Det må vere plass i gapahuken til lokalbefolkninga

På ein måte er reiselivet og turistveksten i Tromsø ei velsigning. Det er litt ulike måtar å telle på, men vi kan rekne med at over 7000 arbeidsplassar i Tromsø er knytt til reiselivsnæringa. Det er gode inntekter og arbeid for folk. Og, sjølv om det av og til kan vere litt trangt er det godt med livet i Storgata som turismen skaper. Vi må og ta inn over oss at reiselivet skaper tilbod i byen som vi ikkje ville hatt ellers.

Men,

  • når du vil på tur med ungane ein søndag og går til ein av gapahukane på øya for å lage bål og grille marshmallow og drike kakao til og oppdager at det ikkje er plass fordi ei turistgruppe har tatt over.
  • når du ikkje får kjøpt deg ei leiligheit eller leigd deg ein plass å bu fordi alt er på korttidsutleige.
  • når du er utrygg på vegane våre fordi ikkje alle som køyrer på dei har vore ute ein vinterdag før.
  • når useriøse aktørar i bransjen fører til dårlege arbeids- og lønsforhold og sterkt manglande tenking på HMS.

Då, er det på tide at vi tar inn over oss at infrastrukturen for å ta mot alle turistane i Tromsø ikkje heilt er på plass.

Det er stor forskjell på at Storgata er full av turistar og at det er stadig nye turistar som bur i naboleiligheita. Gode nabolag krev ein viss grad av stabilitet. Slik at vi kan bli kjent med naboane våre. For det er ikkje turistane som pyntar til jul, som deltar på dugnad bidrar til det sosiale limet i eit nabolag. Korttidsutleige er eit problem fordi det gjer at det blir dyrare og vanskelegare å finne seg ein plass å bu i denne byen. Men det er og eit problem fordi det gjer noko med nabolaga våre.

Det er sjølvsagt heilt greitt å leige ut eit rom i eiga leiligheit, eller å leige ut på airbnb når du sjølv er på reise. Det er delingsøkonomi, og slik airbnb starta. Det kan vere ei kjærkomen ekstrainntekt. Men i Tromsø er airbnb i stor grad noko anna enn ei kjærkomen ekstrainntekt. Det fører til bustadspekulasjon, høge prisar og utrygge nabolag. Derfor må vi få til ei regulering av korttidsutleige som gjer at vi kan få kontroll på omfanget, noko prøver vi å gjere i kommunen, men dei store grepa må komme frå storting og regjering.

Alle desse folka som fyller Storgata med liv må komme seg dit, anten frå flyplassen eller eller hamna. Mang av dei tar bussen, og ikkje få gonger har innbyggarane i Tromsø banntes over at det er fullt på bussen når du skal heim frå arbeid. Utanfor byen skaper turistar i leigebilar farlege situasjonar. Stopp for å sjå på og ta bilde av nordlys eller reinsdyr skaper utrygge og uoversiktlege situasjonar på smale og mørke vegar. Eit og anna banneord har nok blitt ytra i denne situasjonen og.

Noko av dette kan vi kanskje bøte på med dei pengane vi får frå turistskatten – kanskje til neste år. Men turistskatten vil ikkje vere ei uuttømmeleg krukke som kan løyse alle problem.

Det vil ta tid før vi har ein struktur på ting som gjer at vi kan handtere den turiststraumen som vi har. Men det er viktig at vi får kontroll på nokre av desse områda snart. For vi vil jo gjerne vere hyggelege og triveleg vertar for alle folka som kjem hit. Vi vil jo gjerne ta mot dei på ein god måte. For ingen veit vel betre enn vi som bur her kor fantastisk Tromsø er, eg skjønner godt at folk kjem.

Vi må kunne regulere Airbnb

I helga hadde vi årsmøte i Tromsø SV. Eg er veldig glad for at årsmøtet vedtok ein del krav til kva endringar vi må gjere slik at kommunane for myndigheit til å regulere kortidsutleige. I denne videoen seier eg litt om kva eg trur må til.

Spesifikt krev no Tromsø SV det følgjande:

Korttidsutleige er blir eit stort problem mange stader. Det har fått eit så stort omfang at det påverkar prisane og tilgjengelegheit av bustader for folk.

 I Tromsø er det på det meste 3000 einingar tilgjengeleg på Airbnb. Samla inntekt for utleige gjennom Airbnb i Tromsø er rundt 250 millionar i året.

Totalt i Tromsø er det 4300 sekundærbustader, altså bustader der folk ikkje bur sjølv. Det er ti prosent av bustadane i Tromsø. Mange av dei er sjølvsagt til leige, men svært mange av desse er og unntatt den vanlege leigemarknaden fordi dei blir leigd ut på korttidsleige. Vi kan ikkje ha det slik at folk som vil bu å leve i Tromsø ikkje får leigd ein plass å bu til ein akseptabel kostnad.

Tromsø SV meiner at det sjølvsagt er heilt fint at folk leiger ut eit rom, eller eigen bustad når denne ikkje er i bruk. Slik korttidsutleige skaper ei fin ekstrainntekt for mange. Det er når Airbnb og anna korttidsutleige gjer at bustader som kunne vore tilgjengeleg på langtidsutleige heller blir brukt til Airbnb at det er eit problem.

For å få kontroll med korttidsutleiga vil Tromsø SV at

  • Plattformselskapa (Airbnb, booking.com etc) må bli pålagt å rapportere til kommunen om døgnutleige på kvar eining og prisen som blir betalt. Rapporteringar bør vere minimum halvårlegårleg og gjerne oftare.
  • Kommunane må kunne fastsette reglar for kor mange døgn med korttidsutleige skal vere lovleg, anten for heile kommunen eller for delar av kommunen.
  • Kommunen må få høve til å pålegge gebyr ved brot på døgnutleiga. Gebyret må stå i forhold til inntekta på utleiga og vere avskrekkande for brot på reglane.
  • Kommunen må kunne sette grensar for kor mange døgn det skal vere mogleg å leige ut på kortitdsutleige også for bustader som ikkje er burettslag eller sameiger.

AirBnB gjev oss færre hus å bu i

Det er dyrt å bu i Tromsø. Det kostar både å kjøpe og leige. Ein av grunnane er at mange leiligheter ikkje er tilgjengelege for folk som bur i byen, men blir brukt til kortidsutleige på AirBnB.

I følgje NHO var det i august i fjor 842 leiligheter tilgjengeleg for AirBnB i Tromsø. I dei aller fleste tilfella disponerer gjesten heile leiligheita. Det skulle indikere at ein stor del av desse leiligheitene ville kunne vore tilgjengeleg for langtidsutleige dersom det ikkje var for at dei var leigd ut gjennom AirBnB.

Regjeringa har komen med ei lita innskjerping, gjennom at utleige blir begrensa til 90 dagar i året. Det er dessverre ikkje nok.

Problemet er ikkje dei som leiger ut eit rom i eiga hus. Det er berre fint. Problemet er dei som driv dette nærmast som hotell og dermed minkar tilgjenge på leiligheiter i Tromsø for oss som skal bu her.

Vi kan ikkje la AirBnB øydelegge byen!

Eg meiner derfor at:

  • Kommunen må få moglegheit til å regulere kortidsutleige. Kan vere gjennom å sette begrensingar i antal dagar du kan leige ut gjennom AirBnB.
  • Kommunen må saman med aktuelle tilsyn sørgje for å stoppe dei som driv tilnærma hotellverksemd gjennom AirBnb utan løye og kanskje utan å fylle krav til branntryggleik.
  • Kommunen må følgje opp at det ikkje blir drive næringsverksemd i hus/leiligheiter som er regulert til bustad.
  • Vi må få ei sak i kommunestyret som går gjennom alle dei verkemiddel kommunen kan bruke til å regulere dette området.

Vi er avhengige av at regjering og storting tar ansvar på dette området og lar kommunane regulere dette viktige området.

Sjå og denne artikkele i iTromsø