Ein ikkje så veldig viktig, men artig del av EU-debatten i Noreg var den store agurkdebatten. Det var eit «viktig» argument mot EU-medlemskap at EU dreiv å regulerte bøyen på agurkane. Saka er i alle fall viktig nok til at Europabevegelsen bruker tid på å motbevise dette. Men no er det slutt, EU sine agurkar skal få ha akkurat den bøyen dei vil ha i framtida om landbrukskommisjonær Mariann Fischer Boel får det som ho vil. The EUobserver skriv:
«I can’t stand it any longer to be confronted with the curved cucumbers. I want to end this debate, that the EU is regulating everything into the details,» Ms Fischer Boel explained.
Eg må likevel innrømme at eg framleis er mot norsk EU-medlemskap. Det hjelp heller ikkje at framlegget frå Fischer Boel ikkje fekk fleirtal i følgje Jyllandsposten:
Den danske landbrugskommissær Mariann Fischer Boels initaitv til at annullere de fleste af de i alt 36 EU-normer for frugt og grønt har lidt skibbrud. Forslaget er overraskende blevet afvist af et flertal af medlemslandene, meddelte EU-talsmand Johannes Laitenberger mandag i Bruxelles ifølge det østrigske dagblad Kronenzeitung.
Det er det EU vi kjenner
Oppdatert, så kan agurkane likevel bli skeive og skakke