Eit program for Tromsø

I går presenterte vi forslaget til kommunevalgprogram for Tromsø SV. Eg er sjølvsagt grusamt inhabil i saka, men eg meiner dette er eit program for å utvikle byen vidare på venstresida og folk flest sine premiss. Korfor meiner eg det?

 

Det aller viktigaste er sjølve grunntonen i programmet og det vi trekk opp som dei viktigaste skiljelinjene.  Innleiinga til programmet seier:

Kommunevalgkampen 201 1 vil handle om den store forskjellen i norsk politikk:

På den ene står vi som vil styrke folks makt over egen hverdag, og på den andre siden de som vil overlate makta til markedet.

Eg trur og håper at dette blir ei av hovudsakene i denne valkampen. Det er ingen tvil om at høgresida både i Noreg og internasjonalt er på offensiven i åtaka på rettane til arbeidsfolk, anten det er i offentleg eller privat sektor. Vi svarar på dette ved å lage ein arbeidsgjevargaranti. Denne garantien seier noko om korleis vi skal oppføre oss som arbeidsgjevar i kommunen. I tillegg er vi tydeleg på kva grep kommunen bør ta som innkjøpar for å bidra til å unngå sosial dumping i det private.

Noko av det eg er mest opptatt av for tida er skole og barnehagar. Kanskje ikkje så underleg fordi eg har to ungar i barnehagen og ein i skolen. No er mine inne i systemet, men det kan vere riktig fortvilande for dei som ikkje får ein barnehageplass når dei treng det, kanskje fordi ungen er født på feil side av den magiske datoen. Eg meiner derfor at det er viktig med eit kontinuerleg opptak til barnehagane. Vi skriv i programmet:

At Tromsø skal tilby barnehageplass også til de som ikke har rett etter de sentrale reglene

Det krev ein viss “overkapasitet” i barnehagane, noko som og vil vere med på indirekte betre tilhøvet mellom talet på ungar og talet på vaksne i barnehagen. Eg trur ikkje vi kjem heilt dit at alle kan bli garantert plass den dagen ungen blir eitt år, men vi skal nærme oss.

Eg er og ein stor tilhengar av å gjere noko med SFO. Kvaliteten kan bli betre, og over tid kan vi kome dit at vi får ein variert heilskapleg skoledag for dei små med plass til kultur- og idrettsaktivitetar i skolen, noko som vil vere med på å frigjere tid på ettermiddagane for samvær mellom foreldre og barn. Dersom fortballtreninga kan bli ein del av SFO/skoledagen får vi ein time ekstra saman med ungane om ettermiddagen medan både foreldre og barn framleis har krefter til å få noko positivt ut av det.

I programmet er det mykje god politikk på velferdsområdet. Vi vil at barnetrygda ikkje skal reknast som inntekt ved utrekning av sosialhjelp, vi vil ha ei kartlegging av levekår og fattigdom i kommunen, og vi vil ha fart på bustadbygginga i kommunen. Vi er villige til å ta i bruk både ekspropriasjon av tomter og anna for å få dette til.

I tillegg er sjølvsagt miljø ein sentral del, saman med kultur, idrett, næringspolitikk og internasjonal solidaritet. Frp skal nok få grunnar til å protestere mot samarbeidet med Gaza og i framtida. Eg synst rett og slett du skal lese programmet sjølv, og eg vil gjerne ha innspel frå deg til ting vi har glømt eller ting som kan bli enno betre i programmet fram til endeleg vedtak. Det blir sannsynlegvis den 26. mai på eit medlemsmøte.

Har du sterke meiningar kan du jo bli medlem i SV og kome på møtet.

Du kan laste ned programmet her

 

 

Exit mobile version