Categories
Politikk Troms og Tromsø Utdanning

Skal Universitetet i Tromsø kun vere eit arktisk universitet?

Universitetet i Tromsø (UiT) er i full gang med ein strategiprosess. Dei skal finne ut kva UiT skal satse på fram mot 2020. Det er spennande, og eg rår alle interesserte til å ta ein titt på høyringsnotatet som no er sendt ut, med frist for tilbakemelding 24. februar.

Eg må innrømme at strategidokumentet er litt skremmande. Det er eit ganske einsidig fokus på det arktiske. Ikkje misforstå meg, eg liker at UiT er tilstades og i samverknad med den regionen der universitetet ligg. Men dersom universitetet berre er interessert i det arktiske kjem vi til å mangle ein god del i framtida. Det er greitt at universitetet fekk nytt namn i samband med fusjonen med Høgskolen i Finnmark, men det at det no heiter «Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet» kan og må ikkje bety at det arktiske er det einaste som betyr noko.

Breiddeuniversitetet

Eg er opptatt av at det å vere eit universitet er å ha ei stor breidde i utdanningstilbodet og i forskingstema. Med unntak av ei besverging i innleiinga er ikkje dette med breiddeuniversitet tatt opp i strategien (og legg du godvilja til kan du lese det inn i det som står om grunnforsking). I fire av dei fem satsingsområda er formuleringa «ledende på kunnskap om klima, energi og miljø i Arktis», «å sikre livskvaliteten til folk i Arktis», «utnytting og forvaltning av arktiske naturressurser»

Sjølvsagt skal UiT vere alt dette, men målet må jo vere at det som blir gjort er relevant utanfor Arktis. Eg meiner at UiT burde ha som mål å vere best på «utnytting og forvaltning av naturressurser, og dermed også være best på arktisk forvaltning og utnytting». Dette kan kanskje framstå som pedanteri, men eg meiner det er viktig at vi set det UiT skal gjere i ein global kontekst og at det er gjennom det vi og blir relevante for vår eigen region.

Nasjonalt då?

Kanskje har eg for store ambisjonar på vegne av universitetet? Kanskje er det heilt forfeila at UiT skal kunne bli ei leiande global kraft, men nasjonalt då. Heller ikkje det finn eg ei målsetting om. Det står ikkje som eg ser ein einaste plass at UiT skal vere best i Norge, Norden eller Europa, om det då ikkje har med Arktis å gjere.

Temasatsingane

I dette høyringsnotatet er det valt ut fem hovudområde der det skal satsast. Desse fem er:

  • Klima, energi og miljø
  • Helse og velferd
  • Bærekraftig bruk av ressurser
  • Teknologi
  • Samfunnsutvikling og demokratisering

Dette er gode og viktige tema, men eg kan ikkje heilt fri meg frå at eg synst det er mykje teknologi og lite samfunnsvitskap her. Igjen, det er ikkje så mange teikn på breiddeuniversitetet i desse tema. Så kan ein sjølvsagt ikkje satse på alt, og sjølvsagt er det plass til både humaniora- og samfunnsforsking under alle desse overskriftene. Så må dokker ikkje misforstå, eg meiner ikkje at UiT skal satse stort på klassisk gresk, men eg meiner at vi må vere trygge på at det er plass til ein del av dei klassiske faga og.

Ein siste klage

Eg meiner det står for lite om formidling i denne planen. Det sit sånne enorme kunnskapar innafor veggane på universitetet som dessverre ikkje verk etter å kome seg ut blant folk. Derfor må strategien vere mykje tydelegare og legge vekt på at kunnskapen skal populariserast og komme ut blant folk. Bidra til å gjere oss alle nysgjerrige på å skaffe oss meir kunnskap, nysgjerrige på å forstå korleis kunnskap blir produsert. Eit litt tilfeldig valt eksempel er å ta ein titt på youtube, der finst det ein enorm mengde kunnskap å hente, om alle slags tema. Men kva bidrar UiT med? Då eg sjekka var det 44 videoar, og mange av dei var reklame.

Korfor held ikkje UiT seg med ein eigen «TV-kanal» som gjev oss del i alt det fantastiske som skjer på UiT? Korfor får vi ikkje kunnskapen formidla på norsk, korfor må vi for det meste bruke engelsk for å forstå verda?

Her er noko å arbeide strategisk med for UiT

Også burde eg sagt noko om digitaliseringa av undervisninga og lik rett til utdanning sjølv om du ikkje bur nær Campus. Det får eventuelt bli i morgon.

 

Categories
Feature Klima Video

Varmen gjer det kaldt

Denne underlege utviklinga kan vi få om isen i Arktis held fram med å smete. Det antyder i alle fall NOAA (National Oseanic and Atmospheric Administration) i videoen du kan sjå under her.

NOAA peiker på at vi ser store endringar i klimaet i Arktis og at desse vil få verknader langt utanfor arktiske område. Kanskje var det byrjinga på dette vi såg i fjor då det regna i januar på Svalbard medan det var svinkaldt på fastlandet? NOAA følgjer klimaet i nordområda nøye, og publiserer jamnleg ismålingar.

Kva meiner du vi må gjere for å få bukt med klimaendringane?

Categories
Feature Internasjonalt Klima USA

Ny arktisk politikk frå USA

Ei av dei aller siste embedsgjerningane frå George Bush, var å skrive under på eit dekret som etablerer ein ny arktisk politikk for USA. Dekretet er utforma slik at det ikkje er sannsynleg, så vidt eg kan vurdere,  at det vil bli omstøtt av den nye presidenten umiddelbart.

arktis
Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjønne at dette området er sårbart overfor klimaendringar og andre miljøforstyrringar. Det blir spennande å sjå om USA tar omsyn. Foto: Wili Hybrid på Flickr

Det er mykje spennande i den nye amerikanske politikken. Det er likevel to ting som ikkje er overraskande, hovudfokuset frå amerikansk side er forsvar og energitryggleik. Det blir lagt stor vekt på at USA no må kaste seg inn i kappløpet om polen og dei energiressursane som finst på havbotn der. Dei skriv: «A growing awareness that the Arctic region is both fragile and rich in resources».  Ein positiv konsekvens av dette er at presidenten no tar eit svært klårt standpunkt for at USA må ratifisere Havrettstraktaten. USA er i dag eit av dei få landa som ikkje har ratifisert traktaten. Det gjev dei eit svakare legalt utgangspunkt for å kreve territorium i Arktis enn til dømes Canada og Russland. Kanskje vil dette føre til at Senatet ser bort frå dei kommunistiske delane av havrettraktaten og svelger den prinsippielle motstanden mot «The International Seabed Authority». Det hadde vore ei glede.

USA legg og stor vekt på retten til navigasjon og uhindra millitær og sivil trafikk i Arktis. Det gjeld særleg dei to passasjane som tidvis går gjennom trange strede i Canada og Russland som USA ønsker å definere som internasjonale (slik som Øresund og Bosporus) slik at USA eller andre ikkje kan bli nekta uskuldig gjennomfart. I dekretet er presidenten opptatt av mellom anna tilgangen på ressursar om eit uhell skulle vere ute. Her bør Noreg posisjonere Svalbard som ein plattform for søk og redning i Arktis.

Når det gjeld forsvaret av USA (Homeland Security) skriv presidenten:

The United States has broad and fundamental national security interests in the Arctic region and is prepared to operate either independently or in conjunction with other states to safeguard these interests. These interests include such matters as missile defense and early warning; deployment of sea and air systems for strategic sealift, strategic deterrence, maritime presence, and maritime security operations; and ensuring freedom of navigation and overflight.

Eg legg merke til at USA også her er tydelege på at aleinegang alltid vil vere ei mulegheit.

Det er gledeleg at presidenten legg vekt på Arktisk Råd i politikken sin, og eg må seie at eg er overraska over kor stor plass omsynet til urbefolkninga og miljø har fått. Til og med klimaendringar blir vektlagt. Bush skriv (ja, eg veit han ikkje skriv sjølv, men det er han som skriv under):

The Arctic Council has produced positive results for the United States by working within its limited mandate of environmental protection and sustainable development. Its subsidiary bodies, with help from many United States agencies, have developed and undertaken projects on a wide range of topics. The Council also provides a beneficial venue for interaction with indigenous groups. It is the position of the United States that the Arctic Council should remain a high-level forum devoted to issues within its current mandate and not be transformed into a formal international organization, particularly one with assessed contributions. The United States is nevertheless open to updating the structure of the Council, including consolidation of, or making operational changes to, its subsidiary bodies, to the extent such changes can clearly improve the Council’s work and are consistent with the general mandate of the Council.

Dette er spennande. USA opnar her for at Arktisk råd kan bli eit enno viktigare verkty for å ta vare på miljøet i Arktis. Mandatet til arktisk råd er spesifikt retta mot å ta vare på miljøet og arbeide for ei bærekraftig utvikling. Dette gjev oss ei opning for å få større kraft bak arbeidet for miljøet i Arktis. Fleire i mitt parti, SV, har tatt til orde for at Arktis skal underleggast ei styring som liknar på styringa av Antarktis. Det avviser Bush i dette dekretet. Det er likevel interessant at ideen har fått sånn feste at det var naudsynt å ta avstand frå han. Det er ellers underleg at mannen som opna store tidlegare freda delar av Alaska for olhjeboring skriv under på dette dekretet.

Den amerikanske presidenten legg og stor vekt på forsking. Dette burde opne mulegheiter for norske og nordnorske forskingsmiljø. Det er viktig for UNIS og Univeristetet i Tromsø å vere på høgget og bli med på det som kan skje frå amerikansk side. Dette blir spesielt spenande med tanke på at den nye presidenten har lova store summar til forsking.

Med tanke på norske idear om Barentshavet på skjerm er dette interessant:

Accurate prediction of future environmental and climate change on a regional basis, and the delivery of near real-time information to end-users, requires obtaining, analyzing, and disseminating accurate data from the entire Arctic region, including both paleoclimatic data and observational data. The United States has made significant investments in the infrastructure needed to collect environmental data in the Arctic region, including the establishment of portions of an Arctic circumpolar observing network through a partnership among United States agencies, academic collaborators, and Arctic residents. The United States promotes active involvement of all Arctic nations in these efforts in order to advance scientific understanding that could provide the basis for assessing future impacts and proposed response strategies.

Det blir spennande å følgje med om denne nye politikken får konsekvensar. Det er nok heilt sikkert ikkje det første temaet som Obama kjem til å konsentrere seg om. Dette blir ståande ei stund.

Andre innlegg om Arktis på denne bloggen finn du her

Categories
Feature Internasjonalt

EU og arktis

EU har tengt å bry seg meir med dette området framover. Foto: NASA
EU har tengt å bry seg meir med dette området framover. Foto: NASA

EU har lenge vore overraskande uinteressert I det som skjer i Arktis. Det ser no ut til å endre seg. Kommisjonen har nyleg skrive det som heiter “Communication from the Commission to the European Parliament and the Council” om “The European Union and the Arctic Region”. Dette er eit første steg i å utvikle ein felles politikk for EU på eit området. Ein slik politikk har potensiale I seg til å vere bra, eller dårleg.

Det er interessant at det første som blir tatt opp av kommisjonen er klimaendringane. Kommisjonen har eit godt og flott fokus her:

The vast sea and land spaces of the Arctic region are vital and vulnerable components of the Earth’s environment and climate system. Arctic air temperatures have been increasing twice as much as the global average. Coverage of sea ice, snow cover and permafrost have been decreasing rapidly, triggering strong feed-back mechanisms that accelerate global warming. Accelerated loss from the Greenland ice sheet would raise sea levels rapidly and considerably. In spite of harsh conditions, melting of ice and new technologies will gradually increase access to Arctic living and non-living resources as well as to new navigation routes. Although the Arctic remains one of the most pristine areas on Earth, it will be increasingly at risk from the combined effects of climate change and increased human activity.

Eg gledde meg I cirka eit halvt minutt over dette. Eg tenkte at kanskje kunne avstanden gjere EU I stand til å ha meiningar som ikkje vi kan ha I Noreg, likeins som dei norske styresmaktene kan verne eit område som lokalbefolkninga ikkje vil verne. Men så:

Support for the exploitation of Arctic hydrocarbon resources should be provided in full respect of strict environmental standards taking into account the particular vulnerability of the Arctic.

Men og verd å merke seg følgjande:

Explore support for designating some Arctic navigation routes as particularly sensitive sea
areas under IMO rules, if proposed by any of the Arctic coastal states.

Konklusjon, også for EU er klimaendringane det viktigaste, nest etter tilgang på energi. Vi skal vere forsiktige når vi borer, men bore skal vi, og brenne det opp og sleppe ut CO2, det skal vi. Skizofrenien lenge leve. Eg ser likevel to gode argument for å utvinne I alle fall gass i Arktis. Det eine er at det kane vere med å redusere EU si avhengigheit av Russland, og at gass kan erstatte kolfyrte gasskraftverk. Eg har lita tru på desse argumenta. Eg trur enklare tilgang på energi fører til at ein brukar meir energi.

Likevel verd å merke seg at EU opnar for å I alle fall unngå trafikk av oljetankarar og andre skip I spesielt sårbare område. Det er viktig for Noreg å ta med seg vidare.

Dokumentet inneheld mykje meir enn klima og hydrokarbonar. Kommisjonen ha rog gjort seg nokre tankar om korleis Arktis bør regulerast og styrast. EU legg stor vekt på multilaterale instrument I styringa av Arktis det er ein fordel for Noreg.

Det er svært interessant at EU opnar opp for eit av framlegga I SV sitt arbeidsprogram om å styre dei delane av Arktis som er internasjonale på ein liknande måte som Antarktis. Dei skriv:

The full implementation of already existing obligations, rather than proposing new legal instruments should be advocated. This however should not preclude work on further developing some of the frameworks, adapting them to new conditions or Arctic specificities.

Dette er interessant. Det kan kanskje opne opp vegen fram mot ein multilateral avtale om eit avmillitarisert Arktis som blir verna til beste for miljøet. Det er I alle fall viktig at fleire enn SV tenkjer på korleis Arktis skal styrast.

Categories
Internasjonalt Politikk

Konfliktar i nord

Eg har tidlegare skrive om dei potensielle konfliktane i nord mellom alle dei landa som prøver å få rettar til havbotn i polbassenget. Universitetet i Durham har laga eit godt kart som viser korleis desse krava overlappar.

Kart som viser dei overlappande krava i nord
Kart som viser dei overlappande krava i nord

Du finn ein større versjon av dette kartet, med forklaringar på nettsidene til University of Durham. Vel verd å ta ein titt på.

Magasinet til Dagbladet skreiv litt om dette for ei tid sida.