tøyme seg og la den stridbare hugen stilne av år og slit.
Ein dag dei ikkje hadde vore på havet for veret si skyld, rakla Bjørnulv seg ein tur bortetter berga. Han gjekk i sine eigne tankar, og hadde gått lenger enn han hadde tenkt då han brått vart var ein underleg song bak nokre store steinar nedi flomålet. Varleg lista han seg i ein vid boge rundt steinane, mens han heile tida forsøkte halde seg skjult bak steinar og einerbusker og anna kratt ovan flomålet. Det fall ikkje så vanskeleg for det hadde tatt til å skjømmast så smått.
Det var ein flokk trælar som heldt til der bak steinane. Kot sto på ein stein framfor dei andre som låg på kne framfor han. Kot song ei strofe, og så svara dei andre.
Først forsto ikkje Bjørnulv kva det var som gjekk føre seg. Så kasta eit vindgufs eit par ord klårt fram til han: … in nomine Patri…
Resten vart borte, men han hadde kjent igjen orda han hadde høyrt frå Koll sin munn i jula. Koll hadde fortalt at han hadde ein liten Krist-lyd blant trælane.
Varleg leita Bjørnulv seg derifrå i undring. Kot Krist-gode? Då kunne det ikkje vere slik at alle Krist-godar var like mjuke i hugen som Koll, slik han hadde trudd.
Dagen etter kom Bjørnulv uforvarande til å møte blikket til Kot over årene. Bjørnulv fekk ein støkk med det same. Hatet i auga til Kot brann mørkare og sterkare enn det han hadde skimta der før. Bjørnulv grunna mykje over det blikket. Han forsto ikkje korfor Kot skulle hate han, Bjørnulv, som sjøl hadde kjent korleis det var å vere træl.
Han funderte ei stund på om han skulle prøve å prate med Kot om det, men gjorde det ikkje. Det kunne kanskje vere det som fekk den tynne hinna av styring til å brotne for Kot. Og då kunne lett Kot komme til å hamne under pisken eller i enden av reipet. I alle fall ville han sjå tida an. Han hadde ikkje lyst til å bli Kot sin banemann.
Dagane gjekk. Dei vart lengre og lysare, og bra var det, for no måtte dei lengre ut for å fange skreien. Det var klart at no var han på veg bort frå Lofot for denne gongen. Men enno beit han såpass bra at dei ikkje såg det likt å avblåse fisket.
Stenger til å henge fisken på hadde dei ikkje fleire av, men dei hadde spent reip mellom hjellane og hengte fisken på dei. Det var i minste laget med luft mellom fisken på det viset. Det la seg fort sleipe på skinnet på dei sidene av fisken som vendte mot kvarandre. Derfor hadde dei laga det slik at nokre av karane måtte vere på land saman med kvinnene for å snu fiskesperrene dagleg. Slik meinte dei at dei skulle greie å sleppe til luft nok til å hindre fisken i å surne.
Så var brått fisken borte. Dei rodde lenger og lenger ut og leita dagen lang, men kom på land med lite fangst. Karane tok til å murre og meinte at no var det på tide å sule opp og dra heim til garden. Det fanst ikkje folkvit i å ligge her og slite seg ut over årane kring heile havet når fisken var borte, meinte dei fleste.
Asgaut drog litt på det. Ga dei rett på eit vis, men meinte at dei måtte forsøke ei gammal og god méd noko lenger vest før dei ga seg.
– Eg trur nok Tore vil spørre oss når vi kjem heim om vi har vore der, meinte han. Men han avgjorde samtidig at berre dei mest lettrodde båtane skulle fare dagen etter. Dei andre kunne så smått ta til å pakke i hop og gjere klart for heimferd om det viste seg at heller ikkje der var fangst å få.
Det var slik ein underleg drått i lufta neste morgonen. Dei eldste prata seg imellom om kva dette no kunne bety. Ingen kunne minnest akkurat dette verlaget frå tidlegare tider. Nokre meinte at det var ein godverslovnad som låg i lufta, at det var vinteren som hadde tenkt å sleppe taket tidlegare enn vanleg var. Dei meinte at så godt eit lune som gudane hadde vist i vinter, så måtte ein og kunne vente ein omframt tidleg vår. Andre sa det motsette, at dette nok var eit varsel om at gudane syntes dei hadde vore i godlune lenge nok, og at dei no brygga på eit skikkeleg uver for å minne menneskekrypa om at vinterfiske var noko anna enn å lepje søtmjølk.
– Eg er uviss, eg og, sa Asgaut. – Så eg vil gje dykk lov til å rå dykk sjøl i dag. Dei som vil, kan fare på sjøen i lag med meg, dei andre kan la vere. Sjøl tar eg denne firesessa. Ho er lettrodd og sit godt på bårene, om det skulle bli naudsynt. Eg tar med meg Kot og Harm, og deg Bjørnulv, om du vil vere med.
Sistpå vart det berre til at fire av dei lettaste og beste båtane la i veg.
Det var dørgande stilt på havet, ikkje så mykje som eit drag av vind i lufta. Dei la seg på årene og tøygde seg utover fjorden. Firesessa til Asgaut var den mest lettrodde av båtane, så dei tok snart til å dra ifrå dei andre. Asgaut løfta åra og ropa til dei andre båtane at dei trong ikkje følge så langt vest som han hadde tenkt seg. Var der fisk å få vest i den méda, så kunne dei heller kome neste dag.
Dei rodde og sveitta, for det vart varmt ettersom sola klatra opp over himmelkvelven. Bjørnulv tenkte at dei nok hadde rett dei som hadde spådd at det var våren som var i emning, for dette vart mest som ein sommardag å rekne, såg det ut til.
Ikkje før hadde dei fått snøra i havet, så var fisken der og beit så det
var ein fryd. Asgaut og Bjørnulv hala fisken ombord så kvikt at Harm hadde nok med å ta unna fisken og skjære agn, mens Kot andøvde, for om det enn var vindstilt, så bar straumen så sterkt at ein måtte andøve heile tida for å halde båten i méda.
Båten la seg stadig tyngre i vatnet under den aukande fisketyngda. Verken Asgaut eller Bjørnulv hadde tid til å sjå seg kring, så travelt hadde dei det med snørene sine. Nett i det same det kom eit sterkt kremt frå Kot, kjente Bjørnulv at han kulsa og fraus. Han såg opp, og auga vart trillrunde i skolten på han.
– Asgaut, har du sett, kviskra han.
Asgaut såg opp, og gapte.
Heile himmelen i sørvest var svart som natta, og skyene kom med eit fart som kunne sette støkk i kven det skulle vere. No vart dei og var eit lågt drønn uti havet, eit drønn som på mest inga tid auka til eit brøl, og dei såg vinden komme rasande inn Vestfjorden.
Bjørnulv tok til å hale opp snøret, men ein rasande kommando frå Asgaut fekk han til å stoppe:
– Kast snøret! Ro!
Men dei hadde ikkje ein sjanse. Vinden var over dei, nesten før dei hadde tatt det første åretaket. Dei hadde berre eitt å gjere, prøve å halde båten på rett kjøl og lense unna for veret.
Det vart ein seglas der utgangen syntes viss. Ingen av dei fire ombord hadde det minste håp om å komme frå denne turen i live. Dei tok inn mykje vatn, og Asgaut kommanderte Bjørnulv og Harm til å ause. No var det ikkje forskjell på tegn og træl lenger. Her galdt det å overleve, og ingen av dei tvilte ein augeblink på at Asgaut si avgjerd var rett. Det var Asgaut og Kot som var dei beste med årene, endå om det ikkje var snakk om å ro, berre å forsøke å vri båten unna dei største bårene.
Men båten tok inn meir vatn enn dei to greidde å ause. Då avgjorde Asgaut at dei fekk prøve å kaste fangsten overbord.
– Så får de alle vie den til dei gudane de trur mest på, gaula han.
Bjørnulv kasta og auste. Det same gjorde Harm. Bjørnulv såg at munnen til Harm rørte seg der han kasta fisk etter fisk over ripa, men det var uråd å høyre orda. Bjørnulv var heller ikkje sikker på om Harm hadde vore blant dei som låg på kne i bøn til Kvitekrist hin kvelden.
Men kven skulle Bjørnulv vie fangsten til? Han mumla namna til Frøy og Njord, Irpa og Halgerd Holgabrud, men syntes ikkje namna til nokre av dei smaka godt på tunga. Han visste at det berre var tomme namn han kasta ut i vinden.
Odin? Skulle han prøve å kalle Odin til hjelp? Men om no Odin hjelpte han, då hadde han festa seg til han for aka tid framover. Rett nok kunne gudane svike menneska, men menneska kunne ikkje svike gudane, om dei ikkje ville ha gudane mot seg. «Det er menneska som vel gudane», høyrte han stemmen til Koll murra i bakhovudet. Men når mennesket først hadde valt, så fekk han stå ved valet sitt, om guden hjelpte.
Det var då han vart var han, den gamle gråskjegga, skrantne skapningen i akterskotten på båten. Han heldt armane ut og liksom skuva bårene unna, så dei ikkje skulle slå inn over båten. Han heldt det eine auge sitt festa på Bjørnulv og gliste.
Med det same slo stemmen frå Harm gjennom vindulet av sjøbraket: – … et Spiritus Sancto…
Bjørnulv greip ein fisk og slengte den av aka kraft mot skapningen i bakskotten og skreik:
– Vik frå meg din falske gråkall, i Kristi namn!
Uttrykket i auget vart vondt med det same. Bjørnulv kjente at det einøygde blikket under gråhatten brann han som ein open loge. Det var som om det varte ei heil æve, før skapningen brått var borte. Med det same var det som om sjøen slo saman over dei.
Lenge såg dei berre grøn sjø kring seg, og visste at no gjekk dei til botnar.
– Det er mi skyld, for det gjennom Bjørnulv. – Hadde eg gjeve etter for Odin, hadde han nok berga oss alle i land.
Med det same skar båten fram frå sjøen, skaka seg usikkert som ein spedkalv, la seg over og tømte grøn sjø utover ripa. Så stilna det. Vinden for forbi dei, la etter seg berre eit veikt brus. Det var som vinden hadde funne ei betre fengd lenger fram, som han no jakta på.
Valne fekk dei opp seglet, men sjøen var enno så grov at dei sette fleire klør, endå om vinden var spak. Himmelen var enno svart som tjære, og det var mørkt som svartaste vinternatta, så ikkje eingong Asgaut visste kor dei var. Dei berre sløra unna og sløra unna, unngjekk nokre skjær som var det lagnaden si styring. Seig for styrbord hals inn noko dei trudde måtte vere ein fjord. Minska seglføringa endå meir, just i tide før dei støytte mot land.
Lendet var flatt. Dei drog opp båten, kvelvde han over seg og sovna i snøen i ein einaste klump av kroppar, endå så våte dei var.
Bjørnulv vakna av at Kot dreiv og slo han i ansiktet med flate handa.
– Så, det var dette som skulle til for å få det til å gå over styr for Kot, mumla det i hausen hans, mens han snudde seg over på andre sida og ville sove vidare.
– Nei, du må ikkje sove meir, masa Kot.
– Sovnar du no igjen, så vaknar du aldri meir. Då frys du i hel.
Bjørnulv kava vilt med begge nevane for å jage den plagsame Kot. Sove. Han ville sove. Berre sove. Då greip Kot han i akslene, drog han fram unna båten, reiste han opp og ga han eit par kraftige lusingar, la armen om han og halvt drog halvt bar han i ring kring båten.
Det gjekk ei økt før Bjørnulv skjøna at Asgaut dreiv på og arbeidde for å få Harm vaken, og at det såg smått ut. Dei fekk drage han fram unna båten og tok til å arbeide med han alle tre. Dei gnidde han med snø i ansiktet, drog av han på føtene og gnei, klappa og slo føter og armar og ansikt. Dreiv på til sveitten sila av dei.
Dei heldt på å gje opp då det brått gjekk ei lita rykning gjennom den eine foten. Det var som om den vesle rykkinga ga dei alle nye krefter. Dei gnikka og gnudde, velta og slo, reiste han opp, rista og skaka han, slapp han ned igjen, gnudde og gnikka, ga seg ikkje før dei kjente ein veik varme i ansiktet hans. Då reiste dei han opp igjen, hjelpte kvarandre med å dra han med seg i ring kring båten, alltid i ring kring båten. Stundom slepte dei han, og etterkvart tok han nokre vaklande steg før han igjen datt i hop. Slik heldt dei på til dagranda tok til å dra seg sakte opp over fjella i aust, og dei kunne skimte landet rundt seg.
Det var sjølsagt Asgaut som først kjente seg igjen.
– Vi er i Rolvsfjorden, pæste han.
– Bak den nabben der ligg huset hans Svein. Og no trur eg nok at åredeia er i ferd med å kveike på elden. No meiner eg vi skulle vere berga.
Dei banka lenge på døra før dei høyrte ei skjelvande gammalmannsrøyst inne frå huset:
– Kven er det som bankar så fælt? Er det folk eller er det jotnar som ferdast i natta?
– Du får late opp no, Svein. Det er Asgaut Sylvesson frå Borg som bankar. Vi er fire mest ihelfrosne karar som vil inn i varmen. Den eine veit eg ikkje om vi bergar livet til, om han ikkje får varme fort.
– Korleis kan eg vite at du snakkar sant? Ein kvar skoggangsmann kan seie at han er Asgaut Sylvesson, berre for å komme seg inn og rane meg og mine for både liv og gods.
– Du skulle vel kjenne stemmen min, Svein. Og let du ikkje opp no, så høgg eg sund døra. Og då veit eg ikkje om eg er i lage til å spare livet ditt når eg kjem inn.
Då høyrte dei det krisla i låsen. For korleis skulle Svein kunne vite at Asgaut sitt trugsmål berre var tomme ord, og at einaste våpna dei hadde var fiskeknivane sine?
Det vart svært til styr då dei fire kom inn og folka på garden såg korleis det sto til med dei. Men då dei hadde drege kleda av Harm og ville legge han i ein av sengebenkane, sette Svein seg heilt på bakbeina.
– Tar eg ikkje feil så er det der ein træl. Her på garden legg vi ikkje trælar i sengekovane i hallen.
Fråden sto om munnen på Svein og han var kvit i ansiktet. Då brotna tålmodet til Asgaut. Han langa ut venstrehanda og drog gubben innåt seg. Med andre handa sette han kniven mot strupen på kallen.
– Du vel sjøl, Svein, knurra han, – om du gjev han sengerom frivillig, eller om han får sengerommet over liket ditt.
Då kvitna kallen og ga seg, og let hente to tauser som la seg innåt Harm på kvar si side for å varme han.
Gardtausene leita fram klede til dei tre som var oppegåande. Til Kot hadde dei funne fram nokre gamle filler. Kot skulle til å dra dei på seg då Asgaut stoppa han.
– Vent, Kot.
Så ropa han til ei av tausene og ba ho finne skikkelege klede til Kot.
– Men Svein sa.., protesterte ho.
– Eg kan tenke meg kva Svein sa. Men om du ikkje straks er her med skikkelege klede til Kot, vankar det stryk på deg. Svein skal eg ta meg av.
Etter at dei hadde ete, sovna både Asgaut og Bjørnulv. Kot sette seg bort til koven der Harm låg. Han læst ikkje merke blikka frå husfolket, blikk som sa at han ikkje var ønska i hallen. For han såg blikka dei sendte Asgaut, og visste at dei ikkje ville våge å jage han.
Det var langt på dag då Bjørnulv vakna. Det første han såg var ryggen til Asgaut som sat der og skar på eitkvart trevirke. Så la han merke til at koven der Harm hadde lege var tom. Både Harm og sengekleda var borte.
– Harm, geispa han. Kor er Harm? Og Kot? Korfor er sengekleda borte.
Asgaut lo ein kort, tørr latter.
– Harm er daud. Han greidde det ikkje. Kot er i fjøset saman med dei andre trælane. Han ville det slik sjøl. Sengekleda driv Svein og brenn.
– Brenn? Korfor brenn han gode sengeklede? Ja, for det såg då ut til å vere gode sengeklede?
– Han syntes vel dei var skjemte, etter at ein træl hadde lege i dei. Og om han er så rik at han kan brenne gode sengeklede, så såg ikkje eg nokon grunn til å stoppe han.
Dagen etter segla dei straks det tok til å lysne av dag. Liket av Harm låg framom masta med eit klede kring. Det var ei linn bør, og det høvde godt med flo og fjøre, så dei fekk straumen i Sundklakkstraumen med. Nord om Havern fekk dei vinden imot, men Asgaut hadde god tid, så dei kryssa seg fram i lange baut, og nådde fram til Borgfjæra i det same
siste lysranda kvarv frå himmelen i vest.
Dei hadde lagt inn årene, og Kot hadde alt hoppa på land då dei vart var at det sto tre karar i flomålet og venta på dei.
– Er det deg, Asgaut, kalla det der oppanfrå. Dei høyrte straks at det var mælet til Tore.
– Ja, eg er her, svara Asgaut. Straks tok dei tre skapningane til å sige ned mot båten.
– Eg ser berre tre av dykk.
Denne gongen høyrte dei at det var Bodvar som snakka.
– Ja, vi er berre tre i live. Den fjerde er her, han og, men han er kald og stiv.
– Kven er det som ligg stiv?
Det var som om det var noko ustøtt i mælet til Tore.
– Du har mista ein tru træl, Tore. Det er Harm som ligg her. Både han og Kot var menn eg ikkje gjerne ville bytte ut i ein storm. Eg vil tale meir med deg om det seinare.
Mennene sat over staup med tynnøl i hallen og lytta til at Asgaut fortalde. Bjørnulv la merke til at han framheva sterkt den innsatsen Kot og Harm hadde gjort. Om seg sjøl fortalde han lite, men han skaut av og til inn nokre setningar som gjorde det klart at Bjørnulv var å sjå på som ein fullbefaren stormfugl. Idet han heldt på å avrunde fortellinga si vente han seg særskilt til Tore.
– Eg vil be deg om eitt, husbond. Og det er at du tenker på å gje Kot fridomen, og gjev Harm ei gravferd som ville søme seg ein fri, om enn fattig mann.
Tore vart litt stram i åsynet med det same.
– Kor skulle det gå om eg ga alle trælane mine fri fordi dei strir for å berge livet sitt i eit uver?
– Det ber eg deg ikkje om. Det eg meiner er at Kot og Harm gjorde så mykje meir enn det det ein kan vente av trælar i ei sånn stode.
Tore såg hardt på Asgaut. Så mjukna draga hans etter litt.
– Du ber aldri om noko for deg sjøl, du Asgaut, og sjeldan for andre. Og då berre når ingen kan tvile på at dei har fortent det du ber om. Det skal bli som du vil. Det er ei lita stove ledig nedpå Helle, under garden min der. Han som budde der mista alle sonene sine på havet. Sjøl døydde han like før jul. Ein mann som ikkje er redd for å ta i eit tak, kan skaffe seg levemåten av det jordgrannet som er der, attåt havet. Og då er det vel ikkje urimeleg at også Harm får seg ein jordflekk, og blir ført dit på sømeleg vis.
Bjørnulv visste ikkje retteleg kva for ord han skulle bruke, men han kjente på seg at han måtte seie noko.
– Det er truleg uhøvisk av meg å legge meg borti det eldre menn talar om. Endå meir uhøvisk er det truleg at eg seier imot det hovdingen har avgjort. Men eg vil be om at det med Harm si jordferd, det spør du Kot om, Tore, før du avgjer noko.
Alle dei andre mennene såg undrande på Bjørnulv.
– Korfor seier du dette, Bjørnulv?
Asgaut var etter måten brysk i mælet.
– Eg seier det fordi eg trur at Harm kanskje kunne ha tenkt seg ei anna jordferd enn den Tore kjem til å gje han. Eg trur kanskje han ville ha hatt jordferda si vigd til ein annan gud enn den Tore kjem til å vie den til.
– Og kva for ein gud skulle så det vere?
Det låg ei aning av spott under orda til Tore.
– Kan ikkje det få vere ei sak som Kot tar seg av, om han veit noko.
Bjørnulv kjente brått sinne og trass stige i seg.
– Det er kan hende noko alle frie menn har vanskeleg for å forstå, men det hender at også trælar har si tru og sine gudar, gudar dei ikkje vil svike verken i livet eller i dauden.
Tore såg lenge på Bjørnulv. Så nikka han.
– Vil du snakke med Kot?
Det var Bjørnulv sin tur til å nikke.
– Det gjer eg gjerne. Eg skal gjere det no.
– Var det ikkje betre at du venta til i morgon? Trælane er ikkje vane med at nokon kjem til dei i mørket.
– Å, eg trur nok eg veit korleis eg skal fare fram.
Smilet til Bjørnulv var mest ikkje synleg.
Det var ei gammal kvinne som langt om lenge opna døra som svar på Bjørnulv si forsiktige banking.
– Kven er det som bankar så seint på kvelden?
Stemmen var låg og hås.
– Det er eg, Bjørnulv.
Ho kvapp til, og ville til å lukke døra.
– Trudde du det var Koll, kan hende?
Bjørnulv smålo litt.
Den gamle kvinna stivna, sto urørleg i mørket.
– Skal du ikkje sleppe meg inn?
– Korfor sa du det?
– Sa kva?
– Det om Koll.
– Å, det. Eg trudde kanskje de venta han.
– Korfor skulle vi vente han? Veit du ikkje at trælar ikkje har lov til å vere ute etter at det er blitt mørkt? Trur du at Koll fer og rek på andre gardar etter at det er blitt mørkt? Og kva skulle han ha her og gjere?
– Det er svært som du spør, du gamle. Eg veit at Koll rek hit, stundimellom. Eg trur ikkje de har så mykje stunder til å dyrke Kvitekrist utan etter at arbeidsdagen er slutt og då er det er blitt mørkt på denne årstida. Dessutan trudde eg kan hende han kom for Harm si skyld.
– Kva veit du om dette. Du skulle ikkje komme hit etter at det er blitt mørkt. Gå! Gå med ein gong!
– Kven er du, gamle, som gjev meg ordrar?
– Eg meinte ikkje… Men ver så snill å gå. Det blir berre…
– Så, Torla, slepp berre Bjørnulv inn, du. Han gjer ikkje nokon skade.
Bjørnulv kjente straks igjen stemmen han høyrte attom seg. Det var enno ein noko framand svip over måten Koll snakka. Den gamle kvinna kvarv inn i mørket, men let døra stå på gløtt etter seg.
– Eg er einig med Torla. Du burde ikkje komme hit. Du kan ikkje lite på at du kjem levande herifrå, når du kjem hit aleine i mørket.
– Tore veit at eg er her.
– Kan så vere. Men ein daud skrott som ingen finn, gjev ikkje nokon grunn for klage om mord.
– Men korfor skulle dei drepe meg. Veit dei ikkje at eg har vore ein av dei?
– Det er nettopp det dei veit. Derfor hatar dei deg. Korfor skulle du bli fri, og ikkje dei, spør dei seg, og hatar. Eg må berre vedgå at Kvitekrist ikkje har greidd å mjuke hjarta deira særleg, enno.
– Eg kjem fordi…
– Eg veit korfor du kom. Det var rett av deg. Men no treng du ikkje vere her lenger. Eg svarar for Kot. Vi vil gravlegge Harm på vårt vis.

Neste kapittel

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.