Ranveig hadde kokt grauten, dekka bordet og varma tynnøl til han før ho vekte han.
Ho smilte litt spørrande til han då han sette seg opp på pallen. Han forsto kva det var smilet løynde, og smilte tilbake.
– Neida, Ranveig, eg trur ikkje eg er stort galnare enn eg var i går på denne tida. Men eg er deg visst stor takk skyldig for at du drog meg ut av makta til Frøyaseiden.
Då han seinare sat med munnen full av graut, datt det nokre ord ut av han som han ikkje var sikkert på om Ranveig høyrte gjennom grauten:
– Men no etterpå, når alt har gått bra, takk vere deg, så ville eg ikkje hatt det ugjort, det eg gjorde. For aldri har eg sett noko vakrare enn det eg såg i natt. Ikkje eingong trekrotinga hans Koll kjem opp mot det.
Det var godt over høgdagsleite før bråket tok til å bygge seg opp på Borg. Men no sto dei der mennene, i to rader frå kvinnestova og fram mot horget. Dei nærmaste hamra på døra til kvinnestova og ropa at no fekk dei sjå til å få brura ferdig og komme ut med ho, for no venta brurgommen så sårt, no hadde kvinnene hatt ho lenge nok, no var det mennene si tid.
– Møy skal ikkje alltid møy vere, ropa dei. – Han ventar no, han som skal fri ho frå møydomen og gjere ho til fullt menneske og kvinne.
Døra gjekk opp og brurejentene hoppa først ut. Så kom brura meir nølande etter. Både ansikt og hår var dekt av sløret som det sølvglitrande brurebandet heldt fast om hovudet. To av brurejentene leidde ho mellom seg. Dei trong vel det. Ho såg nok ikkje så godt gjennom sløret.
Mennene slutta opp bak etterkvart som kvinnetoget skreid forbi. Snart flokka alle seg fram mot horget der fire gudefigurar sto på pall med blottausene frå juleblotet liggande nakne på kne framfor. Alle kunne sjå at magane deira tok til å runde seg. Rund var magen til Frøya og. Det var som om det store hestelemmet som stakk ut av livssprekken til Frøya pumpa ho full av liv. Irpa og Torgerd Holgabrud glodde svartsjuke og med smale liv på Frøya. Frøy stirra nesten skamfullt og tomt ut i lause lufta der han sto med avlelemmet sitt så vidt stikkande fram mellom låra. Ein to-fors bukk mekra klagande der han sto bunden ved pallen. Frå mugen høyrtes eit lågt sjo av forventning.
Då hogg trommelyden med eitt gjennom alle andre lydar. Siv vreid seg i ein stavrande dans fram mot pallen. Kroppen hennar var dekt av fjørhamar og flikar og lappar av skinn frå ulike fuglar og dyr. Lyden frå blottromma sokk inn i folk og sette flokken i ei svaiande og vrikkande rørsle. Berre Bodvar var stiv i kroppen der han steig fram mot pallen.
Så var det brurejentene sin tur til å svaie seg fram mot pallen med brura mellom seg. Men Helga var framleis stiv og famlande. Tore læst og vere umerka av trommelyden og gjekk med fjørande steg fram mot geitebukken ved pallen. Sverdet var som eit gullyn i lufta då han reiv det frå balgen og skilde hovudet frå bukkekroppen med eit hogg. Blodet spruta frå den avhogne halsen og over blottausene der dei låg framluta på kne.
Igjen glefste sverdet gjennom lufta og begge bukkehorna gjorde eit sprang opp i lufta. Tore greip begge horna i venstre handa og med ei einaste flytande rørsle rente han dei opp i Irpa og Torgerd Holgabrud. Det steig eit stønn frå menneska då dei såg magane til dei to disene spile seg ut med det same.
På veg frå disene greip handa blotteinen som låg på pallen framfor dei, rente den nedi bukkeblodet og strauk den langs armane til Frøy. Straks blotteinen nådde nederst på høgre armen til Frøy, sprang lemmet hans fram, hardt og strittande så det nådde han nesten oppunder haka. Igjen gjekk det eit sjo og eit støn gjennom folkemengda.
Så var sverdet på veg igjen. Denne gongen varlegare og skar berre eit lite sår i Bodvar sin høgre og Helga sin venstre tommelfinger. Tore stakk sverdet i balgen, tok hendene til brurfolket og la dei to såra mot kvarandre. Med blotteinen klinte han Frøylemmet inn med bukkeblod og la dei to samanfiltra hendene fast om det.
Han løfta begge hendene mot gudane på pallen og song:
Frøy og Frøya, gudar båe
vanegud og urolds dis.
Gudar stadde her på pallen
blot vi byd i heilagt horg.
Ve og vilske, vonde vette,
jag dei frå dei to som stend
for dykk og skal smidast saman.
Gjev dei hugnad, hell i heimen
ættlingar som ætta ærar,
gudar, vanedrott og dis.
Ættediser; Irpa, Torgerd
følg dei to til bruresenga,
ande på dei,
smide liv.

Med blotteinen skvetta han rikeleg med blod over gudane, brureparet og blottausene før det vart bryllaupsgjestane sin tur. Dei svara med å bryte ut i høge rop og jubel til takten frå tromma til Siv. Bodvar sopa Helga opp i armane sine og bar ho tre gongar med sola rundt gudepallen før han dyppa fingeren sin i bukkeblodet og teikna ringar kring brysta til dei tre disene og lemmet til Frøy.
Borda sto duka på sørtunet. Ølet skumma og oksekjøtet flaut i feitt. Steikt fugl og dampande lutefisk spreidde angane sine over tunet. Brødet låg i høge stablar bortover borda. Det skorta ikkje på maten og drikka på Borg. Men nokre av gjestane mulla om at det var no helst å spela med lykka si når ein slo så stort på det at trælane fekk ete av same kosten som gjestebodsfolket. Ein fekk no tru kva ein ville om kor lenge gudane ville hjelpe ein mann ikkje hadde betre vett.
Men snart fekk dei anna å tenke på. Ein påliteleg træl som sto vakt, kom springande og fortalde at ein båt kom fossroande inn pollen.
– Er det ein stor båt? undra Tore. Er det ein båt du kjenner?
Nei, trælen trudde ikkje han kjente båten. Stor var den heller ikkje. Det var ikkje snakk om noko skip. Og så vidt han kunne sjå, var det ikkje meir enn fem mann i båten, så noko ufred trudde han ikkje dei trong ottast for. Ikkje frå den båten som no kom. Men kanskje hadde dei vondt bod i lasta, ettersom dei fossrodde slik.
Tore kalla Asgaut til seg og ba han med låg røyst om å ta eit par-tre menn med seg og gå nedi støa for å ta imot dei som kom. Asgaut vinka Bjørnulv, Gaute og to andre karar med seg. Då dei var komne fram på brinken kom Tore Hund rennande og undra om han fekk vere med. Asgaut berre smilte og klappa han på aksla mens han nikka.
Det var ein underleg hop som sto i Borgfjæra. Fem karar i dei underlegaste kleda Bjørnulv nokon gong hadde sett. Det var ikkje likt til at Tore eller Gaute hadde sett noko slikt før, skulle ein døme etter korleis dei kopa på mennene nedved båten. Det måtte vere rike karar, trudde Bjørnulv, for så mykje raudt og blått hadde han aldri sett på ein gong før. Fargene brann så det nesten gjorde vondt i auga. Og fjørene og duskane på hattane og erma brika og brann som gull og sølv. Nei, noko slikt kunne aldri ha vore sett før i Lofot, trudde Bjørnulv.
Men rarast av alt var at den eine av mennene var nærmast svart på let i ansiktet inni aka fargeprakten. Ein av dei andre var gul som leid han av leversott, endå han ikkje såg sjuk ut. Dei tre andre var og mørkare både i hår og hamlet enn vanleg var mellom folk i Lofot.
Den svarte feia av seg hatten og bøygde seg djupt, før han ba om lov til å komme til gards.
– Vi høyrte borti Vågar at Lofor-hovdingen feira bryllaup for dotter si, og då tenkte vi at vi ville by oss til å hugsvale både han og brureparet og gjestene med spel og song.
Mannen snakka mest som ein vikværing, men likevel låg det ein framand dåm over språket hans. Kva den dåmen var, kunne ikkje Bjørnulv avgjere. Han berre høyrte at den var der.
Tore reiste seg høvisk frå høgsetet og kom dei i møte då dei toga inn på sørtunet. Høgtidsam og alvorleg kom han dei i møte. Så stoppa han litt og såg undrande ut, heilt til undringa løyste seg opp i ein brei smil.
– Svart? Er det verkeleg du? Er det verkeleg du som er ute og ferdast?
Dei to mennene hasta til møtes og slo armane om kvarandre. Så heldt dei kvarandre på armlengds avstand eit bel, før dei omarma kvarandre på nytt.
– Nei, no er det mange år sidan eg har sett deg sist, Svart. Det må ha vore borte i Irelandet, i Dublin trur eg, då… Men kva er det som fører deg hit til Lofot?
– Det ryktast langs leia at Tore Hjort giftar bort eldste dotter si i dag. Og ettersom eg var i landet, så tenkte eg at på ein slik dag så sit nok sølvet laust hos Lofor-hovdingen om nokon kjem med strengeleik og piper til gjestebodet hans. Og du veit korleis eg har det med sølv.
Då lo Tore godt.
– Ja, det kan vel hende at du har rett i det med sølvet. Men først lyt du og reisefølget ditt få dykk noko i livet, både av vått og tørt.
Bjørnulv merka seg at folk drakk på eit anna vis no enn dei hadde gjort i jula, endå så lenge dei vart sittande ved bordet. Men så hadde det då heller ikkje vore strengeleik og pipelåt ved bordet i jula. Folk sat som klumsa og mange glømte reint å drikke. Svart og den gule slo på kvar sin strengeleik og dei andre tre lokka fram underlege og vakre låtar på pipene sine. Den yngste dansa og gjorde dei villaste sprang og sprell mens han spela.
Stundom la han som såg ut til å vere eldst av pipeblåsarane bort pipa si og song framande og vemodige songar til dei andre sitt spel.
Så slo songen over til kvassare tonar, og det kom ord som Bjørnulv forsto:
Lyse lind som klirrar
smykke, vende aldri
auga sine frå meg
– ho vil eg minnast.
Ho som kløktig kjenner
brettspel, kan «kje gjømme
hugstrid, der ho stirrande
står under Hagbards hals

Berre eit ho meinte
møya, den søljeprydde,
hadde eg av lyte, då ho
såg meg i kveldsmørk stue.
Berre at eg har fall i
håret mitt over panna
syntes ho skjemte meg – lite.
Kvinne-hug skulle eg kjenne.

Svarte auga vender eg
mot kvinna med prydde klede.
Tenestemøya di tykkjer
min lyse let er for bleik.
Likevel har det hendt meg
når eg skjemta med møyer
likte dei meg, når eg leika,
betre enn fagre drengar.

Eitt av dei auga som lyser
i hennar fagre andlet
når ho bær’øl i hallen
reknar eg verd trehundre.
Og til femhundre set eg
håret som no ho greier,
Gullfaks-Siv, om morgonen:
Denne møya blir meg dyr.

Trøstig tør eg sette
pris på den som meg dårer:
Likt med heile Island og
Hunaland over havet,
England med og Ireland
ville eg by på kjøpet.
Vel eg veit kva kammen
kloke dis skal koste.

Tore Hund halla seg over mot Bjørnulv og kviskra:
– Dette er ei av dei gamle Kormak-visene. Kormak var son av Ogmund frå Vika som rømde til Island for Eirik Blodøks og Gunnhild si skyld.
Lenge sat dei ved bordet og lydde. Sola glei mot vest og tok til å søke seg ned mot fjellkammane. Truleg ville dei ha glømt seg aldeles bort om ikkje Svart hadde sett mot sola og lagt bort strengeleiken sin.
Han reiste seg og bøygde seg djupt for Tore og Asta og brureparet.
– Eg takkar for at alle har lydd så lenge til oss, men no trur eg tida har lidd så langt at det er tid å føre brureparet til brurekoven. For det er vel skikken også her, og den skal vel ikkje brytast?
Det var som om heile gjestelyden vakna av ein draum. Dei sat eit bel og berre stirra ikring seg. Det var Kjartan som først sansa seg. Han sprang opp og brølte:
– Til brurekoven!
Brått var heile hopen på beina og gjentok ropet:
– Til brurekoven, til brurekoven!
Under stor ståhei vart de to førte til brurekoven mens brurtausene og brursveinane song den gamle songen som høyrte med:
Fud og flann
kvinne, mann
ættardis og gudar
koven ventar
koven krev
mann og møy må møtast.
Fud og flann
kvinne, mann
ætta krev ein ættling.

Og så, med eitt, var jula der igjen, syntes Bjørnulv. Ølet gurgla i strupane. Det var som gjaldt det å få tønnene tømte så raskt råd var. Snart låg skrevande kvinnfolk med pesande karar over seg kor ein sette foten. Det var ikkje berre gardtausene og trælkvinnene som deltok no. Mang ei godt vaksen kone frå smågardane dyrka disene like så fritt. Men dei fleste av dei stakk seg noko unna folkeauga med karane sine.
Ved eit av borda sat det ei staut enke utanfrå Ægheim. Ho var ei kyndig kone som hadde hatt ansvaret for ølbrygginga til gjestebodet. No saug auga hennar seg fast i Svart. Han merka blikket hennar, men smilte berre litt der han sat bøygd over ølhornet.
Då kom det ein svær branne av ein kar vaklande bort til bordet der enka sat. Han greip fatt i ho og ville dra ho med seg, men han var så drukken at det var så vidt han greidde å stå på føtene sjøl. Enka berre sat og let seg ikkje rikke, heilt til han greip tak i håret hennar og drog. Ho fata om armen hans og heldt igjen. Men endå så drukken han var, var det greit kven som kom til å vinne dragkampen.
Kvikt som ein katt var Svart på føtene. I eit par mjuke sprang var han borte ved dei to. Svint, så det var så vidt auga kunne følge det, dreiv han ei kort slag inn bak øyra til enkefriaren. Mannen stupte som ein stokk. Enka retta litt på håret sitt før ho reiste seg. Ho og Svart vart ståande eit bel og sjå på kvarandre. Ho bøygde hovudet så vidt til ein ordlaus takk. Så gjekk dei sakte bortover vollane utan å komme borti kvarandre.
Bjørnulv tokka seg nedover bakkane mot havet, og var glad for at han hadde sett Gyda bli hysja i hus saman med konene og døtrene til dei andre storbøndene.
Kvelden etter bryllaupet tok Sigurd Tore Hjort til sides.
– Det er ei sak eg gjerne ville du skulle vite før vi fer til Vågartinget om to dagar. Asta har bede meg reise sak for seg på tinget.
– Jaså, kven er det ho har sak mot, ei sak ikkje eg kan føre for ho?
– Mot deg, Tore.
– Mot meg?
– Ja, ho vil klage deg for tinget og kreve bøter for at du slo ho i folks påsyn under juleblotet i vinter.
– Jaså, ja ho er av ærekjært folk, Asta.
– Ja, ho er det, men eg trur ikkje det ville vere bra om husfrua di skulle reise sak mot deg på Vågartinget.
– Det kan vel vere noko i. Men eg veit ikkje korleis eg skulle kunne hindre Asta i å kreve det som er retten hennar.
– Eg har tala ved ho…
– Og..?
– Eg gjorde framlegg om at du kallar inn til husting i morgon, og lar meg døme i saka. Ho godtok det.
– Med så mange gjestar som no er på garden, blir det ikkje stor skilnad frå å legge saka fram på Vågarting. Dessutan var ikkje far din kjent for å døme mildt når ei sak vart lagt fram slik at han fekk døme. Så det er ikkje utruleg at eg vil tene på om saka blir lagt fram for Vågartinget.
– Det får du sjøl avgjere, Tore. Eg trur nok det blir mindre æremink for deg om saka blir avgjort på husting enn om ho kjem opp på Vågartinget. Men eg ser ikkje bort frå at det kan bli dyrare for deg på hustinget. Du får sjøl avgjere kva du er mest kjær om, æra di eller sølvet ditt.
Det vart til at Tore kalla inn til husting dagen før dei skulle dra til Vågar. Og det gjekk som Tore hadde tenkt. Sigurd dømte dobbelt bot, endå om det var kleint med vitne som kunne hugse at Tore hadde slege Tyra.
Tore reidde ut bota utan å seie noko. Men seinare var det mange som skumla om at Sigurd nok hadde sikra seg ein del av bota for seg sjøl. Dei var ikkje kjente, Trondarnes-karane, for å gjere noko for inkje.

Dei budde båtane til tingferd. Frå alle dei gardane som talte, kom bøndene med husfolket sitt. Berre frå Li kom det ingen. Li-naustet sto stengt og folketomt. Då var det fleire som kom på at det ikkje hadde vore nokon frå Li i bryllaupet heller, endå om dei visst var bedne. Eller var dei ikkje det? Hadde det kan hende blitt avglømt? I alle fall meinte alle å vite at Tore hadde stemna Skafte til tings og kravde sølvskatt av han fordi han ikkje hadde vore med på skreifisket i vinter.
Det var alt samla seg mykje folk på tingplassen då folka frå Borg kom. For dei som trong teltplass var det vanskeleg i finne seg ein god stad, men det var ikkje mange som trong leite. Dei fleste vart det som vanleg plass til på garden til Tore Hjort. Også Frode fekk tilbod om husvære hos Tore, men han slo kaut på at han trudde ikkje han trong husvist hos ein som måtte samankalle naudting for å betale konebot før han drog til tings. Dei som var til stades såg at det kvitna kring munnen til Tore då, men han nøydde seg med å seie at Frode fekk gjere som han sjøl fann best.
Det vart til at Bjørnulv og Tore Hund heldt seg mykje i lag under tinget, endå så ulike dei var. Såg Tore ei samling av mange menn, så ville han straks avstad og høyre og sjå kva det var som gjekk føre seg. Bjørnulv likte helst å halde seg litt i utkanten av folkemugen. Han syntes han fekk best overblikk over det som gjekk føre seg på det viset. Heller ikkje likte han spitorda og skubbinga som kunne oppstå når mange menn var samla på ein liten plass.
Andre dagen under tingsamlinga såg dei ein flokk hope seg opp like bortanfor tingvollen. Dei såg og at Frode Gautason var midtpunktet i flokken. Straks ville Tore av stad å njosne etter kva det var som gjekk føre seg. Bjørnulv ville heller gjere seg ein tur bortover vollane, for som han sa, å kvile hovudet.
Då Tore Hund kom bort til flokken var den i ferd med å løyse seg opp, men enno heldt Frode på å legge ut om korleis han skulle drive tilbake søksmålet frå fattigstakkaren Steinbjørn Bjørnulvsson, far til træleungen Bjore som han hadde fødd fram på garden sin. Endå då den siste av mennene gjekk sin veg, sto han og lo av korleis han skulle knekke fattiglusa. Då Tore kom nærmare, såg han at Frode var godt drukken. Frode freista legge armen kring Tore og undra om det var saker Tore ville ha fram på tinget.
– For i så fall så skal du berre spørre meg, Frode Gautason, om korleis saka skal førast. Dei trur ikkje eg veit korleis saker skal førast, dei som trur seg vere større og mektigare enn eg er. Men eg skal lære dei noko om å føre sak, før dette tinget er over. Treng du hjelp, min unge ven, så berre spør.

I fullt sinne drog Tore sverdet.
– Det kan hende det er du som treng hjelp, ditt ovdrukne svin. Og eg skal hjelpe deg av med hovudet, såpass at du ikkje ein gong til set utnamn på venen min.
Frode vart bleik, og trivla etter sitt eige sverd. Så fall handa slapt ned.
– Vi er på tinget, og her rår tingfreden. Den som grip til våpen her, kan bli lyst fredlaus.
– Det treng ikkje du ottast for. Hovudlaus mann blir knappast stemna for tinget. Får du ikkje fram sverdet ditt for å verge deg, høgg eg av deg sverdarmen før eg tar hovudet ditt.
Med det same landa eit tungt slag på armen hans, så sverdet skvatt bortover vollen. Frode nytta høvet og vart borte. Tore kasta seg rasande mot den høge, gråkledde framande, men mannen berre lo og greip armane til Tore og heldt han. Då Tore kjente at her var det ingenting han kunne gjere, spratt tårene i auga hans av avmakt og sinne, men han tok seg i det, beit tennene saman og slappa av. Då den gråkledde kjente det, slapp han taket.
– Du er visst litt av ein villkatt du, som løfter sverd mot sjølvaste fjordkongen. Kva er du for ein og korfor er du så ivrig etter å skille Frode Gautason av med hovudet?
– Eg heiter Tore Toresson og er frå Bjarkøy. Og når eg ville ha hovudet til Frode Gautason, så er det
fordi det på det hovudet sit ein skamkjeft som han brukar til å snakke ilt om venen min, Bjørnulv Bogedrott.
Den gråkledde lo litt.
– Du kjenner mykje fint folk, høyrest det som. Ein konge vil du drepe for å verge namnet til ein drott. Det kan verke som om du er ein god ven å ha. Men kva var det han sa om venen din?
Tore såg hånleg på den høge.
– Eg er ikkje så umannsleg at eg tar opp att slikt.
Den andre nikka.
– Nei, det har du rett i. Det tener deg til ære at du tenker slik. La oss sette oss her og finne ut korleis vi skal binde tunga på denne Frode Gautason. Han kjem sikkert også til å bere fram klagemål mot deg fordi du drog sverd mot han trass i tingfreden. Han er ikkje så lite hemngjerrig, den gode Frode. Tilgje meg elles når eg seier at du ikkje ætter mykje på folket ditt, når det gjeld utsjånad. Bjarkøyfolket er høge og lyse folk, men du er mørk og, ja, ikkje av dei største.
No var det Tore som lo.
– Du skal berre seie det rett fram. Eg er heller liten av vekst. Det har eg høyrt så mange gonger at det gjer meg ikkje noko. Eg veit og at den stutte voksteren min ikkje gjer meg til låkare kar enn dei som har hovudet høgare over marka. Eg er ikkje mindre enn at eg når høgt nok til å hogge av hovud som berast høgt. Endåtil ditt trur eg nok eg skulle nå i med sverdet mitt, om det vart naudsynt.
– Ja, det skal du få meg til å tru, lo den høge.
– Og om du undrar på korfor eg er så svart og liten, så skal eg fortelle deg det med. Det blir sagt at ein av forfedrane mine ikkje fekk born med frua si, og så tok han seg ei frille av skridfinnane si ætt. Det kom mange born frå det bolet. Han knesette dei alle, og såleis vart ætta vår berga. Ein og annan gongen dukkar det opp ein i ætta vår som liknar på ho, slik som eg gjer.
– Det er ikkje alle som ville fortelle slikt.
– Nei, men eg skjemst ikkje av å vere av skridfinnætt. Eg møter dei kvar sommar på Trondarnes. Eg har lært meg språket deira og veit at dei kan mangt som vi håløygane ikkje kan. Noko har eg lært, anna vil dei hjelpe meg med, om eg treng det. Men no har eg fortalt deg det meste om meg, og endå veit eg ikkje kven du er.
– Kven eg er? Du spør vanskeleg, du. Eg er ikkje så viss på kva eg skal svare.
– Men eit namn har du vel?
– Det kan hende eg har fleire. Men du kan godt få vite at skridfinnane innpå Hinna, det skulle ikkje undre meg om det er dei du kjenner, dei kallar meg Allat. Det er det namnet eg brukar oftast.
Seinare på dagen ropa Tore Hjort opp saka han reiste mot Skafte på Li fordi han hadde sete heime om vinteren under skreifisket.
– Men, heldt Tore fram, – endå om eg har stemna Skafte til tings på lovleg vis, så kan eg ikkje sjå at verken han eller nokon andre frå Li er til stades på tinget. Eg ber derfor om at domsmennene avgjer saka utan å få høyre Skafte sine prov.
– Har du folk her som kan seie eid på at alt ved innstemninga gjekk rett og lovleg for seg?
Det var lovseiemannen som spurte.
Eg reid sjøl tolvte til garden hans då eg stemna han til tings. Alle dei som var med meg er her og kan sverge eiden sin. Krev tinget at det skjer?
Lovseiemannen såg på domsmennene, men dei berre rista på hovudet. Det var greitt å sjå at alle trudde på det Tore Hjort hadde sagt.
Tore skulle til å ta ordet igjen for å føre fram saka, då ein kvikk liten kar hoppa innafor vebanda. Kalv Kvite flein breitt mot Tore.
– Eg skal ikkje gjere meg større og betre enn eg er, og motseie både herse og lovseiemann, men eg trur at du Tore har lite å vinne på å halde fram med saka mot Skafte.
– Talar du for Skafte?
Lovseiemannen såg på Kalv.
– Nei, eg talar for meg sjøl. Eg er den nye bonden på Li. Skafte var så låk her i vinter at han trudde han skulle stryke med, og då selde han garden sin til meg. Han meinte det var ikkje godt å vite kven sine hender garden ville komme på når han var borte. Derfor trudde han seg best tent med å selge til ein som han visste kven var, sa han.
– Eg hadde ikkje tenkt å ta garden frå Skafte.
Tore var bister i målet.
– Men eg sa det til han at han fekk sjøl avgjere om han ville ro fiske eller ikkje, men då ville eg ha skreiskatten i sølv. Skatten kom ikkje, og derfor har eg stemna han til tings.
– Det var nettopp det, ser du, at eg trur heller ikkje det er mykje sølv å hente hos Skafte. Den var ikkje nettopp billig den flamske vinen han knegjekk meg for å få kjøpe då han kvikna til live igjen i vinter. Ein og annan penningen meinte eg og at eg måtte ha for alt ølmaltet som har gått med på Li i vinter. Han er raus til å skjenke, han Skafte, både til seg sjøl og andre.
– Det skal godt gjerast å drikke opp ein gard på ein vinter.
Lovseiemannen høyrtes tvilande ut.
– Ikkje når vinen er dyr og det er mange som drikk.
– Og du har sjølsagt vitne som kan gjere eid på at både gardhandel og vinhandel gjekk rett for seg etter loven?
Kalv Kvite sette opp eit både spørrande og foruretta uttrykk.
– Eg er vel ikkje eit slikt umenne at eg fer med fark og fanteri for sjølvaste Vågartinget? Det var to tylfter menn til stades ved begge kjøpa, alle fri menn i alle ættegreiner. Ja, om eg ikkje tar heilt i miss, så var det endåtil nokre av huskarane på Borg til stades. Alle er her og er villige til å legge eiden sin. Men eg veit ikkje heilt kva det skulle vere godt for. Det einaste som finst igjen hos Skafte er heimanfølget til Tyra. Og den har du vel ikkje tenkt å kreve skatt av, Tore? Det kan då ikkje vere etter loven? Om det då er slik at ikkje den og har gått med. Men det får no Skafte svare for.
Lovseiemannen vendte seg mot Tore.
– Krev du at mennene kjem fram og gjer eiden sin?
– Ja, det gjer eg. Eg krev at dei kjem fram alle, begge tylftene, mest fordi det kan vere hugnadsamt å sjå kven av huskarane mine som har sete på Li og drukke flamsk vin i vinter.
Så kom dei fram, den eine etter den andre. Det viste seg at ei halv tylft av karane var huskarar på Borg. Dei såg nedfor seg og var så lågmælte at det var så vidt ein kunne høyre eiden dei bar fram. Dei visste nok at dei etter dette ikkje hadde mange dagane igjen på Borg.
Då alle hadde svore, sa Tore:
– Tyra har sagt seg skilt frå Skafte. Eg ber om tinget sitt medhald i at eg hentar ut heimanfølget hennar frå Li når eg kjem heim frå tinget. Og då meiner eg det må vere etter loven at om Skafte har brukt av heimanfølget hennar til å kjøpe skamdyr vin hos Kalv, så skal Kalv reie ut det som manglar på heimanfølget.
Dette protesterte Kalv kvasst på, men domsmennene slo fast at slik skulle det vere.
Om kvelden gjekk Bjørnulv igjen aleine bortetter vollane. Det var mykje som rasa oppi hovudet hans som han måtte tenke over. Han hadde vondt av Gyda, for den skamma far hennar hadde ført over ho. Men han kunne heller ikkje la vere å tenke på at ho ikkje var så godt eit gifte lenger, når ho ikkje lenger var odelsjente på Li. Likevel våga han ikkje gjere seg dei heilt store håpa. Enno var ho vel for høgt på strå til å gå i ekteseng med ein løysing. Men no våga han likevel tru noko meir på den gamle lovnaden til Ranveig om at Gyda skulle bli hans.
Idet han gjekk forbi eit lite skogholt høyrte han nokre lydar. Han stoppa og lydde etter, og fann ut at det høyrtes som kvalte skrik frå eit menneske, ei jente eller kvinne truleg. Han bykste inn i skogholtet og det første han såg var dei vettskremte auga til Gyda der ho vart pressa mot ein stein av ein kar som med den eine handa heldt ho over munnen og med den andre reiv i kleda hennar. Den eine handa hennar var pressa mot steinen bak ryggen hennar, og den ho hadde fri brukte ho til å verge seg mot handa som famla inni kleda.
Det svartna for auga hans med det same, og han visste ikkje kva han gjorde før han kjente det dumpe slaget av knyttneven sin mot hovudet til karen. Karen sjangla bortetter marka, men var alt i ferd med å drage til seg sverdet som hang i beltet. Snøgt som ein elding sprang han til og sparka til sverdhanda så sverdet for i ein høg boge inni skogholtet. Då, med eitt, såg han og kjente igjen karen framfor seg. Det var Gaute. No kasta Gaute seg fram med knytte nevar.
Det vart eit hardt, men kort basketak. Bjørnulv var lengre i armane og hardare i musklane enn Gaute, og endå om han enno var dimma av raseri, fall slaga hans der dei skulle. Til sist låg Gaute på bakken og ville ikkje reise seg meir.
– Rører du Gyda meir mot hennar vilje, så drep eg deg, freste Bjørnulv ned mot den slagne motstandaren sin. Gaute svara ikkje med det same. Først då dei to hadde snudd ryggen til han og gått ei stykke, ropa han etter dei:
– Friller har ingen vilje. Men gå berre de, eg ser no at de høver i hop, løysingen og dottera til ætteskjendaren. Og større takk hadde eg ikkje venta av deg, Bjore. Hunden bit ofte den handa som klappar han.
Bjørnulv bråvendte og ville tilbake til Gaute, men Gyda heldt han igjen. Ho berre rista på hovudet og klemte handa hans.
Dei gjekk saman bortetter rabbane, sa ikkje stort, og hadde nyss runda ein bjørkekrull då ein høg, gråkledd mann sto framfor dei. Bjørnulv trudde det måtte vere ein fredlaus, og greip etter sverdet.
Den gråkledde slo ut med armane og Bjørnulv såg at han var våpenlaus.
– Du er snar til å gripe etter sverdet, endå eg høyrer at du ikkje er så stor ein sverdsvingar som ein kunne vente av ein huskar hos Tore Hjort.
Det låg ein liten smil om munnen til den framande. Bjørnulv svara ikkje, prøvde berre å stirre hardt på han.
– Tar eg ikkje mykje feil, så er du han som kallar seg Bjørnulv Steinbjørnsson, og som andre kallar Løysing?
– Eg heiter Bjørnulv, og Steinbjørnsson er eg, same kva dei andre kallar meg.
– Og ho du er saman med er Gyda Skaftadotter?
– Du spør mykje til å vere ein kar som ikkje seier kven han sjøl er. Eg synest du skulle seie det, før du spør meir. Elles kunne ein komme i skade for å tru at du ikkje har nokon rett til å vere her.
Det gjekk eit underleg drag over ansiktet til den
gråkledde. Så vart det borte, og han lo litt.
– Jau, no kjennest det som eg har rett til å vere her. Og namnet er Steinbjørn Bjørnulvsson frå Kjos.
Haka til Bjørnulv datt som om ho ikkje skulle ha noko feste. Han stirra storøygd på den høge.
– Jamen, jamen … då må du vere…
– Ja, Bjørnulv, det er eg. Men enno kjennest det som om eg ikkje har nokon rett til å vere det. Vi snakkast meir eingong i morgon.
Sa han, og var vekk som om han aldri hadde vore der.
Gyda såg spørrande på Bjørnulv.
– Han sa han heitte Steinbjørn Bjørnulvsson frå Kjos. Då må han vel vere…
– Ja, han heiter så, far min. Og du såg han, du og? Du såg at han var her? Det er ikkje berre noko eg har drømt?
– Nei, han var her. Og i morgon får vi nok vite kva for ærend han har her.
Dagen etter var det mest berre småsaker oppe på tinget. Det var småfolk som hadde tvistar mot kvarandre, og ville ha retten sin mot uvenen sin på tinget. Men då Frode Gautason kom feiande med mange menn, tok folk til å samle seg. Mange hadde høyrt Frode legge ut om korleis han skulle knekke den fattiglusa som hadde stemna han til tings.
Innanfor vebanda sto ein høg, gråkledd mann. Av klesdrakten hans forsto dei fleste han måtte vere fattiglusa som Frode hadde snakka om. Då Frode vel var komen, nikka Tore til den gråkledde og han tok ordet:
– Eg har stemna Frode Gautason til tings i dag, fordi han fer med usanningar og ærekrenkingar om meg og sonen min. Visst kunne eg ha bydd han holmgang, men det er verken hovudet eller blodet hans eg er ute etter. Eg vil ha dei dømte for usanne her for alt folket på på tinget, dei svikorda han fer med. Eg skylda han eingong pengar, pengar eg ikkje makta å betale. Korfor det vart slik, kjem ikkje denne saka ved. Eg baud meg til å gå i tenesta hans som skyldtræl, for å betale. Det nekta han, og tok i staden sonen min, endå han var nyfødd, og ga han som træl til sonen sin som var fødd same natta. No har gudane smilt såpass til meg at eg har betalt skylda eg hadde til han. Men enno driv han og kallar sonen min for træl, endå sonen hans ga sonen min fri for eit år sidan. Han kallar og sonen min for løysing. Det kunne han kan hende ha gjort om det var slik at han berre var frigjeven. Men no er loven slik at når skylda er betalt, då er skyldtrælen fri, fri som om han aldri har vore træl, og skal ikkje kallast løysing, men fri mann. Den som bryt den lova er skyldig til bot. Eg ber domsmennene her på tinget fastsette bota.
Frode Gautason lo høgt, og tok ordet.
– Det er sant at denne mannen kom til meg i fjor med nokre skinn og noko sølv i ein pung, og ville betale gammal skyld. Eg visste så altfor vel at det stadig gjekk utfor med han og ætta hans. Slik det går det gjerne med folk som vil flyge høgare enn dei er fjæra til. Forfaren til denne mannen var ein liten hovding inni fjorden på Hinna. Han reiste odd og egg mot Harald Luva då denne vitja Hålogaland. Det gjekk som det måtte gå. Han mista stordelen av godset sitt. Seinare har ætta vore fattige og stakkarslege. Så eg tenkte at eg vel kunne gje grid, og tok imot vesaltinga han kom med, og såg ikkje nøyare på det. Seinare oppdaga eg at sølvet var dårleg, og skinna var verre. Vel kan eg vere ein mild mann, men når nokon prøver å lure meg så grovt, då er eg ikkje så mild lenger. Eg ber tinget lyse denne mannen fredlaus, og i bot idøme meg dei stakkars eignelutane han har inni fjorden. Garden er ikkje mykje verd, og husbunaden er berre til å brenne, men jorda er vel ikkje skrinnare enn at eg kan bruke ho til sommarbeite for ungfeet mitt.
– Har nokon av dykk vitne å føre?
Tore såg frå den eine til den andre.
– Ja, eg har vitne på at eg har betalt han. Vitna kan og gjere eid på at han såg over både sølvet og skinna før han tok imot det. Dei kan og vitne at verdien på skinna vart sett skammeleg lågt, men at eg godtok det, så det skal eg ikkje stridast med han om.
– Og du, Frode, har du vitne?
– Kva skulle eg med vitne? Eg tenker det at eiden min står seg mot ei tylft av slike som han der.
– Ja, om det er slik at hans eid er mykje meir verd enn min, då har eg ikkje mykje å stille opp. Eg er ikkje nokon rik mann, så eg fer ikkje så mangmennt. Eg har berre ei halv tylft med vitne.
– Er dei her og vil gjere eid?
– Det er dei.
– La dei då komme fram.
Dei seks mennene som kom fram var like lite brikjande og gråkledde som saksøkaren, men dei la fram eiden sin med høg og klår stemme.
Då siste mannen hadde svore, sa Tore:
– Eg kjenner desse mennene. Dei er friborne i alle ætteledd og truverdige menn. Om Frode ikkje har vitne, må vi etter loven døme saka mot han.
Frode skreik opp.
– Eg sver at alle dei eidane som no er lagte, er falske. Korleis skal det bli her på Hålogaland om hovdingar skal miste retten sin mot løgnaktig fattigpakk. Og kva med utlegga eg hadde til å fø opp træleungen hans? Dei har ingen snakka om.
Den høge gråkledde greip inni kufta si etter ein skinnpung som han slengte framfor føtene til Frode.
– Her trur eg du har for utlegget ditt. Det er ikkje sølv i den pungen, men eg trur dei skarve kopparpenningane som der er, dekker godt dei utlegga du har hatt. Han var vel ikkje så kosteleg den maten trælane dine fekk å ete. Sei domen no, domsmenn.
Domsmennene samrådde seg eit bel, men vart snart einige og let Gunnar på Hov føre ordet.
– Vi finn det prova med eid at Steinbjørn Bjørnulvsson har betalt skylda si til Frode Gautason, ei skyld som i alle fall for ein stor del alt var betalt av det arbeidet Bjørnulv Steinbjørnsson alt hadde gjort på garden hans. Det var Frode sjøl som valte gutebarnet Bjørnulv som skyldtræl, og ikkje den vaksne Steinbjørn, endå han baud seg til. Steinbjørn er derfor ikkje skyldig til å betale Frode for oppfostringa av sonen. At han no har gjort det, får vere hans sak. Vidare har vi alle, no under tingsamlinga, høyrt Frode kalle Bjørnulv både for træl og løysing. Vi dømer derfor Frode Gautason til å betale ei mark veigd sølv i bot til Steinbjørn Bjørnulvsson, og ei bot på to mark veigd sølv til Bjørnulv Steinbjørnsson. Vi dømer og at heretter er Bjørnulv Steinbjørnsson ein fri mann, og kvar den som kallar han for træl eller løysing, er skyldig til bot.
Frode fræste og svor, men vart hysja med av lovseiemannen.
Då tok Tore ordet.
– Det er no sagt at den er skyldig til bot som kallar Bjørnulv Steinbjørnsson for løysing eller træl. Og eg legg det attåt at den som kallar Bjørnulv for træl, eller krenker han med trælenamnet Bjore, han skal vere fredlaus i alt det land som eg rår over. La det og vere sagt at endå om vi ærer fedrane våre, og det skal vi, så må det haldast mot dei at dei ikkje gjorde som ætta til Steinbjørn Bjørnulvsson og reiste odd og egg mot Harald Luva, og ein gong for alle fridde Hålogaland frå Ynglingeætta si maktsjuke, eller døydde med heider. Men enno kjem det tider då vi kan få høve til å bryne nasen på ein ynglingeættling som vil vekse seg større enn bolen rekk. Steinbjørn Bjørnulvsson skal frå no av kallast min ven og jamlike. Bjørnulv Steinbjørnsson har eg høyrt kalla Bjørnulv Bogedrott. Det er eit namn som høver. Ung som han er, veit eg berre ein i Hålogaland som overgår han med bogen, og det er min eigen dottermann og måg, sjølvaste Bodvar Hásteinsson. Kjem Tryggvasonen og vil prøve å kue Hålogaland under seg, er eg glad om eg har slike menn under merket mitt.
Seinare, mens Sigurd og Tore Hjort sat toeine, sa Sigurd litt spotsk at når Tore hadde slike menn, så kunne det vel ikkje gjere så mykje at han sjøl ikkje såg seg høve til å fare med Tore mot Olav Tryggvason om det skulle bli til det.
– Du veit eg er i mågskap med Olav, og synest ikkje det er rett å bere våpen mot han.
– Så du vil heller la både deg og Hålogaland bli kua av ein vikværsk konge, endå om du vel er like nært i mågskap med meg.
– Ja, det er rett at eg er i mågskap med deg og. Derfor sit eg i ro på Trondarnes og ber ikkje våpen mot nokon av dykk. Men om galt skulle hende, så veit du at Asta, moster mi, eig ein gard på Bjarkøy. Den skal eg verge for ho så langt eg formår. Og då kan det komme godt med at ein av oss ikkje er av det framfuse slaget. Dagen etter reiste Sigurd heim. Tore, bror hans, for ikkje i lag med han. Tore ville gje seg over i Lofot sommaren over.
– Og skulle det bere i hop med denne Olaven, så er ikkje eg mågen hans, meinte Tore og fingra med sverdskjeftet.

Neste kapittel

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.