Badeland, bompengar og meir på kommunestyremøtet

Onsdag 15. juni er ein historisk dag for folkestyret i Tromsø. Det er kanskje litt store ord, men det viser gleda mi over at då startar det siste kommunestyret i Tromsø under byrådsmodellen. Frå og med første juli går Tromsø tilbake til formannskapsmodellen som styringsform i Tromsø. Eg er sikker på at det vil føre til betre beslutningar i Tromsø.

Kommunestyret vil derfor naturleg nok handle mykje om den nye styringsmodellen. Vi skal vedta alt av reglement, reglar og velge komitear og alt anna som høyrer til. Eg gler meg til den debatten.

Men, kommunestyret skal sjølvsagt ikkje berre handle om korleis vi organiserer oss. Den kanskje aller største saka er vedtak av reguleringsplan for Templarhemen, altså for det nye folkebadet i Tromsø. Det er ikkje ein hemmelegheit at eg ikkje er heilt fornøyd med forslaget slik det ligg no. Eg liker ikkje at det ligg an til at vi kjem til å ta litt av Tromsømarka for å få realisert dette prosjektet. Hovudproblemet er ikkje dei få metrane som badet glir inn i marka. Hovudproblemet er følgjeverknadane. Dersom følgjane blir at tilhøva for skiidretten ikkje blir gode nok og at vi må bygge ned heile Grønnåsen med skianlegg så blir dette vanskeleg for meg og for SV å akseptere. Eg har tidlegare sagt kva eg meiner om den saka i dette innlegget.

Vidare har vi mange reguleringssaker. Rødhettestien har det vore ein debatt om. Kor høgt skal utbyggaren få lov til å bygge. Det har blitt ei litt kinkig sak på grunn av usemje om tolking av det forrige vedtaket i saka. Eg trur no det blir fleirtal for innstillinga frå byutviklingskomiteen. Forøvrig ser det ut til at eg skal bli nestleiar i den komiteen i den nye modellen, så du kan godt rekne med at det blir meir skriveri om regulerings- og byplansaker på denne bloggen framover.

Gladsaka Otium

Sjølve gladsaka over alle gladsaker i dette kommunestyremøtet blir vedtaket om reguleringsplan for nye Otium. Byen har stort behov for nye og fleire sjukeheimsplassar. Det er derfor direkte vakkert at vi no vedtar endeleg reguleringsplan for dette prosjektet. Bygginga er så smått i gang, og kan no starte for alvor. Så er realiteten at vi ikkje er i hamn når Otium er ferdig. Behovet for sjukeheimsplassar kjem til å auke, så det er berre å starte planlegginga av neste sjukeheim før Otium er ferdig.

Bompengar er ikkje akkurat ei gladsak. Det er verken populært eller artig å pålegge nye avgifter. Samstundes ser vi at det er heilt naudsynt å få ei stor satsing på infrastruktur i Tromsø, for bussane, dei som går, dei som syklar og for dei som køyrer. Det er dyrt å bygge nytt og å vedlikehalde det v har og det nye. Så kunne vi sjølvsagt ønska oss at dette var fullfinansiert av staten, men sånn er det ikkje. Tvert i mot, skal vi få statleg finasiering må vi bidra sjølv. Det vi bidrar med er bompengane. I dette kommunestyret skal vi berre ta stillign til sjølve prinsippet, vi skal ikkej diskutere kvar betalingspunkta skal vere. Det treng vi ein lang offentleg debatt om. Det er uansett bra at det no ser ut til alle (unntatt Frp) er samde om at dette er naudsynt.

Det er mange fleire saker. Saksliste er under her. Berre spør, så skal eg prøve å svare. Alle sakspapira finn du her.

Sakslista

  • 117/16 PLAN 1822 – REGULERINGSPLAN STORHAUGEN
  • 118/16 PLAN 1800 OTIUM BO OG VELFERDSSENTER – TIL ENDELIG VEDTAK
  • 119/16 PLAN 1811 – RØDHETTESTIEN 2, 119/2840
  • 120/16 PLAN 1810 – OMRÅDEREGULERING TEMPLARHEIMEN TIL ENDELIG VEDTAK
  • 121/16 SAKSFREMLEGG – TIL ENDELIG VEDTAK – REVIDERT PLAN PLAN 1819 – STRANDKANTEN K10, 119/4045 – UTARBEIDING AV DETALJREGULERING AV EIENDOMMEN
  • 122/16 TRANSPORTNETT TROMSØ
  • 123/16 INNSPILL TIL NASJONAL TRANSPORTPLAN 2018-2019
  • 124/16 OPPREGULERING AV FESTEAVGIFT OG KAMPANJESALG AV FESTETOMTER
  • 125/16 TROMSØ KOMMUNES PLANSTRATEGI 2016 – 2019
  • 126/16 ÅRSMELDING 2015
  • 127/16 TROMSØ KOMMUNES ÅRSREGNSKAP FOR 2015
  • 128/16 ØKONOMISK INTERNKONTROLL – RAPPORTERING PR. 31.12.15
  • 129/16 KAPASITETSØKENDE TILTAK VED SELNES, ERSFJORDBOTN OG TROMSDALEN SKOLER
  • 130/16 HØRING – FORSLAG OM OPPHEVELSE AV LOV OM SERVERINGSVIRKSOMHET – SERVERINGSLOVEN HØRINGSFRIST: 26.05.16
  • 131/16 MØTEPLAN FRA AUGUST 2016
  • 132/16 HANDLINGSVEILEDER VED BEKYMRING FOR RADIKALISERING OG VOLDELIG EKSTREMISME
  • 133/16 HØRING – KVALITETS- OG STRUKTURREFORM I BARNEVERNET HØRINGSFRIST: 10.06.16
  • 134/16 SAMMENSLÅING AV KOMMUNER
  • 135/16 TROMSØ HAVN KF – ÅRSREGNSKAP OG ÅRSBERETNING 2015
  • 136/16 FINANSRAPPORT PR. 31.12.2015 – TROMSØ HAVN KF
  • 137/16 ORGANISERING AV FORMANNSKAPSMODELL FRA 1.JULI 2016
  • 138/16 VALG MEDLEMMER NÆRINGSKOMITE
  • 139/16 VALG MEDLEMMER KULTUR, FRILUFT – OG IDRETTSKOMITEEN
  • 140/16 VALG MEDLEMMER UTDANNINGS- OG OPPVEKSTKOMITEEN
  • 141/16 VALG MEDLEMMER BYUTVIKLING, MILJØ – OG TRANSPORTKOMITEEN
  • 142/16 VALG MEDLEMMER HELSE – OG VELFERDSKOMITEEN
  • 143/16 VALG MEDLEMMER KONTROLLUTVALGET
  • 144/16 VALG MEDLEMMER KLAGEUTVALGET
  • 145/16 VALG MEDLEMMER ADMINISTRASJONSUTVALGET
  • 146/16 VALG ØVRIGE FOLKEVALGTE ORGANER
  • 147/16 VALG AV LAGRETTEMEDLEMMER OG JORDSKIFTEDOMMMERE 2017-2020
  • 148/16 VALG MEDDOMMERE 2017-2020
  • 149/16 KONTROLLUTVALGSSAK 62/16 – OVERORDNET ANALYSE OG PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON I TROMSØ KOMMUNE 2016-2020

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Badeland på Templarheimen?

I morgon skal finanskomiteen i Tromsø kommune behandle investeringsbeslutninga om Tromsøbadet på Templarheimen og gje si innstilling til kommunestyret. Eg må innrømme at eg slett ikkje er sikker på kva eg skal meine.

Startpunktet mitt er at eg helst skulle hatt tromsøbadet i sentrum. Eg kunne tenkt meg badet på det som no er «museumstomta» og så kunne kanskje Alfheim blitt eit flott Tromsø Museum. Eg veit ikkje om akkurat det er ei god løysning. Men, eg er ganske sikker på at badelandet ville fått fleire besøkande og dermed ein betre økonomi om det låg i sentrum snarare enn på Templarheimen. I tillegg ville det blitt enklare for folk å komme seg dit om det var i sentrum, ikkje minst ville det blitt enklare å komme seg dit med buss. Templarheimen er ikkje ei optimal plassering med tanke på transport. Ei sentrumsplassering ville og vore med på å gjort sentrum meir atraktivt.

Vi treng betre bade- og svømmeanlegg i kommunen. Men er plasseringa rett? Illustrasjon henta frå nettsidene til Tromsø kommune.
Vi treng betre bade- og svømmeanlegg i kommunen. Men er plasseringa rett? Illustrasjon henta frå nettsidene til Tromsø kommune.

Eg synst og det er eit kjempeproblem at vi må spise av marka for å bygge eit badeland på Templarheimen. I tillegg er det problematisk at utbygginga av badelandet slik planane no er betyr at skistadion og skiskyttarstadion må flyttast. Etter alle solemerker til Grønnåsen. Det vil og beslaglegge delar av Tromsømarka. Eg tenkjer at det må vere nok med eit stort skistadion i Tromsø – og vi har allereie eit flott anlegg på Storelva. På øya treng vi ikkje noko meir enn det vi har no.

Noko av utfordringa er at vi lova i valkampen både å bygge badeland og å verne marka. Det kan vere at dei to løfta no står mot kvarandre.

Så blir det sagt at å legge badet ein annan stad enn på Templarheimen vil bli mykje dyrare og at ein god del av dei pengane som allereie er brukt på å planlegge badet vil vere «tapt». Det er og fare for at vi vil kunne miste nokre av dei tilskotta som gjer det overkommeleg for kommunen å bygge eit badeland. Det er svært gode argument for å ikkje finne på sprell med badelandet no.

Men, dersom vi skal bygge på Templarheimen så er det kanskje mogleg å gjere noko med plasseringa. Eg synst Stig Eidissen skriv mykje fornuftig om kva endringar vi kan gjere i dette innlegget. Problemet med å skrinlegge planane for storhall på Templarheimen og flytte på badelandet er at det tar bort mykje av grunnlaget for å bygge også badelandet på Templarheimen. Hovudgrunnen til at alt er planlagt der oppe er at idretten har ønska å samle desse idrettsanlegga på ein plass. Dersom vi uansett ikkje skal gjere det så er det liten grunn til å legge badelandet på Templarheimen.

Eg synst og det er litt rart at vi no skal ta stilling til investeringa før vi har ein vedtatt reguleringsplan. Eg tenkjer at det blit litt feil rekkefølgje på ting.

Eg synst rett og slett dette er vanskeleg. No skal eg legge meg, kanskje drøyme om badelandet, og håpe på at eg veit eg kva eg meiner når eg vaknar.

Har du andre argument i den eine eller andre retninga som eg burde vurdere? Skriv dei gjerne inn i kommentarfeltet.