Midlertidig

Midlertidig, smak litt på det ordet. Er det eit positivt ord? Eit midlertidig bygg, ein midlertidig kjæraste. Ikkje noko vi ønsker. Men, no har altså regjeringa saman med Krf og Venstre bestemt gjennom å endre arbeidsmiljøloven, at vi skal få langt fleire midlertidig tilsette i norsk arbeidsliv.

Arbeidsministeren får det slik som han vil, meir makt til arbeidsgjevarane. Foto: Bård Gudim/Frp media via Wikimedia Commons
Arbeidsministeren får det slik som han vil, meir makt til arbeidsgjevarane. Foto: Bård Gudim/Frp media via Wikimedia Commons

Hovudregelen til no har vore at du berre kan tilsette folk midlertidig om arbeidet var av midlertidig karakter (dessverre har vi sett at der tjenestemannsloven gjeld i det offentlege har det vore alt for mykje midlertidige. Det er synd at vi ikkje fekk ordna opp midlertidigheita i akdemia medan den raud-grønne regjeringa sat ved makta). Det blir no lov å tilsette folk midlertidig for å gjere varig arbeid.

Dette vil få store konsekvensar. Det vil bli langt fleire som ikkje får huslån, som må leve med den usikkerheita som ligg i å ikkje vere trygg på at kontrakten blir forlenga, og som ikkje vil tørre å stå på krava fordi jobben er usikker. Dette er ei enorm maktforskyving frå arbeidsfolk til arbeidsgjevarane. Det vil over tid bety mindre forhandlingskraft for fagbevegelsen når lønn og tariffavtalar skal forhandlast på ny, det vil bety at færre tør protestere mot dårleg eller farleg arbeidsmiljø.

Og, det er vel kanskje hovudpoenget til regjeringa. Makta skal flyttast frå arbeidsfolk og fagrørsla til arbeidsgjevarane i NHO og Virke slik at eigarane kan tene meir. Det er ein del av den same tendensen vi ser når det gjeld privatisering og konkurranseutsetting av offentleg verksemd. Det siste her i Tromsø er at matproduksjonen for dei som bur på sjukeheimar og liknande er overlatt til ISS i staden for at kommunen gjer det sjølv med meir ordna arbeidsforhold.

Makta og pengane blir flytta frå fellesskap til eigarar. Er det det vi vil?

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Arbeidsmiljølov og tromsøordførar

Det er ikkje ofte det er så mange samla på torget i Tromsø som i dag. Eg har vore på ein del demonstrasjonar på torget i Tromsø og det er ikkje ofte eg har ei oppleving av at no er det fullt på torget. No var det faktisk litt trangt. Eg veit ikkje kor mange vi var i dag, men eg veit det var ei massiv markering mot dei endringane som er blitt foreslått i arbeidsmiljøloven av regjeringa.

Innlegget som videoblogg:

For meg er det mest alvorlege som er blitt foreslått er at normalarbeidsdagen skal bli lengre og det skal opnast for meir helgearbeid. Det er ikkje slik at eg ikkje vil arbeide, men det er ein stor verdi at vi har fri omtrent samtidig. Dersom eg vil slarve med naboen, drikke øl med ein kompis, gå på ski med ungane så er det greitt at folk har fri på omtrent same tid og jobbar på omtrent same tid. Det er det som er fridom. Å kunne ha det godt saman med famile og venar. Det blir vanskelegare om partiet for folk flest får det som dei vil.

Men, eg kan ikkje lage ein blogg utan å kommentere det store politiske jordskjelvet i Tromsø. Eg tenkjer sjølvsagt på at ordføraren i Tromsø,  Jens Johan Hjorth trakk seg frå Høgre lista etter å ha forsøkt seg på eit kupp.

Eg må berre innrømme det,  eiga lykke er ikkje å forakte,  men andre si ulykke er veldig bra det og,  og det er ingen tvil om at dette er ei ulykke for Tromsø Høgre.  Eg skal ikkje seie at valet er over,  men det er blitt enklare for den utvida venstresida (hvori opptatt Ap)  å vinne valet.  Dessutan har sjansen for ein SV ordførar auka kraftig.  Det kan fort skje dersom Ap skulle finne på å insistere på parlamentarismen etter valet.  Eg håper dei tar til vett og at vi går tilbake til formannskapsmodellen,  men  Ap seier dei ønsker denne dårlege og dyre styringsmodellen.

Til slutt, regjeringa har sendt ut på høyring eit forslag om at det skal bli forbudt å spørre etter hjelp i Noreg.  Høyringsfristen er 15. februar. Eg liker ikkje tigging,  men det er ikkje slik at vi kan forby alt vi ikkje liker.  Vi må tole å sjå fattigdomen.  Vi kan ikkje forby den.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner