Ingen reservasjonsrett for fastlegar i Tromsø

I kommunestyremøtet 29. januar kjem SV til å ta opp ei sak der vi foreslår at legar i Tromsø ikkje skal kunne reservere seg mot å henvise til abort.

Det er ingen som har foreslått at legar ikkje skal kunne reservere seg mot å utføre abort. Dagens debatt handlar om fastlegen skal kunne reservere seg mot å henvise deg til den legen som skal utføre aborten. I staden skal legen henvise deg til ein lege som skal henvise deg til ein lege som skal utføre aborten. Korleis det ein kan vere meir moralsk enn det andre forstår ikkje eg. Men meir slitsamt blir det utan tvil.

Ein abort kan for nokre vere ein vanskeleg situasjon. Ikkje sjeldan er du som ung dame åleine om situasjonen. Du går til legen for å få hjelp. Det å bli møtt med at legen seier at abort er moralsk uforsvarleg, så uforsvarleg at legen ikkje ein gong kan henvise deg til abort vil kunne gjere ein vanskeleg situasjon enno vanskelegare.

Abort er ingen ønska situasjon. Vi kan vel alle vere samde om at prevensjon er ei betre løysning, men dei fleste av oss kan også forstå at det til tider skjer at folk har sex utan prevensjon. Kanskje har du opplevd det sjølv?

Ingen har rett til å vere fastlege. Når du vel å gå inn i det yrket så veit du kva du går til. Dersom du som lege ikkje kan henvise til abort får du finne deg eit anna yrke eller ein annan legejobb.

Derfor foreslår SV i neste kommunestyremøte i Tromsø:

Tromsø kommune vil ikke ta i bruk reservasjonsretten for leger i spørsmålet om å henvise pasienter til abort.

Dersom alle partia stemmer for det dei meiner vil dette bli vedtatt med stort fleirtal. Så får vi sjå kva Høgre og Venstre i Tromsø gjer.