Likskap for loven?

Det kan sjå ut som om Stolteberg og Ap prøver å overta Frp sine klede medan dei er ute og badar. Foto Harry Wad/

Eg vart opphissa av Dagsrevyen 21 i dag. Det var eit innslag med Jens Stoltenberg som opna valkampen med å skryte av at han vil fjerne likskap for loven og innføre stavnsband i Noreg.

Stoltenberg seier til VG:

– Regjeringen vil blant annet foreslå at asylsøkere som begår kriminalitet i åpne rusmiljøer i de store byene, skal kunne pålegges et bestemt oppholdssted andre steder i landet. Hvis et slikt pålegg ikke etterleves av asylsøkeren, så ligger det i vårt forslag en mulighet for fengsling etter utlendingsloven mens saken er til behandling, sier statsministeren.

Med atterhald i at eg ikkje har lese framlegget, og at eg har ein mistanke om at Stoltenberg gjekk vel langt i denne saka fordi han av ein eller anna grunn trur han skal vinne røyster på framandfiendtlegheit, så oppfattar eg dette som grunnleggande illiberalt. Vi ville aldri funne på ein lov som seier at ein person som har gjort eit brotsverk som ikkje er ille nok til at det kvalifiserer til fengsel likevel skulle kunne forvisast til andre delar av landet og måtte vere der i ein lengre periode med meldeplikt dersom denne loven kunne ramma oss vanlege folk.

No meiner eg Arbeidarpartiet sitt jag etter røystene til Framstegspartiet tar til å gå vel langt. Nokre prinsipp må haldast høgt, eit av dei er likskap for loven. Stavnsband, altså at fattigfolk ikkje kunne flytte frå eit gods, har vi aldri hatt i Noreg. Danmark avskaffa dei siste restane av det i 1800. Det er ganske ille når vi kanskje er i ferd med å innføre ei liknande ordning i Noreg i 2011.

Eg meiner at anten er lovbrotet ille nok til at vi straffar med fengsel, eller så er det ikkje det. Det kan ikkje gjelde ein lov for nokre av oss og ein annan lov for andre av oss.

Det å ta Frp sine veljarar gjennom å bli som Frp er ikkje ein siger – i beste fall ein pyrrhossiger.

 

Men, på den positive sida i dagens nyheitsbilete. Kristin Halvorsen set foten ned og tillet ikkje Høgre å innføre karakterar i sjuande klasse.

 

Oppdatering klokka 1100 01.06.11:

Etter å ha høyrt justisministeren i spørretimen i dag så har opphissinga lagt seg litt. Kanskje Stoltenberg berre tok litt for mykje Möllers tran?

Justisministeren i spørretimen 01.06.11

SV legg ikkje ned skolar

Biletet viser logoen til produksjonsvaken på Høgtun. I løpet av dagene og natta 21.-22. oktober laga elevane mange ulike kunstverk for å sette fokus på framtida til skolen. Foto: Pål Julius Skogholt

I dag er det blitt brot i fylkesrådssamarbeidet i Troms mellom SV og Ap. Det var ikkje råd for oss å bli samde med AP om den framtidige skolestrukturen i Troms.

Derfor har eg i dag sendt dette brevet til fylkesrådsleiaren:

AVGANG SOM FYLKESRÅD

Med bakgrunn i at det ikkje har vore muleg å komme til semje mellom SV og AP om den framtidige skolestrukturen i Troms og gjennom det heller ikkje semje budsjettet ber eg om å få tre av som fylkesråd umiddelbart.

SV og eg kan ikkje stille oss bak det fleirtalet i fylkesrådet går inn for i desse sakene. For SV er det ikkje muleg å gå inn for ei nedlegging av Skjervøy og Skånland vidaregåande skolar. Det parlamentariske samarbeidet mellom SV og AP vil derfor opphøyre.

Eg er lei for denne utviklinga, og vil takke for eit godt samarbeid i dei tre åra vi har samarbeid i fylkesrådet. Eg håper vi og for framtida kan samarbeide i fylkestinget frå sak til sak. SV ser for seg ei rolle som konstruktiv og løysningsorientert opposisjon.

Med helsing

Pål Julius Skogholt

Denne hausten har ikkje vore den lettaste, verken for meg eller for mange tilsette og elevar i skolane i Troms. Vi har ein krevande økonomisk situasjon i fylkeskommunen. Utdanningssektoren har vore underfinansiert med 30 millionar kroner. Det betyr at vi sto overfor eit val. Anten måtte vi legge ned skolar, eller så måtte vi overføre pengar frå samferdsel til utdanning. Det er reelt sett den einaste måten å unngå store underskott for fylkeskommunen. I dette valet valde SV og Ap ulik retning. SV gjekk inn for å flytte pengar frå samferdsel til utdanning, medan AP meiner det var rett å ta større kutt på utdanning.

Dette er ikkje eit lett val for verken SV eller AP, og for eigen del må eg innrømme at eg har vore i sterk tvil inntil det siste. Det som avgjorde for meg var fleire ting. Men, viktig var den betydninga skolane har for lokalsamfunna sine. Skal fylket kunne vere ein aktør som er med på å utvikle heile fylket kan vi ikkje samstundes legge ned skolane i distrikta. På den andre sida er det ei kjempeutfordring at talet på 15-19 åringar går ned i nesten alle kommunane i fylket i åra fram mot 2030. På eit eller anna tidspunkt må vi anten finne nye løysningar for korleis vi kan drive undervisning i distrikta, eller så vil skolar måtte leggast ned. Det finst ei nedre grense for kor små skolane kan bli. Tida for nedlegging er likevel ikkje no.

Panelet som framla saka for Skånland vgs på folkemøte den tredje november i år. Trine Nørstad er andre frå Høgre

I går (den tredje november) var eg på folkemøte i Skånland. Det gjer stort inntrykk å sjå korleis bygdefolket mobiliserer for skolen sin. Det sterkaste inntrykket gjorde likevel Trine Nørstad. Ho er ein tidlegare rusmisbrukar som har fått hjelp til å komme seg på rett kjøl av det spesielle tilbodet som er på Skånland (les meir hos Fremover). Skolen ligg vegg i vegg med rusklinikken og tilbyr undervisning for dei som er inne til behandling med ekstremt godt resultat.

Tilsvarande gjorde det stort inntrykk å vere på produksjonsvaken som elevane på Høgtun arrangerte i protest mot flytting av skolen sin. Kvar gong eg har vore ute å besøkt vidaregåande skolar i Troms er eg blitt imponert og stolt over å vere på same laget. Det blir gjort enormt mykje godt arbeid på skolane i Troms, og eg er trygg på at det vil halde fram – uansett. For eigen del er det sjølvsagt trist å ikkje lenger få vere ein del av dette laget. Det er likevel underordna.

Vi har hatt ein brei og grundig prosess i SV i denne saka, og fylkesstyret har vore svært tydeleg på kor grensa gjekk for SV. Vedtaka har vore samrøystes, og konsekvensen av desse er at fylkesrådssamarbeidet mellom SV og AP opphøyrer.

Så skal vi gjere det vi kan i dagene og vekene framover for at skolane ikkje skal bli lagt ned.

Exit mobile version