Ei ny nordnorsk avis?

Felles TV-sendingar frå nord er det viktigaste vi kan gjere for å skape ei nordnorsk offentlegheit. Foto: Skjermdump frå NRK sine nettsider

Arne O. Holm i Arktisk tenketank og Landsdelsutvalet har lansert tanken om ei ny avis i Nord-Noreg. LU er tydeleg på nettsidene sine om at dei ikkje skal eige avisa, men at det er viktig å tenkje høgt om problemstillinga.  Er har valdsamt sansen for tanken om og behovet for ei felles nordnorsk offentlegheit, men tviler på at ei ny avis er vegen å gå.

Eg trur det er to vegar å gå for å skape denne offentlegheita. Det aller viktigaste er at vi på nytt kan få felles TV-sendingar for dei tre nordnorske fylka. Eg meiner det var ein katastrofe for Nord-Noreg at Nordland insisterte på eigne nyheitssendingar. For det første får vi ikkje den kunnskapen vi treng om andre delar av landsdelen, og for det andre synst eg sakene som kjem fram ofte er mindre interessante enn det vi kunne fått i ei felles sending.

Eg har og lenge vore forundra over at A-pressen med avisar i alle område av landsdelen ikkje har fått til større grad av samarbeid om nyheiter og analyser. Ei side i Avisa Nordland, Nordlys, Helgeland Arbeiderblad, Finnmar Dagblad osb om nordnorske nyheiter trur eg er det nærmaste vi kjem ei felles nordnorsk avis. Eit slikt samarbeid er det og godt grunnlag for i Polaris media. Harstad Tidende Gruppa har bevege seg litt i den retninga på nettsidene sine. Men det kan utviklast vidare. Eit nordnorsk telegrambyrå hadde kanskje vore vegen å gå.

Realiteten er at vi har hatt ei nordnorsk avis berre ein gong. Det var medan Lofotposten var på sitt største. Vi kjem nok ikkje dit igjen.

Dersom ein absolutt skal starte noko nytt trur eg det einaste som kan fungere er eit vekemagasin med fokus på analyse, kombinert med nyhende på nettet. Utfordringa er at gode analyser og folk med kunnskap til å skrive desse til ei betaling som eit slikt magasin hadde råd til ikkje veks på tre.

Exit mobile version