Likskap for loven?

Det kan sjå ut som om Stolteberg og Ap prøver å overta Frp sine klede medan dei er ute og badar. Foto Harry Wad/

Eg vart opphissa av Dagsrevyen 21 i dag. Det var eit innslag med Jens Stoltenberg som opna valkampen med å skryte av at han vil fjerne likskap for loven og innføre stavnsband i Noreg.

Stoltenberg seier til VG:

– Regjeringen vil blant annet foreslå at asylsøkere som begår kriminalitet i åpne rusmiljøer i de store byene, skal kunne pålegges et bestemt oppholdssted andre steder i landet. Hvis et slikt pålegg ikke etterleves av asylsøkeren, så ligger det i vårt forslag en mulighet for fengsling etter utlendingsloven mens saken er til behandling, sier statsministeren.

Med atterhald i at eg ikkje har lese framlegget, og at eg har ein mistanke om at Stoltenberg gjekk vel langt i denne saka fordi han av ein eller anna grunn trur han skal vinne røyster på framandfiendtlegheit, så oppfattar eg dette som grunnleggande illiberalt. Vi ville aldri funne på ein lov som seier at ein person som har gjort eit brotsverk som ikkje er ille nok til at det kvalifiserer til fengsel likevel skulle kunne forvisast til andre delar av landet og måtte vere der i ein lengre periode med meldeplikt dersom denne loven kunne ramma oss vanlege folk.

No meiner eg Arbeidarpartiet sitt jag etter røystene til Framstegspartiet tar til å gå vel langt. Nokre prinsipp må haldast høgt, eit av dei er likskap for loven. Stavnsband, altså at fattigfolk ikkje kunne flytte frå eit gods, har vi aldri hatt i Noreg. Danmark avskaffa dei siste restane av det i 1800. Det er ganske ille når vi kanskje er i ferd med å innføre ei liknande ordning i Noreg i 2011.

Eg meiner at anten er lovbrotet ille nok til at vi straffar med fengsel, eller så er det ikkje det. Det kan ikkje gjelde ein lov for nokre av oss og ein annan lov for andre av oss.

Det å ta Frp sine veljarar gjennom å bli som Frp er ikkje ein siger – i beste fall ein pyrrhossiger.

 

Men, på den positive sida i dagens nyheitsbilete. Kristin Halvorsen set foten ned og tillet ikkje Høgre å innføre karakterar i sjuande klasse.

 

Oppdatering klokka 1100 01.06.11:

Etter å ha høyrt justisministeren i spørretimen i dag så har opphissinga lagt seg litt. Kanskje Stoltenberg berre tok litt for mykje Möllers tran?

Justisministeren i spørretimen 01.06.11